Artiklar
Furuheim Sanatorium
Furuheim Sanatorium teke ein gong mellom 1893 og 1904. Det var i den perioda Anne og Petter E. Olsen dreiv sanatorium på Furuheim. Petter Olsen døydde 1904 og enka Anne endra da drifta til hotell og pensjonat. Sjå meire her:...
Fiskdalseter
Setra til Nordgard Tokse på Fiskdalen, med det opphavlege vasshjulet. Det gjekk reim frå vasshjulet og bort på veggen til selet, som dreiv røreanordninga for dei store ystepannene på setra. Smia til venstre og selet står likeins i dag, mens vasshjulet er erstatta av...
Harpefoss stasjon?
Ei utfordring til følgjarane våre. Kor er dette bilde i frå? Fotografen er Anders Beer Wilse, og i følge opplysningane til bildet, er det teke 01.11.1912, men det passer ikkje med teksta: "Prot: Paasketur - Skyds møder ved Vinstra". Vi trur at bildet er frå Harpefoss...
To uthuse, Fron
To uthuse har Robert Collett (1842-1913) kalla dette bilde, som skal vere frå Fron. Robert Collett var utdanna Zoolog og reiste mykje rundt for å fotografera dyr, særleg fuglar, men og menneskje og natur. I den store samlinga med bilde etter Collet, finns fleire frå...
«Fron Gudbrandsdalen»
Foto teke av Narve Skarpmoen truleg tidleg på 1900-talet. Skarpmoen var i Kvam å fotograferte i 1905, og bildet kan vera teke på den same turen oppover dalen. Den fremste karjolen tilhøyrar nok Skarpmoen, da den finst på fleire bilde frå Fron. Kven som står ved kjerra...
Hundorp sundstad rundt 1920
Hundorp sundstad var i bruk fram til Hundorp bru vart opna i 1925. Bildet er teke av Conrad Alfred Øhlckers, som eigde småbruket Nybakk i Sødorp frå 1920-1928. Vi har fått bildet av sonesonen Harald Øhlckers, som har scanna det frå den originale glasplata.
Sødorp ein seinsommardag i 1896
Sødorp med Brandvols-gardane og Sødorp kyrkje, på si opphavelege plassering. Bygd i 1752 og fløtt over elva til si nåverande plassering i 1910. Legg merke til dei store steinrøysene som truleg er etter oppryddinga frå Storofsen. Bildet er teke i 1896. Foto: H.H. Lie /...
På sykkel ved Pynten
Bilde teke ved Pynten i Sødorp, som er det siste bruket langsmed Gudbrandsdalsvegen før du krysser grensa til Sør-Fron. Bildet er teke av Simen Baardseth med sjølvutløsar. Ser ein godt etter, ser ein utløsersnora som Baardseth held i høgre handa. Guten til venstre er...
Dalstjønna
Eit kjent turmål for mange på Vinstra. Mykje har forandre seg her opp gjennom tida. Mellom anna er det no svært attgrodd rundt Dalstjønna og Steinhaugsetra, som vi ser i framgrunnen. Demninga står fortsatt godt, sjølv om ho ikkje er like synleg lenger. Ho vart...
Familien på Nybakk
Familien Øhlckers som eigde småbruket Nybakk i Sødorp, midt på 1920-tallet.
Frå Sveipe
Maria Krag (syster til Peter Sveipe), Halgrim Sveipe, Hans Muriteigen og Kristian Kvikstadhagen.
![]()










