Ole Chr. Risdal: Fjellbygda Skåbu ligg ved inngangsporten til sjølvaste Jotunheimen. Bygda ligg ca. 850 over havet og er rekna for ei naturperle i Noreg. Næringsgrunnlaget har ifrå dei eldste tider vore jakt og fiske. Skåbu ligg ideelt til for dette, og ei av dei beste fiskeelvene i landet kunne ein finne her. Dessutan satsar ein stort på turisme i Skåbu, og bygda fekk også turiststatus i 2012. Her finn ein óg tre store hyttefelt (Skardfjellgrenda, Sikkilsgrenda og Øybekklia), samt fleire mindre. Skåbu Tradisjonsbygg er ei solid bedrift i vekst som har sett opp mange av desse hyttene. Dette er eit godt døme på frisk satsing i bygda som har resultert i mange verdfulle arbeidsplassar. Hjørnesteinsbedrifta Krogenæs Møbler vart dessverre nedlagt i 2012. Det var reklamemannen og møbelpioneren Ragnvald Krogenæs som starta opp den i 1964, etter at han fyrst hadde starta opp på Hundorp i 1951. På det meste gav desse to fabrikkane arbeid til 85 frøningar. Jordbruket har også vore viktig, men i dag er det ikkje att mange som lever av dette. Totalt sett er det over 100 småbruk/gardsbruk i Skåbu, men no finn ein dyr berre på ca. 10 % av dei. Pr. mars 2021 er det tre brukseiningar som produserer mjølk og ni som driv med sau. Utgangspunktet for denne oversikta er Norske Gardsbruk frå 1998, men eigaropplysningane er oppdaterte og det er krydra med meir historikk. Opplysningar om folk elles på gardsbruka er i liten grad oppdaterte. Dessutan er det med eigedomar som ikkje var med i 1998. Når det gjeld den geografiske definisjonen av bygda, så har vi tatt utgangspunkt i Skåbu sokn.
Gardsbruka er i Skåbu i alfabetisk rekkjefølgje. Eigarforholda er oppdaterte i februar 2020. Opplysningar om samla areal (inkludert dyrka jord, beite, skog og utmark) er henta frå gardskart.nibio.no. Sameige er i tillegg til samla areal. Opplysningar om dyrehald. Nedanfor eigedomane frå 1998-utgåva er det opplysningar om ein del andre eigedomar i Skåbu som er oppdyrka og bebudd, eller brukt som feriestad etter den andre verdskrigen. Heilt nedst er det kartutsnitt slik at du kan orientere deg. Elles kan du søkje på eigedomen. Her skriv du f. eks 212/7, Nord-Fron. Deretter klikkar du på kartutsnittet: https://seeiendom.kartverket.no/.
No har vi lagt ut bilde for kvart gardsbruk. Det er enten kopi av bilda frå Norske Gardsbruk i 1998, nye bilete eller måleri av Sigmund Hernæs. Hernæs, som var lærar i Skåbu frå 1932 til fyrst på 1970-talet, var ein tusenkunstnar av dei sjeldne. Han var m.a. ein flink målar og festa mange av gardsbruka i bygda til lerretet. Han måla i hovudsak ut frå gamle fotografi, slik at mange av gardsbruka ikkje er til å kjenne att i dag. Enten er det hus som er borte, garden er flytta eller nye hus har kome til. Men eit viktig poeng med denne sida er det historiske aspektet. Derfor er desse måleria midt i blinken. Som mange veit, så gav Hernæs denne målerisamlinga til bygdahuset i Skåbu.
Her kan du også høyre på Skåbu-sangen av Halvor Veslum og Arne Risdal. Halvor skreiv teksta og Arne komponerte melodien. Det er Mari Midtli som syng, Roger Slåstuen spelar fele, Vegard Moshagen på piano og bass og Syver Haugli trakterer gitaren. Den er henta frå cd-en Nykomponert, som delvis vart innspelt i studioet til Moshagen:
Aurset 212/7
Samla areal: 431 da. Kyr til 1971. – Fyrste traktor 1960, høytørke, gravemaskin. Fiskebu i Øyvassosen. Dyregraver i utmark. Graver som vitnar om jarnutvinning. Bureisingsbruk. Eigar 1953-74: Johan O. Blekastad 1920-74 – son til Ole K. Lysgård, Heidal 1883-1963 og Anna J. Blekastad 1888-1972 – g 1942 m Magnild H. Lostuen 1905-90 – dotter til Hans Lostuen og Anna O. Harehaugen. Barn: Odd Hermann 1943.
Johan tok over garden etter morbroren Iver J. Blekastad 1881-1977. Iver var den fyrste bureisaren i Skåbu, iallfall i forhold til definisjonen på eit bureisingsbruk etter statlege ordningar. Han og kona, Mari R. Stensrud 1888-1975, tok til å rydde her i 1920 på grunn frå Skåbu, nedre 212/1. Skøyte frå Paul T. Skabo i 1920. Iver var ein dyktig tømrar, og var m.a. med på å tømre Prinsehytta i 1900.
Eigar 1974-2009: Odd Hermann Blekastad 1943-2021 – g 1965 m Martha Varpestuen 1942 – dotter til Magnus Varpestuen 1905 og Alvhild Vaterland 1909. Barn: 1) Anne Mette 1967 var sbm Kjell Maurstad: Marianne 88, Kim Marius 91. 2) Jan Magne 1969 sbm Randi Voldsrud. 3) Olav 1974 sbm Agnes Bjørndalen. – Odd var mekanikar og Martha var postkøyrar.
Eigar frå 2009: Olav Blekastad 1974. Olav er vaktmeister på Prinsehytta i Sikkilsdalen, og han er også aktiv felespelar i Mukampen spelemannslag.
Austli 204/22
Samla areal: 5 da. Bureising, rydda av Torvald Risdal i 1930. Jorda blei kjøpt frå Haugen, 204/3 i 1928. Kyr til 1955. Jordvegen 204/25 på ca. 20 da blei seld til Jostein Brenden på Søre Brenna 206/1 i 1998. Fiskebu i Vinstervatna.
Eigar 1974-87: Karla Olsen 1922-2003 – dotter til Torvald Risdal 1899-1982 og Inga Kvalen 1898-1982 – g 1942 m Aage Olsen 1919-96. Barn: 1) Thor 1942 gm Anne Berit Haug. 2) Asbjørn 1944 sbm Tove Hofstad. Karla selde gardsbruket.
Eigarar frå 1987: Mette Munster Marcussen, Oslo 1936 – dotter til Eugene Munster 1902-89 og Lilly Støre 1907-71 – g 1961 m John Marcussen, Lyngør 1929 – son til John H. Marcussen 1887-71 og Jenny Marcussen 1893. Barn: 1) Ina Christine 1962 gm Poul Wisborg: Mira Christine 91. 2) Lilly Jeanette 1963 gm Per Ola Fenre: Truls Valdemar 93. 3) John Herman 1965 gm Annette Ditlev Simonsen. 4) Jens Michael Eugene 1968 gm Marianne Moestue. 5) Emil Sebastian 1977. Dei selde gardsbruket.
Eigar frå 1999: Per Egenæss, Sarpsborg 1913- 2001. Per gm Rigmor Egenæss 1917-2007.
Eigar frå 2011: Kari Egenæss 1943 (dotter til Per og Rigmor). Per var hovudaksjonær og direktør i Borg Bryggeri frå 1945-90. Feriestad.
Bakkerud 208/1
Samla areal: 1485 da. – Fyrste traktor 1973, høytørke. Seter i Finnbølet. Rydda og bygt av Erland Erlandsson Hågå og svogeren Halvor Olsson Dalen. Erland var gm Mari Jehansdotter Bakkerud, og tok dermed over garden i 1836. Har elles hatt seter både på Kampesæter (1668), Murudalen og Brendhaugslåen. Johan Christian Heide kjøpte garden i 1884 av Erland Erlandsen Bakkerud f. 1860 og Mari Erlandsdotter Bakkerud f. 1840. Mari var tanta til Erland.
Eigar frå 1884-1911: Johan Christian Heide 1851-1911 – son til Fredrik Christian B. Heide 1818-70 og Rønnog Kantrud 1822-1907 – gm Thore S. Tungen 1857-1943 – dotter til Simen B. Tungen (Huskelien) 1821-1914 og Mari A. Steinhaugen 1819-1915. Barn: 1) Fredrik 1879-1972 – g1m Berte A. Kvålen 1882-1918. Barn: Albert f. 1906, Martin f. 1908, Olaf f. 1912. Fredrik g2m Anna P. Kantrud 1885-1964. Barn: Magnhild f. 1923, Tilda f. 1926 og Timon f. 1928. (Fredrik og Berte drog til Sør-Dakota, USA i 1904. Etter at ho døydde i 1918, flytta han til Nord-Dakota og møtte da Anna, kone nr. 2) 2) Rønnaug 1880-1951 gm Fredrik I. Graupe 1873-1960. Barn: Ragnhild. f. 1899, Thora f. 1900, Ivar f. 1909, Knut f. 1910, Asbjørn f. 1914 og Sigmund f. 1917. Familien reiste til USA i 1928. 3) Mari 1882-1948 g1m Ole A. Kvaalen 1881-1904. Barn: Anton 1903-89. Mari g2m Torgeir T. Risdal 1877-1964. Barn: Torger f. 1910, Kristian f. 1914, Kari f. 1918 og Arne f. 1923 (sjå Risdal, nordre). 4) Mathea 1884-1962 gm Ole Kristiansen Hoel. Barn: Thora Karla f. 1906 (sjå Lien, nordre), Jenny f. 1907, Johan f. 1909 (sjå Fjellstad), Olga f. 1911, Torleif f. 1912, Margit f. 1913, Olav f. 1914, Sigurd f. 1915, Marie f. 1917, Timann f. 1919, Signe f. 1920 og Dagny f. 1921 (sjå Fjellstad). 5) Ingeborg 1884-1974 (tv med Mathea) gm Johannes O. Kampesæter 1882-1961. Barn: Marie f. 1904, Thora f. 1906, Embjørg f. 1908 (sjå Fosse, nedre), Kristian f. 1911, Oddmund f. 1913 (sjå Skogstad) og Ragnhild f. 1915 (sjå Kamsli). 6) Sina 1886-1970 gm Anton I. Veslum 1885-1970. Barn: Iver f. 1910, Halvor f. 1912, Ragnar f. 1918, Tor f. 1918 (tv) og Sverre f. 1921 (sjå Veslum, søre). 7) John 1889-1974 (neste eigar). 8) Thora 1891-1982 gm Mathias Kvålen 1891-1965. Barn: Margit f. 1919 og Asmund f. 1927 (sjå Kvålen). 9) Olaf 1893-1984 gm Hanna I. Veslum 1888-1972. Barn: Kristian f. 1914, Rønnaug f. 1922, Ingar f. 1924 og Torbjørn f. 1927 (sjå Hageløkken). 10) Karl Timann 1895-1997 gm Laura G. Thorud 1888-1971. Barn. Kristian f. 1920 og Gunnar f. 1925 (sjå Solhaug). 11) Emil 1897-1985 gm Petra I. Slåen 1892-1982. Barn: 1) Thea f. 1921 og Kristine f. 1924 (sjå Vesteng). 12) Inga 1899-1936 gm Anton T. Fosse 1887-1953. Barn: Christian f. 1918, Olaf f. 1925, Arne f. 1927, Beatrice f. 1930 og Palmer f. 1935. (Inga og Anton drog til Nord-Dakota, USA i 1907).
Johan Christian og kona dreiv butikk her frå fyrst på 1890-talet til 1916. Før dette hadde Johan Chr. drive med butikk både på Kantrud, Åbakken (saman med mora) og Hageløkken. Han gjekk handelsskolen i Kristiania i 1873 og mora tok handelsbrevet i 1862. I 1900 sette han opp ein bygning i sveitsarstil og opna pensjonat. Det vart drive til 1952. Postopneri frå 1900-1904. I 1916 flytta sonen Timann Heide butikken opp til Solhaug 208/9 og dreiv den vidare. Dyregraver i utmark. Garden er truleg rydda på 1500-t.
Far til Hans Skabo 1823-1903, som grunnla Skabo Jerbanevognfabrikk i Oslo i 1864, kom frå her. Han heitte óg Hans. (Les meir om dei i Ymse gamalt frå og omkring Skåbu av Torger T. Risdal.)
Eigar 1928-1952: John Heide 1889-1974 – gm Karen I. Slåen 1887-1973 – dotter til Iver H. Slåen f. 1854 og Kari P. Lien f. 1864. Barn: 1) Ragnhild 1921-2001. 2) Ingrid 1923-2000 gm Tore Brandsar f. 1918: Jon 54, Torill 57. 3) Johan 1924-2012 (neste eigar). 4) Synnøve 1926-2001 gm Sverre Kleiven f. 1927: Arne 54 og Werner 56.
Eigar 1952-91: Johan Heide 1924-2012 – g 1947 m Nelly Ødegård 1927-2011 – dotter til Kristian Ødegård og Anna Nygård. Barn: 1) Jan 1947. 2) Anne Kari 1951 gm Oddbjørn Blekastad: Annette 71, Jorunn 73. 2) Bjørg 1956 sbm Jan Gårderløkken 1956: Camilla Heide 74.
Eigarar frå 1991: Jan og Liv Berit Heide. Jan 1947 – g 1980 m Liv Berit Solbjørg, Vestre Gausdal 1955 – dotter til Jens J. Solbjørg 1914 og Ingrid Kaurstad, Ringebu 1912. Barn: 1) Jon Erik 1981 sbm Camilla Mollestad: Emilia 2017, Emrik 2018. 2) Inger 1984 sbm Stefan Slettedal: Andrea 2013, Nora 2016. – Jan var kontormann i Statens Vegvesen på Lillehammer. Liv Berit var rekneskapsførar ved Vekstra.
Bjørke 209/9
Samla areal: 38 da. Bureising. Rydda av Gunder Sandbakken i 1923/24. Ein av dei fyrste bureisarane i Skåbu. Jorda fråskilt søre Risdal, 209/1 i 1924. Skøyte frå Johan J. Risdal til Gunder Sandbakken i 1928, men han kjøpte jorda i 1923. Kyr til 1956. – Fyrste traktor 1960.
Eigar 1923-64: Gunder Sandbakken 1885-1964 – sonen til Lars Sandbakken f. 1846 og Marit Baklien f. 1846 – gm Mathea Risdal 1895-1990 – dotter til Johannes J. Risdal f. 1865 (søre) og Karen E. Skabo f. 1863 (øvre). Barn: 1) Magnhild 1915-93 gm Ivar Westre (sjå Vestre). 2) Karen 1917-91 gm Erling Ødegard (to barn). 3) Leif 1921-85. 4) Jenny 1929 gm Per Kvaalen (sjå Rønningslåen i bokverket). Gunder var ein dyktig skreddar. Leif budde på Bjørke heile livet.
Eigarar: Anne og Arvid Kvaalen. Anne 1958 – dotter til Per Kvaalen 1927-2017 og Jenny Sandbakken 1929. Arvid 1953 – gm Arvid Andresen, Oslo 1953 – son til Waldemar Andresen 1923 og Ruth Larsen 1930. Barn: Tage 1972 (sonen til Arvid), Ine 1988, Pia 1991. – Båe arbeidde tidlegare ved Krogenæs Møbelfabrikker. No jobbar Anne på Sundheim og Arvid har også jobba hos Bjarne Weikle.
Bjørkestad 201/20
Samla areal: 42 da. Bureising. Rydda av Nils Eriksen i 1932. Jorda fråskilt Veslum, søre 201/3. Kyr til 1962.
Eigarar: Hulda og Einar Røislien. Hulda 1936 – dotter til Nils Eriksen 1893-1975 og Borghild Viker 1900-86 – g 1968 m Einar Røislien, Lillehammer 1936 – son til Johannes Røislien 1895 og Lydia Haugen 1890. Barn: Knut 1971. – Eigarane, som bur på Lillehammer, tok over i 1983 etter foreldra til Hulda.
Eigar frå 2016: Knut Røislien 1971. Feriestad.
Bjørkheim 202/4
Samla areal: 231 da. Nyrydding, rydda av Edvard Hysjulien i 1920. Jorda fråskilt Lia nordre, 202/1. Kyr til 1950. – Fyrste traktor 1958. Branngraver.
Eigar 1960-2001: Asmund Hysjulien 1920-2004 – son til Edvard Hysjulien 1883-1963 og Berte Veslum 1888-1963.
Eigaren tok over i 1960 etter faren. Sysken: Sigurd 1917 gm Astrid Svare.
Eigarar frå 2001: Anna og Håkon Berglund. Asmund og mor til Anna, Marie Veslum, var syskenbarn. Sjå også Myrvang. Ubebudd.
Bjørkheim (Raudhuset) 209/5
Samla areal: 9 da. Bureising, rydda av Johannes Risdal i 1928, farfar til eigaren. Jorda fråskilt Risdal søre, 209/1. Kyr til 1950. Fiskebu i Øyvassosen. Johannes bygde også opp Vinsterlia, der han dreiv landhandel, brevhus og pensjonat. Les meir om Vinsterlia lenger ned på sida (under «Nokre andre bruk….»). Det gamle forsamlingshuset frå 1910, «Jotunheimen» eller «Gammelhuset», låg på denne eigedomen,
Eigar 1957-76: Torger J. Risdal 1897-1976 – son til Johannes Risdal 1865-1955 og Karen Skåbu, øvre 1863-1952 – g 1929 m Rønnaug Slåen 1901-78 – dotter til Iver Slåen og Kari Lien. Barn: Johannes 1934.
Eigar frå 1976: Johannes T. Risdal 1934-2020 – g 1958 m Karen Ryen, Heidal 1937 – dotter til Peder Ryen 1913 og Emma Bilben, Heidal 1918. Barn: 1) Unni 1959. 2) Bjørn 1960 var sbm Eva Kappelslåen: Torgeir 1997, Tina Maria 2000. 3) Helge 1961 sbm Anette Blekastad: Emma 2000, Jon 2002. Helge og Anette bur på Engset. Karen bur på bruket. Johannes var avdelingsleiar i LITRA.
Bjørklund 206/12
Samla areal: 718 da. Kyr til 1977. – Fyrste traktor 1959.
Eigar 1950-77: Olaf O. Brenden 1902-78- son til Ola Brenden 1876-63 og Marit O. Graupmoen 1874-1950. Bureisingsbruk. Fråskilt Nørdre Brenna 206/2 i 1938, som eigaren også har. Olaf rydda gardsbruket. Han overdrog til brorsonen.
Eigar frå 1977: Ola K. Brenden 1945 – son til Oluf O. Brenden 1900-83 og Kari Sønstevold, Oslo 1908-86 – g 1971 m Anne E. Moen, Vågå 1944 – dotter til Even Moen 1908 og Rønnaug Bjørviken 1917. Barn: 1) Oddny Kristin 1972 gm Jørn Ketil Remlo. 2) Roar Morten 1974. – Ola var vaktmeister.
Sysken til Ola: Marit Aslaug 1949-71. Eigar frå 2020: Roar Morten Brenden 1974 – sbm Laila Løkken, Sel. Barn: Sindre Kristian 2007. Bur på Brenna 206/2.
Blekastad 219/29
Samla areal: 66 da. Kjell Berglund på Skåbu øvre 212/2 kjøpte jordvegen på 35 da i 2008. Kyr til 1976. – Fyrste traktor 1972. Fiskebu i Vinstervatna. Thea Blekastad arva setra til Skåbu øvre 212/2 i Hamn i 1973. I 2008 fekk Kjell Berglund også skøyte på setra, slik at den no høyrer til Skåbu øvre att. Gardsbruket er fråskilt Skåbu allmenning (Kvikne og Skåbu sameige). Skyldsett 1888. «VetlPer» Pedersen Perstugun f. 1825 rydda bruket, kona var frå Blekastad på Sel, såleis fekk bruket dette namnet. Ho heitte Mari Olsdotter f. ca. 1819. Dei hadde sonen Ole f. 1845. Det står at han er fødd i «Baglien under Fosse» og da han blir konfirmert i 1860 står det i tillegg «Blekestad». Det tydar på at det dreier seg om same bruket og at det blei rydda på 1840-talet. Per og Mari reiste til USA i 1870 og selde bruket til Johan Amundsen Langvegg f. 1841. Johan gm Ingeborg H. Stigen. Dei var foreldra til Anna f. 1888.
Eigar 1949-53: Johan Blekastad 1920-74 – son til Ole K. Lysgård, Heidal 1883-1963 og Anna J. Blekastad 1888-1972 – g 1942 m Magnild Lostuen 1905-1990 – dotter til Hans Roen og Anna Harehaugen. Barn: Odd Hermann 1943 gm Marta Varpestuen, sjå Aurset.
Eigar frå 1953: Iver Blekastad 1914-2003 – bror til førre eigar – g 1942 m Thea Fosse 1918-2011 – dotter til Petter Fosse 1889 og Eline R. Stensrud 1881. Barn: Ole Petter 1942 gm Bodil Høyem: Bente 66, Torunn 68, Marit 74.
Sysken til Johan og Iver: 1) Kristian Lysgård, Heidal 1906-76, sjå Lykkja (sonen til Ole K. Lysgård frå 1. ekteskapet med Inga J. Leirflaten, Heidal 1883-1911). 2) Jon Blekastad 1911-86 gm Gudrun A. Lien, Fåberg. 3) Ragnar 1916-93 (bygde på tomt frå bruket) gm Borgny Rønningen 1927-2014: Reidun 1952-2022 (hadde eige hus på tomt frå bruket) gm Ola Olsen (død 2018): Ole Jonny 79. 4) Aksel 1918-2002 (budde på bruket, ugift). 5) Maria Slåen 1923, sjå Jenssetra. 6) Halvard 1925-97 gm Kirsten Haugen, Vestre-Gausdal. 7) Haldis 1933 gm Anders Nystuen, Sel.
Iver og Tea budde i Skåbu sentrum, om lag 5 km unna bruket. I 2009 vart gardsbruket selt til Ann-Elisabeth Bodding, sbm Eivind Graatrud.
Eigarar frå 2018: John Harry Holmstul 1953 og Marie Elmholt Holmstul 1983. Feriestad.
Brenna nørdre 206/2
Samla areal: 718 da. Kyr til 1973. – Fyrste traktor 1959. Seter i Hamn. Brenna er opphaveleg rydningsplass og husmannsbruk under Dalen. I 1763 vart bruket selt til Iver P. Brenna, som hadde rydda plassen av rå rot. Skyldsett i 1818. Johannes Gulbrandsen Huskelien f. ca. 1770 var brukar i 1801. Gm Marit Pedersdotter f. ca 1772-1856. Borna Kari Johannesdtr. 1800-1885 og broren Jakob 1803-75 delte garden imellom seg i 1844. Kari var gift med den kjende klokkemakaren Ole Olsen Lien f. ca. 1788, som også gjekk under namnet «Lia-Breinnin». Dei var brukarar i Nørdre Brenna før dei drog til USA i 1854. Det var Ole som rydda setra i Hamn, truleg på slutten av 1820-talet. Setra er iallfall avmerkt på eit historisk kart frå 1831.
Eigar 1950-72: Oluf O. Brenden 1900-83 – son til Ola O. Brenden 1876-1963 og Marit O. Graupmoen 1874-1950 – g 1944 m Kari Sønstevold, Oslo 1908-1986 – dotter til Kristian Sønstevold og Anna Sønstevold. Barn: 1) Marit Aslaug 1949-71. 2) Ola Kristian 1945. Ola O. Brenden kom frå Grosberghaugen og kjøpte Brenna, nørdre av Rasmus H. Brenden i 1909.
Eigar 1972-2020: Ola K. Brenden 1945 – g 1971 m Anne E. Moen, Vågå 1944. Barn: Oddny Kristin 1972, Roar Morten 1974. Eigar frå 2020: Roar Morten Brenden 1974 sbm Laila Løkken, Sel. Barn: Sindre Kristian 2007. Bur på garden. Eig også Bjørklund.
Brenna søre 206/1 og 205/1 (skog og jordvegen til Hysjulien)
Samla areal: 1496 da. Mjølkeproduksjon. – Fyrste traktor 1959, høytørke. Brenna er opphaveleg rydningsplass og husmannsbruk under Dalen. Skyldsett i 1818. I 1763 vart bruket selt til Iver P. Brenna, som hadde rydda plassen av rå rot. Han selde til Jakob Gulbrandsen Huskelien f. ca. 1765 i 1791. Han blir den fyrste i slekta her. Gm Magnhild P. Haugstad frå Venabygda i Ringebu f. ca 1763. Broren Johannes Gulbrandsen er brukar her i 1801. Sonesonen til Jakob, Johannes Pedersen Huskelien (Kvikne) 1827-1908, kjøpte Søre Brenna av Jakob Johannesen 1803-75 (sonen til Johannes Gulbrandsen) i 1868. I Gardar og slekter blir han kalla Johannes Teigen, men det er fordi han eigde Teigen i Kvikne før han kjøpte Brenna. Jakob står som brukar i samband med matrikkelen i 1838. Johannes var gm Kari O. Moen f. 1835. Sonesonen Jon (eigar frå 1928) selde så garden til broren Knut i 1935, men tok att setra. Den gamle setra, Ruten Fjellstue eller Brendsetra, vart såleis fråseld garden. Setra vart rydda av nemnde Jakob Johannesen Brenden, truleg utpå 1830-talet da delinga av Brenna-gardane vart påemna. Men den er ikkje med på historiske kart frå 1843 og 1850, så den kan også vere rydda seinare. Til å begynne med stod setra ved Øvre Dalseter (Morkeflata), men seinare vart ho flytta til der Ruten Fjellstue er i dag. Det blir sagt at det var Johannes Pedersen Brenden som stod bak flyttinga, truleg på slutten av 1800-t. Etter at Brenna vart delt i 1844, vart nørdre Brenna eigar av setra i Hamn.
Jakob Johannesen var gm Anne O. Dalen 1814-1905. Jakob og Anne selde altså garden til Johannes Pedersen Huskelien i 1868, kjøpte Myre i Kvam og drog til USA i 1870. Jakob var bror til Kari J. Brenna f. ca. 1799, og ho var gm Ole Olsen Lien som tok over Nørdre Brenna i 1844. Far til Jakob, Johannes, brukaren i 1801, døydde under krigen på Vinger i 1808 (den dansk-svenske krigen). Johannes gm Marit Pedersdotter ca. 1772-1856. Ho hadde selt seterbolet sitt til Syver Dalen i 1816, noverande Øvre Dalseter. Det fortel oss at Brenna hadde seter her frå gamalt av også, kan hende frå andre halvdel av 1700-t. Ole J. Brenden f. 1903 rydda ny seter ovanfor Dalseter Høyfjellshotell i 1954. Seterdrift.
Eigar 1962-86: Johannes O. Brenden 1930-87 – son til Ole J. Brenden 1903-69 (eigar 1938-1962) og Karen A. Kvålen 1900-86 – g 1956 m Anny Mathisen 1932-2023 – dotter til Oline M. Haug, Fåberg 1907-87 og stedotter til Johan T. Nebben 1906-76. Barn: 1) Jostein 1957 (neste eigar). 2) Kristine 1961 var gm Ketil Harildstad: Karine 88. 3) Anette 1967 gm Morten Mork: Karoline 90, Elias 93.
Eigar frå 1986: Jostein Brenden 1957 – var g1m Astrid Helene Aas, Os i Østerdalen 1960. Barn: Roger 78, Jo Bjørnar 83, Hilde Karen 86 d. same år, Anders 88. – Jostein g2m Grete Løvaas, Svalbard/Skorovatn i Nord-Trøndelag 1947 – dotter til Borgny og Gunnar Løvaas. Barn: Stein Løvaas 1973. Jostein har kjøpt jord og skog frå Hysjulia 205/1 og jordvegen frå Austli 204/25.
Bruvang 214/28
Samla areal: 360 da. Nyrydding. Kyr til 1963. – Fyrste traktor 1979.
Eigar frå 1992: Magnhild Maurstad 1922-2010 – dotter til Hans O. Klypen 1891 og Anna Lien 1895 – g 1946 m Ola Maurstad 1922-92 – son til Iver Sylthagen 1896 og Thea O. Grauphaugen 1895. Barn: 1) Astrid 1947 gm Hans Martin Magnussen: Mona 68, Tove 69, Anita 77. 2) Ivar 1948 gm Liv Magnhild Gundstad: Tone 78, Håkon 1981. 3) Harald 1948 gm Marit Bjerke: Tom 73, Lise 77. 4) Magny 1951 gm Rolf Knutsen: Tonje 72, Silje Marita 87. 5) Odd 1954 sb1m Anni Karenstuen: Thomas 84, Kathrine 86. Odd sb2m Oddveig Hagen: Kamilla 90. Ola kjøpte og rydda eigedomen i 1955, kjøpte av Paul P. Øyen på Kvålsøya, nørdre. Eigarar 2010-2012: Ivar og Liv Magnhild Maurstad.
Eigar frå 2012: Terje Korpberget 1982. Ubebudd.
Bustad 204/78
Samla areal: 14 da. Kyr til 1965. Hytteutleige. Bureisingsbruk, rydda og bygt av Ivar Aspeslåen på grunn frå Fosse, nedre 204/4.
Eigar 1949-92: Ivar Aspeslåen 1908-84 – son til Torger K. Aspeslåen 1867-1931 og Gina O. Skodalseiet, Sør-Fron 1868-1952 – g 1942 m Anne K. Sande 1912-92 – dotter til Knut Sande og Marit Ødegård. Barn: 1) Marit 1943 gm Nickolay Monsen: Janne 72, Torgunn 75, Ivar 80. 2) Torgeir 1946.
Eigar 1992-2005: Torgeir Aspeslåen 1946-2020 – g 1967 m Karen Poulsen, Danmark 1945 – dotter til Samuel Poulsen 1912 og Anna Brastrup 1921. Barn: 1) Anne Marie 1968 gm Arne Iversen. 2) Berit 1970. Dei selde bruket. Eigarar frå 2005: Mark og Lilian van der Staak, Nederland. Barn: 1) Tessa 1994. 2) Julia 1997. Dei selde til René Besseling og Johanna Polak i 2010.
Dalen (207/1 til 1948) nedlagt og ute av protokollane. Har ikkje vore med i bokverket, men ein finn det naturleg å ta den med her fordi den er ein viktig del av Skåbu-historia og utgangspunktet for mange andre eigedomar.

Nørdre Dalen midt på biletet. Øvst til høgre ser vi Risdalsgardane. Øvst til venstre skimtar vi Bakkerud. Nedst i billedkanten ser vi Øygarden. Bilete frå ca. 1910.
Garden kan nok gå attende til seinmellomalderen. Setra på Kampesæter i 1668. Seinare fekk Dalen seter i Espedalen, både øvre og nedre Dalseter. Etter Storofsen delte Lars Halvorsen Halvorsen f. 1729 garden mellom to av sønene sine. Ola f. 1770 fekk nørdre og Syver f. 1768 fekk søre. Lars Halvorsen fekk tak i seterbol allereie i 1790, den som vart heitande nedre Dalseter. I 1816 fekk sonen Syver kjøpt eit seterbol frå Brenna, og denne fekk namnet øvre Dalseter. Johannes Dalen 1859-1948 gm Hanna P. Skabo (nedre) 1869-1947 bygde pensjonat på nedre Dalseter rundt 1900, det som i dag er Dalseter Høyfjellshotell. Øvre Dalseter vart seinare seter til Dalshaugen, eit gamalt husmannsbruk under Dalen. På øvre Dalseter vart det også starta opp med turistverksemd. Det har gjennom åra vokse fram ein god del bruk i tilknyting til Dalen. I 1965 omfatta Dalen i alt 49 bruksnr. I dag er talet ca. 120. Garden hadde vanskeleg tilkomst og var utsett for ras, men hadde etter måten stor fødeevne og utkome. I 1801 hadde nørdre Dalen oppført seks husmannsbruk under seg: Søre Dalen, Brenna, Dalshaugen, Storbaklia, Hysjulia og Heraholet (Dalsheim). Men i praksis er både søre Dalen og Hysjulia sjølveigande. Hysjulia er nemnt som fri rydningsplass under Dalen frå gamalt av, men i 1801 er nok brukaren i realiteten sjølveigar. I 1886 hadde garden ei skyld på 5,72 skyldmark. Dalen veksla på å vere ein samla gard og delt i nørdre og søre. Den var delt for fyrste gong i 1760-åra. Under Storofsen i 1789 fekk Dalen hard medfart og fekk øydelagt ca. 90% av åkeren, samt ein god del hus. Brukaren den gongen, den nemnde Lars Halvorsen Dalen, var ein skrivefør og lovklok mann. Han tok seg heilt til København for å prøve å få skattelette etter skadane. Noko oppnådde han også. Lars Halvorsen var truleg oppvaksen på Uppi Sygard Bryn i Ruste, og kjøpte søre Dalen i 1781 og nørdre Dalen i 1785. Garden vart samla att i 1873 da Hans Olsen Ulven selde den til Ole Larsen Dalen. Ulven hadde kjøpt Søre Dalen i 1854. Ola H. Kleiven kjøpte garden av Johannes O. Dalen, sonen til Ole Larsen, i 1903. Pga. stor rasfare og vanskeleg tilkomst, bestemde sonen til Ola, Ivar Dalen, seg for å selje garden til Torger og Arne Risdal i 1948. Dermed vart den innlemma i nørdre Risdal, som da tok over gards- og bruksnummeret til Dalen. Den gamle garden blei nedlagt og sletta frå alle offentlege protokollar. Ivar Dalen og familien flytta da opp i bygda, til heimsetra Oppdal 207/30. Der sette Ivar i gang som bureisar på slutten av 1940-talet. Les meir om Dalen i boka Lars Halvorsen Dalen «Prokurator-Dallen» eller «Hallpåsnei» av Stein Enger.
