Videovinnar: Øvre og Nedre Skar

by | 2. nov 2014 | Jordbruk | 0 comments

carlottekarCharlotte Skar vann historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video 2014. Gratulerer! Juryen meiner: Denne videoen fortel litt om ei fortid som var meir strevsam og mindre kravstor enn vi kan førestille oss i dag – nemlig korleis det var å bu og leve der kor ingen skulle tru at nokon …. Vi får eit innblikk i livet i Øvre og Nedre Skar gjennom fleire generasjonar, heilt til gardane vart fråflytta etter siste verdskrigen. Dette er ein profesjonelt laga video, der eit produksjonsselskap presenterer. Lydarbeidet er framifrå med naturlyd og musikk som understøttar forteljinga. Skulle ein ønskje seg noko, var det eit klårare forteljargrep i manuset og redigeringa.

Videoen held oss litt på fråstand, ettersom ho legg stor vekt på biografiske fakta. Vi får ikkje vite så mykje om livet i Skar, berre eit lite glimt om slitsam skuleveg – som vi ikkje får sjå. Videoskaparen baserer seg heile tida på eigen tekst som voice-over. Rulleteksten til sist inneheld fem namn brukt som kjelder. Slikt kan ein gjere når ein samlar stoff til ein artikkel. I ein video skulle vi gjerne sett og hørt dei fem. Fått historiene om foreldra og besteforeldra, om draum og saknad, slit og glede. Komme tettare inn på dei som levde der. Dersom forteljingane frå desse fem hadde vore kledd inn i bilda av dei gamle husa og tuftene, ville desse stokkane fått eit anna liv for oss.

Her er det også bilde frå Skar og tekst på heimesida til historielaget, stoff som med fordel kunne ha vore nytta her. Men likevel er denne videoen ei glede å sjå. Ho gir utsyn og ro og ettertanke, og juryen håper verkeleg at videoskaparen blir inspirert til å bruke sin fagkunnskap og lage fleire videoar til glede for ettertida.

0 Comments

Submit a Comment