Velkome til ny heimeside

by | 10. feb 2025 | Informasjon | 0 comments

Bygdatunet i kveldssol

Endeleg er den nye heimesida klar. Det har teke noko lengre tid enn vi forventa, men så meiner vi at resultatet også har vorte bra. Vi må rette ein stor takk til Rebecca på Krible, som har stått for oppbygginga av sida. Ho har hatt eit svært langt tolmod med oss og vore ein stor støttespelar i arbeidet med den nye heimesida. Carl Henrik og Tormod har gjort det meste av overføring frå den gamle sida, og fylt den nye med innhald. Alle artiklar, bilde, filmar, lydklipp og informasjon er no overført i si heilheit. Vi held fram med å legge ut lokalhistorisk stoff, og i tillegg utvidar vi no med «vekas bilde». Vi håper den nye sida er meir strukturert og lettare å finne fram på, og at mange vil ha glede av ho i åra framover.

0 Comments

Submit a Comment