Dalseter 200/1 (Sør-Fron)

Bilete frå heimesida til Dalseter Fjellhotell: https://www.dalseter.no/
Samla areal: 204 da. Dette er opprinneleg ein gammal gard, kalla Espedalsrydningen eller berre Espedalen. Her var det fastbuande folk frå 1672. Sidan var det truleg fleire gardar i Fron som hadde plassen som seter. Lars Halvorsen Dalen 1729-1810 («Prokurator-Dalen») kjøpte staden i 1790 av Peder Thorsen Hov. Lars kom truleg frå Uppi Sygard Bryn i Ruste. Han eigde både Nordre og Midtre Dalen i Ruste, før han kjøpte både Søre og Nørdre Dalen i Skåbu fyrst på 1780-talet. Etter handelen i 1790 vart Espedalen dermed seter til garden, derav namnet Dalseter. Han delte garden mellom to av sønene sine. Ola fekk nørdre og Syver fekk søre. Nedre Dalseter vart no høyrande nørdre Dalen til. Seinare fekk søre Dalen seter på Øvre Dalseter. Johannes O. Dalen 1859-1948 gm Hanna P. Skabo (nedre) 1869-1947 bygde pensjonat på nedre Dalseter rundt 1900, det som i dag er Dalseter Høyfjellshotell. Lars Halvorsen var tippoldefar til Johannes Dalen. Dalseter høyrde til Nord-Fron fram til 1910. Da vart det fastsett ny grense i Espedalen bygdealmenning etter at Nord-Fron kommune tapte rettssak mot Fron Sogns Bygdealmenning. (Sjå meir under Dalen over).
Eigarar 1974-2012: Elsa og Erik Gillebo. Elsa, Lillehammer 1931 – dotter til arkitekt Øyvind Lande 1901-82 og Alvilde Rensborg 1908-2001 gm Erik Gillebo, Øyer 1930 – son til Lukas Gillebo 1889 og Anne Mytting, Fåvang 1894. Barn: 1) Anne 1960. 2) Bjørn 1962. 3) Grethe 1965 gm Arnt Ove Voldbakken. Barn: Ole Lukas 1998. Øyvind Lande teikna og fekk bygd fjellstue i 1950. Den brann ned til grunnen i 1963 og dagens hotell vart oppført og stod ferdig i 1964. Øyvind kjøpte Dalsæter av Ole J. Dalen 1888-1954 i 1941. Ole var sonen til Johannes og Hanna Dalen. Gm Aagot Elisabeth Mathiesen, Oslo 1886-1970. Johannes og Hanna kjøpte seg hus på Vinstra i 1928 og flytta dit. Ole flytta til Lillehammer i 1932 og seinare til Oslo. Dei leigde bort hotelldrifta fram til Lande kjøpte det.
Eigar frå 2012: Bjørn 1962 gm Turid Gulliksen, Nøtterøy i Vestfold 1967. Barn: Maren 95, Vemund 97. Vertskap: Grethe Gillebo og Arnt Ove Voldbakken.
Dalshaugen 207/4
Samla areal: 721 da. Kyr til 1975. Seter: Øvre Dalseter i Espedalen. Seterbolet vart kjøpt frå Brenna 206/1 i 1816. Lars Olsen Moen f. ca. 1758 kjøpte ei lykkje av Iver Larsen Dalen og rydda seg husmannsbruk i 1796. Fråskilt Dalen søre i 1889. Ole Larsen Dalen 1827-1911 selde da bruket til sonen Mathias Olsen Dalen 1863-1931 gm Anne J. Slåen 1868-1943 . Dei var foreldra til Jakob Dalen f. 1898. Rydningsmannen Lars Olsen Moen og Ole Larsen Dalen f. 1827 var ikkje i slekt. Far til Lars, Ole Eilivson Slåen, var tenestekar i Dalen før han rydda Moen. Derfor gjekk han ofte under namnet «Slå-Dalin».
Eigar 1988-2007: Anne Marit Bilben 1940 – dotter til Jakob Dalen 1898-1974 og Anna A. Kvålen 1899-1984 – g 1969 m Oddvar Bilben, Heidal 1933-2020 –son til Amund Haugen 1903 og Ragna Bilben 1910. Barn: Anne Kari 1971, Jens Arne 1974. – Anne Marit tok over i 1988 etter faren og syskena hans: Ole 1893-1978, Sigrid 1895-1983 og Mari Dalen 1905-96. Oddvar eigde Bilben 196/5 i Heidal og familien bur der.
Eigar frå 2007: Jens Arne Bilben 1974. Ubebudd. Jens Arne eig også Bilben i Heidal og bur der.
Dalsheim 207/3
Samla areal: 168 da. Kyr til 1976. – Fyrste traktor 1979. Graver som vitnar om jarnutvinning i eldre tid. Skyldsett i 1862, sjølveigande i 1865. Var opprinneleg husmannsbruk under Dalen. Rydda på 1700-talet. Det gamle namnet er Heraholet, endra til Dalsheim i 1918. Ole Fredriksen Grosberghagen. f. 1810 kjøpte bruket av Ole Larsen Dalen i 1864. Ole selde til Halvor Østensen Stigen (øvre) f. 1814 i 1869. Ole Iversen Resset, Heidal 1857 kjøpte bruket av svigerfaren Halvor Østensen i 1893. Sonen Ole f. 1896 fekk skøyte i 1935. Han selde til Halvard Grosberghaugen i 1950.
Eigar 1982-96: Bjørn Rognli 1962-2013 – son til Johan Rognli 1938-86 og Randi M. Grosberghaugen 1943. Barn: Stein Ove 1983. Bjørn var sbm Ane Guri Engum 1966 – dotter til Iver Engjom 1932 og Rønnaug Teige 1939. Barn: Ingvild 1987. Han tok over i 1982 etter morfaren Halvard Grosberghaugen 1923-2000 gm Inga Iverstuen 1915-99.
Eigar frå 1996: Henning Rognli 1968 – bror til førre eigar – sbm Lene Rønningen 1973. – Han bur på Vinstra. Sysken (fødde på bruket): Jorunn 1964 sbm Sveinung Pedersen. Ingrid 1971 sbm Helge Rudi Ovrum.
Engset 207/18
Samla areal: 47 da. Bureising, rydda av Jon T. Blekastad i 1936. Fråskilt Øygarden 207/7. Kyr til 1966. – Fyrste traktor 1952, høytørke, gravemaskin. Fiskebu i Meravika.
Eigar 1978-2010: Oddbjørn Asgeir Blekastad 1944-2010 – son til Jon T. Blekastad 1908-87 og Embjørg Kampesæter 1912-89 – g 1970 m Anne Kari Heide 1951 – dotter til Johan Heide 1924 og Nelly Ødegård 1927. Barn: 1) Anette 1971. 2) Jorunn 1973 sbm Knut Håvard Iverstuen: Simen 2000, Ida 2002, Syver 2008. – Oddbjørn var maskinentreprenør. Anne Kari arbeidde i barnehage. Oddbjørn tok over i 1978 etter faren.
Eigar frå 2011: Annette Blekastad 1971 – sbm Helge Risdal 1961 – son til Johannes T. Risdal 1934-2020 og Karen Ryen, Heidal 1937. Barn: Emma 2000, Jon 2002.
Fjellstad 208/7
Samla areal: 238 da. Ole K. Hoel rydda og bygde her i 1910. Opprinneleg hamnelykkje til Bakkerud. Ole Kristiansen Hoel, Løten 1880-1952 – son til Kristian K. Åtjernholen f. 1849 og Kristine Engesverønningen f. 1858 – gm Mathea Christiansdotter Heide 1884-1962 – dotter til Johan Christian F. Heide og Thore Tungen. Barn: Thora Karla 1906, Jenny 1908, Johan 1909, Olga 1911, Torleif 1912, Margit 1913, Olav 1914, Sigurd 1915, Marie 1917, Timann 1919, Signe 1920 og Dagny 1921. Ole tok namnet Hoel da han gifta seg. Kyr til 1955. Her var det fyrste doktorkontoret i Skåbu etter at ordninga med faste doktordagar kom i gang i 1913. Butikk frå 1911-1937, pensjonatdrift 1938-1965. Den gamle bygningen (pensjonatet) selt til Dalseter Høyfjellshotell.
Eigar 1973-2004: Ole Petter Hoel 1944-2004 – son til Johan Hoel 1909-76 og Karen M. Slåen 1909-84 – g 1972 m Bjørg M. Sletten 1953 – dotter til Harald Sletten, Sel 1920 og Gudrun Hølmyren 1932. Barn: 1) Tom Erik 1972 sbm Ellen Rønshaugen. 2) Ann Kristin 1974. – Ole Petter jobba på Krogenæs møbelfabrikk og Bjørg var reinhaldar. Ole Petter tok over i 1973 etter faren.
Eigarar frå 2004: Ann Kristin og Øyvind Skuterud. Barn: Mari 2001, Torje 2004, Ellef 2011. Ann Kristin er sosionom og Øyvind er handverkar. Dei bur på Vinstra. Bjørg bur på bruket.
Fosse nedre 204/4 (nedlagt og samanslått med Strandli 201/8)
Areal medan garden eksisterte: Jord: 70 da. anna: 40 dekar. Prod. skog: 650 da. Anna: 100 da. Ikkje hus på garden. Garden vart nedlagt og fråflytta i 1973 pga. rasfare. Kyr til 1950. Hølseter. Setra på Kampesæter i 1668. Gammal gravhaug på eigedomen. Delt i øvre og nedre Fosse i 1793.
Eigar 1938-86: Ragnar Fosse 1911-2005 – son til Anton I. Fosse 1883-1938 og Gunda T. Nedre Skabo f. 1883 – gm Embjørg J. Kampesæter 1908-2000 – dotter til Johannes O. Kampesæter f. 1882 og Ingeborg Christiansdotter Heide f. 1884.
Eigar frå 1994: Steinar Veslum 1964 – son til Asbjørn Veslum 1935 og Kjellaug Berget, Vestre Gausdal 1935 sbm Gunvor Viker 1968. Barn: Martha 1996, Fredrik 1997. Asbjørn Veslum kjøpte garden i 1986 av onkelen Ragnar Fosse 1911-2005 gm Embjørg Kampesæter 1908-2000. Ragnar og Embjørg hadde bygd nytt hus 5 km frå garden.
Sysken til Steinar: Toril 1961 gm Jonny Trandem: Ellinor 83, Ole Christian 86. Eigaren bur på Strandli, som han også eig. Jordvegen er slått saman med Strandli.
Fosse øvre 204/5
Samla areal: 990 da. Kyr til 2000. Fyrste traktor 1968. Seter: Freksetra, rydda og bygt av Fredrik Fredriksson Fosse f. 1758. Stod ferdig i 1812 .Fiskebu ved Agnsjø. Dyregraver. Delt i øvre og nedre Fosse i 1793.
Eigar 1951-91: Ivar F. Fosse 1921-2016 – son til Fredrik Fosse 1894-1958 og Maria Hage 1893-1976.
Sysken: Signe 1924 gm Ola Taarud: Marit 1950 ( gm Knut Kirknes), Randi 1953 ( gm Nils Rømoen), Sigrid 1956 ( gm Kjell Hølmo). Ivar selde garden og kjøpte Sætermoen i Skåbu. Garden var i same ætta frå 1793-1991.
Eigar frå 1991: Jan C. Paulsen, Drammen 1936-2001 – son til Eilif Paulsen 1906-76 og Ingrid Palm 1914. Barn frå 1. ekteskap: 1) Katarina 1962 gm Jørgen Mannheimer: Elias 92, Simon 94 2) Ingrid 1963. 3) Christian 1968. 4) Edvard Paulsen 1992. Jan var sbm Charlotta Hollertz, Østergøtland, Sverige 1962. Barn: Nils Erik Edvard 92, Måns Axsel 95. – Jan var advokat. Eigarar frå 2007: Måns Axel Hollertz, 1995 og Nils Erik Edvard Hollertz 1992. Bur ikkje på garden.
Fundstad 204/41
Samla areal: 263 da. Kyr til 1947. Fiskebu i Øyvassosen. Bureisingsbruk, rydda av Iver Hysjulien i 1936 på grunn frå Fosse, øvre. 15 da vart selt til R. Krogenæs Møbelfabrikker i 1963.
Eigar: Hans Hysjulien 1929-2022 – son til Johan S. Hysjulien 1871-1965 og Anna Roven 1895-1979 – g1 1955 med Anne Gerd Eriksen 1937-85 – dotter til Simen Eriksen, Gausdal 1912 og Astrid Moe 1913. Barn: 1) Aud Eliabeth 1956 var gm Jan Kolås: Janne Veronica 78, Ann Iren 79. 2) Bjørg 1957 gm Trond Riiser: Therese 82, Vivian 83, Andreas 86, Fredrik 92. 3) Helene 1963 gm Åge Rundhaugen (neste eigar). – Hans var g2m i 1992 med Inger Johanne Graatrud 1942-2013.
Hans tok over i 1960 etter den ugifte farbroren Iver Hysjulien 1880-1959. Eigarar frå 2007: Helene 1963 og Åge Rundhaugen 1962. Barn: Kent André 1994.
Granli 209/14 (Søre Rønningen)
Samla areal: 117 da. Kyr til 1974. – Fyrste traktor 1968. Truleg rydda av Lars Skogstad i fyrste halvdel av 1800-talet, seinare husmannsbruk, fråskilt Nørdre Risdal i 1941. Den vidgjetne Ole Mikkelson Leirflaten f. ca 1817 m/familie bur her i 1865. Han var gm Mari F. Skogstad. Ho var syster til rydningsmannen Lars Skogstad. Les om Mikkelson i boka Ymse gamalt frå Skåbu og Kvikne av Torger T. Risdal. Sonen Simen Olsen f. 1851 m/familie bur her i 1910. Folketomt i 1920. Fiskebu i Vinstervatna.
Eigar 1941-85: Emil H. Slåen 1905-85- son til Hans T. Slåen 1868 og Petra J. Graupmoen 1868 – g 1941 m Hilda O. Maurstad 1918-80 – dotter til Ola O. Maurstad og Mari H. Slåstugun. Barn: 1) Halvor 1942-2005. 2) Magne 1947-2023. 3) Edmund Haakon 1949. 4) Kåre 1955 sbm Esther Dahl.
Emil kjøpte bruket av Torger T. Risdal på Risdal 207/1. Han dyrka opp meir jord, kjøpte dyrkingsjord av kommunen og forandra namnet til Granli.
Eigarar frå 1987: Halvor og Magne Slåen. – Halvor 1942-2005 – g 1980 m Målfrid Storli, Oppdal 1948 – dotter til Johannes Storli 1920 og Gudlaug Nordland 1924. – Halvor var snikkar og Magne dreiv som skogsarbeidar. Halvor bygde hus på eigedomen, utskilt frå gardsbruket. Målfrid bur ved Skåbu sentrum. Magne eigde også gardsbruket Nedre Stigen frå 1993-2013.
Eigar 2005-23: Magne Slåen 1947-2023.
Eigar frå 2023: Edmund Haakon Slåen 1949 gm Kari Østvik: Morten 69, Cathrine Slåen 1980. Edmund Haakon bur på bruket.
Granlund (Nystugu) 204/21
Samla areal: 806 da. Kyr til 1963. Bruket er slått saman med Kantrud 204/61.
Eigar 1964-91: Hans T. Slåen 1909 – son til Torger H. Slåen 1868-1927 og Kari I. Fosse 1881-1964. Rydda av Hans O. Lien fyrst på 1830-talet, utvandra til Amerika. Fråskilt Fosse øvre 204/5 og kjøpt i 1924 av Torger Slåen. Hans selde bruket.
Eigar frå 1991: Elisabeth Kantrud 1965 – dotter til Odd Kantrud 1927 og Anna E. Døving, Norddal på Sunnmøre 1932 – var gm Trond Lien: Karoline Marie 89, Olve Mathias 93. Eigar frå 2008: Bente Kantrud, syster til Elisabeth. Bur på Kantrud.
Granslåa 201/11 samt Løchen 208/25
Samla areal: 162 da. Sauehald. Gardsbruket Løchen 208/12 og 25 er slått saman med garden (Granslåa 2). – Kyr til 1975. – Fyrste traktor 1974, høytørke. Dyregraver. Opprinneleg husmannsbruk, fråskilt Kappelslåen i 1919. Var ein del av den gamle garden Olstappen. Truleg rydda på 1700-t.
Eigar 1934-1960: Paul Berget 1888-1976 – son til Nils P. Berget, Kvikne (f. Røssumlien, Kvam 1862) og Marthe K. Aspeslåen, f. Kvikne 1861 – g 1916 m Ragna Granslåen 1893-1986 – dotter til Johannes P. Granslåen (f. Kappelslåen) 1866-1959 og Rønnaug J. Løsnes 1860-1928 (Rønnaug var dotter til Jakob E. Løsnes, Ringebu 1828 og Kirsti O. Moen f. 1830). Barn: 1) Magnhild f. 1916 gm Lauritz Sandbakken (sjå Søreng). 2) Rønnaug f. 1920 gm Inge Fosse (sjå Solli). 3) Ivar f. 1922 (neste eigar). 4) Nils f. 1925 gm Solveig Andresen. Paul tok over etter svigerfaren Johannes Granslåen.
Eigar 1960-90: Ivar Berget 1922-2006 – g 1958 m Ingrid O. Kappelslåen 1928 – dotter til Ole I. Kappelslåen 1893 og Ingeborg Haugen 1898. Barn: 1) Ole Petter 1958. 2) Grethe 1962 sbm Tormod Sæther. Ivar tok over etter faren. Jorda til Løchen (15 da) som vart rydda i 1943 av Rino Alexander Løchen, Hobøl 1911, og som var gm Karen Olsdotter Grauphaugen f. 1915, vart kjøpt i 1987. Karen hadde fått skøyte frå Bakkerud 208/1. Skøyte til Nils Berget 1925-98 i 1953.
Eigar frå 1991: Ole Petter Berget 1958 – var sbm Ingrid Grauphaugen.
Hageløkken (Hågålykkja) 210/3
Samla areal: 35 da. Kyr til 1974. Johan Christian Heide 1851-1911 bygde og dreiv landhandel her frå 1877 til han kjøpte Bakkerud i 1884. Gm Thore S. Tungen 1857-1943. Men han åtte Hageløkken så lenge han levde. Johan Christian kjøpte eigedomen av Iver T. Skabo i 1877. Både i 1891 og 1900 er det Severin J. Stensrud f. 1857 og familien som bur her. I 1900 er han nemnt som forpaktar og vognmann. Han var gm Ronnoug Nistugun Skabo f. 1860. Ho er titulert «bagerske» (sjå Fjellheim).
I folketellinga 1910 er det Johannes O. og kona Ingeborg Kampesæter (f. Heide. Dotter til Johan Chr.) som driv med landhandel her (truleg frå 1902-15). Bygdemeieri frå 1907-08. Må ikkje forvekslast med husmannsbruket Hågålykkja (søre) som låg mellom her og Maurstad.
Eigar 1970-95: Rønnaug Heide 1922-2002 – dotter til Olaf Heide 1893-1984 (eigar frå 1929) og Hanna Veslum 1888-1972. Olaf var son til Johan Christian Heide. Olaf hadde fått skøyte frå mora, Thore Heide.
Brørne: Kristian 1914-90, Ingar 1924-95, Torbjørn 1927-95 var medeigarar og budde på bruket. Timann Heide f. 1895 (sjå Solhaug), bror til Olaf, er farfar til neste eigar.
Eigar frå 1995: Bjørn Heide 1961 – son til Kristian T. Heide 1920-2002 og Marie Hølmen 1930 – sbm Unni Ovrum 1954 – dotter til Odd Ovrum 1941 og Målfrid Sletten 1942. Barn: Marie Kristin 1988, Odd Erik 1990, Anne Marthe 1995. – Bjørn arbeider i Statens vegvesen og Unni på Vekstra Regnskap Gudbrandsdal. Dei bur på Vinstra.
Haugen 204/3
Samla areal: 816 da. Sameige: 38 da. Kyr til 1964. – Fyrste traktor 1966, høytørke. Seter på Holslåa. – Alle husa er rest. i original stand. Haugen er opphaveleg rydningsplass som er lagt inn under Fosse, men vart tidleg eigedomsplass. Skyldsett i 1818.
Eigar 1956-86: Johan A. Haugen 1929-92 – son til Anders Bekken, Heidal 1895-1975 og Ingeborg Haugen 1886-1969. Johan overdrog til systersonen.
Eigarar 1986-89: Odd Aage Jordal og Grete Løvaas. Odd Aage 1949 – son til Olaf Jordal 1913-99 og Marie Inga Haugen 1924-2002 – var sbm Grete Løvaas, Svalbard 1947. Han hadde tidlegare vore gm Guri Oline Forseth, Melhus i Sør-Trøndelag 1947. Barn: Morten Are 1971, Geir Ove 1973, Ole Inge 1974-97.
Odd Aage (eineeigar 1989-94). Han selde garden.
Eigar frå 1994: Sigurd Bølling, Bærum 1947 – son til Arne Bølling 1917 og Bodil Pettersen 1919 – g 1971 m Grete Nysted, Bærum 1948 – dotter til Knut Nysted 1919 og Inger Beate Randers 1918. Barn: Jørgen 1972, Silje 1974, Anne Lise 1976, Anders 1981. Eigaren bur i Asker.
Eigedomen Haugalykkja 204/216 (samla areal: 61 da med bolighus og driftsbygning) vart fråskilt Haugen i 2008 til sambuarane Ove Blekastad f. 1973 og Bente Varpestuen f. 1968.
Johan Haugen og systera Marie Inga (mor til Odd Aage) budde også på Haugalykkja. Odd Aage budde også her da han var eigar av Haugen.
Hysjulia 205/27
Samla areal: 16,2 da. Kyr til 1970. Har hatt seter i Oskamplia. Er no rivi. Svein Hysjulien hadde Dalasetra (Oppdal) i Hamn på slutten av 1800-t. Selde ho til Ola Kleiven i 1900. Svein var far til Simen (sjå nedanfor). Hysjulia er truleg rydda på 1600-t, og vart ein fri rydningsplass under Dalen. Skyldsett i 1818. Pensjonatdrift fyrst på 1900-talet.
Eigar 1952-73: Ivar Hysjulien 1919-2004 – son til Simen Hysjulien 1877-1962 og Rønnaug Erlandsrud 1887-1975 – g 1955 m Alma Slåen, Sel 1912-2001 – dotter til Torvald Slåen og Marit Haresten. Barn: Jan Simen 1955-87. Ivar selde garden.
Eigar 1973-1997: Tor Arnt Jensen, Hamar 1913-97 gm Karin Sibbern, Rygge i Østfold 1914, busett i Rygge. Deira barn: Tor 1940 (eig Carlberg gard i Rygge), Kristin 1941, Karin 1944, Carsten Arnt 1953 (medeigar frå 1974).
Eineeigar frå 1997: Carsten Arnt Jensen 1953 – var gm Hanne Myhre, Moss 1957 – dotter til Knut Myhre 1912 og Eva Margrethe Bredrup 1930. Barn: Vibeke 1981, Benedicte 1984. Carsten Arnt, som er sivilagronom, bur på garden. Leiger ut hovudbygningen. Husa fekk eige bnr etter at skogen og jordvegen blei seld til Brenna, søre i 2005.
Eigar av jordvegen og skogen frå 2005: Jostein Brenden 1957. Sjå Brenna, søre 206/1.
Hysjulienget (Fråflytta, samanslått med Solhaug 208/9)
Areal medan gardsbruket eksisterte: Dyrka jord: 18 da, anna jordbr. areal: 19 da, anna utmark: 8o da. Gardsbruket er truleg rydda midt på 1800-talet. Fråskilt Hysjulia i 1909.
Eigar 1908-1951: Johan Hysjulien 1871-1965 gm Anna Roven 1895-1979 Barn: Svein 1928, Hans 1929, Marie og Jon 1937 (tv).
Eigar 1951- 1980: Svein Hysjulien 1928 gm Marie Bakkum 1931 – dotter av Håkon Bakkum 1905 og Rønnaug Kirkebøhaugen. Barn: Helge 1956, Arne 1960 og Steinar 1969. Dei flytta til garden Bakkum i Svatsum i 1968 og selde gardsbruket og setra i Hinøgelslia til Terje Heide på Solhaug i 1980. Husa er borte.
Hølmyra søre 201/4
Samla areal: 25 dekar. Kyr til 1960. – Fyrste traktor 1975. Hytteutleige og camping. Brann og dyregraver. Grannebruket Nørdre Hølmyra er i dag tomta til det nedlagde Fron Almenning Sag og Høvleri. Ein meiner at det var Hans Olsen Lien f. ca 1790 som rydda og bygde Nørdre Hølmyra. Han var husmann under Øvre Fosse i 1834. Da hadde han rydda plassen Nystugu eller Granlund 204/21. I 1854 er han eigar av Nørdre Hølmyra. Bruket nyttar han som seter. I 1866 er Nørdre Hølmyra vår – og haustseter til Søre Risdal. Seinare var staden nytta som husmannsbruk. I 1900 bur det ei Mari Andersdotter (f. ca. 1848) frå Heidal der. I 1910 bur Torger Østensen (f. 1867, Øvre Stigen) og familien der. Han er gm Ane Hansdotter og har borna: Hanna f. 1897, Anton 1900, Kari f. 1902, Edvard f. 1904, Johan f. 1906 og Olav f. 1909. – Det skal vere Iva Tordson Nistugun Skabo ca. 1733-1807 som fyrst bygde på Søre Hølmyra. Gm Tora S. Veslum f. ca 1728. Nørdre Hølmyra høyrde til Søre Risdal til ca. 1948, da almenningssaga måtte flyttast dit.
I 1866 er Søre Hølmyra vår – og haustseter til Nedre (Søre) Veslum. I 1875 bur Hans Hansen (f. ca. 1845) med kona Mari Olsdotter (f. ca. 1843, Kvam) der. Dei har borna Anne, Kari, Iver, Marit og Ole. Søre Hølmyra gjekk ein del på handel. Ein bymann Støren hadde bruket i 48 år. Heimelen var ikkje i orden, slik at det låg til Veslum. – Ellev Sæter f. 1838 (Vetlmoen), gm Kari Vaterland, kom som brukar under Søre Veslum i 1886. Barn: Rønnog f. ca 1859, Gina f. 1872, Oline f. 1876, Anna f. 1880, Ole f. 1882.
Eigar 1934-74: Emil I. Hølmyren 1904-1980-son av Iver Randen (død over 90 år gml i Amerika) og Gina Hølmyren 1872-1954 – g 1943 m Berte Granslåen 1900-76 – dotter til Johannes Granslåen og Rønnaug Skoghytten. Barn: Gudrun 1932 (sjå Skogli 201/45), Ragnhild 1932 (tv).
Eigar frå 1974: Ragnhild Kvellestad 1932-2015 – g 1956 m Roald Kvellestad, Naustdal 1926-2010 – son til Alfred Kvellestad 1875 og Marie Ytrehus 1884. Barn: 1) Eivind Morten 1957 gm Anne Grete Lindskog: Morten 84, Stine 86. 2) Anne Britt 1965 sbm Tormod Kvernes: Espen 94. – Ragnhild og Roald hadde vinterbustad 5 km frå bruket.
Eigarar frå 2018: Natascha Huber 1980 og Thomas Jakob Huber 1970. Dei driv campingplassen.
Hågå og Strålsetra 210/1
Samla areal: 1539 da. Sameige: 80 da. Kyr til 1966. – Fyrste traktor 1968, høytørke. Sjeldan stabbur 1664, kalla sinkastugu fordi ho er sinka i hop. Strålsetra (vintersetring til om lag 1900). Nysetra. Vart kalla «Megardshågån» i eldre tider. Var truleg hestehamn til Megarden. Ein Ellev Olsen fekk rydningssetel på Hågå i 1648, men mest truleg er det snakk om gjenrydding. Hans Erlandsen Kleiven f. 1866 (far til Hans f. 1888, sjå nedanfor) kjøpte Hågå av Iver Torgersen Skabo, øvre i 1888 (sjå Nystugu under «Nokre andre bruk….»).
Eigar 1971-88: Håkon Hage 1923-2008 – son av Hans H. Hage 1888-1976 og Marit Stensrud 1895-1982 – g 1950 m Karen Målfrid Sletten 1930-95 – dotter til Laurits Sletten og Signe Masseng. Barn: 1) Solveig Margrete 1950 gm Alfred Frikstad. 2) Nils Hallgeir 1953.
Eigar frå 1988: Nils Halgeir Hage 1953 – var gm Liv Aasen 1959 – dotter til Oddvar Aasen 1933 og Solveig Langvegg 1935. Barn: Hans Olav 1980, Kjetil 1982, Siv 1985. – Nils var skogsarbeidar.
Hågåstugu 210/2
Husmannsbruket vart rydda rundt 1770 av Johannes Tordsson Hågå f. 1727. Gm Ane P. Bakkerud f. 1739. Dei var oldeforeldra til dei kjende brørne, skulefolka og kulturpersonlegdomane, Per og Olav Åsmundstad frå Kvikne. Farfaren deira, Peder Johannesson, selde Hågåstugu til svigersonen, Hans T. Kvålsøien. Peder hadde kjøpt Klevstadbakken i Kvam i 1808 saman med broren Tord. Så kjøpte sonen til Peder, Tord, Søre Åsmundstad i 1839. Både bror til Peder, Johannes Johannesson, og Hans T. Kvålsøien 1802-90, var lærarar. Hans vart også formann i arbeiderforeininga i Kvikne og han blei svært aktiv i Thranerørsla i Skåbu midt på 1800-talet. Han var ein svært viktig talsmann for husmennene. Dei kravde å bli sjølveigarar og dermed få stemmerett. Dessverre lykkast dei ikkje i fyrste omgang, men dei var med på å setje i gang ein prosess som førte fram til dette målet. Det fyrste møtet vedrørande dette blei arrangert i Hågåstugu allereie i 1814. Hans drog til USA i 1855.
Hågåstugu vart fråskilt Hågå 210/1 i 1801. Kyr til 1970. – Fyrste traktor 1986. – Omgangsskule frå 1862-1908.
Hågåstugu vart selt som skulejord til Nord-Fron kommune i 1862 etter at den nye skulelova kom i 1860. Lova kravde at kommunane skulle sørge for faste skulehus i kvar krets. Lærarar her var Nils N. Nistugun Skabo, ein ved namn Lunde frå Østfold, Even Iversen, Torger T. Risdal og Marit Semelenge frå Valdres. Torger Risdal og familien budde også her ein periode og hadde skulejord.
Eigar 1911-1946: Iver O. Dalen 1869-1964 – son til Ole Larsen Dalen f. 1827 og Kari J. Åsmundstad f. 1833- gm Mari H. Slåen 1866-1952 – dotter til Hans I. Slåen f. 1816 og Kari T. Hysjulien f. 1831. Barn: Klara 1900-94. Iver og Mari var i USA i 1900 og Klara vart født der.
