
Årsmelding for Fron Historielag 2025
Innleiing
2025 har vore eit aktivt og innhaldsrikt år for Fron Historielag, med stor aktivitet innan formidling, dugnadsarbeid, bokprosjekt, digitalisering og samarbeid med andre lag og institusjonar. Arbeidet byggjer vidare på satsingane frå 2024, særleg innan Fronsbygdin, seterboka, bygdatunet og utvikling av digitale løysingar.
Styre og organisasjon
Styret har i 2025 hatt følgjande samansetjing:
• Leiar: Pål Kjorstad
• Nestleiar: Tormod Bråten
• Kasserar: Åge Jevne Hagestuen
• Sekretær: Nils Chr. Steig (valt 24.06.2025)
• Styremedlemmer: Egil Myhre, Møyfrid Kalstadstuen, Roger Slåstuen, Ragnhild Wadahl
Styret har gjennom året arbeidd med plan for generasjonsskifte i nøkkelroller (kasserar og ansvarleg for boksal), og med betre struktur for digital arkivering og dokumenthandtering.
Det er etablert felles Dropbox-løysing og eiga e-postadresse for laget ([email protected]).
Møteverksemd
Styret har halde fleire styremøte i løpet av året, mellom anna:
- april – Skåbu skule
- juni – Gammelbanken, Vinstra
- oktober – Utsikten, Vinstra
- oktober – Utsikten, Vinstra
- desember – Peer Gynt Spiseri, Vinstra
I tillegg har laget gjennomført medlemsmøte, markvandringar og samarbeidsmøte.
Medlemsaktivitet og arrangement
Blant aktivitetane i 2025 kan nemnast:
- Årsmøte i Gudbrandsdal Historielag vart halde på Ringebu Prestegard 04/05 2025
Roger og Pål stilte frå Fron Historielag - Tingbok II: Det er avhalde møte med Kjell Brustuen om arbeidet med Tingboka.
- Medlemsmøte i Skåbu (10. april): Samarbeidsmøte med Historie- og
kulturminnegruppa i Skåbu. Presentasjonar av lokalhistorisk arbeid, fornminne,
biletskanning og slektsgransking. Ca. 15 frammøtte. - Markvandringar:
o Ryssland (24 mai.)
o Vinstra (juni)
o Stor-Brenna – Svan (september), tema middelalderveg - Fellesarrangement: Markering av 100 år sidan Olav Aasmundstad døydde, i samarbeid
med Fron Mållag (juni). - Lansering Fronsbygdin: Lanseringa gjekk føre seg på Vinstra Bibliotek med ca 85
frammøtte. Styret har hatt eie møte med redaktørane om neste års utgjeving. - Foredrag: Arild Teigen sitt foredrag om utvandrarhistoria samla rundt 90 deltakarar.
- Torsdagstreff: Presentasjon av årbok og artiklar.
- Kurs og kompetanse:
o Skanning og publisering
o Planlegging av kurs i gotisk skrift - Stolpejakta 2025 markerte 200 års jubileet for utvandringa til USA ved å plassere fleire
stolper i fleire grender, ved bustader for de tidlegaste utvandrarane. - Bildegjennomgang på Vinstra Ungdomsskule. Laget fekk presentert ei mengd fotografi
frå nærområdet som kunne være av interesse for laget, men etter ein gjennomgang var
det lite som vart plukka ut.
Bokarbeid – Fronsbygdin
Årboka vart lansert 30. oktober 2025 med god oppslutnad (ca. 85 frammøtte). Salet har gått
godt. Styret har arbeidd med rutinar for betre korrekturlesing og meir samordna bokutdeling.
Det vart rekruttert over 20 seljarar i Sør- og Nord-Fron. Pris per bok var 350 kr.
Styret har også vedteke prinsipp for støtte til lokalhistoriske bokutgjevingar etter søknad, men
ikkje å stå som utgjevar for eksterne prosjekt.
Seterbokprosjektet
Seterboka er eit langsiktig hovudprosjekt. Status per hausten 2025:
- Om lag 40–42 % av innsamla opplysningar er komplette.
- Totalt registrert rundt 780 setrer i Sør- og Nord-Fron.
- Det manglar framleis mange svar, særleg frå enkelte område.
Målet er ferdigstilling mot 2028, i samband med 100-årsjubileet for laget. Det er lagt plan for
søknader om ekstern finansiering.
