
Dei fleste ungdomane som vart innkalla til arbeidsteneste, møtte fram, også etter at organisasjonen var overteken av NS. Dei fleste såg det ikkje som unasjonalt å delta.. Foto: Sverre J. Hovden. Bilde frå Signe Reidun Graffer/Vegar Skar
CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein gong etter 1941 vart Sverre J Hovden frå Hundorp utkommandert til obligatorisk arbeidsteneste saman med andre unge menn frå Midtdalen i vernepliktig alder. Dei held til på Fylkesskulen i Ringebu. Han har tatt desse bilda frå denne tida. Nokon interesserte som vil undersøke dette og skrive ein artikkel i Fronsbygdin?
Arbeidstenesten var inndelt i sveiter med omlag 150 mann i kvar. Alle fekk spader. Dei hadde same funksjon som våpen i militære avdelingar. Dei paraderte og gjekk vakt med spaden, og vart det bråk, skulle dei slå med han. Elles var AT uvæpa.
Arbeidstenesten vart innførd i 1940, basert på frivillig innsats. Hensikten var å bygge opp att krigsramma stader i landet. Mange melde seg, både kvinner og menn. Tvungen arbeidsteneste vart innførd for 20-åringar frå 1941. Den vart lagt opp etter tysk mønster med spadeeksersis og lignande. Eit av hovudmåla var å nazifisere norsk ungdom.
På dagtid arbeidde dei ute med vegbygging, skogplanting, grøftegraving og hjelp i jordbruket.
Stamma i befalskorpset var befal frå den tidlegare norske hæren. Etter at befalet vart pålagt å helse med oppstrekt hand – ei helsing som vart assosiert med NS – slutta mange av dei i AT. Mot slutten av krigen var fleirtalet av befalet medlemer av NS.
Det synest som om det var lite motstand i folkeopinionen mot AT. Dei fleste ungdomane som vart innkalla til arbeidsteneste, møtte fram, også etter at organisasjonen var overteken av NS. Dei fleste såg det ikkje som unasjonalt å delta.
Tidleg i 1944 fanga Heimefronten opp signal om at NS ville innkalle fem årsklasser av unge menn, for så å sende dei til fronten. Det var frykt for at AT-gutane i så fall ville bli tekne først. Heimefronten sende ut parole om ikkje å møte opp verken til arbeidstenesta eller den såkalla arbeidsmobiliseringa. Det vart også gjennomført ein vellukka sabotasje mot AT sine arkiv i Oslo.
AT sine eigne oversikter viser at fleirtalet av dei innkalla møtte til teneste i 1944, trass i Heimefronten sin parole. Men fråfallet var merkbart større enn før, og omdømmet til AT var svekka.

NS-leiaren Vidkun Quisling skriv autografen til ei ung kvinne i den frivillige arbeidstenesten 1943. Foto: Deutsche Bundesarchiv
AT kan bli forveksla med andre arbeidstiltak under krigen– særleg ”nasjonal arbeidsinnsats” (1943) og ”arbeidsmobiliseringa” (1944). Desse tiltaka hadde som mål å få kontroll med norsk arbeidskraft for så å kunne dirigere den dit det var behov. Først og fremst gjaldt det å samtykke i tyske krav. Dei som vart omfatta av tiltaka, kunne beordrast kvar som helst i landet. AT derimot, skulle arbeide for norske interesser. Leirane blei lokaliserte i område der det var viktige samfunnsoppgåver å utføre.
Kjelder: Riksarkivet, Wikipedia Lokalhistoriewiki
Carl Henrik Grøndahl, som redigerer denne historiebloggen, utfordrar den interesserte til å skrive ein artikkel i Fronsbygdin om dette temaet. Det gjer redaksjonen i Fronsbygdin også. Ta kontakt!