Eigar 1946-1954: Syver Brendløkken 1904-84 – son til Oluf Brendløkken, Åmot i Østerdalen 1875-63 og Kari S. Sande 1870-1951 – g 1935 m Oline Tron 1914-2005 – dotter til Ole Morken og Rønnaug Tron. Barn: Ottar 1936-98. (Sjå Stensrud).
Eigar 1954-1962: Fredrik Maurstad 1922-86 – son til Iver F. Sylthagen 1896 og Thea Grauphaugen 1895 – gm Anne O. Kirkestuen, Heidal 1920-93 – dotter til Ole A. Øverjordet f. 1884 og Anna A. Stensrud f. 1893. Barn: 1) Tordis 1945 gm Jan Martinsen: Jan Inge 65, Ann-Therese 76, Siv Lene 79. 2) Iver 1948. 3) Arvid 1954-2012 gm Gro Engebråten: Kenneth 76, Anne Turid 79. 4) Frode 1960 var sbm Heidi Hukkelås: Jørn 87, Anne 91. 5) Kjell 1963 var sbm Anne Mette Blekastad: Marianne 88, Kim Marius 91. Fredrik overdrog til broren.
Eigar 1962-77: Ottar Maurstad 1924-77 – g 1952 m Magna Andersen, Ringebu 1928-2006 – dotter til Ingvald Andersen og Mathea Sæther. Barn: 1) Randi 1954: Veronica 78, Tone 81, Ann Cecilie 84. 2) Torbjørn 1956. 3) Målfrid 1958: Daniel 86. 4) Magne 1962. (Sjå elles Maurstad).
Eigar 1978: Torbjørn Maurstad 1956 – g 1988 m May Britt Berntsen, Fetsund 1962 – dotter til Birger Berntsen 1925 og Bjørg Mathisen 1931. Barn: Torill 1978, Katharina Maurstad Berntsen 1991. – Eigaren er treskjerar.
Iverstuen 219/5
Samla areal: 125 da. Kyr til 1968. – Fyrste traktor 1967. Fiskebu i Øyvassosen. Rydda rundt 1860 av Iver Olsen f. 1825, onkel til Amund f. 1888. Iver gm Rønnog Hansdotter Plassen, søre frå Heidal f. 1829. Fråskilt Skåbu allmenning (Kvikne og Skåbu sameige) i 1888. Den kjende felespelmannen, tonediktaren og tonesamlaren Torger Iverstugun 1880-1974 (bror til Amund) var frå her. Foreldra til Torger, Iver f. 1834 og Embjørg f. 1841 (frå Stigen, Øvre), kom hit rundt 1880. Iver og Rønnog flytta da til Storbaklia.
Eigar 1948-68: Halvor Iverstuen 1918-2003 – son til Amund Iverstuen 1888-1975 og Rønnaug Rønningen 1889-1975 – g 1945 m Klara Megrund 1922-1906 – dotter til Petter Strand 1880 og Berthe Oppsahlsløkken 1884. Barn: 1) Arne 1944. 2) Bjørn 1947 gm Wenche Furulund: Inger Lise 75, Anne Britt 77.
Sysken: Sjå Nørdre Randen.
Eigar 1968-2017: Arne Iverstuen 1944 – g 1969 m Dorte K. Dokken 1939-90, V. Slidre – dotter til Knut N. Dokken 1900 og Anna K. Lunde 1904. Barn: 1) Anne Kari 1969. 2) Knut Håvard 1973. – Arne, som var snikkar, tok over i 1968 etter faren.
Eigar frå 2017: Knut Håvard Iverstuen 1973 sbm Jorunn Blekastad. Barn: Simen 2000, Ida 2002, Syver 2008. Knut Håvard og familien bur på Engset. Arne bur framleis i Iverstuen.
Jenssetra 204/11
Samla areal: 201 da. Kyr til 1935. Fiskebu i Meravika. Bruket er opprinneleg seter til den nedlagde garden Søre Slåa 204/2. I 1865 vart Søre Slåa plass under Nørdre Slåa 204/1. Frå om lag 1900 vart dei brukt saman. Rydda omkring 1800, truleg av ein Jens Olsen f. 1865, og bruket har vore i same slekta.
Eigar 1937-69: Johan Slåen 1898-1982 – son til Hans T. Slåen 1868-1949 og Petra J. Graupmoen 1868-1960. Han kjøpte frå Nørdre Slåa. Farbroren til Johan, Amund Slåen, hadde budd på og drive bruket frå omkr. 1900. Johan overdrog til broren og kona hans som hadde budd på bruket sidan 1947. Denne slekta hadde vore på Søre Slåa i fleire generasjonar.
Eigarar frå 1969: Aksel H. og Maria Slåen. Aksel 1909-98 – son til – g 1944 m Maria O. Blekastad 1923-2004 – dotter til Ola K. Lysgård 1883 og Anna J. Blekastad 1888. Barn: 1) Målfrid 1944-87 gm Asbjørn Olsen, Jevnaker. Deira barn: 1) Johny 1964 (eigar frå 1999) var sbm Elin Blekastad: Lena 88. 2) Alf 1967. Aksel eigde også Perstugu.
Eigar frå 1999: Johny Slåen Loe 1964. Ubebudd.
Kampeseter nørdre 203/1
Samla areal: 229 da. – Fyrste traktor 1968, høytørke. Hytte i Vinstervatna. I matrikkelen 1668 er det fleire setrer i dette området. I lia lenger opp ligg Kamssetra. Der setra både Bakkerud, Dalen og Fosse. Kampeseter er antakeleg rydda som seter eller i nærleiken av setrane, derav namnet. Delt i nørdre og søre i 1838. Ola E. Moen f. 1801 er eigar av nørdre. I 1865 er garden oppdelt i 4: Midtre (Vetlmoen), Nørdre, Søre og Kolhusmoen. Den kjende bygdespelemannen Ole O. Rusten f. 1812-86 (Gammelsætrin) eigde garden frå ca. 1838-86. Gm Mari I. Hysjulien. Johannes Haugen, far til Svend Sæther, kjøpte garden i 1888 av sonen til Gammelsætrin. Han heitte også Ole f. 1837.
Eigar 1963-87: Jens Halvor Sæther 1924-97 – son til Svend Sæther 1882-1963 og Rønnaug Roven 1887-1949 – g 1958 m Oddbjørg Nordlien 1926 – dotter til Anton Nordlien og Oline Furuli. Barn: 1) Arve 1948. 2) Sven 1958. 3) Rigmor 1964 sbm Tormod Persson: Maria 1991. 4) Anita 1967: Andre 86.
Eigar frå 1987: Sven A. Sæther 1958 – g 1981 m Wenche Rusten 1959 – dotter til Ola I. Rusten 1928-68 og Hjørdis Marstad 1933-86. Barn: Jan Olav 1984, Håkon 1990. – Eigaren var møbelsnikkar ved Krogenæs Møbelfabrikker.
Kampeseter søre 203/2

Dette er mest truleg måla etter eit prospektkort frå 1903. Det gamle hotellet på Kampeseter blei oppført rundt 1890. Men til å begynne med vart bygningen brukt til skysstasjon.
Samla areal: 2685 da. Hotelltomta blei fråskilt garden i 1963. Kyr til 1964. – Fyrste traktor 1958. Hytte i Øyvassosen. Dyregraver i utmark.
I 1885 opna Ole T. Vorkinn, Dovre 1831-1903 (skøyte 1872) og Mari E. Kampesæter 1837-1921 skysstasjon og den bestod til 1925. Ole og Mari gifta seg i 1856. Dei sette opp berre ei lita stove til å begynne med og begynte å ta imot gjestar. Allereie i 1882 annonserer dei med overnatting i Aftenposten. Om lag 1890 bygde dei det gamle hotellet i sveitsarstil som stod til 1936. Ole T. dreiv også som turistguide og fjellførar, og han var høgre hand for engelske sportsfiskarar som heldt til ved Hersjøen frå 1883 og utover. Mari var dotter til Erland Erlandsen Bakkerud (Risdal) 1812-77 og Embjør Iversdotter Hysjulien 1816-93. Erland kjøpte søre Kampesæter av Peder Johannesen Brenna i 1838. Peder f. 1798 var gm Mari I. Kampesæter f. 1800. Bakgrunnen var at far til Erland, Erland P. nedre Skabo, hadde ein pantobligasjon som eigaren Peder Johannesen ikkje kunne løyse ut. Denne fekk sonen Erland og han kunne derfor ta over Kampesæter, søre. (Kjelde: søre Kampesæter-slekt, fra og med 1780 til og med 2010)
Fyrst på 1900-talet vart det utvida til sanatorium og hotelldrift. Her var det også posthus og butikk. Skåbu Samvirkelag hadde lokalet sitt her frå 1922-1928 (den gamle skulestova frå Veslum. Den står no ovanfor Kampesæter og tener som hytte). I Aftenposten i 1906 blir staden annonsert med Kampesæter Hotel og skydsstation pr. Vinstra, Gudbrandsdalen. Frå 1905-15 er det dottera til Ole og Mari, Ingeborg 1872-1925 og ektemannen Kristian Hjellet, Heidal 1885-1977, som forpaktar og driv staden. Dei begynte også med pensjonatdrift på Setermoen. I 1920 er det bror til Ingeborg, Johannes O., som forpaktar Kampesæter. Han begynte seinare på Kamsli.
I 1922 tok barnebarnet til Ole og Mari, legendariske Ole T. Kampesæter, over både hotell og skysstasjon. Namnet vart forandra til Kampesæter Hotel. (Ole var fødd og oppvaksen på Megarden. Faren og onkelen, Erland Sæther, kjøpte garden i 1899, men Tosten døydde allereie i 1907, og broren vart eineeigar). Ole bygde nytt hotell i 1937, og dreiv det til 1973. Bedriftsnamnet vart endra til Kampesæter Fjellstue. Nye eigarar vart Oddmar og Gerd Røssum, og paret Knut Kristiansen og Åse Vestbakken dreiv staden fram til trekløveret Odd Erik Nansen, Bjørn Slette og Pål Larsen tok over fjellstua på 1980-talet. Utpå 1990-talet selde dei til investorane Einar Kloster, Sigurd Bølling og Peder Bakken. Dei reiv ned den gamle fjellstua i 2004 og hadde planar om å byggje eit nytt hotell. Dette vart ikkje noko av, og dei selde staden til Sigurd Haug for nokre år sidan. Meir historikk: Sjå Kampeseter, nørdre og boka søre Kampeseter-slekt av Gunvor Sæther Brække.
Eigar 1922-58: Ole T. Sæther 1900-95 – son til Tosten O. Sæther 1856-1907 (skøyte 1905) og Brit M. Lien, Heidal 1860-1947 (sat i uskifta bu frå 1907-22) – g 1920 m Karine Brenden 1895-1962 – dotter til Jakob Brenden og Marit Stormorken. Barn: 1) Torbjørn 1921-94 (eigar frå 1958). 2) Bertha 1923-2009 gm Arne Kristiansen (eigar frå 1958). 3) Margrethe 1925-99 (eigar frå 1958). Ole T. og Karine blei skilt og Karine kjøpte Grand Hotel på Otta i 1946, og dreiv det til ho døydde i 1962. Da tok barna over og etter kvart var det Margrethe (hotellutdanna) som tok over og dreiv hotellet saman med broren Torbjørn til 1981. Da blei Grand Hotel seld. Ole T. gifta seg opp att i 1945 med Torbjørg A. Lund, f. 1909, Oslo.
Sysken til Ole T: 1) Iver 1881-1960 (sonen til Tosten og Kari J. Grosberghagen (Kildeberget) f. 1857). 2) Ole 1884-1980 (sonen til Tosten og Berte T. Risdal 1855-92. Berte og Ole drog til USA). 3) Mari 1893-1980 gm Anton Brenden (sjå Solheim).
Eineeigar 1984-1994: Torbjørn Kampesæter 1921-94 – g 1953 m Mildred Thesen, Ullensaker 1920-2006 dotter til Harald Thesen 1870-1940 og Signe Charlotte Hjelde 1886-1969. Barn: 1) Ola 1953. 2) Sissel 1957: Karine 82, John Magnus 86.
Eigar frå 2002: Ola Kampesæter 1953 var gm Tone Sletten: Annette 81, Anders 84.
Kamsli 203/11
Samla areal: 32 da. Kyr til 1961. – Fyrste traktor 1985. Fiskebu ved øvre Hersjøen. 6 hus. Jorda kjøpt av Vetlmoen i 1922, og bruket vart rydda og bygt av Johannes O. Kampeseter 1882-1961 gm Ingeborg Heide 1884-1974. Butikk 1924-28 og posthus 1924-55. Johannes var fødd og oppvaksen på Kampeseter, søre, der han også dreiv butikk og posthus. I FT 1910 er han og kona landhandlarar på Hageløkken. I FT 1920 forpaktar han Kampesæter (forpakta truleg frå 1916 til og med 1921).
Eigarar 1961-85: Tora 1906-91 og Ragnhild Kampesæter 1915-2000 – døtre av Johannes O. Kampesæter 1882-1961 og Ingeborg Heide 1884-1974. Tora og Ragnhild overdrog til brorsonen og kona hans. Tora og Ragnhild var ugifte. Deira sysken: 1. Marie 1904-81 var gm Olav Magne Lilletofte, Dovre (sjå Vesl-Tofte, Dovre). Barn: 1) John Oddvar 1931-90 gm Margrethe Grosberghaugen: Jorunn Marie 62, Svanhild og Valborg 63 (tv). 2) Inger Bjørnhild 1934 var gm Jon A. Bøe. Inger no sbm Birger Furuheim. John og Inger voks opp på Kamsli. 2. Embjørg 1908-2000 gm Ragnar Fosse (sjå Fosse, nedre). 3. Kristian (sjå under). 4. Oddmund 1913-2008 gm Margit Skogstad (sjå Skogstad).
Eigarar frå 1985: Andreas og Liv Kampesæter. Andreas 1939-2021 – son til Kristian Kampesæter 1911-56 og Olga Hagen, Lillehammer 1909 – g 1962 m Liv Jordet, Vågå 1939-2021 – dotter til Albert Jordet 1919 og Klara Bragelien, Sel 1918. Barn: 1) Kristin 1962 gm Kjell Arne Kleiven: Maria 88, Anders 91. 2) Elin 1967 gm Ole Dag Møllerplass: Marte 91.
Andreas sine sysken: 1) Johannes 1931-2010 gm Solveig Nordnes, Sel (sjå Ellanstugu, Sel). Barn: Ragnhild 1960 gm Reidar Nilsen, Arne Kristian 1965 var sbm Sølvi Gauslå Rønning, Anne-Marit 1968 gm Kristian Slåen. 2) Sofie Ingeborg 1933-2022. Ingen voks opp på bruket. – Eigaren var verkstadformann på Vinstra. Andreas og Liv selde Kamsli i 2020 og flytta til Vinstra.
Eigarar frå 2020: Eivind Sande 1987 – son til Asbjørn Lien og Sigrun Sande 1958 – sbm Linn T. Bugge Klevmoen 1988. Dei bur på bruket.
Kantrud 204/61
Samla areal: 807 da. Kyr til 1960. Gardsbruket er truleg rydda rundt 1800 av Hans Arnesen Brenden f. ca. 1774 frå Kvikne. Han var gm Marit Gulbrandsdotter Huskelien f. ca. 1881. Dei var foreldra til Gulbrand som selde Kantrud til Paul A. Langvegg i 1869 (sjå under).
Fyrste traktor 1981, høytørke. Seter i Raudskard og seter i Hovda. Odd Kantrud bygde geitsetra i Raudskard midt på 1980-talet. – Tjæreutvinning i eldre tid. Dyregraver. Kantrud er nemnt i samband med Storofsen i 1789. Var oppført som husmannsbruk under Fosse, nedre i 1865. Mathias Kantrud overtok etter faren i 1904. Stigen, nedre låg eigentleg under Kantrud frå 1875 til 1938, sjølv om det ikkje vart fråselt Slåa før i 1908. I 1938 selde Mathias Stigen, nedre til Hans Grosberghaugen. Kantrud er skyldsett og det er skøyte frå Ragnar Fosse (nedre Fosse) til Mathias Kantrud i 1941.
Ifølgje boka Slekten Heide i 350 år av Ole Heide Aas var det her Rønnog Kantrud 1822-1907 og sonen Johan Chr. Heide 1851-1911 starta opp med landhandel, truleg om lag 1870. Dette var den fyrste butikken i Skåbu. Seinare begynte dei på Åbakken. Rønnog er titulert som «frihandlerske» der i 1875. I 1876 kjøpte Johan Chr. Hageløkken og Bakkerud i 1886, og dreiv med handelsverksemd på båe plassar. Rønnoug tok handelsbrevet i 1862 og Johan Chr. gjekk handelsskolen i Kristiania i 1873. Dette skulle bli grunnlaget for den legendariske Heide-butikken (sjå også Åbakken, Hageløkken, Bakkerud og Solhaug). Rønnog var syster til Gulbrand Hansen som selde Kantrud i 1869 til Paul A. Langvegg f. 1806.
Eigar 1869-1904: Paul A. Langvegg f. 1845 – son til Amund J. Langvegg f. Haavstuen, Sør-Fron 1813 og Kari S. Sveinstugun f. 1812 – gm Rønnaug H. Veslum (søre) f. 1841 – dotter til Halvor I. Veslum f. 1798 og Anne I. Hysjulien f. ca. 1818. Barn: Kari f. 1869, Hanna f. 1872, Mathias f. 1875 (neste eigar), Karen f. 1878, Iver f. 1881 og Ane f. 1885.
Eigar 1904-43: Mathias P. Kantrud 1875-1960 – gm Guri Kappelslåen 1883-1950 – dotter til Iver P. Kappelslåen f. 1858 og Ingeborg P. Lien f. 1856. Barn: Tora 1906-74 gm Martin Strandheim, Pål f. 1908 (neste eigar), Ingeborg 1910-2002 gm Ole Petter Fossum, Iver 1912-83, Rønnaug 1914-2002, Torgeir 1918-94, Gunnar 1921-95 og Odd Tønder 1927-2009. Ifølgje folketellinga bur familien på Stigen, nedre i 1910.
Eigar 1943-79: Pål M. Kantrud 1908-90 – gm Jenny O. Hyttan, Mo i Rana 1912-96 – dotter til Ole N. Hyttan, Rødøy i Nordland f. 1881 og Sakrine Johnsen, Hemnes, Nordland f. 1877. Pål overdrog til broren.
Eigar 1979-91: Odd Tønder Kantrud 1927-2009 – g 1950 m Anna E. Døving, Norddal, Møre og Romsdal 1932 – dotter til Petter Døving og Ingrid Pedersen. Barn: 1) Guri 1950 gm Jan Halvorsen: Oddbjørn 1971, Kristin 1980. 2) Reidun 1952 gm Gunnar Galdefoss: Glenn Rune 1973, Jørn Thomas 1976, Hilde 1981. 3) Anny 1955 gm Knut Engesveen: Anne Therese 1978, Erik Mikael 1980. 4) Bente 1960. 5) Elisabeth 1965. Odd budde på Granlund.
Eigar 1991-2008: Elisabeth Kantrud 1965 – var gm Trond Lien 1961 – son til Trygve Lien 1912 og Borghild Brenden 1929. Barn: Karoline Marie 1989, Olve Mathias 1993.
Eigar frå 2008: Bente Kantrud 1960 – var gm Oddvar Gaaseidnes: Helge og Espen 1981 (tv). Bente er no sbm Oddgeir Slåstuen. Barn: Lars Petter 1991 sbm Ingrid Varpestuen. Barn: Sigrid 2020, Torgeir 2024. Bente og Oddgeir bur på garden.
Kappelslåen 201/1
Samla areal: 2557 da + 1646 da sameige med Veslum, nørdre og Veslum, søre. – Fyrste traktor 1964. Seter i Finnbølet. Branngraver i utmark. Var ein del av den gamle garden Olstappen. Er truleg husmannsplass under Olstappen i 1723. Garden er utskilt frå Nørdre Veslum 201/2 (Olstappen) i 1803. Den gamle garden Kappelslåen (sjå biletet), som ligg lenger ned mot Olstappen, vart fråflytta på 1950-talet, og familien bygde og rydda seg ny gard på plassen Karistugu (gammal husmannsplass under Kappelslåen). Den kjende båtbyggjaren Kristian Kappelslåen 1872-1962 kom frå her. Båtmodellen hans vart kalla «Karistgugubåt».
Eigar 1933-1963: Ole Iversen Kappelslåen 1893-1982 – son til Iver P. Kappelslåen f. 1858 og Ingeborg P. Lien f. 1856 – gm Ingeborg A. Haugen 1898-1992 – dotter til Amund I. Haugen f. 1862 og Ane H. Reiret f. 1866. Barn: 1) Ivar f. 1923 (neste eigar). 2) Per 1926-97 gm Eldbjørg Normann. 3) Ingrid f. 1928 (sjå Granslåa). 4) Tea 1931-2020 gm Egil Kyrre Berg. 5) Asbjørn f. 1934 (eigar frå 1987). 6) Guri f. 1940 gm Reidar Bostad.
Eigar 1963-87: Ivar Kappelslåen 1923-2015 – son til Ola I. Kappelslåen 1893-1982 og Ingeborg A. Haugen 1898-1993. Ivar overdrog til broren og sonen hans.
Eigarar frå 1987: Jon Ove og faren Asbjørn Kappelslåen. – Asbjørn 1934 g 1960 m Kjellaug Marie Skotte, Lesja 1937 – dotter til Johan Skotte og Kari Svare. Barn: 1) Jon Ove 1962. 2) Ola 1966 sbm Heidi Kristiansen. 3) Eva 1968 var sbm Bjørn Risdal: Torger 97, Tina Maria 2000. – Asbjørn jobba som lærar og bygde eige hus på gardstomta. Asbjørn og Kjellaug bur no på Vinstra.
Eigar frå 2020: Jon Ove Kappelslåen 1962 – var sbm Svanhild Nordli 1965 – dotter til Torbjørn Nordli 1939 og Åse Wahlquist 1945. Barn: 1) Linda Iren 1986 sbm Kristian Dyrhaug. Barn: Kristina 2019. 2) Bjørn Ove 1987 gm Ann Kristin Rindhølen. Barn: Olav 2017, Tiril 2020. Jon Ove er røyrleggjar og bur på garden.
Kvålen 214/1
Samla areal: 6586 da. Foringsdyr. – Fyrste traktor 1956, høytørke. Seter på Vetlfjell, rydda og bygt av Torgeir Iversson Kvålen f. ca. 1690. Fiskebu ved Muvatnet og Lundebu i Vinstervatna. Treskjerarverkstad på garden. – Kvålen var ein del av det store gardvaldet som utgjorde Skåbugarden, utskild som eigen gard truleg år 1000. Iver (Iffuer) Megarden kjøpte både Kvålen og Risdal av viselagmann Niels Jacobsen Smith i 1696. Kvålen eigde store delar av Graupmoen frå gammalt av. Både Erlandsrud, Rusta, Kvålsøya, nørdre, Kvålsøya, søre og Stakston er fråskilt garden.
Anne Hov, ho som fann opp Gudbrandsdalsosten, kom frå her. Ho var av den gamle Kvålsætta. Far til Anne, Ole Iversen, selde garden til Ole Nilsen Hågå i 1865 og kjøpte Solbrå på Sør-Fron.
Eigar 1954-90: Asmund Kvålen 1927-2020 – son til Mathias Kvålen 1891-1965 og Tora K. Heide 1891-1982 – g 1952 m Magnild A. Ekre 1929-2015 – dotter til Anders Ekre og Rønnaug Massing. Barn: 1) Trond Magnar 1952. 2) Alf 1956 var gm Åshild Skårdal: Ingvild 79, Espen 85. 3) Øystein 1962.
Eigar frå 1990: Øystein Kvålen 1962 – g 1989 m Marit Skoe Kjorstad 1961 – dotter til Oddmund Kjorstad, Sør-Fron 1908-89 og Ragnhild Rolstad 1925. Barn: Anne 1989, Torger 1997.
Kyrkjebø 206/10
Samla areal: 455 da. Kyr til 1966. – Fyrste traktor 1954. Hytte i Vinstervatna. Bureisingsbruk, rydda av Asmund Blekastad i 1937. Fråskilt Brenna, søre.
Eigarar: Randi Solstad 1935 og Turid Braaten 1947 – døtre av Asmund Blekastad 1911-2003 og Magda Brenden 1918-2013. – Randi g 1958 m Per Gunnar Solstad, Karmøy 1933 – son til Lars Solstad 1898 og Marie Pålsen 1902. Barn: 1) Marianne 1963 gm Dan Evert Brekke: Gitle 93. 2) Anette 1965. Turid sine barn: 1) Sissel 1967 sbm Jostein Fossnes: Jonas 93. 2) Ståle 1970. 3) Steinar 1970 sbm Marianne Evensen. – Randi, som bur på Karmøy, arbeider i eit reisebyrå. Turid er servitør og bur i Oslo.
Eigarane tok over i 1990 etter faren. Feriestad.
Langvegg 213/31 og Randen øvre 219/11
Samla areal: 154 da. Kyr til 1978. – Fyrste traktor 1976. Dyregraver. Langvegg vart rydda av Amund Johnsen, f. Haavstuen, Ruste i Nord-Fron 1813, truleg på 1830-40-talet. Blei seinare med familien til Espedalen fordi faren, John A. Haavstuen f. ca. 1789, hadde begynt å rydde Langvegg (nordre) i 1820-åra. John gm Ane Thorsdtr. Frostad? Amund tok derfor i bruk namnet Langvegg. Amund var gm Kari Sveinsdotter Svendstuen f. 1812. Sonen, Johan f. 1841, rydda nabobruket Vetlstugu og kom seinare til Blekastad. Amund flytta til Fåvang og selde til Ole T. Vorkinn (Kampeseter) f. 1831. Amund drukna i Laugen ved Fåvang. Bruket vart utskilt frå Bakliteigen v/Nord-Fron kommune 212/13 i 1946. Skøyte til Petter Slåstuen i 1948. – Øvre Randen vart rydda omkr. 1840 av Hans Pålson f. ca. 1800, far til Kari f. 1846. Hans Pålson delte frå øvre Randen til sonen Hans f. 1835 gm Kari Hansdotter, Heidal. Fråskilt 1900, skøyte frå Peder Hansen f. 1856-1931 til broren Hans Hansen. Petter Slåstuen kjøpte Randen øvre i 1918 av syskenbarnet Berte Randen (ho hadde kjøpt Randen av Ellev Moen i 1913), og sidan har bruka vore samanslått. Familien flytta til Langvegg i 1939.
Tidlegare eigar: Petter Slåstuen 1891-1974 – son til Hans A. Slåstuen 1852-1940 og Kari H. Randen 1846-1935 – gm Mari O. Rønningen 1903-91 – dotter til Ola J. Rønningen f. Graupmoen 1864 og Tora I. Baklien 1867. Barn: 1) Thora 1922-94 gm Asbjørn Olsen. 2) Helga (tv) 1927-2009 gm Kåre Bjertnes. 3) Oddlaug (tv) 1927-71 gm Trygve Melby. 4) Karen 1929-2008 gm Alfred Moen. 5) Bertha 1931-99 gm Ivar Lauvålien. 6) Embjørg 1933-2014. 7) Håkon 1935-94 gm Aud Tove Haugrud. 8) Anne 1937-2014 gm Oskar Maurstad, sjå Randen. 9) Ola 1939-2014. 10) Timann 1941. 11) Per 1944-2017 gm Åse Dahlen, sjå Nebben.
Ola Rønningen f. 1864, budde på Grindbakken i 1891, eit bruk under Graupe, nigard. Forpaktar Dalen i Skåbu i 1900. I 1910 bur Ola og familien i Rønningen 219/2 og hadde da teke namnet Rønningen.
Eigarar frå 1976: Ola 1939- 2014 og Timann Slåstuen 1941. Timann bur i Bergen. Eigar frå 2015: Timann Slåstuen.
Lien nørdre 202/1
Samla areal: 682 da. Sauehald. Kyr til 1976. – Fyrste traktor 1954, høytørke, gravemaskin. Fiskebu i Vinstervatna. Gardssag, branngraver. Er mest truleg rydda på 1600-t. Skyldsett i 1668. Delt i nørdre og søre Lia i 1795. Søre Lia vart seter til Roven på Vinstra. Brukarane frå 1812-1855, Tord og Hans Torgersen, var av dei mest aktive i Thranerørsla i Nord-Fron. Den kjende klokkemakaren, Ola Olsson f. 1788, kom frå her. Broren Tord vart sølvsmed. I 1865 er Lia oppdelt i tre bruk, Søre Lia, Midt-Lia og Nørdre Lia. Det er mest truleg Midt-Lia som er den eldste delen, og at Nørdre Lia med utgangspunkt i jordstykket «Tjæregjeldbakken» vart bygsla frå Veslum i 1786. I 1873 vart Midt-Lia og Nørdre Lia slege saman. Husa i Midt-Lia er borte. Paul Lien f. 1900 bygde nye hus pålag i bytet mellom Midt-Lia og Nørdre, det som er Nørdre Lia i dag. Kamsdalen og Storslåa 202/5 høyrde til Lia fra gamalt av, Storslåa fram til 1836.
Eigar 1977-97: Ola Lien 1928 – son til Paul O. Lien 1900-78 og Tora Karla O. Hoel 1906-98 – g 1953 m Else Sletten, Trysil 1932-2017 – dotter til Paul Sletten 1898 og Borghild Kjølmoen 1895. Barn: 1) Berit 1953: May Elisabeth 72, June Cathrine 76. 2) Per 1956. 3) Grete 1958 var gm Jan Knudsen: Stian 85, Espen 87, Odd Erik 91. 4) Anne Kari 1960 gm Tor Bjørkheim: Daniel 86, Andre’89, Mariell 92. 5) Jon Ola 1963. – Ola var ambulansesjåfør og dreiv med entreprenørverksemd. Else var postfunksjonær.
Eigar frå 1997: Per Lien 1956 – sbm Liv Berit Audestad 1968 – dotter til Jan Henrik Audestad, Bergen 1944 og Turi Børsheim, Ulvik i Hardanger 1943. Barn: Yngvild 1990, Anne Berit 1991, Ola 1997, Per Henrik 1999. Per driv med entreprenørverksemd og Liv Berit er lærar.
Lien søre 202/3 (Rovlia)
Samla areal: 542 da. Kyr til 1987. – Fyrste traktor 1971, høytørke. Fiskebu i Øyvassosen. Gardsbruket var opprinneleg seter (1795 – om lag 1920) til garden Roven på Vinstra. Lia delt i nørdre og søre i 1795. Anton Roven f. 1882, far til Hans, var den fyrste fastbuande i Rovlia frå 1929. Fekk skøyte i 1936. Anton gm Maria P. Olstad f. 1890. Det er han som har dyrka opp det meste her. Branngraver, dyregraver i utmark.
Eigar 1983-2008: Randi Målfrid Roven 1938 – dotter til Hans Roven 1919-94 (eigar frå 1942) og Ragnhild Elida Ekre 1915-2006. Randi er einebarn.
Randi tok over etter faren. Randi selde og flytta frå bruket. Eigarar frå 2008: Rune Haugen 1971 og Hilde Marie Haugen 1974. Bur på gardsbruket.
Lykkja 204/6
Samla areal: 2294 da. Kyr til 1969. Sauehald. – Fyrste traktor 1956. Seter i Perslåa, kjøpt i 1933 frå Nord-Fron kommune. Den hadde da høyrd til Nordgard Harildstad i Kvikne, truleg sidan fyrst på 1800-t. Bruket vart rydda om lag 1830, og var i slekta til 1992. Opphaveleg husmannsbruk under Slåa, søre. Fråskilt Nørdre Slåa 204/1 i 1905, kjøpt av Østen T. Slåen. Broren Johan 1866-1938 kjøpte klokkene til Skåbu kyrkje. Kristian Lysgård dyrka om lag 40 da.
Eigar 1934-74: Mari Løkken 1902-74 – dotter til Østen T. Løkken (f. Slåen, søre) f. 1876 og Karen P. Kantrud f. 1878 – gm Kristian O. Lysgård, Heidal 1906-76 – son til Ole K. Lysgård og Inga J. Leirflaten. Barn: Kari 1943.
