
Anne Hov berga dalen frå økonomisk katastrofe, men fekk berre medalje i sølv.
RAGNAR ØVRELID: Anne Hov på Rustadhågå i Ruste har fått ære for å ha skapt raudosten, gudsbrandsdalsosten. Ho var fødd på Kvålen i Skåbu i 1846. Sidan kjøpte foreldra Solbrå i Sør-Fron. På Solbråsætra blanda Anne fløyte i mysosten for å ha noko godt å trakere dei andre budeiene med. Slik skal den første feite mysosten ha kome til, i 1862 skal det ha vore.
Kring 1880 var smørprisane låge. Anne ville da prøve med den nye feitosten sin. Landhandlar Ole S. Kongsli kom til og marknadsførte osten. Den nye feitosten vart ein suksess i hovudstaden.
Gudbrandsdalsosten til Anne Hov var laga av berre kumjølk. Sidan tok dei til å blande inn geitemjølk, slik Ole Steberg i Ringebu hadde gjort. Slik var den gudbrandsdalsosten til, som vi kjenner i dag. For ettertida står Anne Hov frå Ruste og Ole Steberg frå Ringebu (opphaveleg frå Sør-Fron) som mor og far til denne osten, med Ole S. Kongsli som fadder, den som førte osten ut på marknaden.
Ivar Kleiven seier om Ole Kongsli at han gav næringslivet i bygda ein stor framskuv i ei elles vanskeleg tid. I mange år tter 1880 var feitosten ei av dei viktigaste næringane i jordbruket i Gudbrandsdalen, heilt til meieria tok over produksjonen kring første verdskrigen.
Anne Hov fekk i 1933 kongens fortenestemedalje.
Det er ikkke for meget sagt at hun ved sin innsats har reddet dalens økonomi fra katastrofe i 1880-årane
sa stortingsmann Hans O. Skurdal da han gav henne medaljen. Det er litt underleg å tenke på at Anne Hov måtte nøye seg med medalje i sølv. Gullet var nok helst reservert til mennene for deira innsats.
Anne Hov døde i 1936.
Frå Historia om Fron, bind 1
0 Comments