Frå Dombås til Hundorp i 1948 for å hoppe i Børebakken

OLA HOLEN: Den vinteren eg var 12 år, meldte idrettslaget på Dombås nokre av oss på hopprenn på Sør-Fron. Det var det lengste heimanfrå eg til da hadde vore på hopprenn, for det var tungvindt å koma så langt av garde den gongen som få hadde privatbil. Dessutan hadde idrettslaget dårleg råd. Men tidleg ein sundags morgon i midten av februar 1948 kleiv eg inn på finka på godstoget sørover med nypolerte hoppski og spenning i kroppen. Finka hadde eit lite kott med vindauge inni vogna, som elles berre var eit stort rom. Det vart varma opp med ein koksomn, slik at vogna kunne ha med seg såkalla varmegods. Denne dagen var det vi som var varmegodset.

Eg minnest ikkje anna inventar enn omnen og ein laus trebenk, men det kan skuldast at det var det vi hadde mest bruk for. Skiene la vi på golvet. Når vi stod, kunne vi sjå ut gjennom noke små vindauge høgt oppe på veggen. Det skrangla fælt når vogna skubba til buffertane på nabovognene og stålhjula slo mot skøytene på skjenegangen. Det var tungt å prata saman og enda verre å få med seg det som vart sagt, så det vart ikkje rart med prat under turen. Nå og da kom togføraren ut fra «kottet» sitt og la meir koks i omnen, slik at vi heldt varmen så nokon lunde der vi sat benka nær omnen. Dersom vi ikkje var bortmed glaset og prøvde å fylgja med på det vi passerte, da.
Etter kvart fekk vi vite av togføraren at toget låg etter ruta. Vi fann derfor at vi skulle gå over skiene våre med parafinvoksen på toget for å vera sikre på at det vart gjort før vi skulle hoppe. Vi tok oss skikkeleg på tak med smøringa, og vi åt niste og var så klare som vi kunne vera, da toget endeleg kunne sleppe oss ut i kulda på Hundorp stasjon.
sDer stod syster mi, Asta, og skulleloseoss raskaste vegen borti Børebakken. Ho arbeidde den gongen på ein butikk på Hundorp og kunne syne veg og jage på, for det var lita tid til rennet skulle ta til. Vi skrådde over isen med hoppskia på skulderen og brukte føtene det fortaste vi vann.
Likevel var prøvehoppinga avslutta, og sjølve rennet var i ferd med å ta til. Etter det eg hugsar, stod nokon på sletta med startnummera våre klare. Vi hoppa i yngste klasse, som skulle starte fyrst. Det vart ikkje ein gong til til å prøve gliden på skiene i unnarennet.
Det var fullt med folk på sletta og oppover i bakken, der vi strevde oss oppover og prøvde å få eit inntrykk av unnarennet, hoppet og kulen. Frå toppen av ovarennet såg bakken heilt annleis ut enn bakken vi hoppa i heime. Særleg uvant var det med så stutt hopp, slik at ein hadde lite tid til å førebu satsen etter overgangen til hoppet.
Det var ikkje lang tid vi fekk på toppen før det var vår tur. Eg sansa ikkje mykje før eg hang i lufta over kulen og landa på et vis alt for langt oppe i bakken til å kunne bevare draumen om premie. Men eg hadde da kome velberga ned på sletta, og det var det som talde mest da. Det gjekk ikkje betre med kameraten min. Vi forstod at vi hadde smurt alt for tjukt med parafin til å få ski som gleid i den kalde snøen.
Det var eit stor renn. I referatet i avisa dagen etter kunne ein lesa at det var 125 gutar med i alderen 11 til 14 år fordelt på fire klasser. Vi som hoppa fyrst, fekk difor god til tid å skrape av parafinvoksen. Vi fekk så god tid at eg frå toppen jamvel hadde tid og ro på meg til å sjå tvers over dalen og undra meg over at det var gardar ovafor kvarandre frå dalbotn og heilt opp mot åskammen. Det var totalt ulikt det tilsvarande bilde eg voks opp med på vestsida av dalen på Dombås. Der ligg gardane stort sett i eitt beilte oppe i dalsida med skog både nedanfor mot elva og ovanfor mot snaufjellet. Dette undra meg slik at det i ettertid er noko av det eg hugsar best frå heile turen.

Frå andre omgangen hugsar eg ikkje noko anna enn at eg greidde meg betre enn i fyrste, men ikkje godt nok til å få namnet mitt på premielista, som stod i Gudbrandsdølen dagen etter.
0 Comments