Eigar 1974-92: Kari Høye 1943 – g 1965 m John Høye, Ringebu 1931 – son til Nils Bjørge og Ellen Myhr. Barn: 1) Elin Marie 1965 sbm Geir Ove Kråbøl. 2) Knut 1967 sbm Torunn Bølien: Stine 90. Kari selde gardsbruket.
Eigarar frå 1992: Bodil Karlsen, Oslo 1938 og Leif B. Bjørnstad 1934 – dotter til Henry Karlsen 1913 og Esther Hansen 1916 – g 1961 m Leif B. Bjørnstad – son til Leif Ingar Borch Bjørnstad 1894 og Marit Tollefsen 1898. Barn: 1) Peer Henning 1958 (død): Anne Christine 85, Njål 90. 2) Anne Cathrine 1962 sbm Torgeir Øvstebø: Sjur Fredrik Bjørnstad 89, jente. 3) Hege Cecilie 1965. Leif selde gardsbruket.
Eigar frå 2008: Sigurd Kristian Haug. Han har kjøpt både tomta til Kampeseter Fjellstue, bensinstasjonen m/Rødhette og Ulven, Setermoen og Samvirkelaget i Skåbu. Den gamle samvirkelagsbygningen har han gjort om til eit fantastisk fjellhotell. Bur på Lykkja, saman med kona Kirsti, dottera Jannicke, svigersonen Henrik Sverdrup Beston og barna. Det er Jannicke og Henrik som driv Skåbu fjellhotell.
Lysgård (Larsson) 219/8
Samla areal: 23 da. Kyr til 1946.
Eigar frå 1949: Marie Slåstuen 1872-1954 – dotter til Hans Slåstuen 1852-1940 og Kari Randen 1848-1935 – sbm Jehans T. Risdal 1863-1948 – son til Torger T. Øvre Skabo 1828-1909 og Berit H. Risdal 1832-1890. Barn: Thea 1892-1958 (mor til neste eigar), Magnhild 1905-83. Det vart rydda av ein mann frå Lysgård i Heidal i fyrste halvdel av 1800-talet. Marie leigde bruket av Ola Larsson som fekk det utskilt frå Skåbu allmenning (Kvikne og Skåbu sameige) og skyldsett i 1888, derav namnet Larsson. Ola f. 1819 var frå Bøslåen i Ruste og var gm Kari H. Erlandsrud f. 1823. Ola jobba på nikkelverket i Espedalen.
Eigarar 1983-2010: Guri Bye, Oslo 1921 – dotter til Johan Martinsen 1886 og Margit Brødbøl 1892 – g 1947 m Karl Bye, Rjukan 1916-95 – son til Karl Bye, Lillehammer 1889-1963 og Thea Johansen 1892-1958, frå bruket. Barn: 1) Berit Irene 1954 gm Morten Engh: Åsne 79, Sveinung 83. Eigar frå 2010: Berit Bye Engh. Eigaren bur i Oslo. Feriestad.
Maurstad 212/8
Samla areal: 730 da. Kyr til 1976. – Fyrste traktor 1970. Seter på Holslåseter frå 1920. Hadde Dala-setra (Oppdal) i Hamn i 1886. Maurstad er truleg rydda av ein Poul Rasmussen Skabo rundt 1700. Var lenge ein slags eigedomsplass, men betalte avgift til øvre og nedre Skåbu. I folketeljingane vart Maurstad rekna for husmannsbruk. Til å begynne med var Maurstad og Snippen (Stenseth) eitt bruk, men vart etter kvart delt i søre og nørdre. Søre skulle da få namnet Snippen (sjå Stenseth). Maurstad fråskilt Øvre og Nedre Skåbu i 1915. Selt til Iver J. Blekastad i 1916. Han selde att til Iver Sylthagen i 1921 og begynte å rydde Aurset 212/7. – Butikkverksemd i 1875.
I folketeljingane 1801-1910 finn ein dei same folka i Maurstad. I 1801 er det ein Syver Iversen f. ca 1754 som er brukar her. Han er også titulert som smed. Syver er gift med Ragnil Poulsdotter og har borna Iver, Poul og Kari. Både i 1865 og 1875 er det sonesonen til Syver, Hans Pedersen, som er husfar. Han bur her saman med Ingjer, dottera Marit og svigersonen Ole Johannesen Grosberghaugen f. ca. 1832. Dei har to barn. I 1875 er Ole Johannesen titulert som frihandlar. Ikkje nok med det: Ein finn også ein Johannes Pedersen f. ca. 1859. Han er titulert som tenar og butikksvein. Så det er ingen tvil om at det er butikkverksemd her. I 1891 har Ole Johannesen og kona Marit Johannesdotter teke over. Dei har 7 barn. I 1900 er det sonen Amund Olsen f. 1873 og kona Ane P. Bøløkken (Larskarihaugen) som held til her. Desse kom til Bøløkken i Ruste. I 1910 er det broren til Amund, Hans, som er brukar i Maurstad. Han er ugift, men har døtrene Inga f. 1906 og Magnhild f. 1910.
I 1920 er det Fredrik I. Sylthagen (sjå under) og kona Petra som held til her. Det ligg føre ei kjøpekontrakt mellom Iver J. Blekastad og Fredrik Sylthagen frå 1920, men den er tydelegvis ikkje tinglese. Barn: Iver (eigar frå 1921), Petter f. 1897, Kristian f. 1906, Jon f. 1908 og Mathias f. 1913.
Eigar 1916-21: Iver J. Blekastad 1881-1977 gm Mari R. Stensrud 1888-1975. (Sjå Aurset).
Eigar 1921-60: Iver F. Sylthagen 1896-1960 – son til Fredrik I. Sylthagen f. 1867 og Petra P. Lien f. 1872 – gm Thea O. Grauphaugen 1895-1981 – dotter til Ole O. Grauphaugen f. 1855 og Kari P. Kjeldberget f. 1863. Barn: Fredrik 1922-86 (neste eigar). 2) Ola 1922-92 gm Magnhild H. Klypen (sjå Bruvang). 3) Ottar 1924-77 gm Magna Andersen (sjå Hågåstugu). 4) Ivar 1927-92 gm Reidun Sletten. 5) Per 1930-2019 gm Ragnhild Myrhaug. 6) Kristian 1934 gm Else Marie Sandbakken.
Eigar 1962: Fredrik Maurstad 1922-86 – son til Iver Sylthagen 1896-1961 og Thea Grauphaugen 1895-1981 – g 1945 m Anne Kirkestuen, Heidal 1920-93 – dotter til Ola Øverjordet 1884 og Anna Kirkestuen 1893. Barn: 1) Tordis 1945 gm Jan Martinsen: Jan Inge 65, Ann-Therese 76, Siv Lene 79. 2) Iver 1948 (neste eigar). 3) Arvid 1954-2012 gm Gro Engebråten: Kenneth 76, Anne Turid 79. 4) Frode 1960 var sbm Heidi Hukkelås: Jørn 87, Anne 91. 5) Kjell 1963 var sbm Anne Mette Blekastad: Marianne 88, Kim Marius 91.
Eigar 1988: Iver Maurstad 1948 – var gm Aud Blekastad 1951 – dotter til Halvard Blekastad 1925 og Kirsten Haugen, Vestre Gausdal 1932. Barn: 1) Heidi 1968 var sbm Odd Rune Brendløkken: Fredrik 94, Sigurd 97, Ingrid 2001. 2) Finn 1970. – Eigaren er treskjerar og møbelsnikkar, Aud jobba som serveringsdame.
Megarden 213/1
Samla areal: 4482 da. Jordvegen til Høystad 213/14 (60 da) vart kjøpt attende til garden i 1981. – Fyrste traktor 1969. Våningshuset er freda. – Nedste delen av ”Gammel-Hans”- stabburet er frå 1600-talet. Seter i Storhølia, rydda og bygt av Ole Eriksen Megarden rundt 1743. På Megarden er det mura steinhus m/innebygd bakerovn. Eine delen av kårstugu har vore kornbu, og kan óg ha vore ferdamannskvile. Det stod kyrkje på garden frå 1100-1200-talet, vigd til St. Blacius. Megarden var ein del av det store gardvaldet som utgjorde Skåbugarden frå tidleg mellomalder. Ifølgje ei gammal segn skal det også å ha budd ein mektig riddar på Megarden. Både kyrkja og denne segna vitnar om at garden hadde ein sentral plass i bygda.
«For lenge siden var det en «abrakslé» kar i Heidal som de kalte «Heidalskjempa». Kjempa rådde over grunnen på sin side av Heidalsmuen. Megarden i Skåbu var dengang en virkelig storgard. Det fortelles at garden eide neste halve bygda. Den hadde store områder med skog og utmark og fiskevatn. Den som eide alt dette, var han de kalte «Megardsridderen». Disse to, «Heidalskjempa» og «Megardsridderen», har trolig kommet inn på hverandres enemerker. Det ble strid og valplassen ble «Kjempebakken» eller «Kjempesletta». «Megardsridderen» møtte i full rustning, og trolig var det utstyret hans som avgjorde striden, selv om «Heidalskjempa» var både større og sterkere. Kjempa fra Heidal falt, og han ble etter segna begravd på den fine, flate vollen på «Kjempesletta». I presten H.F. Hiorthøis beretning om «Gudbrandsdals Prosti», heter det: «Imellom Kvalen og Graupe lå i 1822 ved den såkalte Åsvei en slette kallet «Kiempesletten», hvorpaa det stod 2 opreiste stene 5 alen fra hinanden.» (Henta frå boka Skåbu -Ei fjellbygd i Jotunheimens forgård av Arvid Møller). I 1985 vart det gjort eit forsøk på å grave opp att «Heidalskjempa», men utan resultat. Lærar i Skåbu, Martinius Høgåsen, hadde ein heilt annan versjon av segna. I framstillinga hans kom Megardsriddaren i kamp med bønder i Kvikne ved Skåbyggja, blei drept og deretter gravlagt på «Kjempesletta». (Høgåsen skreiv ein lengre artikkel om Megarden i Gudbrandsdølen 08.05. 1963)
Erik Olsen Megarden d. 1744 kjøpte garden av viselagmann Niels Jakobsen Smith i 1696, og Megarden vart sjølveigande. Mange av gardane her i området var kongen sin eigedom fram til slutten av 1600-t. Kongen begynte da å selje, ofte til ein embetsmann, som i tilfellet her. Han selde så vidare til leiglendingen. Onkelen til Erik, Iffuer, kjøpte både Kvålen og Risdal same året. Garden har vore i slekta sidan 1899. Da fekk brørne Erland (sjå under) og Tosten Sæther 1856-1907 auksjonsskøyte på garden. Erland blir oldefar til eigaren i dag, Ole Erland Wahlquist. Tosten og Erland var sønene til Ole T. Vorkinn og Mari E. Kampesæter. Ole og Mari begynte med skysstasjon og turistverksemd på Kampesæter, søre.
Eigar 1939-58: Ole E. Sæther 1901-58 – son til Erland O. Sæther 1858-1944 og Gina P. Myrhaugen, Ruste 1874-1935 – gm Nora Olstadhagen, Sør-Fron 1904-93 – dotter til Even H. Olstad, nordigard og Pauline O. Skinnehaugen. Barn: 1) Gunvor 1931 gm Knut I. Brække, Halden 1927-2021: Randi 54, Ole 55 og Kirsten 59. 2) Pauline 1939 (neste eigar). 3) Ellen 1947 gm Eiliv T. Brenna, Vågå 1950: Øystein 75 og Ingvild 1977.
Eigar 1970-2001: Pauline Sæther Wahlquist 1939 – g 1969 m Oskar Wahlquist, Nord-Fron 1931 – son til Otto Wahlquist 1905-86 og Mari P. Gudbrandstuen 1910-74. Barn: Ole Erland 1974.
Pauline tok over etter mora som sat i uskifta bu. Farbroren til Pauline, Einar 1914-95 budde på garden heile sitt liv (ugift). Den legendariske hotellverten O.T. Kampesæter var også fødd og oppvaksen her. Han var son til Tosten, som kjøpte garden saman med broren Erland i 1899. Men da Tosten døydde i 1907 vart Erland eineeigar.
Eigar frå 2001: Ole Erland Wahlquist 1974 gm Kjersti Fristad Rudolph, Hamar 1971. Barn: Oskar 2008, Jenny 2010. Dei bur på Lillehammer. Foreldra til Ole Erland bur på garden.
Bureisingsbruket Høystad vart utskilt frå Megarden og rydda i 1934 av Torger P. Løkken, Kvikne 1894-1978 gm Berthe Lomoen 1887-1941 – dotter til Ole Ø. Lomoen f. 1829 og Berthe O. Myhren f. 1844. Barn: 1) Bergljot 1916-92. 2) Karen 1918-2009 gm Magne Nygård. 3) Oddbjørg 1920-2015 gm Bastian R. Schei. 4) Ingrid 1922-89 gm Per Stubbrud. 5) Signe 1925-2016 (tv) gm Magnus Stormyrbakken. 6) Randi 1925-2004 (tv) gm Sigurd H. Johannesen. 7) Inger 1930-2001 gm Olaf Teigøyen. Bureisingsbruka Skjelle, Søreng, Vassrud og Åsland er også utskilt frå Megarden.
Eigarar frå 1991: Christian og Nina Lorck. Brukt som feriestad.
Grånnflata var ein buplass rydda av ein Lars Skogstad midt på 1800-talet. Han og familien reiste til USA. Bruket vart innlemma i Megarden på 1920-talet. Ikkje att hus.
Moen 204/16
Samla areal: 2951 da. Kyr til 1961. – Fyrste traktor 1947. Seter på Åkre. Før hadde garden seter både i Storslåen og på Kamssetra. Storslåa, nørdre 202/2 høyrer fortsatt til Moen. Søre Storslåa vart fråskilt i 1924. Moen var tidlegare husmannsbruk og fråskilt Fosse, nedre i 1919. Skal vere rydda av ein Ola Eilivson Slåen («Slå-Dalin»), truleg på 1750-60-talet. Sonen Lars Olsen rydda på Dalshaugen 207/4. Fiskebu i Vinstervatna. Familien Birkeland og Kampeseter Fjellstue dreiv rideskule her frå 1973-75, før Birkeland fekk bygd opp Bestefarstallen.
Eigar 1953-81: Eivind Sande 1915-81 – son til Sigurd Sande 1877-1942 og Kari Moen 1895-1951 – g 1951 m Marit Leirflaten, Heidal 1927-2020 – dotter til Hans Leirflaten og Rønnaug Bekkemellom. Barn: 1) Kirsti Ruth 1951 gm Jon Wistad: Ingrid 1976, Ellef 1977, Tore 1982. 2) Randi 1953. 3) Sigrun 1958 gm Nils A. Lien: Eivind 1987, Andreas 1988, Simen 1990. Eivind tok over etter foreldra. Dei hadde fått skøyte i 1937.
Eigar frå 1984: Randi Rønshaugen 1953 – g 1972 m Knut Rønshaugen 1948 – son til Hans H. Rønshaugen 1924-95 og Gudrun E. Kleiven 1922. Barn: 1) Henning 1972 – var sbm Ingrid Tokvam: Sunniva 1999. 2) Espen 1974 var sbm Anne Krokbø: Kristine 1999. Espen nå sbm Guri Haugen. Barn: Ane Oline. 3) Rita Katrine 1982. 4) Ellen 1987 sbm Tom Erik Hoel. – Henning og sambuar Elisabeth Moen frå Gausdal bur på garden.
Myrvang 201/19
Samla areal: 331 da. Bureising, Gustav Fosse rydda her i 1929. Fråskilt Veslum, nørdre. Kyr til 1977. – Fyrste traktor 1956. Branngraver.
Eigar: Håkon Berglund 1946 – son til Aksel Berglund 1913-83 og Ragnhild Pedersen 1923-2006 – g 1966 m Anna G. Fosse 1938 – dotter til Gustav Fosse 1906-2002 og Marie Veslum 1908-98. Barn: 1) Gudveig Fosse 1959 sbm Jon Skjåk: Anders 89, Janne Marie 92. 2) Jonny 1965 var sbm Laila Løkken: Gøran 93, Susann 95. 3) Kjell 1966 sbm Mette Musdalslien: Kim 94, Malin 97, Beate 2009, Aksel 2011. 4) Henning 1968: Kine 88, Henrik 92. 5) Arild 1970.
Eigaren tok over i 1988 etter svigerfaren. – Håkon har vore møbelsnikkar og Anna jobba som dekoratør, båe ved Krogenæs Møbelfabrikker.
Nebben 206/17
Samla areal: 18 da. Kyr til 1972. – Fyrste traktor 1980. Fiskebu i Meravika. Revefarm avvikla. Rydda i Skåbu allmenning (Kvikne og Skåbu sameige), men var husmannsbruk under Moen. Var sjølveigande i 1900. Skyldsett i 1950.
Eigar: Per Slåstuen 1944-2017 – son til Petter Slåstuen 1891-1974 og Mari O. Rønningen 1903-91 – g 1976 m Åse Dahlen 1952 – dotter til Alfred T. Dahlen 1924 og Martha Silliløkken 1923. Barn: 1) Bente 1973 var sbm Rune Hukkelås: Emil 92, Kari 94. 2) Roger 1976 var gm Kari Inger Rindhølen: Anders 2004, Vegard 2006 og Mari 2008. Roger er ein kjent felespelar og leiar i Mukampen spel- og dansarlag.
Per kjøpte garden i 1980 av Torvald Nebben 1914-81 (ugift). Torvald hadde kjøpt bruket i 1938. Åse bur på bruket.
Nymo 204/29
Samla areal: 58 da. Kyr til 1964. Bureisingsbruk. Rydda av Anton Kvalen i 1933. Jorda fråskilt Fosse, øvre.
Eigar 1983-2002: Marie Kvalen, SF/Dovre 1919-2010 – dotter til Ole Kristiansen, Øyer 1892 og Anette Ransted 1900 – g 1949 m Asbjørn Kvalen 1920-83 – son til Anton A. Kvalen 1893-1971 (eigar 1959-1983) og Kari Veslum 1891-1967. Barn: 1) Kjell 1950 gm Toril Nohr: Ketil 75, Trine 77. 2) Liv 1951: Stine 76, Anette 82. 3) Aud Unni 1954 gm Rolf Dalsheim: Ina 79. 4) Oddgeir 1955 gm Unn Dagny Graff: Aksel 85, Ingrid 90. 5) Arvid 1960 gm Mona Østreng.
Eigar frå 2002: Oddgeir Kvalen. Bur ikkje på bruket.
Oppdal (Øvre Dalen) 207/30
Samla areal: 677 da. Kyr til 1969. – Fyrste traktor 1971. Seter i Hamn. Fiskebu i Meravika. Dyregraver i utmark og graver som vitnar om jarnutvinning i eldre tid. Opprinneleg seter, kalla Teigen, til den gamle nedlagde garden Dalen, som vart seld og samanslått med Risdal, nørdre 207/1 i 1948. Seinare rekna som bureisingsbruk. Ola H. Kleiven kjøpte Dalen i 1903 av Johannes O. Dalen. Ivar begynte som bureisar og flytta til Oppdal i 1947, og rydda til utover på 1950-talet.
Eigar 1940-68: Ivar O. Dalen 1900-85 – son til Ola H. Kleiven 1865-1947 og Berte Storbaklien 1858-1934 – g 1929 m Hanna Erlandsrud 1894-1970 – dotter til Iver Råkstugun og Kari Erlandsrud. Barn: 1) Karen 1929-86. 2) Ruth 1931-2011. 3) Inge 1934-2003. 4) Per 1935-2005. 5) Hans 1936-2000 gm Ingrid Løkken: Heidi 66, Ivar Henning 69.
Eigar 1968-2005: Per Dalen 1935-2005. Bruket blei selt.
Eigarar frå 2006: Rita T. Walter 1960 gm Christian E. Th Walter 1955. Felles barn: Carsten E. Th. Walter 2001. Rita er apotekteknikkar, arbeider no som historisk skreddar. Christian er siv.ing. Dei forandra namnet på bruket til Øvre Dalen. Familien bur i Fredrikstad. Feriestad.
Oppheim 212/38
Samla areal: 15 da. Fyrste traktor 1953. Fornminner. Branngraver. Garden blir brukt som feriestad. Nyrydding, fråskilt Skåbu nedre i 1953. Rydda av Pål Været.
Eigar 1953-2003: Pål S. Været 1927-2003 – son til Sigurd H. Været 1891-1972 og Mari A. Syltjordet 1887-1931 – g 1952 m Kari Brimi, Lom 1929 – dotter til Erland Brimi 1900 og Klara Eklebakken 1904. Barn: 1) Målfrid 1951 gm Freddy Skalstad: Siv 78, Anders 83. 2) Eldbjørg 1954 gm Lars Echmann. 3) Karin 1957 gm Arild Olsen: Tonje 76, Ine 91. Familien flytta til Moss i 1966, og nyttar Oppheim som feriestad. Pål har arbeidd for Aker.
Eigarar frå 2009: Målfrid Skalstad, Eldbjørg Været Echmann og Karin Været.
Oppset 201/18
Samla areal: 330 da. Nyrydding, Anton Veslum rydda her i 1931. Fråskilt Veslum, nørdre. Kyr til rundt 1970. – Fyrste traktor 1954. Ubebudd.
Eigar frå 1960: Trygve Veslum 1923-94 – son til Anton O. Veslum 1895-1938 og Randine Storbaklien 1901-83.
Eigar 1995-97: Astrid Gjødtblad 1927 – syster til førre eigar – g 1959 m Olaf Gjødtblad, Oslo 1932-2001 – son til Harry Gjødtblad, Sverige 1897 og Marie ?, Lena på Toten 1898.
Eigar frå 1997: Håkon Berglund. Sjå Myrvang.
Perstugu 219/1
Samla areal: 238 da. Kyr til 1965. Hans T. Slåen (Søre) kjøpte bruket i 1901 av Pål Syverhuset (utvandra til USA). Truleg rydda av ein Per Steinarson rundt 1800. Han var ute i krigen mot svenskane i 1814. Gift med Mari Persdotter Storbaklien. Perstugu var 2 heimar i 1865 som var kalla Baklia. Det var to av sonene («Stor-Per» og Jakop) som delte Perstugu imellom seg. Ein tredje son, «VetlPer», rydda Blekastad. Fråskilt Skåbu allmenning i 1888 (Skåbu og Kvikne sameige), og slekta har vore der sidan.
Hans T. Slåen 1868-1949 – g 1898 m Petra J. Graupmoen 1868-1960 – dotter til Jon O. Randen, Heidal 1830-1870 og Embjør Pedersdotter Graupslåen 1843-1920. Barn: 1) Johan, sjå Jenssetra. 2) Mathea 1901-84. 3) Torvald, (sjå Veslum, nørdre). 4) Emil, sjå Granli. 5) Aksel 1909. 6) Harald 1912-89 (budde på bruket) – gm Borghild Megrund, Espedalen 1918-89: Helge 47, har bygd på tomt frå bruket.
Eigar frå 1937: Aksel Slåen 1909-98 – g 1944 m Maria Blekastad 1923-2004. Barn: Målfrid 1944-87 gm Asbjørn Olsen, sjå Jenssetra. Aksel budde på Jenssetra frå 1944.
Eigarar frå 1998: Brørne Magne og Kåre Slåen. Aksel var farbroren deira. Sjå også Granli, der Kåre er medeigar.
Pynten (Slåstugu) 219/7
Samla areal: 41 da. Kyr til 1961. Det gamle namnet er Slåstugu.
Eigar 1950-94: Ottar Johnsgård 1914-94 – son til Peder Johnsgard, Heidal 1884-1975 og Ingeborg Rønningen 1891-1940 – gm Karen Dalen 1921-92 – dotter til Torvald Dalen og Petra Lostuen. Barn: 1) Per 1946. 2) Vigdis 1963. – I 1965 flytta familien til Enebakk og i 1969 til Oslo.
Utskilt frå Skåbu allmenning (Skåbu og Kvikne sameige) i 1888, rydda i fyrste halvdel av 1800-t. Hans Amundsen Slåstugun 1852-1940 gm Kari H. Randen 1846-1935 flytta bruket lenger opp, no kalla Pynten. Ottar kjøpte bruket av Amund Slåstugun 1888-1962, sonen til Hans. Amund var gm Klara Johannesdtr. Korsgaden, født i Sødorp 1889. Klara seinare gm Johannes P. Kappelslåen (Granslåen) f. 1866.
Eigarar frå 1994: Per og Vigdis Johnsgard. Per 1946 – g 1976 m Ingalill Oddny Tokle, Romsdal 1952 – dotter til John Tgmokle 1901 og Amalie Leira 1921. Barn: Rune Johan 1978, Marianne 1981, Monica 1984.
Vigdis 1963 er ugift og bur i Oslo. Per, som er ambulansesjåfør, bur også i Oslo. Eigarar frå 2013: Per og Ingalill Johnsgard. Feriestad.
Randen nørdre 219/3
Samla areal: 116 da. Kyr til 1957. Fiskebu ved Naustertufta og jaktbu i Kluftom. Kolmile. Rydda ca. 1840 av Hans Pålson f. ca 1800, som også rydda søre og øvre Randen. Hans gm Marit P. Perstugun. Fråskilt Skåbu allmenning (Kvikne og Skåbu sameige) i 1888.
Eigar 1958-74: Olav Iverstuen 1910-74 – son til Amund Iverstuen 1888-1976 og Rønnaug O. Rønningen 1889-1974 – g 1944 m Magda Maurstad 1915-76 – dotter til Ole Maurstad og Mari H. Slåstuen. Barn: 1) Randi 1950. 2) Margit 1953-2021 gm Odd Megrund: May Britt 76, Randi Oddveig 79. Amund Iverstuen kjøpte bruket i 1910 av morbroren til Mari H. Slåstuen, Peder Hansen Randen (son til Hans og Marit).
Sysken til Olav: Emma Haugen 1908-93, Tora, sjå Solberg, Inga Grosberghaugen, sjå Dalsheim, Ragnhild Stubberud, Halvor, sjå Iverstuen, Helga Åseth, Ragna Volden, Asmund, Timann 1928-86.
Eigar frå 1976: Randi Iverstuen Weiby 1950 – g 1989 m John Weiby, Aurskog-Høland i Akershus 1953 – son til Johannes Weiby 1925 og Bergljot Sørensen 1933. Barn: Hildegunn 1985. Eigaren, som er reinhaldar på deltid, bur i Skiptvet i Østfold. Feriestad.
Randen søre 219/4
Samla areal: 124 da. Kyr til 1991. – Fyrste traktor 1974. Fornfunn.
Eigar før 1922: Marit Randen f. 1853, som hadde fått bruket utskilt av faren Hans Pålson på Nørdre Randen f. ca 1800. Han rydda både nørdre, søre, og øvre Randen. Marit drog til USA. Marit var syster til Kari Slåstugun. Sjå nedanfor. Fråskilt Skåbu allmenning og skyldsett 1888.
Eigar 1922-51: Ola O. Maurstad 1882-1969 – son til Ole Grosberghaugen og Mari Maurstad – gm Mari Slåstugun 1878-1955 – dotter til Hans Slåstugun 1852-1940 og Kari H. Randen 1846-1935. Barn: 1) Magnus f. 1899 (sonen til Mari og Ole Fredriksen Katlsletten f. 1874). 2) Marit f. 1902 (gm Sigurd Været. Sjå Nedre Skåbu). 3) Karen f. 1905. 4) Oluf f. 1907. 5) Harald 1911-80 (medeigar 1951-80). 6) Magda f. 1915 (gm Olav Iverstuen. Sjå Nørdre Randen). 7) Hilda f. 1918 (gm Emil Slåen. Sjå Granli). Karen og Oluf emigrerte til USA.
Eigarar 1951-91: Oskar Maurstad 1925-99 – son til Marit Maurstad 1902-66 – g 1958 m Anne Slåstuen 1937-2014 – dotter til Petter Slåstuen f. 1891 og Mari O. Rønningen f. 1903. Barn: Bjørg Wenche 1958. – Marit – g2m Sigurd Været på Skåbu nedre 212/1.
Eigar frå 1991: Bjørg Wenche Maurstad 1958 – sbm Gunnar Haugen, Lillehammer 1955 – son til Harald Haugen 1919 og Agnes Barheim 1925. Barn: Stig Atle 1982, Siv Iren 1985. Eigaren, som er hotellarbeidar, bur på Lillehammer. Feriestad.
Risdal nørdre 207/1 (209/2 før 1951)
Samla areal: 2687 dekar + 2068 da sameige med Risdal, søre. Kyr til 1960. – Fyrste traktor 1947. Freda stabbur frå 1762, særs sjeldan takkonstruksjon. Bygt av bygdekunstnaren Thord T. Risdal f. 1729. Han var ein dyktig smed og tømmermann. Var med på å byggje Kvikne kyrkje i 1764 og deltok også under flyttinga etter Storofsen i 1789. Gardssag frå 1927/28. Seter i Storhøli, rydda og bygt av Hans S. Risdal f. 1797 på 1820-talet. Fiskebu ved Olstappen og Øvre Hersjøen. Iver (Iffuer) Megarden kjøpte både Kvålen og Risdal i 1696 av viselagmann Smith. Sidan har Risdal vore i same slekta. Brørne Torger (skøyte på søre 1804) og Hans (skøyte på nørdre 1845) delte Risdal imellom seg. – Dalen 207/1 vart kjøpt attåt nørdre Risdal i 1948 og garden tok over gards – og bruksnummeret i 1951.
Eigar 1949-51: Torgeir T. Risdal 1877-1964 – son til Torger T. Risdal 1852-1934 og Kari I. Nistugun Skåbu 1857-1939 – gm Mari C. Heide 1882-1948 – dotter til Johan Christian Heide 1851-1911 og Thore S. Tungen 1857-1943. Barn: 1) Torger 1910-88 (neste eigar). 2) Kristian 1914-65. 3) Kari 1918-2005 gm Knut Bratlien 1916-80. Barn: Marit 1947 g1m Birger Holshagen, Heidal: Karin 1968-2014. Marit g2m Finn Hellebergshaugen 1936, Vestre-Gausdal. Barn: 1) Stine 1983 sbm Stian Grande Haugen: Sylve 2016, Sivert 2018. 2) Sjur 1986. 4) Arne 1923-2015 (neste eigar). Torgeir tok over garden lenge før han fekk skøyte. Faren Torger T. Risdal 1852-1934 var omgangsskulelærar i Skåbu og Tverrbygda i nesten 50 år.
Eigarar 1951-88: Torger 1910-88 og Arne Risdal 1923-2015. Arne – g 1955 m Marit Rusten, Kvikne 1937 – dotter til Ole J. Rusten 1894-1984 og Margit Granrud, Heidal 1899-1993. Barn: 1) Torstein 1956. 2) Anne May 1958 var gm Tor Rognli 1955: Tom Roger 1976 sbm Anita Ottesen: Tobias 2004, Anna 2007. 3) Ole Christian 1968 var sbm Kari Brandvold: Arne Olav 1989. Ole Chr. no sbm Ingunn Helene Vaet. Ho har borna Per 2001, Gunnar 2001 (tv) og Maria 2002.
Eigarar 1988-98: Arne Risdal og sonen Torstein Risdal.
Eigar frå 1998: Torstein Risdal 1956 – g 1978 m Laila Harbak, Otta 1956 – dotter til Asbjørn Harbak, Åfjord i Sør-Trøndelag 1922-1999 og Anna Rusten, Otta 1917-2010. Barn: 1) Tomas 1977 sbm Linda Skogen: John Mikal 2013, Ann Louise 2016 og Erik 2016 (tv). 2) Svein 1983-2003.
Arne var sagbruksarbeidar, snikkar, tømrar og felespelar. Arne bygde seg ny sag i 1947/48 og dreiv den til 2010. Marit har vore serveringsdame og var bl.a. tilsett ved Prinsehytta i Sikkilsdalen. Arne og Marit bygde seg hus (Kringsjå) 250 m ovanfor garden i 1955. Torstein starta opp Vinstra Dekkservice (Dekkteam) i 1975. Driv no entreprenørverksemd saman med sonen Tomas. Laila er pensjonist. Ho jobba som sekretær på trygdekontoret og rådgjevar i NAV Nord-Fron i over 40 år. Dei bur på garden.
