Gudbrandsdalsseminaret 2015 Maihaugen onsdag 28. januar 2015: Når den nye Europaveg 6 står ferdig, har vi sett det største menneskelege inngrepet i Gudbrandsdalen etter at jernbana kom til dalen. Det gjeld både fysisk og kulturelt. For meir enn hundre år sidan vart jernbana bygd oppover dalen. Tida skaut fart. Folk tok til å stille klokka etter toget, slik dei før hadde lydd kyrkjeklokka og gardsklokkene. Kring jernbanestasjonane var tettstadene i ferd med å vekse fram og bli til handelssentrum i bygdene. Den nye E6 går utanom tettstadene og rett igjennom kulturlandskap og fjell. Først og fremst vil han vera ei gjennomfartsåre, og da kan Gudbrandsdalsvegen (nåverande E6) bli ein veg for dei lokale – og for dei som vil sjå og oppleva meir enn frå den nye vegen.
Som del av E6-prosjektet er det dei siste åra gjort grundige arkeologiske undersøkingar i vegtraseen. Her er det gjort mange funn som endrar tolkinga av Gudbrandsdalen si historie. Hausten 2014 blir det gitt ut eit bokverk om desse funna. Smakebitar frå bokverket blir presenterte på seminaret.
Gudbrandsdalen er også rik på kulturminne vi kjenner frå tidlegare av ulikt slag. I dei fleste kommunane i dalen blir det nå arbeidd for å gjera desse meir kjente. Slik kan framtida ta meir omsyn til denne rike kulturarven. Fangar vi her vidt nok?
0 Comments