Det ylde og pipa kring øyro
Ein frøning var på Kongsbergmarknaden og hadde selt hesten sin, ein gild tråvar. Om kvelden gjekk han og sveiv i gata der og undrast kor han skulde få seg losement til natta. Da kom det køyrande ein framandkar etter han. Han stana hesten og spurde om frøningen ville heimatt, så skulle han få køyre. «Akk nei, eg har nok lang veg heimatt eg, så det er nok ikkje tenkje på i kveld,» svara han.
Men framandkaren stod på sitt same, han, at frøningen kunde berre setje seg oppi, så skulle han få køyre radt heim.
«Du veit vel ikkje, kor langt det er til heimen min, eg er heime oppi Gudbrandsdalen,» svara frøningen.
«Jau, eg veit kor du er heime,» svara framandkaren; «men du veit vel ikkje, at eg er grannen din,» sa han.
Så nemnde han både garden og mannen sjølv på namn. Da tok frøningen til å undrast. Han hadde heile tida tvila for, at detta var ein lurendreiar av fyrste skuffe, som ville ha folk til narr, eller ein røvar, som ville lokke han med seg borti avkrøane.
«Set deg nå oppi, så skal vi koma heim så passe, til Anne, kona di, kokar grauten til kveldverd!» sa han.
Da meinte frøningen det kunde ikkje vera farleg å sitje på ein stubb, etter di han lyddest ut til vera kjend, og så steig han innpå sledameiane.
«Nei!» sa framandkaren, «der biar du ikkje lenge, men set deg fram i sleden, han spring fort denne,» sa han og klappa hesten.
«Det er vel naudt, om han spring så fort som tråvaren, eg selde i dag,» sa frøningen.
«Jau, Bronen spring fort, han,» svara han.
Så bar det iveg, men det var skuss, som tok tak. Som ei pil rende hesten avstad, så det ylde og pipa kring øyro, og gudbrandsdølen vann ikkje sitja oppe dessmeir, men låg i sleden så lang han var, og visste korkje veg eller leid, kor det bar av, det galdt berre å halde seg godt fast.
Da dei hadde køyrt såleis ei god stund, så stansa mannen hesten sin og gjekk fram og klappe «n.
«Nå er vi halvvegjes, Bronen, nå lyt vi kvile litt!»
Men det vart ikkje lang kvila. Det bar straks avstad att i same floge, og det var laga som både hest og slede fôr i lufta, og berre nedpå einkvar gongen.
Frøningen trudde ikkje sine eigne augo, da hesten straks etter stansa heime i tunet på garden hans. Så sprang han bort til glaset og kika inn, og da såg han kona si stod frammed gruva og koka grauten til kvelden. Da fyrst var han trygg, at han var heime.
Så bad han framandkaren fylgje med seg inni stua og vera hos seg til morgonen. Men nei, det ville ikkje framandkaren på noko vis, og det hjelpte ikkje kor strid frøningen var, for han kunne da ikkje mindre ha for skyssen, enn traktering og lossement over natta, meinte han.
«Eg skal ikkje noko ha i bitaling for skyssen,» svara han; «men ein ting skal du lova meg, og det er, at du flyttar stallen din, for kvar gong hestane stallar, så dryp det på matbordet mitt.»
Jau, dette var mannen viljug til med fyrste ordet, for nå skyna han fyrst at det var tussen, som budde i haugen attmed fjoset, han hadde køyrt med. Så bad han tussen vilde seia, kor stallen skulle setjast oppatt. Tussen peika på ein lagleg stad, som mannen var vel nøgd med.
«Det skal ikkje koste deg så mykje å flytja stallen,» sa han; «du kan berre flytja hestane ut ein kveld, og alt anna som er inne.»
Så takka og velsigna mannen for skyssen, og i same rappe kvorv tussen og hesten bort.
Kvelden etter tok mannen båe hestane sine ut av stallen og reinska reint der inne. Om morgonen var stallen flytta og uppattbygd der tussen hadde peika.
Frå historier.no
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnelag nr. 21
Kristiania
1930
0 Comments