Risdal søre 209/1
Samla areal: 1259 da + 2068 da sameige med Risdal, nørdre. Anna sameige: 78 da. Mjølkekyr til 1972. – Fyrste traktor 1980, høytørke, teleskopfordelar. Seter på Storhøliseter, turiststad. Rydda og bygt av Svein J. Risdal f. 1755 på slutten av 1700-t. Dyregraver. Iver (Iffuer) Megarden kjøpte både Kvålen og Risdal i 1696 av viselagmann Smith. Sidan har Risdal vore i same slekta. Garden er truleg gjenrydda på 1500-talet. Brørne Torger (skøyte på søre 1804) og Hans (skøyte på nørdre 1845) delte Risdal imellom seg. Den samla garden låg ca. 150 m nedanfor der søre er i dag. Bygdekunstnaren Thord T. Risdal var frå her. Han var ein dyktig smed og tømmermann. Var med på å byggje Kvikne kyrkje i 1764 og likeeins deltok han under flyttinga etter Storofsen i 1789. Tømra også eit spesielt stabbur som står i Risdal, nørdre. Postopneri frå 1904-1913. Lækjarkontor på garden i gamle dagar.
Eigar 1946-74: Thor Risdal 1915-99 – son til Johan Risdal 1888-1964 og Mari Stensrud 1888-1973 – g 1942 m Kari Heide 1918-90 – dotter til John Heide og Karen Slåen. Barn: 1) Jo 1943. 2) Knut 1946 gm Anne Berit Johansen. 3) Rolf 1949 gm Ingjerd Skancke. Sysken til Tor: 1) Ragnhild 1913-2000 gm Petter Baklien. 2) Ivar 1918-95 gm Asbjørg Dalhaug. 3) Svein 1920-2009 gm Kirsten Viken. 4) Kåre 1923-90 (sjå Vesteng 208/10). 5) Bjarne 1925-2021 gm Liv Stabursvik.
Eigar: Jo Risdal 1943 – g 1971 m Unni Pettersen 1951 – dotter til Einar Pettersen 1923 og Kjellaug Øyom 1923. Barn: Tor Anton 1977, Anne Marte 1980 sbm Inge Gjevre, Vågå. Jo har jobba som treskjerar og snikkar og båe dreiv Storhøliseter. Eigaren tok over i 1974 etter faren.
Ruten Fjellstue (Brendsetra) 195/1 (Sør-Fron)

Bilete frå heimesida til Ruten Fjellstue: https://www.ruten.no/
Samla areal: 58 da. Ruten er opprinneleg seter til garden Søre Brenna 206/1 i Skåbu. Setra vart rydda av Jakob Johannesen Brenden 1803-75, truleg utpå 1830-talet da delinga av Brenna-gardane vart påemna. Formelt vart den delt i 1844. Jakob gm Anne O. Dalen 1814-1905. Den samla garden Brenna hadde truleg seter både ved Øvre Dalseter (Morkeflata) og Hamn i Skåbu samtidig i ein periode. Men setra på Morkeflata er ikkje med på historiske kart frå 1843 og 1850, så den kan også vere rydda seinare. Truleg på slutten av 1800-talet vart setra flytta lenger ned, det som skulle bli Ruten fjellstue. Setra i Hamn vart tilhøyrande Nørdre Brenna etter garddelinga.
Jon og Rønnaug Brenden var fastbuande her frå 1935, bygde pensjonat i 1938 og starta opp med turistverksemd i 1939. Namnet vart forandra frå Brendsetra til Ruten fjellstue i 1954. Ole J. Brenden f. 1903 (bror til Jon) rydda ny seter til søre Brenna ovanfor Dalseter Høyfjellshotell i 1954. Bakgrunnen var at Jon tok att Brendsetra da han selde garden til broren Knut i 1935. Ruten høyrde til Nord-Fron fram til 1910. Da vart det fastsett ny grense etter at Nord-Fron kommune tapte rettssak mot Fron Sogns Bygdealmenning. (Sjå meir under Brenna, nørdre og søre).
Eigar 1953-95: Jakob Brenden 1916-2004 – son til Jon J. Brenden 1894-1968 og Rønnaug Kvålen 1890-1985 gm Kari Fosse 1928-2017 – dotter til Erland Fosse 1884 og Hanna Slåstuen 1884. Barn: 1) Berit 1967. 2) Guri 1970.
Eigar og vertskap frå 1995: Berit Brenden Bredli f. 1967 gm Arthur Bredli, Gausdal 1969 – son til Leif Bredli 1953 og Sigrun Hegg 1946. Barn: Lars Jakob 1995 og Jon Olav 1997.
Rønningen 219/2
Samla areal: 127 da. Kyr til 1974. – Fyrste traktor 1985. Hytte i Raudskard. Bruket er rydda i Skåbu allmenning (Kvikne og Skåbu sameige) i fyrste halvdel av 1800-talet. Ymse gardar i Skåbu hadde bruksretten til eigedomen, t.d. Kvålen i 1865. Bebuaren, Erlend Østensen, er nemnt som innerst. Fråskilt Skåbu allmenning i 1888. Ole Jonsen Rønningen f. 1864 (far til Iver O. f. 1896) m/familie kom her mellom 1900 og 1910. Er oppført her i folketeljinga 1910. Han er nemnt som gardbrukar og dagarbeidar. Ole f. Graupmoen i Tverrbygda, eit bruk under Graupe, nigard. I 1891 bur han på bruket Grindbakken i Tverrbygda, eit bruk under Nigard Graupe. I 1900 forpaktar han Dalen i Skåbu. Fiskebu i Vinstervatna.
Eigar 1958-90: Ola Rønningen 1930-2002 – son til Iver O. Rønningen 1896-1987 og Anna A. Haugen, Brøttum 1893-1973 – g 1957 m Gunhild Mohaugen, Vestre Gausdal 1936 – dotter til Ingemund P. Mohaugen og Anna Melbø. Barn: 1) Ingolf 1959 var gm Kari Bjørkli. 2) Anne Torill 1961 gm Bjørn Meldal. 3) Gunn Olive 1965 gm Pål Fagervold. 4) Monica 1975.
Sysken til Ola: Borgny Blekastad 1927-2014 (sjå Blekastad), Torbjørg 1932-2016, (sjå Sjurhuset), Anne Syverhuset 1937. Ola selde.
Eigarar 1989-98: Gerd Henni 1939 og Bjørn Olav Hansen 1930. Gerd og Bjørn selde bruket.
Eigar 1998-2001: Thorbjørn Olsen.
Eigarar 2001-2005: Roy Ivar Kaspersen og Elin Folden Kaspersen.
Eigar frå 2005- 2021: Endre Dingsør.
Eigar frå 2021: Margrete Arnesen f. 1955.
Sandbakken 211/1
Samla areal: 671 da. Sameige: 80 da. – Fyrste traktor 1968. Opphaveleg husmannsbruk under Skåbu, nedre. I 1801 finn ein Ole Olsen f. ca 1750 og kona Sigri Thorsdotter f. ca 1769 her. Han er titulert som skreddar. Det er truleg han eller faren som rydda Sandbakken. Lars Fredriksen Grosberghagen f. 1810 gm Marit H. Kantrud (foreldra til Ludvig) kjøpte Sandbakken av Nils Østensen i 1870. Lars var bygdekunstnar og flink målar. Lars flytta og kjøpte Skogstad 219/9 i 1880. Fiskebu i Øyvassosen.
Eigar 1958-88: Ivar Sandbakken 1920-2010 – son til Ludvig Sandbakken 1887-1971 og Ragna I. Graupe 1892-1982 – g 1950 m Ruth A. Kvalen 1928-2000 – dotter til Anton A. Kvalen og Kari I. Veslum. Barn: 1) Jan 1951. 2) Knut 1955.
Eigar frå 1988: Jan Sandbakken 1951-2016 – g 1977 m Sigrid Norheim, Time på Jæren 1951 – dotter til Torkell Norheim 1909 og Eldrid Thorsen 1913. Barn: Øyvind 1978, Ellen 1983 gm Øystein «Pølsa» Pettersen. – Jan var næringssjef i Nord-Fron kommune og Sigrid var lærar. Sigrid bur på gardsbruket.
Eigar av jordveg og fjøs frå 2020: Stian Rytviken f. 1977. Han er eigar og drivar av Åsteig i Tverrbygda og bur der.
Sande 202/8
Jord 10 da. Kyr til 1960. – Fyrste traktor 1988. Hytte ved Vinstervatna. Nyrydding, rydda av Hanna 1875-1956 og Marit Sande 1884-1960, farsystrene til Nils Sande. Dei var fødde og oppvaksne i Sikkilsdalen og jobba mykje der også. Fråskilt Nørdre Lia i 1938. Pensjonatdrift frå 1947-54.
Eigarar frå 1959: Nils, Georg og Hanne Marie Sande. Nils 1914-91 (eigar frå 1954) – son til Knut Sande, Vågå 1873-1946 og Marit Ødegård, Lom 1875-1954 – g 1955 m Aase Aasheim, Vågå 1931-2012 – dotter til Nils Valde Aasheim, Vågå 1892 og Rønnaug Hammerdalen, Lom 1894. Barn: 1) Georg 1956. 2) Hanne Marie 1958. 3) Sjur 1964 gm Anita Bakken: Ida Aasne 89, Torkild 92, Nils Hauk 94 (sjå Skarpsno).
Eigar 1994: Georg Sande 1956 – var sbm Klara Eline Holen Stensli, Brumunddal 1970 – dotter til Kjell Ivar Stensli 1946 og Eli Margrethe Holen 1945. Barn: Emilie Margrete 1993, Marit Olave 1995, Nils Andreas 1997. – Eigaren er maskinmesterassistent i Opplandskraft og bur på bruket.
Setermoen 204/12
Samla areal: 10 da. Kyr til 1953. Pensjonatdrift 1915/16-1968. Rydda i 1912 av Kristian Hjellet, Heidal 1885-1977 gm Ingeborg Kampesæter 1872-1925. Barn: Magnhild f. 1910. Ingeborg og Kristian begynte med pensjonatdrift her etter at ho og mannen hadde forpakta og drive turiststaden Kampesæter frå 1905-1915. Kristian vart seinare gm Margit Bakken, Sjoa 1900, farsystera til Brit Bakken (sjå under). Margit overdrog.
Eigar 1979-95: Sverre Stormorken, Kvam 1936 – son til Ola T. Stormorken 1898 og Margit Ingstad 1902 – g 1964 m Brit Bakken 1946 – dotter til Oddmar Bakken og Julianne Dalby. Sverre selde gardsbruket.
Eigar frå 1996: Ivar F. Fosse 1921-2016 – son til Fredrik Fosse 1894-1958 og Maria Hage 1893-1976.
Sysken: 1) Signe 1924 gm Ola Taarud: Marit 50 (gm Knut Kirknes), Randi 1953 (gm Nils Rømoen), Sigrid 1956 (gm Kjell Hølmo). Eigarar frå 2018: Jannicke Haug Doksæter 1970 og Henrik Sverdrup Beston 1970. Dei driv Skåbu fjellhotell og bur på Lykkja.
Sikkilsdalen 216/2
Samla areal: 54310 da. Jord 30 da, beite 20000 da. 3 hingstar og om lag 90 hopper (Norsk Hestavlsseter). Kyr heile året til om lag 1955, sauar til 1961. – Fyrste traktor 1958. Opphaveleg seter til Graupegardane og Grosberg i Tverrbygda. Engelskmannen Lord Bamford kjøpte staden av Uppigard Graupe i 1868. Han engasjerte Sjur Sande frå Vågå som kjentmann og forvaltar for anlegget. Den Kongelege Norske stat går inn som forpaktar i 1868 og nyttar området for hestebeite. Bakgrunnen var at beitene i denne fjelldalen er særs frodige, og fleire av storgardane på Hedmarken hadde leigd seg beite her tidlegare. Området var derfor vidkjent. I 1870 bygde Sjur Sande nytt sel med eige gjesterom. Bamford selde til Sikkilsdalen Interesseselskap i 1874. Da staten vart eigar i 1881, blei setra hesteavlseter på permanent basis. I dag er det 60 sengeplassar med full pensjon sommarstid og i påska. Dyregraver. Prinsehytta ligg her.
Eigar frå 1881: Staten ved Landbruksdepartementet. Anne J. Vassbakken, Sel 1841-1912 og Sjur Knutson Sande, Vågå 1829-1898 kom som forvaltarar i 1868, og sidan har Sande-familien vore vertskap i Sikkilsdalen. Barna Knut 1873-1940, Hanna 1875-1956 og Marit 1884-1960, (sjå Sande), var i Sikkilsdalen heile året. Skulebarna måtte bu i Vågå. Knut Sande gm Marit Ødegård, Lom 1875-1954. Barn: Sigvald 1910-80, Anne, sjå Bustad, Nils, sjå Sande.
Forpaktar 1946-74: Sigvald Sande gm Margit Kvålen 1919-2001, var i Sikkilsdalen heile året til 1953. Barn: 1) Knut 1946-2017 (paktar 1974-81): Sjur 78. 2) Tordis 1943. 3) Steinar 1954 gm Kate Svenningsen: André 1979, Espen 1988.
Forpaktar 1981-2014: Tordis Sande 1943 – var gm Ivar Johannes Varpestuen 1938-2020. Barn: 1) Tor 1967 var sbm Kari Visdal: Sjur Olav 92, Ingrid 93. 2) Bente 1968 var gm Øyvind Landgraff: Halvard 89, Øystein 91. Bente no sbm Ove Blekastad. Tordis har vore hjelpepleiar og bur på Vinstra. Ho har vore med sidan ho var jentunge og er framleis aktiv!
Forpaktar og vert frå 2014: Tor Varpestuen.
Gjetarar i Sikkilsdalen: Oluf Brendløkken 1875-1963 (svoger til Knut Sande d.e.) var gjetar frå 1906-45, Asmund Stenseng 1906-96 frå 1947-82, Johan Rusten 1923-96 var gjetar frå 1968-1990, etter at han hadde vore gjetar i Heimdalen frå 1946. Gjetarar frå 1997 er Georg Stabekk, Vingnes, og Einar Stormorken, Kvam. Gjetar frå 2006: Jens Tangen, Kvam.
Sjurhuset 205/7
Samla areal: 64 da. – Fyrste traktor 1967. Fiskebu i Meravika. Seter i Hinøgelslia. Oddmar Syverhuset rydda setra i fyrste halvdel av 1970-talet. Seterdrift til slutten av 1990-talet. Elin Blekastad på Øvre Stigen kjøpte setra i 2010. Fiskebu i Øyvassosen. Branngrav. Sjurhuset er mest truleg rydda av Pål Amundsen Sjurhuset (f. Rulland) frå Ruste fyrst på 1800-talet. Var ute i svenskekrigen i 1807-14. Han var farfar til Olaf O. Øybekken ( sjå under). Husmannsbruk under Hysjulia. Sjølveige frå 1921, fråskilt Hysjulia 205/1.
Eigar 1941-48: Petter O. Syverhuset 1898-1981 – son til Olaf O. Øybekken 1869-1926 og Mari O. Hamrom 1864-1945 – g 1922 m Maria P. Tullut, Sel 1896-1935 – dotter til Peder O. Tullut og Rønnaug Buflåtten. Barn: 1) Olga 1923 gm Gustav Smikop: Else 1945, Jon 1954. 2) Oddmar 1928 (neste eigar). 3) Pål 1930-2019 gm Anne Rønningen: Aud 1956, Bente 1960.
Eigar 1948-2003: Oddmar Syverhuset 1928-2003 – g 1952 m Torbjørg I. Rønningen 1932-2016 – dotter til Iver O. Rønningen 1896 og Anna A. Haugen, Brøttum 1893. Oddmar tok over i 1948 etter faren.
Eigarar frå 2016: Thomas Schaaning 1974 og Monica Schaaning 1976. (Ikkje i slekt med tidlegare eigarar). Feriestad.
Skarli 201/37
Samla areal: 5 da. Kyr til 1968. Tomtebruk, fråskilt Søre Veslum 201/3 i 1951.
Eigar 1951-76: Johan T. Nebben 1906-76 – son til Torger Ø. Nebben 1868-1939 og Ane H. Buom 1864-1939 – g 1949 m Oline M. Haug 1907-87 – dotter til Anton Matiassen Haug og Matea A. Hammersengstuen. Dotter til Oline: Anny 1932. Johan rydda bruket.
Eigar 1987-2008: Anny Brenden 1932 – g 1956 m Johannes O. Brenden 1930-87 – son til Ole J. Brenden 1903 og Karen A. Kvålen 1900. Anny budde på Søre Brenna 206/1.
Eigar frå 2008: Odd Halvor Østbakken 1954. Feriestad.
Skarpsno 204/36
Samla areal: 8 da. Kyr til 1948. Fyrste traktor 1993.
Anton Fosse kjøpte bruket av onkelen Johannes A. Fosse (nedre) f. 1848 i 1933. Anton rydda her. Skarpsno var slått saman med Bakkabua 225/3 i NG 1953. Les om Bakkabua heilt nedst på sida.
Eigarar 1974-93: Målfrid Pladsen 1933 og Rolf Fosse 1944 – barn av Anton M. Fosse 1895-1975 og Karen Granslåen 1904-92. Målfrid – g 1957 m Reidar Pladsen 1927 – son til Ola Pladsen 1896 og Margrethe Moen 1896.
Rolf – g 1969 m Anne-Lise Johnsen 1943 – dotter til Thor Johnsen 1915 og Solveig Dyhre 1916.
Sysken: Morten 1928-31. Målfrid og Rolf selde bruket.
Eigar frå 1993: Ingebjørg Anita Bakken- dotter til Hallvard Bakken, Bykle 1935 og Oddrun Myreng 1940-2021. Ingebjørg Anita gm Sjur Sande 1964 – son til Nils Sande 1914-91 og Åse Aasheim 1931-2012. Barn: Ida Aasne 1989, Torkild 1992, Nils Hauk 1994. Ingebjørg Anita er helsearbeidar, Sjur jobbar hos Skåbu Tradisjonsbygg og er aktiv felespelar i Mukampen spelemannslag. Anita og Sjur bur på bruket.
Skjelle 213/15
Samla areal: 5 da. Bureising, Pål Sæther rydda over 50 da på grunn frå Megarden. Jorda er seld til Søre Korpberget. Kyr til 1966. – Fyrste traktor 1953. – Feriestad.
Eigar frå 1934: Pål E. Sæther 1906-1965 – son til Erland Sæther Megarden 1858 og Gina Myrhaugen 1874 – g 1930 m Kari Olsen 1905-1986 – dotter til Mikael Olsen, Østre Gausdal 1862-1930 og Berthe Nystuen, Heidal 1873-1962. Barn: Erling 1929-1984. Etter å ha vore i same slekta i over 100 år, vart jorda i 1982 selt til Søre Korpberget. Tunet vart feriestad.
Eigar: Ole Milvang Jensen, Danmark 1939 (død) – son til J. H. J. Jensen 1911-63 og Else Milvang 1909-85 – g 1964 m Anette Bruun 1943 – dotter til Harald A. Bruun 1910 og Else Blom 1913. Barn: 1) Pernille 1969 sbm Rene» Grønager. 2) Katrine 1971. – Ole var sivilingeniør, Anette jobba som lærar. Ole kjøpte gardsbruket i 1987 av arvingane til Kari Sæter 1905-86 gm Pål E. Sæter 1906-65. Anette selde bruket.
Eigarar frå 2016: Per Johan Vaterland 1987 og Kristin Huse Silliløkken 1983. Bur på bruket.
Skogheim 201/17
Samla areal: 19 da. Kyr til 1974. – Petra I. Kappelslåen 1886-1982 gm Ola O. Grauphaugen 1884-1923, var bureisar på grunn frå farsgarden Kappelslåen 201/1, utskild og rydda i 1929. Barn: 1) Torvald 1907-83 (sjå Vassrud 213/20). 2) Inga 1912-2004 gm Angel Green, Vinstra). 3) Olav 1914-96 gm Helene Kirkestuen, Dovre. 4) Karen Jenny 1915-99 gm Magne Olav Rønningen, Oslo. 5) Ivar 1917 (eigar frå 1950). 6) Paul 1919-2003 gm Berit Ulvund, Stangvik på Nordmøre. Karen var fyrst gm Rino Alexander Løchen (les om Løchen under Granslåa). Inga var fyrst gift med Kolbjørn K. Slettmoen (sjå Aasvang 201/42 under «Nokre andre bruk….»).
Eigar 1950-96: Ivar Grauphaugen 1917-2012 – son til Ola O. Grauphaugen 1884-1923 og Petra I. Kappelslåen 1886-1982 – g 1948 m Signe A. Stakston 1927-99 – dotter til Anton Stakston 1902 og Kari I. Varpestuen 1901. Barn: 1) Per Arne 1948. 2) Kjellaug 1950 gm Helge Endrestad: Mona 70, Stian 71. 3) Liv Oddrun 1955 gm John Holdbrekken: Linda 72. – Bruket vart fråflytta i 1992. Petra Kappelslåen fekk ikkje skøyte før i 1944.
Eigar frå 1996: Per Arne Grauphaugen 1948 – g 1972 m Irene Dahlelien, Otta 1949 – dotter til Sverre Dahlelien 1921 og Evelyn Kolon 1926. Barn: Thomas 1986, Linn Ha 1992, fødde i Korea. Eigaren, som er snikkar, bur i Skiptvet, Østfold. Feriestad.
Skogli 201/45
Samla areal: 68 da. 1 hest. Kyr til 1964. – Fyrste traktor 1982. Bureisingsbruk, fråskilt Søre Veslum i 1954, rydda av Harald Sletten.
Eigar 1954-85: Harald Sletten, Sel 1920-85 – son til Hans P. Sletten 1881-1959 og Maria P. Gravåmillom 1878-1956 – g 1952 m Gudrun E. Hølmyren 1932 – dotter til Emil Hølmyren 1904 og Berte J. Granslåen 1900. Barn: 1) Bjørg 1952 gm Ole Petter Hoel: Tom Erik 72, Ann Kristin 74. 2) Hans 1960. 3) Gunn Karin 1962 sbm Trond Turmo.
Eigar frå 1988: Hans Sletten 1960 gm Gleciane Lima de Oliveira, Brasil 1979. Hennar barn: Inigo Gonzales Lima 2006. Felles barn: Iris Lima Sletten 2021. Hans er maskinist. Dei bur på bruket.
Skogstad 219/9
Samla areal: 387 da. Kyr til 1965. Fyrste traktor 1983. Fiskebu i Meravika. Delar av fangstsystem i utmark. Bruket er rydda av Ole Fredriksen Grosberghagen f. 1810 gm Kari Amundsdotter (sannsynlegvis frå Slåa), truleg rundt 1830. Bruket er iallfall med på eit kart frå 1831. Rydda i Skåbu allmenning (Kvikne og Skåbu sameige). Ole og Kari kom seinare til Dalsheim (Harehullet). Lars F. Sandbakken kjøpte bruket i 1880. Gm Marit H. Kantrud. Dei var foreldra til Hans Skogstad og Lars var bror til rydningsmannen. Hans tok over i 1916. Skyldsett 1887 og fråskilt Skåbu allmenning i 1888.
Eigar 1953-84: Margit Skogstad 1916-2012 – dotter til Hans Skogstad 1879-1934 og Mari Fosse 1891-1968 – g 1949 m Oddmund Kampesæter 1913-2008 – son til Johannes O. Kampesæter og Ingeborg Heide.
Eigar frå 1984: Bjarne Slapgard, Hemsedal i Buskerud 1952 – son til Olav Slapgard 1928 og Åslaug Bjørke 1927 – var gm Toril Heide 1954- dotter til Kristian T. Heide 1920 og Marie Hølmen 1930. Barn: Sigurd 1981, Ingrid 1987. Bjarne no gm Brit Storholm 1965. Bjarne var administrerande direktør ved Gudbrandsdal Energi frå 2010-2017. Han bur på bruket.
Skåbu nedre 212/1
Samla areal: 1287 da. Kyr til 1984. – Fyrste traktor 1953. Seter i Finnbølet. Den er truleg bygt og rydda av Paul Erlandsson Skabo i 1770-åra. Da hadde han seld den gamle setra si i Hinøgelslia. Eigde også Slangen seter til 1919 (heimseter). Les meir om dette under Slangen seter 212/15. Nedre og Øvre Skåbu 212/2 var ein gard til i 1760-åra, kalla Skåbu uppistugun. Ein meiner at opphavsgarden Skabo låg omlag på delet mellom dagens Nistugu og Nedre før delinga. Den gamle storgarden går truleg attende til forhistorisk tid. Truleg var Kvålen skilt ut rundt år 1000, og enda ei deling skjedde noko seinare. Den fekk namnet Megarden (midtgarden) fordi den vart liggjande mellom Kvålen og den opprinnelege Skåbu-garden. Sistnemnde er kalla for Nistugu fyrst på 1600-talet og var ein gard til sist på dette hundreåret. Da vart Uppistugu skilt ut, truleg i 1699. Så blei som nemnt Uppistugu delt i Nedre og Øvre på 1760-talet.
Eigar 1928-58: Sigurd H. Været, Kvikne 1891-1972 – g1 1918 m Mari A. Syltjordet 1887-1931. Barn: 1) Hallvard 1921. 2) Kristine 1924-2006 gm Asmund Smikop. 3) Asbjørn 1925 gm Edith Nilsen. 4) Pål 1927, sjå Oppheim. Sigurd kjøpte garden av Sofie Engelien, som da sat i uskifta bu etter at mannen Johannes døydde i 1927. Det var sonen deira, Nils, som kjøpte Nedre Skåbu av Paul T. Skabo i 1911. Engelien, som var frå Søndre Land, forpakta bort garden. I folketellinga for 1920 finn ein Iver A. Sørøyen som forpaktar her. Han rydda Vestre 212/9 på denne tida. Kristine og Asmund Smikop leigde garden frå 1960-talet til 1984.
Sigurd g2m Marit Maurstad 1902-66, sjå Randen 219/4. Barn: 1) Magnhild 1935-2016 gm Trygve Smikop 1935-2013. 2) Solveig 1940-2023. 3) Marta 1942 gm Harald Bjørkheim 1921-2005. 4) Ola 1946 gm Mari Kleiven.
Eigar 1958-2007: Hallvard S. Været 1921-2007 – g 1953 m Edith Hansen, Oslo 1934-92 – dotter til Enok Hansen 1902 og Gunvor Olsen 1904. Barn: 1) Svein 1955. 2) Grete 1959 sbm Rune Aass: Alexandra og Margrethe 96 (tv). 3) Tore 1963 gm Annica Bengtsson: Sigfred 96, Siglinde 97. – Hallvard jobba som vaktmeister i Oslo. Han flytta attende til Skåbu i 1997, etter å ha vore i Oslo frå 1950.
Eigar frå 2007: Svein Været 1955 gm Anne Rustad: Sigurd 90, Elin 92. Dei bur på garden og driv med alpakka.
Skåbu nistugu 212/3
Samla areal: 3392 da. Mjølkeproduksjon. – Fyrste traktor 1963. Seterdrift i Hinøgelslia. – Ein av Skåbugardane. Nistugu Skåbu var ein gard til 1699 (truleg), da vart Uppistugu skilt ut. Sjølveige frå 1723. Rundt 1840 flytta Iva Nistugun f. 1821 garden lenger opp. Tidlegare stod den i klynge med Nedre og Øvre Skåbu. Iva Nistugun var ein kjent og dyktig smed. Fiskebu på Åkre.
Eigar 1948-85: Ola Ekre 1918-94 – son til Anders Ekre 1881-1960 og Rønnaug Massing, 1890-1981 – g 1956 m Ragnhild Bekken 1937-2023 – dotter til Torbjørn Høiberg, Lom 1909-84 og Gunda Bekken 1912-89. Barn: 1) Randi 1956 gm Tor Høglo: Stian 79, Heidi 81. 2) Åge 1958. 3) Kari 1959 var gm Rolf Nystuen: Kirsti Helene 78, Ove Roger 80-97, Espen 83, Camilla 91. 4) Gerd 1963 sbm Jan Willy Skogstad: Geir 89. 5) Rolf 1965 sbm Mette Fosse: Silje 90, Tonje 92, Jørgen 94.
Eigar 1985-2017: Åge Ekre 1958-2017 var gm Ingebjørg Jenssveen, Saksumdal 1961 – dotter til Asbjørn Jenssveen 1922 og Magda Mathilde Foss 1924. Barn: Eldri 1983, Ane Marte 1985, Ole Anders 1992.
Eigar frå 2017: Ole Anders Ekre 1992 sbm Pia Volan Johansen 1994. Barn: Ola Christian 2018, Thor Magnus 2021.
Skåbu øvre 212/2
Samla areal: 1193 da. Sauehald. Kyr til 1977. – Fyrste traktor 1977. Fiskebu i Vinstervatna. I 1699 (truleg) vart Uppigard Skåbu skilt ut frå Nistugu. Så vart Uppigard delt i Nedre og Øvre Skåbu i 1760-åra. Garden vart flytta lenger opp (der den står i dag) i 1944. Før dette stod den i klynge med nedre Skåbu og enda tidlegare med nistugu Skåbu. Overnattingsstad midt på 1800-talet.
Setra i Hamn er rydda av Iva Tordsson Skabo f. 1733. Thea Blekastad 1918-2011 (syster til Borghild Brenden. Sjå Blekastad) arva setra i 1973. Kjell Berglund fekk skøyte på setra i 2008. Iva T. Skabo rydda også Søre Hølmyra og Hågåøya (Elvenes). Dyregraver, branngraver.
Eigarar 1956-82: Borghild og Knut Brenden. Borghild 1912-94 – dotter til Petter Fosse 1889-1965 og Elline R. Stensrud 1881-1972 – g 1932 m Knut Brenden 1908-84 – son til Jakob Brenden og Marit Stormorken. Barn: 1) Per 1933. 2) Ivar 1936 gm Åse Nymoen: Elin Agnethe 64 (sbm Idar Storjord: Marius 91, Martine 95).
Eigar 1982-97: Per Brenden 1933-99.
Eigar frå 1997: Kjell Berglund 1966 – son til Håkon Berglund 1946 og Anna Fosse 1938 (syskenbarnet til Per Brenden) – sbm Mette Musdalslien, Tretten 1972 – dotter til Magne Musdalslien 1946 og Anne Kristianstuen, Fåvang 1951. Barn: Kim 1994, Malin 1997, Beate 2009, Aksel 2011. – Kjell arbeidde ved Krogenæs Møbelfabrikker. Mette er tilsett ved Skåbu oppvekst.
Skåbutunet 203/9
Samla areal: 170 da. – Noverande eigar har dyrka opp jorda og bygd opp 27 hus på to tun. Gardstunet: – Våningshus (svalgangsstugu) bygd 1760, flytta frå Bekkum, drengestove 1761, to låvar frå 1816, 2 gamle stabbur. Setertunet 200 m lenger opp: Sel 1764, ysthus, bakstarhus, ljorstugu, saufjøs, stall, låve, geithus, naust 1785, alle gamle. I alt 27 hus. Turisme.
Eigar frå 1982: Ståle Roven 1951 – son av Olav Roven 1927 og Gunvor Sørli, Tyldal på Tynset 1931 – var gm Hedvig Ekre, Sør-Fron 1951 – dotter til Oskar Ekre og Randi Morken. Barn: Mona 1979, Grete 1980. Ståle no sbm Grete Johansen, Notodden 1959 – dotter til Olaf Johansen og Bjørg Slålien, Lom. Barn: Sondre 1994. – Eigaren, som bur på Vinstra, driv Roven Renovasjon i Nord-Fron.
Farfaren til eigaren, Ole I. Roven, kjøpte i 1915 skogteig av Mari Haug 1873-1957 på det no nedlagde bruket Kolhusmoen. I 1953 vart teigen overteken av bror til Ole, Kristian Roven 1892-1977. Ståle arva teigen etter Kristian.
Slangen seter 212/15
Samla areal: 60 da. Sauehald og hesteoppdrett. Kyr til 1955. – Fyrste traktor 1975, høytørke. Rideleir, fjellskule, hytteutleige. Omkransa av fornminne. Opprinneleg heimseter til Skåbu nedre. Fråskilt i 1919. Paul H. Skabo (nedre) starta med turisme her i 1890, kanskje før. Slangen er iallfall nemnt i «Den Norske turistforenings årbok» for 1890. Sanatorium frå 1897 til ca. 1906.
