Har det med «godt fiske» å gjere?
BRIT NILSEN: Gardsnamnet Hundorp er eit svært sjeldan namn som har opphavet sitt langt tilbake i førhistorisk tid. På 1900-talet fekk gardsnamnet ei utvida tydning som er uhistorisk. Hundorp er nemnt alt i Soga om Olav den heilage. Det var nok både eit verdsleg og eit hedensk kultursentrum på Hundorp, knytt til ei mektig herseætt, som hadde høvdingsæte der. I sagaen finn vi historia om Olav den heilga som øydela Tors-hovet og tvangskristna Dale-Gudbrand og dølane i 1021.
Namnet finst i mange gamle skriv, og det eldste er eit diplom frå 1329, der namnet er skrive a Hundhorppe.
Førsteleddet hun- har vorte tolka på fleire måtar. Rygh meiner det er dyrenamnet hund, på gamalnorsk hundr, men han har inga forklaring på kva for meining dette kan ha. Andre forskarar har meint at hun- har same opphav som i namna Hunner i Øyer og den store garden Hunn i Østfold. Dette er svært gamle namn som går tilbake på det bortkomne elvenamnet *Hunn. Forskarane meiner å finne same ordet i elvenamn både i tysk, anglosaksisk og gotisk. Den opphavlege tydinga hadde med «godt fiske» å gjere.
Sisteleddet -torp (-dorp) finst berre i to namn i heile Gudbrandsdalen, nemleg i Hundorp og Sødorp. Namna kan tyde på ei samtidig innvandring eller busetjing langt attende i tid. Ordet eit torp betyr ein gard. Ordet er vanleg også i fleire andre land, det er eit gamalt fellesgermansk ord, og i Tyskland betyr det landsby. Ordet torp har vore brukt til namnelaging gjennom svært lang tid, og nyare forskarar har freista å datere torp-namna tydelegare ved å dele dei i tre grupper.
Dei yngste torp-namna er frå 1600- og 1700-talet, og desse er mest vanlege søraust i landet. Ein trur difor at dei kom til Norge med innvandringa frå Finland
Dei fleste torp-namna er frå mellomalderen, da ein tok til å rydde jord att etter Svartedauen, og den gongen vart torp- truleg brukt på «nybygg og utflyttargardar».
Den verkeleg gamle gruppa med torp-namn, dit Hundorp og Sødorp høyrer, er langt eldre enn vikingtida, dei kan ha opphavet sitt heilt tilbake til eldre jernalder, altså før vår tidsrekning. I desse eldste torp-namna var truleg tydinga «engmark, engjord».
Ja, og nettopp derfor blir det gale å kalle området rundt Sør-Fron kommunehus for «Hundorp sentrum».