RAGNAR ØVRELID: Det var vonde tider i Fron i slutten av april og utover i mai 1940. Tyske soldatar slo seg ned på gardar og opne stader med alt utstyret sitt og fyrte og kokte så uforsiktig på feltkjøkkena sine nær husvegger at folk vart livredde. Over heile Fron var tyskarar på jakt etter britiske solatar, som hadde stukke seg vekk etter kampane. Folk høyrde stadig skyting. Truslane var klare: Folk som hjelpte engelske eller norske rømlingar, ville bli stilte for krigsrett. Folk måtte halde seg inne mellom kl 23 og 5 om morgonen. Og rykta gjekk om hard tysk framferd mot sivile i andre bygder.
På skolen i Kvam kunne det ligge opp til 200-300 tyskarar slike dagar. Dei kom gjerne i 5-tida om morgonen med hestar, biler og motosyklar og kvilte der over dagen. Dei flytta seg gjerne om natta; dei var redde for britiske bombefly. Det var motorbråk og kommandering, vaktpostar med bajonettar og luftevernkanonar vart eit dagleg syn.
Store lastebilar og tanks sleit ned vegdekket heilt til pukken, så det vart farleg å gå og sykle, for steinsprut frå bilhjula kunne smelle som prosjektil i vegsidene.
Telefonen i bygda var i uorden lenge utover sommaren. Og i den første tida etter krigshandlingane vart blendinga gjennomført på den måten at elektrisk straum vart slått av. Folk måtte ta fram att parafinlamper og stearinlys, kunne ikkje høyre radio, dei sat i dobbelt forstand i mørker.
Til Kvam kom det første toget den 26. mai. Toga tok over troppetransportane, tyskarane vart borte frå vegane, det vart rolegare og meir normal forhold. Bygdefolket hadde nå flytt nedatt fråfjellet. I Kvam og andre krigsskada grender tok dei til med opprydding, med husreparasjon og vasking, så det kunne bli leveleg, og endeleg: Våronn. Kvardagen kunne kome og livet halde fram.
I Sør-Fron kyrkje vart det ein merkeleg konfirmasjon. Før overhøyringa tok til, var det tysk gudsteneste i kyrkja. Mange av dei tyske soldatane vart att for å sjå konfirmantane. Da fekk dei norske ungdommane oppleve gråtande tyskarar i uniform.
Folk måtte ro over Lågen. På Hundorp-brua var det nordre endespennet sprengt, her måtte dei bruke båt. På Sundbrua vart to spenn sprengde. Det var bygd ein provisorisk gangbane, men den var ubrukeleg i flaum, da måtte folk i båt. Ved Harpefoss var kvelvet sprengd bort. Men brua hadde blitt såpass reparert at den kunne køyrast med bil, som den einste brua mellom Ringebu og Sjoa. Så her var det stor trafikk.
Krigssituasjonen i april førte til stor pengemangel i fronsbygdene. Bankane måtte rasjonere uttaka sterkt. Først ut i august kunne folk igjen ta ut dei pengane dei ønskte. Ein god ting førte likevel pengemangelen med seg: folk kunne ikkje tømme butikkane med uvettig hamstring.
Frå Historia om Fron, bind 2
0 Comments