Eigar 1973-2017: Bernt Håkon Andresen, Gjøvik 1944-2014 – son til Hans Andresen 1904 og Signy Brøvig 1907 – var gm Inger Johanne Graatrud, Gjøvik 1942-2013. Barn: 1) Silje 1968 sbm Didrik Marksten. 2) Kristi 1972 sbm Anders Nessem. 3) Njål 1975. Bernt Håkon kjøpte eigedommen av Marit Dahl i 1973.
Bernt Håkon sbm Anita Stebergløkken, Sør-Fron 1958 – dotter til Jon Stebergløkken 1924 og Åse Solberg, Øyer 1936. – Bernt var lærar og agronom. Han bygde opp rideleiren og var ein kjent hestekar. Bernt var ein særs aktiv og sentral mann innan hestesporten i Noreg. Noregsmeister i feltritt.
Eigar frå 2017: Anita Stebergløkken 1958. Ho driv framleis staden og bur på Slangen seter.
Slåa 204/1
Samla areal: 1545 da. Kyr til 1986. – Fyrste traktor 1977. Seter på Holslåa. Tidlegare seter i Hinøgelslia. Slåa er truleg delvis ein gammal husmannsplass under Fossegarden. Vart mest truleg sjølveigande i 1771, men står likevel oppført som husmannsbruk i 1801. Iver Torgersen, tippoldefar til Iver f. 1935, var ein stor bjørnejegar. Han var også ute i svenskekrigen 1808-1814. I 1801 er Slåa tydelegvis delt i to brukseiningar, nørdre og søre. Ein Jens Olsen (søre) f. ca. 1764-1833 er oppført som husmann under Fosse i 1801, og Torger Olsen er brukar i Nørdre Slåa. Dei var truleg brør. Jens får skøyte på søre i 1803. Men formelt sett var nok ikkje bruka delt før seinare. For i matrikkelen 1818 er namnet skrive Fosse, eller Slåa nørdre og søre. Det er ikkje før i 1838 at Nørdre og Søre Slåa blir brukt i offentlege dokument. Det var truleg den nemnte Jens Olsen som rydda Jenssetra 204/11. Jenssetra var opprinneleg seter til Søre Slåa. Torger Olsen hadde kjøpt Slåa av Iver T. Kvålen i 1793, medan det enda var ein gard. I 1865 har Søre Slåa husmannsplassen Lykkja. 204/6. Iver Hansen, farfar til Iver f. 1935, kjøpte Søre Slåa i 1885. Da han også tok over Nørdre Slåa etter mora i 1901, vart Slåa ein gard att. Søre Slåa vart lagt ned og folket slo seg til på Jenssetra. Dei bur der i 1891. Den same slekta var også på Lykkja. Husa i søre er borte.
Eigar frå 1966: Iver H. Slåen 1935-2003 – son til Kristian Slåen 1896-1991 og Magnild H. Tøfte 1907-63 – g 1961 m Kari A. Grauphaugen 1941-2006 – dotter til Anton Grauphaugen 1906-87 og Margit Kaltrud 1917. Barn: Jorunn 1961-98, Kjell Arne 1967. Iver tok over i 1966 etter faren.
Eigar frå 2004: Kjell Arne Slåen. Bur på garden.
Solberg og Volden 201/28
Samla areal: 255 da. Kyr til 1977. – Fyrste traktor 1957, høytørke. Bureising. Harald kjøpte grunn frå Veslum 201/3 i 1943 og var bureisar. I 1962 kjøpte han familiebruket Volden 204/20 (sjå nedst på sida under «Nokre andre bruk….»). Namnet Solberg kjem av at Harald delvis var oppvaksen på ein plass som heitte Solberg, rett ovanfor Maurstad. Dei budde der da Hanna gifta seg med Erland Fosse i 1922. Harald tok derfor namnet Solberg. Det var ei Karen Maurstad f. 1870 som i si tid bygde på Solberg. Ho og familien drog til USA. Kristian og Else Maurstad bur på Solberg i dag.
Nytt sel og fjøs i Snubbslåa (Vollasetra), like innunder Snubbhøa. Dette var opprinneleg setra til Volden, rydda av Erland Fosse i 1939. Fiskebu i Øyvassosen.
Eigar 1943-83: Harald Solberg 1910-90 – son til Knut S. Sande, Vågå 1873-1940 og Hanna Slåstuen 1884-1976 – g 1942 m Tora Iverstuen 1913-98 – dotter til Amund Iverstuen og Rønnaug Rønningen (sjå Randen, nørdre). Barn: Helge og Rolf 1945 (tv).
Eigarar 1983-2002: Helge og Rolf Solberg. – Helge 1945-2022 – g 1970 m Else Marie Svelle 1946 – dotter til Ivar Svelle, SF 1904 og Olaug Heggeli, Lillehammer 1917. – Helge var sjåfør og budde på Vinstra. – Rolf 1945-2023 – g 1990 m Ingrid Pallsveen, Ringebu 1953-90 – dotter til Øystein Pallsveen 1911 og Borghild Haugen 1917. Rolf var også sjåfør og budde på Vinstra. Rolf seinare sbm Kari Eliane Nordli.
Eigar frå 2002: Jan Solberg 1950 – son av Adolf Solberg og Signe Sletten. Sjå Veum, under «Nokre andre bruk….». Han bur på bruket.
Solhaug og Hysjulienget 208/9 og 6

Den legendariske Heide-butikken (Timannbua). Til venstre Kristian T. Heide, Ola Dalen (på sleden) og Timann Heide til høgre.
Samla areal: 202 da. Sauehald. Kyr til 1956. – Fyrste traktor 1978, høytørke. Hinøgelslisetra. Solhaug blei fråskilt Bakkerud 208/8 i 1916. Landhandel frå fyrst på 1890-talet i Bakkerud. Timann Heide tok over forretninga som foreldra i Bakkerud hadde dreve med ein del jord til i 1916. Landhandelen vart da flytta lenger opp. (Sjå Bakkerud). Butikkdrift til 1978. Særleg kjent for rakefisken. Kristian T. Heide kjøpte gardsbruket Hysjulienget (sjå Hysjulienget) i 1976 og setra i Hinøgelslia vart også innlemma.
Eigar 1958-80: Kristian T. Heide 1920-2002 – son til Karl Timann Heide 1895-1987 og Laura Thorud, Nes i Hedmark 1888-1971 – g 1950 m Marie Hølmen 1930 – dotter til Johan Hølmen og Magda Byrløkken. Barn: 1) Terje Johan 1950. 2) Torill 1954, sjå Skogstad. 3) Gunn 1955-2007 gm Harald Brandvold: Ole Christian 78, Pål Gunnar 82, Håkon 84. 4) Rune Christian 1958 gm Randi Suhl: Andreas 87. 5) Bjørn Ketil 1961, sjå Hageløkken. 6) Kristin Elisabeth 1967 sbm Trond Lillegård: Anne Marie 94, Inger Lise 97, Simen 2000. 7) Mariann Cathrine 1974.
Eigar frå 1980: Terje Johan Heide 1950 – var sbm Åse Baukhol 1952 – dotter til Oskar Baukhol, SF 1911 og Synnøve Linløkken, Øyer 1916. Barn: Hilde 1979, Åshild 1985.
Solheim 204/27
Samla areal: 46 da. Kyr til 1970. – Fyrste traktor 1958. Dyregraver. Eine delen av våningshuset har vore meieri på Vinsterlia (sjå Vinsterlia under «Nokre andre bruk»). Bureisingsbruk, rydda av Anton Brenden i 1935 på grunn frå Haugen 204/3.
Eigar 1975-86: Borghild Lien 1929-86 – dotter til Anton A. Brenden 1899-1950 og Mari T. Sæther 1893-1980 – g 1957 m Trygve O. Lien 1912-70 – son til Ola P. Lien og Karen I. Sylthagen. Barn: 1) Arne 1958. 2) Kari 1960, bur i Oslo. 3) Trond 1961 var gm Elisabeth Kantrud 1965. Barn: 1) Karoline Marie 1989, Olve Mathias 1993. 4) Brita 1967, bur i Oslo. Barna til Borghild og Trygve eigde bruket i lag 1986-97.
Eigar frå 1997 (medeigar frå 1986): Arne Lien 1958. Han er maskinkøyrar og bur i Oslo. Kari er lønningsberegnar, Brita er stallarbeidar.
Eigar frå 2000: Trond Lien. Han bur på bruket.
Solli 204/17
Samla areal: 26 da. Bureising, rydda av Hans Fosse i 1923 på grunn frå Fosse, øvre 204/5. Kyr til 1975.
Eigar frå 1950: Inge Fosse 1906-82 – son til Hans Fosse 1886-1950 og Berte Graupe 1878-1959 – g 1946 m Rønnaug P. Berget 1920-98 – dotter til Paul Berget 1888 og Ragna J. Granslåen 1893. Barn: 1) Bjarne 1946 sbm Torgunn Haug, Rudsbygd 1947. 2) Reidun 1951: Bente Anita 74.
Eigarar frå 1988: Bjarne Fosse 1946 og Reidun Sundberg. Dei selde bruket. Eigarar frå 2013: Pål Sigmund Andersen 1968 og Hege Blom Andersen 1970. Feriestad.
Stenseth (Snippen) 212/5
Samla areal: 1073 da. Kyr til 1960. – Fyrste traktor 1974, høytørke. Fiskebu ved Åkre. – Posthus frå 1913-1955 og telefonsentral frå 1913-1954. Fråskilt Nedre og Øvre Skåbu 212/1 og 212/2 i 1907, skøyte til Hans H. Sletten. Men han og familien er allereie på plass her i 1900. Dei budde på Kvålsøya da sonen Karl blei fødd i 1896. Far til Hans, Hans Thorsen 1825-1918, kom eigentleg frå Skurengslia på Sjoa. I 1875 er han brukar på nørdre Sletten i Kvikne. Seinare fekk han husmannskontrakt på Jegersletta i Tverrbygda og budde der til 1885. Da døydde kona Kari Pedersdotter Eide f. 1824 og Hans flytta attende til Skurengslia, og gifta seg opp att med Marit Olsdotter Skjeftskogen f. 1849, Kvikne. Sonen til Hans frå fyrste ekteskap, Thor 1858-1910, hadde Jegersletta til 1910.
Maurstad og Snippen var eitt bruk til å begynne med, men vart etter kvart delt i søre og nørdre. Søre skulle da bli Snippen. Det er fortalt at da gardsbruket skulle delast, truleg mellom to sysken, så sa den eine: «De vart visst att berre «n snipp au åt mé.» Derav namnet Snippen.
Dei fyrste folka ein finn her er Østen Olson Byre f. 1831, kona Kari Iversdotter og dottera Rønnoug i 1853. Østen kom seinare til Buom. Han var onkelen til den kjende felespelaren Torger Iverstugun, og morfar til legendariske Rønnaug Sagboden. Snippen er ikkje nemnt i matrikkelen 1838, og ein kan dermed gå ut ifrå at Maurstad vart delt og bruket bygd opp mellom 1838 og 1853.
I 1865 finn ein desse folka på Snippen: Fredrik Larsen (Grosberghagen) 45 år og kona Kari Olsdotter (Ljoshaugen) 50 år, saman med sonen Lars 20 år. Lars skulle bli far til Kari, kona til Hans H. Sletten.
I 1875 er det kome ein annan familie til Snippen. Det er Anders Fredriksen Brustugun f. 1831 og kona Eli Jacobsdotter Veikleenget f. ca. 1831. Dei har døtrene Anne f. ca. 1860 og Ingeborg f. ca. 1873. I 1891 er ikkje bruket registrert i folketellinga.
Eigar 1953-69: Laurits Sletten 1903-70 – son til Hans H. Sletten 1869-1948 og Kari L. Sandbakken 1871-1952 – g 1928 m Signe Massing 1902-80 – dotter til Ole O. Massing og Kari H. Tøfte. Barn: 1) Harald 1929-2007 (eigar 1969-71) gm Arna Ingvaldsen 1937-2000: Trond 64-76, Knut 67. 2) Karen 1930-95 gm Håkon Hage: Solveig 50, Nils Hallgeir 53. 3) Kari 1932-2017 gm Kristian Wahlquist 1933- 2021: Gunn 58. 4) Reidun 1934-2013 gm Ivar Maurstad 1927-92: Rolf 1958, Tove 62. 5) Sigmund 1936-96. 6) Liv 1937 gm Knut Nyvold: Mette 57, Hanne 61. 7) Kåre 1939-2019. 8) Åse 1941 gm Oddvar Svendsen: Ole Christian 62, Wenche 66, Anders 77. 9) Kjell 1945 gm Ellen Rusten: Anne 79, Bjørn 81.
Bror til Laurits: Karl 1896-1954 (medeigar 1953-54).
Eigar frå 1971: Kåre Sletten 1939-2019 – g 1983 m Torgunn Olsen, Vestre Gausdal 1950-2017 – dotter til Alfred Olsen 1914 og Ruth Mohaugen 1923. – Kåre var snikkar.
Eigarar frå 2011: Erling Magnus Vaterland 1977 og Hanne K. Risdal 1980. Dei bur på Bjørkli i Tverrbygda.
Stensrud 212/14
Samla areal: 176 da. Kyr til 1967. – Fyrste traktor 1975. Branngrav, dyregrav. Fråskilt Skåbu øvre 212/2 i 1919, rydda av Renaldo Stensrud (frå Heidal) til føderådsplass. Renaldo 1851-1925 gm Embjør E. Øvre Skabo 1855-1934. Arvingane til Renaldo selde bruket til Gunnar Olmer i 1935. Han selde i 1941 til Anders Western (eigar 1941-59). Anders gm Else Western. Stensrud var brukt som feriestad frå 1935-1959.
Eigar 1959-73: Syver Brendløkken 1904-84 – son til Oluf Brendløkken, Åmot i Østerdalen 1875-63 og Kari S. Sande 1870-1951 – g 1935 m Oline Tron 1914-2005 – dotter til Ole Morken og Rønnaug Tron. Barn: Ottar 1936. Syver kjøpte bruket av Else Western.
Eigar 1973-98: Ottar Brendløkken 1936-1998 – g 1964 m Randi Baklien 1944 – dotter til Petter Baklien 1899 og Ragnhild Risdal 1913. Barn: 1) Odd Rune 1964 var sbm Heidi Maurstad: Fredrik 94. 2) Per Steinar 1966 var gm Tove I. Johansen: Pål Tore 90, Anne Lene 95. 3) Knut Morten 1972. Ottar var sjåfør og Randi var resepsjonsarbeidar.
Eigar frå 1998: Randi Brendløkken. Ho bur i eige hus på eigedomen.
Stigen nedre 204/9
Samla areal: 144 da. Kyr til 1973. – Fyrste traktor 1964. Ser ut til å ha vore ein eigedomsplass. Rydda i Skåbu allmenning. Paul A. Langvegg kjøpte bruket i 1875. Han eigde også Kantrud, og desse bruka hadde same eigar til 1938. Da selde Mathias, sonen til Paul, til Hans Grosberghaugen. Iver Hansen Slåen hadde seld bruket til Mathias P. Kantrud i 1908. Stigen, nedre låg eigentleg under søre Slåa. Skyldsett 1906.
Eigar 1938-73: Hans Grosberghaugen 1890-1955 (enkja Mathea sat i uskifta bu 1955-1973) – son til Ola Grosberghaugen og Anne Grauphaugen – g1m Maria Lillebekkhaugen 1884-1910. Barn: 1) Anna 1908-97 gm Jon Byrløkken (sjå Byrlykkja, nørdre, Vinstra). 2) Johannes 1910-75 gm Gunvor Halvorsen. Hans g2m Mathea Været 1900-73 – dotter til Hans Været og Maria Brynsmoen (Harehaugen). Deira barn: 1) Olav 1922 gm Mary Holt. 2) Halvard 1923 (sjå Dalsheim). 3) Maria 1925 gm Trygve Pedersen (sjå Været, Kvikne). 4) Knut 1927-76 gm Else Martinsen 1926-92: Berit 54 (eigar 1985-93) gm Georg Kroken: Wenche Iren 70, Grete 83. 7) Martha 1930 gm Olaf Hagen (sjå Kongsliengum, Vinstra). 8) Magne 1934 (eigar 1974-85, flytta til Gausdal og kjøpte Bakke 153/1). 9) Oddmund 1936 var gm Eli Andal. 10) Thor 1938 gm Gerd Marie Nedrud (sjå Bøslåa i Ruste). 11) Morten 1943 gm Møyfrid Ravnås.
PS! I 1961 søkte Hans og Mathea Fron statsalmenning om å få utvist 20 dekar til seter eit stykke ovanfor bruket. Dei fekk dette, men noko seter vart ikkje bygd opp.
Eigar frå 1993: Magne Slåen 1947-2023 – son til Emil A. Slåen 1905-85 og Hilda O. Maurstad 1918-80. Ugift. Eigde også halvparten i Granli.
Eigarar frå 2013: Ole Johnny Skar 1964 og Gry Skirbekk 1954. Bur på bruket.
Stigen øvre 398/1 (tidlegare 212/29)
Samla areal: 144 da. Mjølkeproduksjon. – Fyrste traktor 1981. Gardsbruket er fråskilt Skåbu allmenning (Kvikne og Skåbu sameige) i 1888. Setra til Sjurhuset i Hinøgelslia blei kjøpt i 2010 og tillagt gardsbruket. Seterdrift.
Eigar 1948-76: Karl Blekastad 1901-77 – son til Edvard K. Spangrud (Fugleslåen), Ringebu 1882 (reiste til Amerika) og Ane J. Blekastad 1863-1962 – sbm Anna Løvli 1906-95 – dotter til Johannes Rønningen, Ringebu 1872 og Berte H. Reiret 1874. Barn: Agnes 1930. Karl kjøpte bruket av Nord-Fron kommune. Karl og mora kom til Stigen i 1917 og han tok over etter morbroren Iver J. Blekastad f. 1881 (sjå Aurset), son til Johan Blekastad (f. Baglien/Langvegg 1841) og Ingeborg H. Stigen f. 1844. Det vart truleg rydda i Skåbu allmenning av Hans Bekkjemillom frå Heidal i byrjinga av 1800-talet. Han var ein kjent bygdekunstnar, var både snikkar, målar og smed.
Eigar 1976-2001: Agnes Blekastad 1930-2016 – g 1952 m Sigmund Sletten, Fåberg 1923-70 – son til Sigurd Sletten 1886 og Gina Lagestuen 1885. Barn: 1) Anne Grete 1954-71. 2) Elin 1963.
Eigar frå 2001: Elin Blekastad 1963: Espen 1982, Lena Cecilie 1988.
Eigar frå 2014: Lena Cecilie Blekastad f. 1988. Elin bur på gardsbruket.
Storbaklia (Baklia) og Berglund 207/5 og 207/15
Samla areal: 148 da. Kyr til 1962. – Fyrste traktor 1985. Einaste bruket i Skåbubaklia i FT 1801. Husmannsbruk under Dalen. Per (Peder) Amundsen og Ane Iversdotter bur der da. Fråskilt nørdre og søre Dalen i 1898, seld til Hans Iversen f. 1870 (far til Aksel Berglund, sjå nedanfor). I 1922 er det skøyte frå Hans til sønene Iver f. 1896 og Petter Storbaklien (Baklien) f. 1899. Petter selde delen sin til Iver i 1934. Hans rydda seg nytt bruk rundt 1930, Berglund. Aksel tok over etter faren i 1946. Berglund fråflytta 1959 og slått saman med Storbaklia. Stugu og skåle.
Eigar 1983-94: Paul Johan Berglund 1949-2009 – son til Aksel Berglund 1913-83 og Ragnhild Pedersen 1923-2006 – var gm Åse Randi Johnsgard, Heidal 1953. Barn: Bjørn 1971, Linda 1974. – Paul var seinare sbm Åse Aud Ruste, Sel 1949. Aksel tok over Storbaklia i 1960 etter halvbroren, Iver H. Baklien (Storbaklien) 1896-1959. Iver tok over etter faren i 1925.
Sysken til Paul: 1) Håkon 1946 gm Anna Fosse, sjå Myrvang. 2) Rønnaug 1947 var gm Bjørn Nordhaug. 3) Anne Randi 1952.
Eigar frå 1997: Rolf Herrmann, Oslo 1946 – son til Viggo Herrmann 1908 og Gerdrud Weiss 1913 – sbm Randi Pettersen, Ålesund 1959 – dotter til Anton Petersen 1923 og Beate Christoffersen 1920. Barn: Heidi 1985, Bernhard og Robert 1987.
Eigar frå 2017: Espen Berg-Jørgensen 1959. Feriestad.
Storslåa søre 202/5 og 9
Samla areal: 38 da. Bureising, rydda og bygt opp av Laurits Kampesæter på 1930-talet. Fekk skøyte frå faren i i 1941. Foreldra var Matias O. Kampesæter 1870-1947 gm Oline Larsdotter Sandbakken 1875-1911. Matias hadde fått auksjonsskøyte på staden i 1930. I 1920 finn ein Matias og barna på den gamle Haugasetra i Hamn. Han er forpaktar. Barna er Magnhild f. 1901, Laurits f. 1904, Margit f. 1909 og Embjørg f. 1912 (sjå Engset). Bruket er utskilt frå Storslåa (nørdre) 202/2 i 1924, som da var heimseter til Moen 204/16. Nørdre Storslåa har også høyrd til både Lia, nørdre, Rønningslåa og Kampesæter, nørdre. Kyr til 1967. Fiskebu i Vinstervatna. – Vêrstasjon på gardsbruket frå 1968. Nedlagt.
Eigar: Odd Kampesæter 1942 – son til Laurits Kampesæter 1904-69 (eigar 1941-1968) og Anna J. Brenden 1914-94 – g 1975 m Randi Rørvik, Harstad 1948 – dotter til Jostein Rørvik 1923 og Anna Dorthea Jensen 1922. Barn: Eiliv 1981, Ingunn 1979.
Eigaren, som er sivilingeniør, tok over i 1990 etter mora. Han bur i Mo i Rana. Feriestad.
Sysken til eigaren: 1) Oddveig 1934 gm Sverre Bingsrud: Sissel 1955, Øyvind 1964. 2) Margit 1936 sbm Oddvar Stetrud: Jan 1964, Willy 1964 (tv), Kai 1966. 3) Martinius 1946-2010 (budde på bruket og betente vérstasjonen). 4) Liv 1954 gm Ola Nes: Kristina 85, Vibeke 90.
Strand 205/9
Samla areal: 86 da. Kyr til 1965. – Fyrste traktor 1956. Oldtidsfunn, dyregraver. Bureisingsbruk frå 1940. Fråskilt Hysjulia 205/1, rydda av Jon Sylthagen.
Eigar 1940-85: Jon Sylthagen 1908-90 – son til Fredrik I. Sylthagen 1867-1957 og Petra P. Lien 1872-1948 – g 1934 m Rønnaug O. Ulekleiv, Dovre 1898-1986 – dotter til Ola Tamburhaugen og Oline Øyen. Barn: 1) Oddny 1937. 2) Marit 1938.
Eigarar frå 1985: Oddny Rolstad 1937 og Hans Rolstad 1933. Oddny – g 1962 m Hans Rolstad 1933 – son til Nils Rolstad 1888 og Elise Hønsedalen 1889. Barn: Jon Roar 1963. Eigarane bur i Vestby. Feriestad.
Strandli og Fosse nedre 201/8 og 204/4
Samla areal: 995 da. Sameige: 584 da. Sauehald. Bureising, rydda av Halvor Veslum på grunn frå farsgarden Veslum, søre 201/1 i 1936. Halvor fekk skøyte i 1936 frå faren Anton Veslum. Eigedomen, som låg under Veslum frå gamalt av, kom seinare under Kappelslåen og vart kalla Kappelslåenget. Iver H. Veslum fekk den innlemma i Veslum att i 1908. Kyr til 1955. – Fyrste traktor 1987. Seter i Hinøgelslia og i Høl (setra som høyrde til Fosse, nedre). Fiskebu i Vinstervatna. Kolmile, dyregraver. Halvor var utruleg flink til å skrive. Skreiv flotte dikt og prologar. Det er også han som har skrive teksta til ein av Skåbu-songane, «Høgt og fritt med utsyn vidt, ligg Skåbu millom fjællom».
Eigar 1981-94: Asbjørn Veslum 1935 – son til Halvor Veslum 1912-93 og Marta Fosse (Nedre) 1912-97 – g 1960 m Kjellaug Berget, Vestre Gausdal 1932-2014 – dotter til Karl Berget og Karen Buom. Barn: 1) Toril 1961 gm Jonny Trandem: Ellinor 83, Ole Christian 86. 2) Steinar 1964. – Asbjørn kjøpte Fosse nedre i 1986 av Ragnar Fosse 1911-2005 gm Embjørg Kampesæter 1908-2000. Jorda er i bruk, men alle husa er borte. Ragnar og Embjørg bygde eige hus omlag 5 km frå Fosse.
Sysken til Asbjørn: 1) Gudmund Steinar 1937 gm Anne Lise Stenmo. 2) Rolf 1940 gm Kari Elisabeth Bodén. 3) Åse Reidun 1944 gm Harald Stø. 4) Svein 1950 gm Julianne Karin Andersen. 5) Terje 1960 gm Kari Stensrud.
Eigar frå 1994: Steinar Veslum 1964 – sbm Gunvor Viker, Øyer 1968 – dotter til Arve Viker 1932 og Marie Aarnes 1937. Barn: Martha 1996, Fredrik 1997. – Steinar er produksjonsrådgjevar ved Østlandsmeieriet på Vinstra.
Svenstugu (Svendsli) 204/24 og 70
Samla areal: 116 da. Kyr til 1950. Gardsbruket vart rydda og bygt av ein Svein Jakobsen (f. ca. 1778) om lag 1820. Svein budde på Sandbakken da han gifta seg med Thore P. Volden frå Vågå i 1804. Tunet flytta lenger opp ca. 1838. Heimen kalla for Baklia i 1865. Fråskilt Øvre Fosse i 204/5 i 1931. Iver Poulsen Baglien, som ein finn som brukar i 1865, rydda seg seter i Hamn på 1830-talet. Setra tilhøyrde bruket til 1886. I dag er dette setra til Oppdal 207/30.
Eigar frå 1967: Liv Ingrid Olsen Svendsstuen 1920-96 – dotter til Ole Ottesen Olsen, SF 1890-1943 og Berte O. Svendstuen 1895-1964.
Liv tok over etter den ugifte morbroren Anton Svendstuen 1897-1967 (son til Erland O. Sæther 1858-1944 og Anne Paulsdtr. Svendsstuen 1874-1929). Etter Liv Ingrid vart brordottera ny eigar.
Eigar frå 1997: Bjørg Engevold, Sel 1944-2018 – dotter til Asbjørn Einar Olsen 1916-88 og Thora O. Rønningen, Skåbu 1922-94 – g 1970 m Ivar Hjalmar Engevold, Vestre Slidre 1949-2022 – son til Sverre Engevold, Kapp på Toten 1922 og Inga Strand 1925. Barn: Tom 1963 (sivilingeniør i oljeindustrien, bur i Stavanger). – Bjørg var kjøkenassistent, Ivar var industrikonsulent og budde på bruket.
Søreng 213/19
Samla areal: 572 da. Kyr til 1979. – Fyrste traktor 1955. Skåbu Hytter og Camping. Bureising. Lauritz og Magnhild bygde opp bruket og campingplassen. Jorda fråskilt Megarden 213/1. Les meir om bureisarane her: https://fronhistorielag.com/2014/06/12/kreative-bureisarar-i-skabu/
Eigar 1938-94: Lauritz Sandbakken 1913-2009 – son til Ludvik Sandbakken 1887-1971 og Ragna Graupe 1892-1982 – g 1936 m Magnild Berget 1916-95 – dotter til Paul Berget 1888 og Ragna J. Granslåen 1893. Barn: 1) Reidar 1937 gm Reidun Rud. 2) Lodvar 1940 gm Torlaug Veslum. 3) Else Marie 1944 gm Kristian Maurstad. 4) Lars 1950. 5) Per Steinar 1957-77. Lauritz selde.
Eigar 1994-2020: Arne Evjen, Nedre Eiker 1948 – son til Olaf Evjen 1923 og Nelly Johannessen 1924 – g 1976 m Arnhild Tokvam 1952 – dotter til Tor Tokvam 1923 og Signe Berget 1928. Barn: Elin 1978, Mina 1989. – Arnhild arbeidde i bank. Arne selde.
Eigar frå 2020: Kenneth Svastuen 1989 og Anna-Lena Vaterland 1992. Dei bur på gardsbruket.
Vassrud 213/20
Samla areal: 93 da. Kyr til 1961, sauar til 1965. – Fyrste traktor 1982. – Bureising, Torvald Kappelslåen kjøpte grunn frå Megarden i 1938 og rydda bruket.
Eigar 1938-54: Torvald Kappelslåen 1907-83 – son til Anton Teigøyen 1889-1972 og Petra Kappelslåen 1886-1982 – gm Ragnhild Rusten, Lillehammer 1901-82 – dotter til Ole Rusten, Ø. Gausdal og Oline Sæther, NF. Barn: 1) Ingmann 1929-2010 gm Berta Fosse. 2) Karsten 1934.
Eigar 1954-87: Karsten Kappelslåen 1934-2017 – var gm Oddrun Hagevold, Dovre 1936 – dotter til Ola J. Hagevold 1901 og Magnhild Øverjordet, Heidal 1904. Barn: Tom Ove 1958. – Familien flytta til Elverum i 1965, men Karsten kom heim att i 1993 og budde på bruket.
Eigar frå 1987: Tom Ove Kappelslåen, NF/Elverum 1958 – g 1992 m Lillian Flateng, Dovre 1969 – dotter til Sigmund Flateng 1940 og Oddveig Sillibakken 1949. Barn: Joachim 91, Cecilie 94. – Tom Ove arbeider i NSB. Han eig også Hågåvoll på Dovre, men bur på Brennhaugen på Dovre. Feriestad.
Veslemoen 203/4
Samla areal: 327 da. Kyr til 1971. – Fyrste traktor 1977, høytørke. Fiskebu ved Nedre Hersjø. Opprinneleg husmannsbruk under Veslum. Etter Storofsen i 1789 er det nemnt ein Joen Lillemoen, som da hadde mista all jordvegen. Bruket, som heitte Jobakken, låg truleg lenger ned og nærare Kamsbekken. Han flytta da bruket og kalla det Joplassen. Kjempeskredet Jodalen er kalla opp att etter han.
Eigaren frå 1838, Ola E. Moen f. 1801 gm Ragnhild Hansdotter Tangen, Kvam, flytta fyrst tunet ein gong noko lenger opp, og til slutt dit Vetlmoen ligg i dag. Dette var på grunn frå Kampeseter, nørdre. Ola står også som eigar av Nørdre Kampeseter både i 1838 og 1865. Etter dette var Vetlmoen rekna for eit av Kampeseter-bruka. Ola hadde ein bror som også heitte Ola f. 1799. Han vart brukaren på Moen og vart ofte kalla «Stormoin», medan Ola som heldt til her, fekk namnet «Vetlmoin». Derav namnet Lillemoen eller Vetlmoen. Ola og Ragnhild hadde tre barn: Ellev f. 1838 gm Kari Olsdtr. Varpestuen, Kari f. 1842 og Ola f. 1845 gm Anne Olsdtr. Hågå, Kvikne. Kari hadde dottera Oline f. 1864 med Hans Hansen Flåtå, Sør-Fron. Oline fekk sonen Kristian f. 1888 (sjå nedanfor) med Sigvart Larsen (budde på Lillehammer) f. 1863.
Kampeseter er i 1865 oppdelt i 4: Midtre, Nørdre, Søre og Kolhusmoen. Midtre blir seinare flytta til der Vetlmoen er i dag. I Midtre budde i 1865 legendariske «Gammelsætrin», Ole O. Rusten 1812-86. Han var ein god felespelar og spelte mykje til dans. Det finst også nokre gode leikar etter honom. I 1875 bur han i Nørdre Sæteren. I 1875 blir Vetlmoen kalla berre for Sæteren og Kampesæter i 1891, 1900 og 1910. Den nemnde Kristian kallar seg for Lillemoen da han giftar seg med Hanna Hamrom i 1921 (sjå nedanfor).