Heimesida
v/Tormod Bråten
Heimesida til Fron historielag hadde i 2025 40553 vitjingar. Den mest populære artikkelen var
«Skåbu i utvida Norske gardsbruk» med 2107 treff. Av vekas bilde er det «Hundorp barnehage
1982», som troner på toppen med 1327 vitjingar. Heimesida inneheld no 1434 artiklar og ei
mengde med bilde. Det meste av manglande bilde er no retta opp, men nokre bilde er nok
dessverre borte for alltid i samband med «hackinga» førre året.
Dei fleste av våre vitjarar kjem via Facebook-sida vår. Forutan å dele artiklar og bilde frå
heimesida, er ho også ei viktig plattform i arbeidet med slektsgransking og etterlysing av
personar, gardar og gjenstandar knytt til Fron.
Etter 13 år ved roret for heimesida, gir nå Carl Henrik Grøndahl seg som dagleg redaktør. Carl
Henrik har bygd opp, utvikla og drive det som har blitt Fron historielags eigen lokalhistoriske
nettavis. Ny dagleg redaktør blir Tormod Bråten, som allereie er godt i gang med arbeidet. Styret
og ikkje minst brukarane av heimesida, rettar ein stor takk til Carl Henrik for sitt enorme bidrag til
å bevare historia om Fron. Carl Henrik seier han vil halde fram som skribent for heimesida og
bidra med lokalhistorisk stoff, sjølv om det ikkje blir i same omfang som tidlegare.
Årsrapport fra bygdetunet 2025
Dugnad 29/4 Slått og hersing 28/6. Samling for 5- åringane og nattverd 9/9. Ragnar Tor har
reparert skovlanne i kverna så nå er ho klar for bruk, stor takk åt honom . Jule grana vart tent likt
med julegata på Vinstra. Ettersom våren kom tidleg i år vart det dugnad den 29 april, vi fekk raka
heile området, vaska litt i huset og prøver og halde mauren i sjakk med maurkverk. Kaffe og
kringle, men med berre 12 deltakarar så er dette alt for dårleg. Den 28 juni var det slått og
hersing, likt med slått på Toksevollen der Fron lasskjøyrarlag fekk til eit fint arrangement .Åt oss
var det derimot skuffande da berre Ragnar Tor og eg stilte opp, takk åt om Ole Anton som slo alt
saman med hest og slåmaskin. Etterpå måtte vi ha hjelp av lasskjørlaget til å eta opp kringla og
drikke opp kaffeen. Neste år blir det slått med grasklyppar da oss ha fått Steinar Skar til den
jobben. Den 9 sept var det samling av 5- åringar til nattverd, der vi fekk demonstrert kverna og
forklart kva vi får ut av korn. Eva Bakken steikte Avletto og kyrkjelydpedagog Per Øyvind
underviste og sang.
Rapport fra demninga ved Sulheim
Det har vore mykje att og fram, men når vi fekk overbevist Solbakken om at demninga var fra
1750 som vatningsdam for Solbrå kunne vi starte arbeidet. Ettersom det viste seg vart det eit
omfattande arbeid da brupilarane til både køyrebrua og gangbrua hadde mykje større skader enn
vi trudde. Haverstad tok på seg arbeidet for kommunen og gjorde ein framifrå jobb, det vart støpt
ny botn under heile brua og inn under demninga så det vart mykje betre enn det var før.Dei skulle
også stipulere kva historielaget skulle betale, dette vart ikkje gjort så da måtte Even Solbrå og eg
ta nokre runder med prisen. Så til slutt landa vi på at historielaget skulle betale kr.15.470,-, dette
er eg fornøgd med da utgangsummen var på kr.55.000 Totalprisen på heile prosjektet var over 1,1
mill.
Samarbeid og nettverk
Laget har hatt aktivt samarbeid med:
- Fron Mållag
- Gudbrandsdalsarkivet
- Gudbrandsdal Historielag
- Skåbu historie- og kulturminnegruppe
- Biblioteka i regionen
Laget har fått økonomisk støtte fra Fron Traktorservice og Gålå Handel.
Økonomi
Rekneskapen er i 2025 overført til ekstern rekneskapsførar (Skåbu Regnskap). Styret har arbeidd
med å sjå på ny langsiktig løysing frå 2026. Årskontingenten er 300 kr.
Detaljert rekneskap vert lagt fram som eige vedlegg.
Planar vidare
- Vidare framdrift i seterbokprosjektet
- Vidare digitalisering og arkivarbeid
- Kurs i gotisk skrift
- Fleire markvandringar og foredragskveldar
- Styrking av samarbeid og ekstern finansiering
![]()

0 Comments