Vogner med sau på Grefsen

slakt 1RAGNAR ØVRELID: Under krigen og i åra etter gikk det stadig meir slakt frå Fron til Fellesslakteriet i Oslo. Problemer med desse sendingane var at dei måtte ordnast i fellesskap. Produsentane måtte vente til dei kunne sende ei full jernbanevogn med dyr. Fordi gardbrukarane framleis fylgde dei gamle slaktetidene, skulle alle ha sendt dyra av garde samtidig. Da var det ofte leveringsproblem i Oslo. Så seint som i 1946 kunne fleire vogner med sauar bli ståande i dagevis på Grefsen stasjon og vente på tur til slakting. Da kunne det bli den reine priskrigen blant leverandørane på slakteriet også, og det hende at tilboda var så dårlege at leverandørane tok med seg dyra heim att.

slakeritDette var uhaldbart, og i 1947 planla produsentane i dalen eit andelsslakeri på Otta. Det var bondelaga frå Nord-Fron og nordover som tok initiativet, og Iver Lo frå Vinstra la seg i selen for å få prosjektet gjennomført. Småbrukarlaga og dei andre bondelaga i dalen kom med, andeler vart teikna, og slakteriet på Otta var ferdig og kom i drift i 1953, under namnet Gudbrandsdal Slakteri A/L. Det vart forresten drive med saueslakting på Otta frå andelslaget vart konstituert i 1950. Slaktinga foregikk i ei gammal tyskarbrakke, der dei slo dyra i hel med treklubbe. Sidan har slakteriet på Otta blitt utvida og nybygt. Og det har gått med slakteria som med meieridrifta i dalen: det har vorte til stadig større einingar. I 1963 vart alle samvirkeslakteria i Oppland og Hedemark organisert under ein paraply, og vart til fellestiltaket Hed-Opp.

For produsentane har slakteriet ført til store fordelar, og til omlegging av hudsdyrdrifta. Nå kan dei levere slakt til fastsette prisar gjennom heile året, dei har frigjort seg frå dei tradisjonelle slaktesesongane. Hed-Opp hentar dyra på garden med eine livdyrbilar, og er det fullt på Otta, går dyra til andre slakteri som har ledig kapasitet.

Leveransane av slaktedyr frå Fron har auka på. I 1963 leverte gardane i Fron 700 tonn slakt. I 1989: 1 189 tonn – 579 tonn frå Sør-Fron, 610 tonn frå Nord-Fron. Det aller meste til Hed-Opp-avdelinga på Otta.

Frå Historia om Fron, bind 2

I 2015 har Nortura to slakteri i Oppland: Nortura Lillehammer, som produserer fryste produkter og hermetikk til dagligvarehandelen og til en rekke industrikunder. Nortura Otta slakter og skjærer storfe.

 

1 Comment

  1. Ivar Myrrusten

    Hadde en onkel på Vinstra som drev som oppkjøper og reiste til Oslo med slakte dyr etter krigen

Submit a Comment