Eigar 1965-2002: Kåre Eriksen 1937-2008 – son til Simen Eriksen, Gausdal 1912 og Astrid Moe 1912-1983 – g 1960 m Bjørg Berge, Kvam 1939 – dotter til Gunnar Berge 1912 og Olga Nyborg 1915. Barn: 1) Terje 1961. 2) Lilian 1964 gm Hans Petter Haugsrud: Ingrid 90, Erik 92. – Sysken til Kåre: Anne Gerd 1937-85 gm Hans Hysjulien. Kåre og Anne Gerd voks opp på gardsbruket. Kåre kjøpte gardsbruket i 1965 av fosterforeldra Kristian Sigvartson Lillemoen 1888-1969 gm Hanna Hamrom 1900-79.
Eigar frå 2002: Terje Eriksen 1961 – sbm Tove Fossmo. Barn: Anine 1999. Terje er sjåfør hjå Øyen Transport, Vinstra.
Veslum nørdre 201/2
Samla areal: 1645 da + sameige med Veslum, søre og Kappelslåen: 1646 da. Kyr til 1965. Seter i Hinøgelslia. Fiskebu ved Nedre Hersjø. Opphavsgarden, Olstappen, eigde nedre del av fiskevatnet Olstappen frå gamalt av. Olstappen vart truleg delt i Nørdre og Søre Veslum i 1781, og gardane fekk kvar sin del av fiskevatnet. Truleg ein av dei eldste gardane i Skåbu. Den legendariske fjell – og veidemannen Ole A. Veslum 1875-1953 var frå her. Gm Ane H. Langvegg 1874-1957. Foreldra til Gunda f. 1903 (sjå lenger ned). Den fyrste i slekta her var Amund Jenssen Slåen f. 1788. Han kjøpte garden av Torger Lodversen Ottarsløkken i 1811. Amund var tipp-tipp-tipp-oldefar til Gunda Slåen (sjå nedanfor).
Eigar: Gunn Eilefstad Haugen 1952 – dotter til Sigurd Eilefstad 1927 og Åse Slåen 1928 – g 1982 m Gunnar Haugen, Vågå 1956 – son til Ivar Haugen 1931 og Else Holen 1934. Barn: Linda 1982, Pål 1984.
Eigaren tok over i 1990 etter mormora Gunda Veslum 1903-91 gm Torvald Slåen 1903-79. Åse og Sigurd flytta til Moss i 1965.
Sysken: 1) Anny 1957 sbm Øyvind Simensen: Mari 78. 2) Tone 1959 sbm Per Lyshaugen: Alexander 87. Eigaren bur i Vågå. Feriestad.
Veslum søre 201/3
Samla areal: 964 da + sameige med Kappelslåen og Veslum, nørdre: 1646 da. Sauehald. – Fyrste traktor 1969, vatning. Seter i Høl, rydda og bygt av Halvor I. Fosse f. 1798. Halvor, som var bror til Fredrik på Nedre Fosse, kjøpte Søre Veslum i 1835. Dei vart setergrannar. Omgangsskule til 1908. Oppgangssag i eldre tid. Dyregraver, branngraver. Opphavsgarden, Olstappen, eigde nedre del av fiskevatnet Olstappen frå gamalt av. Olstappen vart truleg delt i Nørdre og Søre Veslum i 1781, og gardane fekk kvar sin del av fiskevatnet. Ein av dei eldste gardane i Skåbu.
Eigar 1941-77: Iver H. Veslum 1910-96 – son til Anton I. Veslum 1885-1970 og Sina Christiansdotter Heide 1886-1970 – dotter til Johan Christian Heide f. 1851 og Thore S. Tungen f. 1857 – gm Klara Nordlien 1909-84. Barn: 1) Arne f. 1936. 2) Magda f. 1938. 3) Sigrid f. 1942. 4) Ola 1944-2022. 5) Torbjørn 1948-2019 (neste eigar).
Sysken til Iver: 1. Halvor 1912-93 gm Marta Fosse (Nedre) 1912-97. Barn: Asbjørn f. 1935, Gudmund Steinar f. 1937, Rolf f. 1940, Åse Reidun f. 1944, Svein f. 1950, Terje f. 1960. (Sjå elles Strandli 201/8). 2) Tor 1918-2015 g1m Anna Teigøyen 1916-61. Barn: Solveig f. 1939, Randi f. 1943, Asbjørg f. 1947. Tor g2m Inger Varpestuen f. 1941. Barn: Tove f. 1963, Tor Arne f. 1973 (sjå Åset 209/12). 3) Ragnar 1918-2012 g1m Unn Vogt 1921-2004 (sjå Reiret 201/14). Barn: Odd f. 1944, Andreas f. 1946, Grete f. 1953. Ragnar g2m Ruth Olsen f. 1930. 4) Sverre 1921-2018 gm Aslaug Viken 1922-2014. Barn: Atle 1949-2011, Trond f. 1954.
Eigar 1977-2010: Torbjørn Veslum 1948-2019 – g 1979 m Turid Lunn, Gjøvik 1948 – dotter til Ottar Lunn 1916 og Tordis Brennum 1921. Barn: Anette 1980, Audhild 1982, Iver Ottar 1984.
Eigar frå 2010: Iver Ottar Veslum 1984. Bur på garden.
Vestad (Blestermyra) 205/8
Samla areal: 226 da. Kyr til 1961. – Fyrste traktor 1953. Fiskebu i Øyvassosen. Jarnutvinning i eldre tid. Bureisingsbruk, fråskilt Hysjulien 205/1 i 1937, og Hans Vestad tok til å rydde. Dei kjøpte oppdyrka myr frå Kantrud etter den andre verdskrigen.
Eigarar 1938-76: Hans og Berte Vestad. Hans, Åmot i Østerdalen/Røros 1890-1961 – son til Hans Vestad og Emilie Olsdtr. frå Jemtland i Sverige – g 1920 m Berte Kappelslåen 1899-1989 – dotter til Iver P. Kappelslåen og Ingeborg P. Lien. Barn: 1) Inga 1921. 2) Oddlaug 1923-2018 gm Bjarne Stenshagen (sjå Skinnehaugen i SF). 3) Hedvig 1933 (Sjå Skinnehaugen). 4) Hans 1938-2007 gm Sigrun Bruvang: Elin 65, Helle 68, Dag 72. 5) Bertha 1938 (tv) gm Bjørn Åstorp.
Eigar 1976-2000: Inga Vestad Fedje 1921-2000 – g 1962 m Bjarne Fedje, Romsdal 1926-97 – son til Ole J. Fedje 1876 og Helga Amanda Brevik 1900. – Bjarne var bilmekanikar.
Eigar frå 2000: Bertha Vestad Åstorp 1938 – gm Bjørn Åstorp: Jonny 58, Heidi 65, Lorang 66, Lene 67. Feriestad.
Vesteng 208/10
Samla areal: 128 da. Bureising, Emil Heide rydda her i 1928 på grunn frå Bakkerud 208/1. Kyr til 1968. – Fyrste traktor 1984, høytørke. Seter i Hinøgelslia. Fiskebu på Åkre. Kåre Risdal kjøpte den gamle Slåsetra i 1975. – Utleige på garden.
Eigar 1958-87: Kåre Risdal 1923-90 – son til Johan Risdal f. 1888 og Mari Stensrud f. 1888 – g 1947 m Kristine Heide 1924-2019 – dotter til Emil Heide 1897-1985 og Petra Slåen 1892-1982. Barn: 1) Eldbjørg 1947 gm Lars Eikre: Rune 1974, Kristian 1977, Lars Erik 1985. 2) Karin 1952 gm Bjarne Tveitt: Olav Tarkjel 1980, Kristin 1985. 3) Per 1956. Kåre tok over etter Emil Heide.
Eigar frå 1987: Per Risdal 1956 – var gm Gunlaug Helgaseth, Heddal i Telemark 1954 – dotter til Alf Helgaseth 1925 og Hildur Dahle 1924. Barn: Hanne Kristine 1980, Kari Anne 1989. – Per er no smb Hanne Kvamme og har vore karriererådgjevar ved Karrieresenteret på Vinstra. Hanne er verksemdsleiar ved Sundheim Bo – og Treningssenter.
Vestre 212/9
Samla areal: 920 da. Fråskilt Nedre Skåbu i 1917. Iver Vestre rydda garden rundt 1920 og bygde seter i Finnbølet rundt 1930. Iver forpakta Nedre Skåbu 212/1 på den tida han begynte å rydde her. Kyr til 1966. – Fyrste traktor 1985. Dyregraver i utmark.
Eigar 1955-69: Ivar Westre 1905-95 – son til Iver Vestre (Sørøyen) 1876-1953 og Marit J. Moen 1866-1957 – g 1932 m Magnhild Sandbakken 1915-93 – dotter til Gunder Sandbakken og Mathea Risdal. Barn: 1) Målfrid 1932 gm Kjell Klemmetsrud: Guri 59, Mette 60, Jarle 64, Kjellfrid 62, Arild 66. 2) Gunnar 1934. 3) Ingar 1938 gm Ragnhild Stensby: Iver 64, Bjørn 65. 4) Margit 1942 gm Finn Bekkelund: Fanny 63, Robert 64, Bente 66, Egil 67, Jonny 68.
Eigar frå 1969-2021: Gunnar Westre 1934-2021 – g 1955 m Reidun Solvang, Sømna i Nordland 1932-2015 – dotter til Martin Solvang 1901 og Ruth Sund 1903. Barn: 1) Stig 1955 gm Anna Rockett, Irland: Cecilia 92, Josefine 95, Tore Thomas 96. 2) Tore 1968-87. – Gunnar var fabrikkarbeidar (Krogenæs) og møbelsnikkar, Reidun var serveringsdame. Gunnar og Reidun flytta til Vinstra rundt 2013. Gammelstugu er utleigd.
Vetlstugu 212/20
Samla areal: 111 da. Kyr til 1948. Dyregraver, branngrav.
Eigar frå 1939: Per Johnsgard, Heidal 1884-1975 – son til Ola Johnsgard og Eldrid Steinstuen – g 1913 m Ingeborg Rønningen 1891-1940 – dotter til Ola J. Rønningen f. Graupmoen 1864 og Tora I. Baklien 1867. Ola og Tora budde på Grindbakken i 1891, eit bruk under Nigard Graupe. I 1910 bur dei i Rønningen 219/2 og hadde teke namnet etter bruket. Barn: 1) Ottar 1914-94 gm Karen Dahlen, sjå Pynten. 2) Oddmund 1918. – Bruket vart truleg rydda av ein Johan Amundsen Langvegg i andre halvdel av 1800-talet. Johan f. 1841 – son til Amund J. Langvegg f. 1813 og Kari S. Svendstuen f. 1812. Johan kom seinare til Blekastad. Faren, Amund, rydda nabobruket, Langvegg. Far til Amund, John A. Haavstuen f. ca. 1789 (Ruste), begynte å rydde Langvegg (nordre) i Espedalen. – Vetlstugu vart utskilt frå Bakliteigen 212/13 i 1938. Teigen høyrde opprinneleg til Skåbu, øvre 212/2. Renaldor Stensrud selde til Nord-Fron kommune i 1919. Det stod ikkje att hus der og jorda var brakk da Per kjøpte jorda av kommunen i 1939. Budde på Randen, øvre i 1929, og var kome til Vetlstugu i 1933.
Eigar 1958-86: Oddmund Johnsgård 1918-2001 – g 1944 m Inga B. Lien, Sel 1921-2013 – dotter til Bernt Lien og Ragnhild Sorthullet. Barn: Ingebjørg 1944.
Eigar frå 1986: Ingebjørg Varpestuen 1944 – g 1963 m Ingemann Varpestuen 1938-2013. Barn: 1) Laila 1964 sbm Odd Jørgensen: Kim Andre» 94. 2) Vidar 1965: Stefan 90. Vidar sbm Sissel Melgård: Tomas 93, Andreas 98. 3) Frank 1969 sbm Marit Stasviken: Jørgen 2001, Ronja 2003.
Eigar frå 2010: Frank Varpestuen. Han eig også Varpestuen i Tverrbygda og bur der. Vetlstugu er feriestad.
Vaal 201/30, 212/13 og 225/10
Samla areal: 2830 da. Sauehald. Bureising, rydda av Trygve Løkken i 1942 på grunn frå Veslum, søre. Trygve kjøpte Bakliteigen 212/13 av Nord-Fron kommune i 1954. Kyr til 1975. – Fyrste traktor 1959. Seter på Storhøliseter (Melbysetra). Utleige på setra. Setra er frå 1735, bygt på eit gammalt feleger like ved ein gammal fjellveg, kalla «Valdres-vegen». Høyrde opprinneleg til Melby i Kvikne. Rydda og bygt av Johannes Olsen Kongsli. Trygve Løkken kjøpte setra av Ola og Mathea Aasmundstad, nørdre i 1940. Skøyte frå 1943. Det hadde seg slik at Mathea var frå Melby og hadde teke over denne setra i 1925, og såleis kom ho under Aasmundstad, nørdre. Dei brukte setra frå sist på 1920-talet til ca. 1940. Aasmundstad hadde derfor to setre i denne perioden. I dag setrar dei på Steinsetra.
Eigar 1943-85: Trygve Løkken 1910-89 – son til Peter Tobiasen Løkken (Klypen) 1870-1952 og Karen J. Været 1875-1951 – gm Karen Tøfte 1919-98- dotter til Halvor Tøfte 1888-1962 og Petra I. Lunde 1888-1973. Barn: 1) Kari 1941-2001 gm Øystein Fredriksen: Roy Henning 61, Janne 68. 2) Marit 1945. Neste eigar. 2) Berit 1948-2016 gm Sigmund Vassend: Ane Henriette 74, Sjur Trygve 75. 3) Tove 1958.
Eigarar 1985-2004: Marit og Bjørn Rasmus Groven. Marit 1945 – gm Bjørn Rasmus Groven, Vågå 1938-2010 – son til Olav Groven 1902-64 og Sigrid Weggesrud 1912. Barn: Karen Synne 1971, Inger Anne 1974, Trygve 1977. – Marit var lærar og Bjørn Rasmus var fjelloppsynsmann.
Eigar frå 2004: Trygve Groven f. 1977 gm Gunn Øyberg, Skjåk. Barn: Mathea 2011, Mariell 2014 og Bjørn 2017. Bur på gardsbruket.
Øygarden 207/7 og 257/2 (nedlagt og fråflytta)
Samla areal: 1171 da. Kyr til 1954. – Fyrste traktor 1966. Seter på Haugasetra i Espedalen. Gardssag, laftehall. Dyregraver, branngraver. Fråskilt Dalen i 1902, Johannes Dalen selde til Torger J. Blekastad (far til Aksel). Eigedomen var da eit udyrka slåtteland, der Torger dyrka opp og bygde opp husa. Garden vart fråflytta rundt 1970 pga. rasfare og husa vart rivi. Jorda blir leigd bort. Tor bygde hus 5 km frå garden.
Eigar 1981-2008: Tor Blekastad 1943-2021 – son til Aksel Blekastad 1901-89 og Kari Storbakk 1919-2005 – g 1968 m Gudveig Skjelsvold, Vestre Gausdal 1940 – dotter til Jalmar Skjelsvold 1911 og Oluffa Nessethaugen 1912.
Eigaren tok over i 1981 etter faren. Tor selde garden.
Sysken til Tor: 1) Kjell 1944-2008 gm Else Nystuen: Elin 1963, Jon 1967, Rune 1971. 2) Lars 1949. 3) Annie 1951 gm Arne Janson: Emma 1987. – Tor var snikkar og kona jobba som hotellarbeidar.
Eigarar frå 2008: Karin H. Midtenget 1965, Espen Midtenget 1984, Kjetil Midtenget 1988 og Ove Midtenget 1959.
Åland 207/19 og 213/44
Samla areal: 345 da. Bureising, rydda av Torvald Dalsheim i 1936 på grunn frå Dalen. Han kjøpte jord av Ivar Dalen. Kyr til 1978. – Fyrste traktor 1956, vatning. Dyrkingsfelt og kvilebu på Hattdalen. Fiskebu i Øyvassosen.
Eigar 1964-91: Reidar Dalsheim 1922-2015 – son til Torvald Dalsheim 1888-1981 og Elise Tarud, Østre-Gausdal 1890-1987 – g 1944 m Anne O. Veslum 1916-90 – dotter til Ole A. Veslum og Ane H. Langvegg. Barn: 1) Tor 1944. 2) Rolf 1950 gm Aud Unni Kvalen: Ina 1979.
Eigar 1991-2021: Tor Dalsheim 1944-2021 – g 1964 m Liv Marie Kirkeeng, Sør-Fron 1944-2023 – dotter til Bjarne Kirkeeng 1919 og Magnhild Skansgård 1925. Barn: 1) Grethe 1964 gm Stein Rune Bakke: Ida Christine 92. 2) Tormod 1968. Tor var driftsassistent.
Eigar frå 2023: Tormod Dalsheim 1968 – var sbm Helga Irene Finsrud 1966 – dotter til Jon Finsrud, Vestre Gausdal 1933 og Anne Marie Lohaugen 1938: Malin Therese 90, Kristian 93. Tormod, som bur på staden Tuva, er salsansvarleg i Leviat Norge. Malin Therese bur på bruket.
Åset 209/12
Samla areal: 77 da. Bureising, rydda av Olaf Risdal på slutten av 1930-talet. Fråskilt Risdal, nørdre i 1938. Kyr til 1972. – Fyrste traktor 1987.
Eigar 1967-83: Håkon Risdal 1899-1983 – son til Torger T. Risdal 1852-1934 og Kari I. Nistuen Skåbu 1857-1939. Håkon tok over etter broren Erling Risdal 1897-1967, som igjen hadde teke over etter broren Olaf 1897-1970 gm Jenny Holshagen, Lillehammer 1899-1969. Bruket vart selt frå Håkon Risdal sitt dødsbu.
Eigar 1986-2000: Marit Brekken, Drøbak 1951 – dotter til Johan Brekken, Tretten i Øyer 1919-81 og Astrid Hagen, Nord-Fron 1924. Barn: Christel 1978. – Marit jobba som frisør.
Eigarar frå 2000: Christel Brekken 1978 – sbm Tor Arne Veslum 1973 – son til Tor Veslum 1918-2015 og Inger Varpestuen f. 1941. Barn: Celina 2006, Tuva 2009. Bur på bruket.
Åsland 213/26
Samla areal: 100 da. Kyr til 1964. Bureisingsbruk, fråskilt Megarden 213/1 i 1934, rydda av Harald Åsland.
Eigar 1946-74: Harald Åsland (f. Mellemsdokken) 1913-95 – son til Hans Mellemsdokken 1876 og Marit Haugamo 1883 – g 1941 m Eldri Bergljot Sæther 1910-93 – dotter til Erland Sæther 1858 og Gina Myrhaugen 1874. Barn: 1) Gunhild 1941. 2) Liv 1943. 3) Else 1947-90 gm Arne Gaukerud.
Eigarar frå 1974: Gunhild Nybø 1941 og Liv Hamre 1943. – Gunhild g 1977 m Inge Nybø, Sel 1942 – son til Kristian Harlaugseter 1899 og Signe Søbstad 1907. – Liv g 1963 m Ernst Harald Hamre 1934 – son til Haltan Tjøstolvsen 1896 og Elisabeth Hansen 1895. Barn: Atle Hermann 1964. – Gunhild jobba på Mesna Trykk og bur på Lillehammer, Liv var barnehageassistent og bur i Oslo. Feriestad.
Nokre andre bruk og plassar i Skåbu som enten var oppført i Norske Gardsbruk 1953, var rydda før, og/eller gamle setre/stader som er busett eller brukt som feriestad/buplass i etterkrigstida. Eller plassar der det har foregått særskilte aktivitetar:
Bakkabua 225/3
Samla areal: 21 da. Bakkabua, som ligg like ved Slangen seter, vart bygt av Johannes J. Bakken 1808-80. Han var mest truleg sonen til Johannes J. Muriteighagen frå Sør-Fron. Johannes sel bua si til gardane Melby og Nordgard Harildstad i 1875, men i kjøpekontrakta ser det ut til at han skal disponere plassen så lenge han klarer. Staden høyrde til desse gardane frå gamalt av. Han var nok her berre i samband med jakt og fiske, for ein finn han på Kvålsøya, nørdre i 1875. Da er han titulert som «logerende fisker», og det er på Kvålsøya han døyr som innerst og ugift i 1880.
Bruket vart skyldsett og matrikulert i 1899. Bakkabua vart da fråskilt Melby og N. Harildstad og selt til Johannes A. Fosse f. 1848. Det var heilt sikkert rift om denne plassen da den ligg lagleg til for både jakt og fiske. I 1920 bur Johannes A. Fosse her saman med syskena Tora f. 1841 og Marit f. 1856. Dei er titulerte som rentenistar. Seinare dyrka Anton M. Fosse 1895-1975 (eigar frå 1923) opp ein del. Anton gift med Karen Granslåen 1904-92. Barn: Rolf og Målfrid (neste eigarar). Bakkabua vart fråflytta omkr. 1940. Johannes Fosse var farbror til Anton. Anton var samvirkelagsstyrar frå 1920 til 1958.
Eigarar frå 1974: Rolv Fosse og Målfrid Pladsen (Fosse). Rolv Fosse 1944 gm Anne-Lise Johnsen, Bærum 1943. Dei bur på Harestua og bruker Bakkabua som feriestad. Her er det 14 da jord, våningshus, eldhus, stugu, låve og naust. Systera Målfrid 1933 gm Reidar Pladsen 1927, busett i Oslo, eig 7 da skog der det er hytte, naust og skåle. Rolf og Målfrid eigde også Skarpsno, der dei vaks opp. Sjå Skarpsno.
Bakkestugu (øvre) 206/5
Samla areal: 0,4 da. Da Kampesetra vart delt i fyrste halvdelen av 1800-talet, var det Vetlmoen og Kolhusmoen som vart eigarar av jordvegen nærast Kamsfossen. Det som Kolhusmoen eigde vart heitande Kolhusmobakkin, og det som kom under Vetlmoen vart Strombakkin. Her var det at øvre og nedre Strombakkstugu vart bygt. I daglegtala var dei nemnt som øvre og nedre Bakkestugu. Desse heimane var da husmannsbruk under Vetlmoen. Nedre Bakkestugu er truleg den eldste av dei. Det var folkelaust der da utbygginga av fossen byrja i 1917, og stova vart nytta som smie under utbygginga. Så vart stova rive og ein maskinistbolig (Budalen) kom opp like ved der stova stod. Da staten kjøpte fallrettane til Kamsfossen i 1907, følgde Strombakkin og båe desse heimane med i handelen.
Bakkestugu-bruka er ikkje nemnde før i folketellinga for 1900. Kristian Hansen f. 1872 – son til Hans A. Slåstuen og Berit O. Rullut frå Kvam, bur da i Øvre Bakkestugu saman med kona Mari Ø. Strombakken f. 1856 – dotter til Østen O. Buom og Kari Iversdotter frå Heidal. Det er sagt at det var Mari som bygde Bakkestugu. Felles barn: Berte 1893 (f. på Strombakken), Olav 1895. Dei reiste til USA i 1909. I 1916 flytta Karen Ø. Jenssæteren (Geitryggen) f. 1859 (syster til Mari) til Bakkestugu, saman med dottera Rønnaug f. 1895. Far til Rønnaug var Ola P. Kappelslåen f. 1860. Karen og Rønnaug hadde tidlegare budd i Sagbua, ein plass på andre sida av Kamsfossen (rett sørvest for demningen, på lag der bilvegen går i dag). Namnet kjem av at det stod ei oppgangssag like ved der, og sagbua var opprinneleg kvilebrake for arbeidarane ved saga. Dei fekk bygt ny stove i Bakkestugu i 1928. Rønnaug 1895-1994 tok namnet Sagboden etter den fyrste plassen ho budde på, og budde aleine i Bakkestugu etter at mor hennar døydde i 1947. Ho gifta seg i 1921 med Ole A. Syverhuset (Øybekken) f. 1888, men han døydde allereie året etter. Ho var ein svært ivrig kyrkjegjengar og testamenterte derfor alt ho eigde til soknerådet i Skåbu. I dag fungerer Bakkestugu som museum og ein stad der den oppveksande slekt kan lære om gamle handverkstradisjonar, og høyre om korleis livet var på ein husmannsplass. På den måten held ein óg minnet om ho Rønnaug levande. Som nemnt så var Bakkestugu husmannplass og Rønnaug betalte årleg leie til Veslemoen 203/4 heilt fram til ho gjekk bort i 1994. Ein kan derfor trygt si at Bakkestugu er den siste husmannsplassen i Skåbu, ja sikkert i heile Noreg også! Les meir om Rønnaug her på heimesida og sjå Norge Rundt-innslag om ho frå 1992. Du kan også lese meir her: https://skabu.com/bakkestugu/
Vinstra kraftselskap overtok og restaurerte eigedomen etter at Rønnaug døydde. Kraftselskapet selde så att til soknerådet for ei krone!
Festekontrakt frå 2013: Skåbu sokneråd.
Bestefarstallen (Birkeland) 204/157
Samla areal: 26,6 da. Fråskilt Nedre Fosse 204/4 i 1976. Grunnboksheimel til Ragnar Fosse 1911-2005 i 1938. Nedre Fosse vart nedlagt og fråflytta i 1973 pga. rasfare. Les meir om Nedre Fosse lenger opp på sida.
Eigar frå 1978-89: Ragnar Ingolf Birkeland 1931-2005 og Unn Turid Birkeland f. 1945. Far til Ragnar, Ingolf Severin Birkeland, Lund i Rogaland 1900-81, starta opp Bestefarstallen Rideskole i Sarpsborg i 1946. Han hadde seks års ryttarutdanning, og han blei kalla bestefar av elevane sine. Derfor namnet Bestefarstallen. Elles hadde han vore kaptein i forsvaret. I 1973 leigde dei nabogarden Moen på åremål og starta opp med rideskule i samarbeid med Kampeseter Fjellstue. I 1975 fekk Birkeland kjøpt naboeigedomen Fosselykkja. Her blei det bygt ridebane og kjøpt inn ein del gamle hus. Frå Nedre Fosse fekk dei også kjøpt ein del av den gamle hovudbygningen og ein stall. Eine delen av våningshuset blei privatbustad og den andre blei til hytte. Til hovudbygning fekk Birkeland tak i ein toetasjes kapteinsgard frå Toten. Den er frå 1700-t. Denne skulle romme spisesal, peisestove, salong, kjøken, resepsjon og overnattingsrom. Elles fekk han kjøpt eit fjøs frå Perslåa, sauefjøs og stove frå Moen blei til utleigehytter, samt ein gammal låve frå Murudalsseter. Dette i tillegg til nybygget «Skråbua», eit sovehus grave inn i bakken. Bestefarstallen Ridesenter og gjestegard stod ferdig i 1987, og totalt kunne staden ta imot ca. 50 gjestar. Rideskulen i Sarpsborg dreiv dei samtidig, men i sommarhalvåret foregjekk aktiviteten i Skåbu. Det var Ingolf Severin og Unn Turid som dreiv med rideinstruksjon.
Eigar 1990-1993: Auksjonsskøyte til Sparebanken Østfold, Fredrikstad.
Eigar 1993-2003: Torfinn Strømstad f. 1953. Han kosta også på staden betydelege summar, men budde ikkje der. Han og familien bur på Vinstra.
Eigar frå 2003: Bryn Ventilasjon A/S. Dei bruker Bestefarstallen som firmahytte og feriestad.
Brennhaugslåa 209/4
Samla areal: 26 da. Opprinneleg seter til Bakkerud. Det var truleg ein frå Bakkerud som rydda Brennhaugslåa. Ho er nemnt under Bakkerud i matrikkelen for 1866, og er da berre brukt som slåtteland. Sidan kom Brennhaugslåa under Nørdre Risdal til 1901. Da kjøpte Amund Haugen f. 1863 plassen og flytta dit med huslyden sin. Han var gift med Ane Reiret f. 1866. Dei fekk borna: 1) Ingeborg 1898-1992 gm Ola I. Kappelslåen (sjå Kappelslåen). 2) Marit 1901-60. Ho fekk sonen Kristian (Brendhaugslåen) med Ole H. Hamrom i 1922. Kristian blei gm Maria Slåstuen, Tverrbygda. Han mista livet under Vinstra-anlegget i 1959. 3) Gustav 1904-42 (sjå under). 4) Anna 1910-90 (gift med Pål Bekkemellem. Sjå Langset). Gustav vart gm Marit O. Dalen f. 1897. Sonen til Gustav og Marit, Odd Haugen 1938-1998, var gm Jenny Voldsrud. Brennhaugslåa var fast bustad til 1970. Dei gamle husa er borte, men det er bygd ei hytte på eigedomen.
Eigar i dag er sonen til Odd og Jenny, Geir Haugen f. 1964 gm Nina Haverstad. Barn: Marit f. 1997 og Marte f. 2000. Geir og Nina bur på Vinstra. Feriestad.
Dalvang: 207/13 («Krogenæs-palasset»)
Totalt areal: 10,2 da. Fråskilt Øygarden 207/7 i 1918. Skøyte frå Petter T. Fosse og Torger Blekastad til Erland Kampesæter (1875-1923) i 1919 på hus og eigedom. Erland – son til Ole T. Vorkinn f. 1831 og Mari Erlandsdotter Kampesæter f. 1837. Stugu stod på lag der «Krogenæs-palasset» no ligg. Fjøset låg nærare nørdre Hellåa. Det har vore herma slik etter han Erland da skulle sette opp dette fjøset: ”Det e gjort på’n helv time de”. ”Har du materiale da”, spurde han Ellev Moa. Nei, han Erland hadde ikkje det. ”Det e fale’ for ’n går me timin da”, svara han Ellev. Erland Olsen Kampesæter vart gift med Ane Olsdotter Saghaugen frå Gausdal (1874-1921). Dei hadde dottera Agnes 1905-2000 og sonen Edvard 1914-69. Erland reiste til USA i 1905 og Agnes vart fødd i Minnesota seinare på året. I folketellinga 1910 bur dei på Nylund, det som i dag er Skåbu skole. Edvard vart fødd der i 1914. Erland er nemnt som inderst, dagarbeidar og jegar. Han døydde på Dalvang i 1923. Ane er titulert som syerske. I 1920 bur dei på Dalvang. Agnes gifta seg med Anton Eriksen Løften 1896-1967. Dei flytta til Arvika i Sverige. Agnes, Anton og Edvard Kampesæter selde Dalvang til Oslo-mannen og møbelpioneren Ragnvald Krogenæs i 1957. Ragnvald 1907-69 gm Else Eberhart Olsen 1908-90. Ragnvald bygde opp Krogenæs møbelfabrikker. Stugu på Dalvang vart da flytta til Nausterlona ved Vinsterflya, der Krogenæs bygde opp ein feriestad på 1960-talet. (Sjå dokumentar om Ragnvald Krogenæs her på nettsida vår. Berre søk på Ragnvald Krogenæs i søkemotoren vår).
Etter at Erland Kampesæter døydde, kom Hans O. Grosberghaugen 1890-1955 med huslyden sin. Hans g1m Maria Lillebekkhaugen 1884-1910. Barn: Anna f. 1908 og Johannes f. 1910. Hans g2m Mathea Været 1900-73. Barn: Olav 1922, Halvard f. 1923 (sjå Dalsheim), Maria f. 1925, Knut 1927, Martha 1930, Magne 1934 (sjå Stigen, nedre), Oddmund f. 1936, Thor 1938 og Morten 1943. Hans og familien kjøpte seinare Stigen, nedre og flytta dit.
Seinare budde også Olaf M. Granslåen med familie der. Olaf 1917-2013 – son til Mathias O. Kampesæter f. 1870 og Matea J. Granslåen f. 1898 – gm Inga J. Vangen 1909-81, Sør-Fron. Barn: Oddvar f. 1939, Ivar 1944-2017, Vegard f. 1947-77 og Inger Marie f. 1949.
Eigar frå 1976: R. Krogenæs Salgskontor A/S.
Eigar frå 1991: Einar Kloster f. 1937.
Eigar frå 2016: Morten Sigval Bergesen f. 1974.
Feriestad.
Elvenes 201/6
Før Olstappen-reguleringa tok til på slutten av 1940-talet, låg Elvenes utanfor der allmenningssaga er i dag, der elva Vinstra renn ut i Olstappen. Etterpå vart alt borte.
Det var mest truleg Ola O. Megaarden f. 1852 som rydda her rundt 1890. Da heitte det Hågåøya («Hageøien»). Hågåøya er nemnt som overnattingsstad i «Den Norske turistforenings årbok» for 1893. Da står det «Håkåøen». Ein finn Ola her både i 1891, 1900, 1910 og 1920. Han var fyrst gift med Goro Iversdotter Nistugun Skabo f. 1851. Ho døydde i 1905 og han gifta seg opp att med Ingeborg P. Slåen f. 1871. I 1900 er Ola titulert som skogfut og i 1910 som skogvoktar og gardbrukar. Rett etter 1900 har det skifta namn til Elvenes, for i skøyta til Ola Megaarden i 1902 står det Elvenes. Da har han og Ingeborg fått borna Georg f. 1908 og Edmund f. 1909. I 1911 fekk dei dottera Olga og Iver Thedor i 1916. I 1920 bur Ola, Ingeborg, dei fire borna og mor til Ingeborg, Ingri Svendsdotter f. 1836 (frå Faukstadeige, Heidal), på Elvenes. Ho er forsørgd av fattigvesenet i Nord-Fron.
I 1922 kom Ola Askheim (1895-1954) og kona Kristine (1893-1944). Dei fekk døtrene Gudrun 1924-43, Aase 1926-89 og Olaug f. 1931. Ola og Kristine kom frå Eidsvoll, og han vart den fyrste styraren ved Elvenes dampsag og høvleri som stod ferdig i 1923. Dei hadde også fjøs, stabbur og nokre kyr. Han vart svært glad i bygda, og det er han som står bak ein av dei tre Skåbu-songane, «Attmed høgfjell og fly ligg Skåbu, millom Mukampen, Ruten og Skag», skrive i 1946. Dei flytta attende til Eidsvoll i 1948. Da måtte saga flyttast til Nørdre Hølmyra og Elvenes var ein saga blott. Ola, Kristine og Gudrun er gravlagde i Skåbu. Aase vart gift med Kristoffer Bøhn og budde i Ås i Viken. Olaug er gift med Tore Gaute Aas og bur også i Ås i Viken. Les meir om Elvenes i Fronsbygdin 2018. Der fortel Olaug om barndomen sin i Skåbu.
Songen som Askheim laga til Skåbubygda. Den går på tonen «Nyst munde det regne så såre».
Fjellheim 207/6
Totalt areal: 3 da. Til å byrje var dette ei lykkje («Gammellykkja») tilhøyrande Dalen. Seinare vart det seter til Hysjulia. Den kjende smeden og bjørneskyttaren Per Persson Slåstugun («Per Smed») f. 1841 kjøpte plassen, samt husmannsbruket Dalshaugholet, der han slo seg til. Han bur der i 1875 saman med kona og mora Anne Hansdotter Slåstugun (Pynten) f. ca. 1817. Far hans var frå Skreddarstugun i Ruste. Per var gm Mari Paulsdtr. Syverhuset f. 1821, Ruste. I 1902 selde han «Gammellykkja» og Dalshaugholet til Severin J. Stensrud f. 1857, Heidal. Severin gm Rønnoug Nistugun Skabo 1860-1910. Barn: Jon 1885, Mari 1888-1973 (gm Johan Risdal), Iver f. 1891, Marit f. 1895 (gm Hans H. Hage), Harald. f. 1898, Gudrun f. 1900 (gm Olav Brattensborg) og Ragnvald 1905-23. Severin kjøpte ei tvihøgda stugu frå Veslum som han flytta hit, og døypte staden om att til Fjellheim. Han dreiv godt opp jorda både på Fjellheim og i Dalshaugholet, og hadde fleire kyr på båsen. Doktorkontor frå oktober 1913. I 1918 selde Severin til fabrikkeigar Ole Andreas Haanshus 1865-1925 (slektning av Haanshus-familien på Vinstra). I 1930 selde enkja Elisabeth Haanshus til generalkonsul Nils Tønder Bull 1863 -1957 frå Oslo. Det var han som gav døypefonten til kyrkja i Skåbu. Staden er framleis i Bullfamiliens eige. Feriestad.
Kamssetra 204/37
Samla areal: 29 da. Gardane Dalen, Fosse og Bakkerud hadde dei fyrste setrene sine her. I 1789 selde Lars Olsen Dalen («Prokurator-Dalin») Kamssetra til Ola Amundsen Moen. Nokre år før hadde ein Ivar Lodversen, som eigde Fosse, seld Moen til Ola Amundsen. Truleg gjekk Kamssetra óg med i denne handelen. Bakkerudsetra kom óg under Moen. Så vart alle desse tre setrene slege saman, og Ellev Olsen Moen 1832-1922 (oldebarnet til Ola Amundsen) som før hadde Storslåa som seter, flytta husa frå der og til Kamssetra og brukte ho som vårseter nokre år. Men etter at han kjøpte Åkresetra i 1907, vart ikkje Kamssetra lenger brukt som seter. Ellev bygde også ei tvihøg stove som vart utleigd i turisttida. I folketellinga 1910 står det at det er sommarpensjonat her. Året før annonserer Knut S. Sande (bror til Sigurd – eigar frå 1936) i Aftenposten at han tek imot sommargjestar på Kamssetra. I 1914 driv Johannes Moen 1847-1934 (bror til Ellev) som handelsmann på Kamssetra. Han var gift med Gina Torgersdotter Flekken f. 1878. Johannes kjøpte Brende i Kvam i 1919 og dei flytta dit. Trass i dette har Nedre Fosse skøyta på Kamssetra fram til 1936.
Skåbu samvirkelag starta opp her i 1920 og dreiv i to år før dei flytta verksemda til søre Kampeseter. Den stova som vart brukt der, blei for nokre år sidan flytta frå Kampeseter til ei tomt rett nedanfor Kamssetra. Den var opprinneleg skulestove i søre Veslum. I 1920 finn ein handelsstyrar Anton M. Fosse f. 1895 og kafévertinne Hanna I. Iverstuen f. 1878 buande på Kamssetra. Anton M. Fosse var samvirkelagsstyrar heilt til 1958. Elles bur Hans F. Fosse f. 1886 med familien der. Kona er Berte I. Graupe f. 1878 og borna er Inge f. 1906, Rønnaug f. 1907 i USA og Iver f. 1913 (sjå Solli).
Kamssetra vart skilt ut frå Fosse, nedre 204/4 i 1935. Skøyte frå Anton I. Fosse 1883-1938 til Sigurd S. Sande i 1936. Sigurd 1877-1942 – son til Sjur K. Sande, Vågå 1829-1898 og Anne J. Vassbakken, Sel 1841-1912 – gm Kari E. Moen 1895-1951. Kari var dotter til den nemnde Ellev Moen og Tora F. Øvre Fosse f. 1844. Barn: Eivind f. 1915 og Astrid f. 1924.
Eigarar 1942-63: Eivind Sande og Astrid Steine. Eivind overdrog delen sin til Astrid.
Eigar 1963-2000: Astrid Sande 1924-2005 – gm Hans O. Steine, Heidal 1910-84 – son til Ola H. Steine 1872-1939 og Mari Aaseng 1886-1964. Astrid overdrog til brordottera.
Eigar frå 2000: Sigrun Sande 1958 – dotter til Eivind Sande 1915-81 og Marit Leirflaten, Heidal 1927-2020 – gm Asbjørn Lien. Barn: Eivind 1987, Andreas 1988 og Simen 1990. Familien bur på Kamssetra. Sigrun er lærar. Eivind bur på Kamsli 203/11. Sjå også Moen 204/16.
Kolhusmoen 203/29
Samla areal: 2,5 da. Det er tydeleg at namnet kjem av kolbrenning og at det har vore ei kolbrennarkoie her ein gong. I denne koia vart kolet samla og teke vare på. Hans Knutsen Harehaugen («Stænkjørar’n»), Heidal 1795-1870 fekk skøyte frå Torger E. Aasen på Kolhusmoen i 1847 (tinglyst 1853). Han rydda truleg bruket på 1840-talet. På 1820-talet rydda han seg sin fyrste heim i Skåbu, Dalshaugholet. Hans er busatt på Kolhusmoen i 1865 saman med tenestejenta Marit Iversdotter, Heidal 1809. I 1865 finn ein at plassen er skyldsett og at Hans Knutsen er eigar og brukar. Frå gamalt av har jordvegen der Kolhusmoen vart bygt, lege under Kampesetra. Den gamle garden Kampesetra hadde vorte delt opp i fire bruk, Nørdre, Søre, Midtre (Vetlmoen) og altså Kolhusmoen. Hans grov opp Kolhusmobakken, den bratte hellinga som går nedover til Kamsfossen. Han tenkte nok å dyrke korn der, men som ventande kunne vere, var ikkje dette den mest laglege staden for korndyrking. Den kalde trekken frå Olstappen og fossen gjorde sitt til at kornet ofte fraus. Hans Knutsen døydde den 3. desember 1870, 75 år gamal.
I 1875 er det kome ny brukar til Kolhusmoen, Jon Jonsen Haug, f. i Nord-Odal 1837. Han kom til Skåbu som skogsarbeidar under ei av tømmerdriftene til P. Carlsen Foss i byrjinga av 1870-åra. Han er nemnt som gardbrukar og sjølveigar. I daglegtala gjekk han berre under namnet ”Jon Odøl”. Kona hans var Kari Pedersdtr. Djupdalen, Heidal ca. 1840. Dei har dottera Mari 1873-1957. Det er også ein husstand til på Kolhusmoen. Der bur Ole Johannesen f. ca 1850, saman med kona Anne Larsdotter og borna Johannes og Marit.
Mari Iversdotter, som var nemnt som tenestejente hos Hans Knutsen, budde på bruket som føderådskone inntil ho døydde i 1899. Ein innerst held óg til på bruket, Ingrid Svendsdotter f. Faukstadeige, Heidal 1836. Ho har dottera Ingeborg Pedersdtr. f. 1871. Ingeborg vart seinare gift med Ola Olsen Megarden f. 1852. Det var han som selde Megarden til Carlsen Foss i 1873, og ei tid var han også skogvoktar og budde på Elvenes ved Olstappen i Skåbu.
Jon Jonsen Kolhusmoen døydde i 1903, 66 år gamal. Dottera, Mari, vart no eigar ei tid. Ein del av Kamsfossen låg under Kolhusmoen. Desse fallrettane selde ho til staten i 1907. Seinare selde ho Kolhusmoen til Iver H. Veslum, eigaren av Søre Veslum. I 1910 finn ein Hans Olsen Hamrom f. ca. 1862 og familien hans der. Han forpaktar Kolhusmoen. Dei har barna Matias 1893, Ole 1897, Hanna 1900, Pål 1903, Mari 1907 og Anna 1910. Enkja etter Jon «Odøl» bur også der. Ola O. Maurstad budde også der ei stutt tid etter at han hadde budd på Øybekken ein del år, og inntil han kjøpte Søre Randen i Skåbubaklia i 1922 og flytta dit. Ein finn Ola og familien her i 1920 (les om familien på Randen, søre).
Anton Kvålen, svigersonen til Iver Veslum, fekk skøyte på Kolhusmoen i 1921. Han budde der med huslyden sin til 1930, da han vart bureisar (Nymo). I 1936 selde han Kolhusmoen til Hamar, Vang og Furnes kommunale kraftselskap.
Eigar frå 1961: Eyvind Width, Namsos 1896-1980 – gm Gina Langhammer 1905-90. Barn: Lars 1926-2001, Jens Charles 1927-2008. Eyvind kjøpte av Vinstra Kraftselskap. Eigedomen var i Width-familiens eige til 1996.
Eigarar 1996-2022: Egil Robstad f. 1934 gm Irene Mayvor Robstad f. 1936.
Eigar frå 2022: Juha Samuli Inkari f. 1970, Finland.
Langset 201/27
Nyrydding. Pål Bekkemellem, Heidal 1904-70 kjøpte teig av Iver Veslum i 1941, bygde hus og dyrka opp 20 da. Pål gm Anna Haugen 1910-90. (Brendhaugslåen). Eigar i dag er Rune Hukkelås f. 1962. Han bur på plassen.
Lauvli (Løvli) 206/6
Eigedomen er utskilt frå Brenna, nørdre 206/2 i 1918. Areal: 5,5 dekar. Johannes (Jehans) Rønningen 1872-1957 frå Ringebu rydda plassen i 1918. Han gifta seg med Berte H. Reiret f. 1878. Dei fekk borna Johan f. 1904 (f. på Reiret), Anna 1906-1995 (f. på Reiret), Hans f. 1909-81 (f. på Reiret. Gift til Svendstad i Kvikne), Kristian f. 1911 (f. på Reiret), Mathias 1914-1936 (f. på ei seter i Hamn), Borger f. 1917 (f. i Hamn) og Jon 1919-96 (f. på Løvli). Johannes spelte mykje til dans med toradaren sin. Blant anna var han fast spelemann i samband med danseopplæring av ungar. Jehans og Berte bygde og slo seg til på Løvli (like ved Bygdahuset) i Skåbu. Der hadde dei ei ku eller to. Johannes jobba både som skogsarbeidar og tømmarfløytar i Skåbu.
1919: Skøyte frå Ole Olsen Brenden til Johannes Rønningen.
1952: Skøyte frå Johannes Rønningen til Jon Løvli 1919-96. Jon gifta seg i 1950 med Astrid Palma Larsen, Løten 1928. Jon vart seinare sbm Magnhild Klevstadlien (Flatmoen) 1922-2003. Ho hadde vore gm Karl Klevstadlien, Kvam 1921-69. Barn: Jens Arne 1942-2010, Grete, Rolf og Jan Erik 1953-2001. Jon var ein flink og kreativ handverkar.
Rolf Dalsheim og Aud Unni Kvalen kjøpte plassen i 2002 og har den som feriestad.
Nystugu 212/88
Samla areal: 1088 kvm. Utskilt frå Skåbu, Øvre 212/2. Truleg folkesett på 1890-talet. Iver Torgersen Øvre Skabo 1831-1911 og kona Mari O. Sylte, Nordgard 1829-1911 bur her i 1900, saman med sonesonen Ivar T. Skabo f. 1896. I 1910 bur Iver og Mari her saman med tenestejenta Dina Teigum f. 1871, Skjåk. Staden står fortsatt oppført som umatrikulert einsleg stove. Iver Torgersen eigde Hågå 210/1 frå 1873-1888. Seinare kom Ivar Hage 1900-93 – son til Hans E. Hage f. 1866 og Sigrid Iversdotter Syverstuen f. 1859, til Nystugu. Han var sbm Anna Eriksen f. 1905-2000 – dotter til Erik N. Løften 1844-1937 og Anne S. Sande 1868-1953. Ein finn Anna som tenestejente på setra Perslåa i 1920. Hestegjetaren Oluf Brendløkken f. 1875 m/fam bur der da.
Eigar frå 2020: Robert Smith f. 1966 og Trude Engebretsen f. 1965. Dei har Nystugu som feriestad. Det ser ikkje ut til at eigedomen vart skilt ut frå 212/2 før i 2000.
Reiret 201/14
Samla areal: 24 da. Heimseter til Søre Veslum frå slutten av 1700-talet, seinare husmannsplass til ca. 1912. Bygdeoriginalen Anton Reiret vart født her i 1881. (Les om «Rærin» i Fronsbygdin 2012 eller søk her på nettsida). Anton I. Veslum selde Reiret til Frederick Blich frå Arendal i 1932 og plassen har sidan vore nytta som feriestad. Kontorsjef Frederick Blich 1859-1933 – gm Johanne Falkenberg f. 1875 i Oslo. Barn: Paul 1902-79 gm Ruth Vogt 1906-80 tok over etter faren. Paul Blich tok middelskole og handelsutdanning i Lübeck og Newcastle, tilsett i Fearnley & Egers Befragtningsforretning 1918-22, arbeidde deretter i Frankrike før han igjen blei fraktar i Fearnley & Eger i 1926 og frå 1929 kontorsjef i Chr. Nielsen & Co i Larvik fram til 1937. I 1935 starta han Skibs-AS Skåbu og kjøpte ds Rudolf (1400 tdw) som blei drive frå Larvik, og to år seinare det nyare ds Marly i AS Marly. Barn: 1) Gerd Johanne 1933-2019 g1m Halvdan Nordbø 1928-65. Barn: Bjørn Fredrik gm Liv Jenny Lindberg. Gerd Johanne g2m Kristian Salvesen. 2) Paul Fredrik f. 1938 (død).
Sysken til Ruth Fogt: Ottar f. 1909, Aud f. 1916 og Unn f. 1921. Unn 1921-2004 var gm Ragnar Veslum 1918-2012. Barn: Odd 1944, Andreas 1946 og Grete 1953.
Eigar frå 2012 er svigerdottera til Gerd Johanne, Liv Jenny Lindberg Salvesen f. 1960.
Svare 209/15
Samla areal: 7,5 da. Utskilt frå Søre Risdal 209/1 i 1948. Skøyte frå Johan Risdal til Ivar Risdal. Bygt av Ivar Risdal 1918-95 i 1946/1947. Kona Asbjørg 1924-2016 dreiv med høner og selde egg. Dei hadde også ein sau for matauken si skuld.
Eigar 1949-1962: Ivar Risdal 1918-95 – son til Johan Risdal 1888-1964 og Mari Stensrud 1888-1973. Ivar gm Asbjørg Dalhus, Valldal i Møre og Romsdal 1924-2016. Barn: 1) Marit 1946 gm Gunleik Christoffer Gjerde. 2) Kjellaug 1949-2009 var gm Olav Handal. Ivar og familien flytta til Vinstra i 1959. Ivar var byggmeister.
Eigar 1962-1973: Ingebret Fosse 1925-89 og Kari Brenden 1928-2017 (sjå Volden og Ruten fjellstue) – barn av Erland Fosse 1884-1960 og Hanna Slåstuen 1884-1974 (sjå Volden). Hanna budde også her etter at Ingebret og Kari fekk skøyte i 1962. Kari selde delen sin til Ingebret i 1973 og han var eineeigar til 1989. Ingebret var sbm Ruth Nordseth, Lillehammer 1917-2010. Ho flytta attende til Lillehammer etter at Ingebret gjekk bort. Ruth var syerske og Ingebret var skreddar.
Eigar frå 1990: Kjell Maurstad f. 1963 – son til Fredrik Maurstad 1922-86 og Anne Kirkestuen, Heidal 1920-93 – var sbm Anne Mette Blekastad 1967. Barn: Marianne 1988 og Kim Marius 1991. Kjell kjøpte Svare av Kari E. Brenden, Ingrid E. Kleiven (sjå Volden), Harald Solberg (sjå Solberg), Solveig A. Moen (sjå Veum), Per Arne Solberg (sjå Veum), Jan Solberg (sjå Solberg) og Ruth Nordseth i 1990. Ingebret hadde testamentert til desse før han døydde. Kjell har jobba som treskjerar og tømrar.
Veum 204/75
Samla areal: 12 da. Bureisingsbruk. Rydda av Adolf A. Solberg. Han kjøpte grunn i 1947 frå garden Haugen. – Adolf Solberg 1915-82 gm Signe P. Sletten 1919-63. Barn: Solveig f. 1940, Per Arne f. 1948, Jan f. 1950.
Eigarar frå 1977: Solveig Moen, Per Arne og Jan Solberg. Jan er også eigar av Solberg. Veum er feriestad. Adolf tok namnet Solberg fordi han delvis var oppvaksen på ein plass som heitte Solberg, rett ovanfor Maurstad (sjå elles Volden og Solberg).
Vinsterlia (Risdal midtre) 209/6

Foto: Normann 1963
Samla areal: 2,2 da. Fråskilt Risdal, søre i 1915. Skøyte frå Torger J. Risdal 1852-1942 til broren Johannes Risdal 1865-1955. Johannes gm Karen Erlandsdotter Skabo, øvre 1863-1952. Johannes arva gammelstova som stod att der den samla Risdalsgarden stod. Han sette opp att denne ved bygdevegen og opna brevhus i 1889, og starta opp med landhandleri fyrst på 1890-talet. Han kalla staden Midtre Risdal, men etter kvart vart det vanlegare å kalle staden for Vinsterlia. I 1895 annonserer han med bjørnehud. I 1905 vart det starta opp panneysteri her. Seinare omgjorde han stova til toetasjes bygning og begynte med pensjonatdrift. I ein avisnotis går det fram at han fekk skjenkeløyve i 1912. Johannes selde eigedomen og gjekk i gang med å rydde Bjørkheim 209/5 på slutten av 1920-talet.
Eigarar 1918-29: I. A. Jensen og Dahl (eigarane av Myrens Mekaniske Verkstad i Oslo).
Eigar 1929-1943: Alfred O. Skedsmo, Oslo 1879-1951. Han var fabrikkeigar og storgrossist av sukkervarer. Eigde mange bygardar i Oslo, samt ein rekkje andre eigedomar. Han kjøpte fyrst ein stor skogteig av Johannes Risdal i 1917, før han alstå kjøpte Vinsterlia av Jensen og Dahl i 1929. Brukte Vinsterlia som feriestad.
Eigar 1943-1945: Karen Marie Thorkildsen Hoel, f. i Aurskog 1898. Ho var mor til den kjende skodespelaren Willy Hoel 1920-86. Karen Marie dreiv med pensjonatdrift ein del år.
Eigar 1945-1952: Filadelfiaforlaget, Oslo. Dei dreiv med verksemda si her i fleire år. Ein av pinsevennane, Johansen, sette også i gang heimebakeri på Vinsterlia.
Eigarar 1952-1967: Knut J. 1899-1979 og Kari A. Skogstad 1897-1970 (skøyte). Dei dreiv pensjonatet. Knut var kome frå Aasengstuen i Heidal. Kari var frå Brenna, nordre i Skåbu. Barn: 1) Anne Marie 1928-2008 gm Finn Corneliussen. 2) Kirsten Synnøve 1933-2003 gm Bernhard Lundgård. 3) Bjørg Miriam f. 1936 gm Magnus Svendstad.
Eigarar 1967-78: Ronald 1928-98 (skøyte) og Elisabeth Franklin 1935-2022. Dei kom frå London og var profesjonelle musikarar. I Skåbu dreiv dei både med musikkopplæring og pensjonatdrift. Ronald var ein svært god pianist og hadde elevar rundt omkring i Gudbrandsdalen. Elisabeth var ei ypparleg songarinne og båe hadde hatt sin debut i London. Barn: Gregory 1966, Jeremy 1971. I 1977 flytta dei til Telemark.
Eigar 1978-1988: Luna AB (Verktykonsern, Sverige). Dei skulle ha plassen som feriestad til arbeidarane sine. Dei bordkledde den gamle bygningen.
Eigar frå 1988: Sverre Walter Rostoft f. 1945 (skøyte) og Alice Rostoft. Barn: Siri og Sverre Johan. Denne familien, som bruker staden som feriestad, har restaurert og kosta på eigedomen betydelege summar. Bur i Oslo.
Det har vore ein del kjendisar på Vinterlia gjennom tidene. Willy Hoel er ikkje den einaste skodespelaren som har budd på Vinsterlia. Både Martin Gesti og musikarane Barratt Due og Liv Glaser har feriert på staden.
Volden 204/20
Samla areal: 255 da. Bureising. Fråskilt Øvre Fosse i 1924 til Erland Ingebretsen Fosse. Skøyte i 1925. Han rydda her. Erland rydda seg også seter innunder Snubbhøa i 1939. Fekk tilvist grunn i statsallmenninga. Erland 1884-1960 – son til Ingebret F. Fosse, Øvre f. 1842 og Marit E. Kampesæter f. 1857 – gm Hanna H. Slåstuen 1884-76 – dotter til Hans H. Slåstuen 1853-1940 og Kari H. Randen, søre 1847-1935. Barn: Harald 1910-1990 (sonen til Hanna og Knut S. Sande. Sjå Solberg), Adolf 1915-82 gm Signe P. Sletten (sjå Veum), Ingrid 1922-2016 gm Jørgen Kleiven, Heidal, Ingebret 1925-89 (sbm Ruth Nordseth, sjå Svare) og Kari 1928-2017 (gift med Jakob Brenden. Sjå Ruten fjellstue). Folketomt. Innlemma i Solberg i 1962.
Vårheim 204/8
Nyrydding. Asmund Olav Veslum 1915-1970 kjøpte tomt av Ottar Johnsgård i 1950 og dyrka opp 10 da. Asmund Olav – son til Anton O. Øvre Veslum f. 1895 og Thea Andreasdotter Bakken f. 1886. Asmund O. gm Borghild Sletten, Kvikne 1917-2001. Eigar frå 2011 er dottersonen Rune Sandbakken f. 1968, sonen til Lodvar Sandbakken f. 1940 og Torlaug f. Veslum 1940-2014. Feriestad.
Øybekken 389/1
Samla areal: 16 da. Skyldsett i 1947. Rydda i Skåbu allmenning. Øybekken er nemnt for fyrste gong i 1865. Da finn ein Hans P. Perstugun f. 1821 og kona Mari O. Brenden f. 1818 på Øybekken. Men da Hans døydde, overlet enkja til Berit Olsdtr. Sjurhuset f. Rullut i Kvam ca. 1841, og flytte ut av bygda. Berit hadde vore gift med Ola P. Baklien f. 1834 (Sjurhuset), men han døydde i 1869. Øybekken er nemnt som ”En stue i almenningen”. Det er sagt at Hans fyrst rydda plassen Revsbakken (nedanfor Sjurhuset), men måtte flytte frå der etter storflaumen i 1860. Dei tok med seg stova og sette den opp att på Øybekken. Truleg var det han som rydda her óg. Øybekken kom no under Sjurhuset.
I 1875 finn ein den same Berit Olsdotter på Øybekken, saman med sønene Ole Olsen f. 1869 og Kristian Hansen f. 1872. Far til Kristian var Hans A. Slåstuen f. 1852 (sjå Pynten og Langvegg). Kristian gifta seg seinare med Mari Ø. Jensseteren (Øvre Strombakken eller Øvre Bakkestugu) f. 1856. I tillegg til desse finn ein legdslem Kari Torgerdotter f. ca. 1830. Kristian og Mari reiste til USA i 1909.
1900: Ole O. Øybekken f. 1869 bur her saman med kona Mari O. Hamrom f. 1864. Dei har to søner: Olaf 1894-1979 og Petter 1898-1981. Dei har også ein pleieson, Ole Amundsen f. 1888. Han var sonen til Mari frå før ekteskapet. Han blei seinare gift med Rønnaug Sagboden f. 1895 og Petter vart brukar på Sjurhuset (sjå Sjurhuset 205/7).
1910: Bruket er fortsatt umatrikulert. Skomakar og dagarbeidar Ole Olsen Maurstad f. 1882 bur der saman med familien sin. Kona er Mari Hansdotter Pynten f. 1878. Barn: Magnus f. 1899 (sonen til Mari og Ole Fredriksen Katlsletten f. 1874), Marit f. 1902 (gm Sigurd Været. Sjå Nedre Skåbu), Karen f. 1905, Oluf f. 1907. Seinare fekk dei barna Harald 1911, Magda f. 1915 (gm Olav Iverstuen. Sjå Nørdre Randen) og Hilda f. 1918 (gm Emil Slåen. Sjå Granli). Karen og Oluf emigrerte til USA. Familien flytta seinare til Kolhusmoen. Dei bur der da Marit konfirmerer seg i 1917. I 1922 kjøpte Ole Søre Randen i Skåbubaklia og flytta dit med familien.
I 1920 bur Petter H. Slåstuen f. 1891 her aleine. Han lever av jakt og fangst. Han var også sonen til nemnde Hans A. Slåstuen. Han gifta seg seinare med Mari O. Rønningen og flytta etter kvart til Langvegg.
I 1929 finn ein Pål Hansen Hamrom 1904-79 (jegar og fiskar) – son til Hans O. Hamrom f. 1862 og Eli Hansdotter Geitryggen f. 1870 – gm Petra Olsdotter Søndenfor, Kvam 1897-1968, buande på Øybekken. Dei har da sonen Hans f. 1929. Hans f. 1862 var bror til Mari, som budde der i 1900. Pål og Petra bygde seg seinare hus i Slangslia. Hans d.y. flytta til Asker og gifta seg med Eila Annikki ? 1923-2002. Hans døydde i 2000.
Eigar 1948-84: Karl Hedeving J. Nyvold, Bodø 1896-1992 gm Borghild Amanda Hansen, Nesodden 1899-1983. Barn: Helge 1924-98, Kirsten f. 1930, Knut f. 1933 og Thor 1942-2008. Karl var maskinist under Kamsfoss-utbygginga. Han eigde også Budalen 204/105 (makinistboligen ved Kamsfossen) frå 1957-1976, der han også budde. Da overtok sonen Knut (gm Liv Sletten. Sjå Stenseth). Helge Nyvold var med på å starte opp Vinstra Elektro i 1952 saman med Tor Sæthersmoen. Hamar, Vang og Furnes kommunale kraftselskap fekk skøyte på Budalen frå Hans I. Slåen (eigar av Nørdre Slåa) i 1934. Utskilt frå teigen 204/31 ( tilhøyrande Nørdre Slåa) i 1956. Eigar frå 1999 er Dag Werner Skurdal f. 1938 (sjå Sygard Skurdal i SF).
Karl kjøpte Øybekken av Petter Syverhuset.
Eigar 1984-2003: Kirsten Bodil Nyvold Fjeldberg 1930-2012 gm Georg Vilhelm Fjeldberg 1924-2004. Dei budde i Lillestrøm.
Eigarar frå 2003: Sønene Bent Kjetil Fjeldberg f. 1963 og Tron Fjeldberg f. 1960. Feriestad.
Åbakken 208/22
Samla areal: 3 da. Bruk under Bakkerud 208/1 frå gamalt av. Rønnog Kantrud 1822-1907 og sonen Johan Christian Heide 1851-1911 dreiv butikk her om lag 1875, etter å ha drive på Kantrud ein del år. Sidan heldt dei fram på Hageløkken og seinare Bakkerud. Rønnog tok handelsbrevet allereie i 1862 og Johan Chr. følgde opp med handelsskolen i Kristiania i 1873.
Pål Slåen 1867-1952 frå Heidal kom til Skåbu og kjøpte Åbakken fyrst på 1900-t. Han var gift med Karen T. Søre Slåen 1870-1954. Pål var skomakar, tømmermann og sagmeister. Dei budde på Åbakken heile livet. Stugua vart seld til Trygve Løkken. Seinare bytta Torger Risdal til seg stugu mot ei kvige. Torger selde så stugu til ein bykar ved namn Helmer på Jegersletten. Der står ho den dag i dag. Skøyte til Johan J. Heide på Åbakken i 1952. I 1971 skøyte frå Bakkerud til Anna P. Slåen.
Fredrik Berget f. 1933, Kvam og Målfrid Berget f. 1938 (Byrbotten, Vinstra), kjøpte Åbakken av Anna Slåen til feriestad i 1975. Dei budde i Kvam.
Eigarar frå 1997: Hendrik W. Wagenaar f. 1943 og Erna Koopmans f. 1946 frå Nederland. Dei kjøpte av Fredrik og Målfrid Berget. Feriestad.
Aasvang 201/42
Nyrydding. Brørne Knut 1935-2023 og Ola Slettmoen f. 1933 kjøpte teig av Iver Veslum i 1952. Dei dyrka opp 21 da og Ola bygde på Aasvang, medan Knut bygde på nabotomta. Knut og Ola – søner av Kolbjørn K. Slettmoen, Brøttum 1909-90 og Inga O. Grauphaugen 1912-2004, Skåbu. Inga seinare gm Angel Green. Knut og Ola er fødde og oppvaksne på Skogheim 201/17. Knut gm Astrid Randen og Ola gm Kirsten Synnøve Falmår. Båe brørne flytta etter kvart og busette seg på Vinstra. Ola selde staden.
Eigar frå 1990: Patrick Huse f. 1948 gm Solveig Møllerplass. Han og familien flytta til Vinstra i 2020. Patrick er ein kjent kunstnar.
Kjelder: Gardar og slekter av Einar Hovdhaugen, Ovanom Helgefell av Olav Åsmundstad, stoffet etter Torger T. Risdal, digitalarkivet.no, norgeskart.no, seeiendom.kartverket.no og nibio.no.
PS! Vi kan ikkje garantere at det ikkje finst feil i omtalane. Derfor er det fint viss publikum kjem med korrigeringar.
Her kan du finne eigedomane på kartet:
0 Comments