Eit traust folkeferd braut opp

Dei fleste som utvandra til Amerika, var unge folk

besøk

Så fekk dei besøk av slektningar frå gamlelandet. (Bilde frå Rolf Aasmunstad/Vegar Skar)

EINAR HOVDHAUGEN: Kvikne – Skåbu er den del av bygda som hadde den absolutt største utvandring. Her hadde utvandringa eit omfang som ein nesten kunne tru ville føre til avfolking. Men fornyingskrafta i folket var stor. Kvam ser helst ut til å ha hatt den minste utvandring i Fron, om det da ikkje er svikt i materiellet. Det er i 1851 vi hører om dei første utvandrarane frå Sødorp. I 1853 kjem Kvikne-Skåbu sterkt med, og Kvam omtrent på same tid. Namnelister er ikkje spennande lesnad. Men bak kvart namn ligg ein menneskelagnad. Valget har ikkje berre vore lett for alle. Det var å bryte alle bruer av. Med det var eit traust folkeferd som braut opp teltpålane og gav seg i veg, eit folk med sterk rygg og sterke armar.

Mange av dei første utvandrarane reise familievis. Vi ser at i 1853 reiser mann og kone og 3 barn frå Byrløkken, og mann og kone og 7 barn frå Rudlandshaugen. I 1867 reiser mann og kone og 5 barn frå Brakje, mann og kone og 4 barn frå Dalshaugen i Skåbu, mann og kone og 5 barn frå Teigen i Kvam og mann og kone og 7 barn frå Engjom. I 1868 reiser mann og kone og 5 barn frå Myrhaugen, i 1870 mann og kone og 6 barn frå Hågå i Skåbu, mann og kone og 7 barn frå Baklien i Skåbu, og mann og kone og 8 barn frå Myre i Kvam. I 1871 reiser mann og kone og 8 barn frå Stigen.

Dette er eksempel som danner eit tydeleg mønster i utvandringa. Ofte er dei yngste barna berre nokre månader gamle. Dei første utvandrarar la vekt på å halde familien samla, også etter dei kom til Amerika. Heilt fram til 1880-åra er dette familiemønsteret i utvandringa veldig tydeleg. Seinare blir utvandringa meire individuell.

Elles ser vi ofte at fleire søsken reiser samstundes. Somme ganger reiser familiefaren ålene, men alltid ligg tanken der om å få familien eller fleire av familien etter seg. Dette medfører at koner med store barneflokkar må reise etter åleine, og stundom ein gammal far og ei gammal mor, som barna tar etter seg. Ikkje så sjeldan synast mindreårige barn ha reist åleine. Forklaringa er truleg at mora er død frå barna, og faren tar dei etter seg.

Nå var det ingen som behøvde reise åleine. Kvar vår reiste det folk frå nær sagt kvar einaste grend. Det var alltid nokon som kunne ta seg av eit einsleg barn eller hjelpeslause gamle. Reisa var lang og gruvsam, men det letta mykje at ho vart gjort saman med kjenningar frå bygda og grenda.

Mellom folk som utvandra frå Nord-Fron, er ikkje så få ugifte kvinner med sine barn.

Husmannsklassa dominerer utvandringa stort, men etterkvart kjem det og med ein god del folk frå gardane. Ei undersøking eg har gjort for Sødorp-Ruste for tidsrommet 1850-1910, viser at 5/6 av utvandrarane er kome fra husmannsklassa, berre 1/6 frå bondeklassa. Truleg er det representativt for bygda elles. Det er også naturleg at der var slik. Det var i husmannsklassa det økonomiske og sosiale press var sterkast. Dei fleste som utvandra til Amerika, var unge folk. Og sidan det var så mange familiar som utvandra, var prosenten av barn under 15 år stor. Det var ein stor ressurs av framtidig arbeidskraft som vart overført frå Fronsbygda til nybyggarsamfunnet på hi sida av Atlantaren.

Frå Gardar og slekter i Fron, bind II

1 Comment

  1. Ola Morken

    UTVANDRINGSÅRET 1865.

    Den amerikanske borgerkrigen mellom Nordstatene og de Konfødererte Sørstatene i 1861-1865 satte en midlertidig stopper på den gryende utvandringen til Amerika fra Fron.

    I perioden 1860 til 1863 ser det ut til at kun et par personer fra Fron meldte utvandring til Amerika.

    Men det lå nok mange i startgropen og ventet, for i 1864 har ca 13 personer fra Fron meldt utvandring til Amerika. Da borgerkrigen sluttet 10.april 1865 startet utvandringen igjen allerede samme måned, og for 1865 utvandret mer enn 50 personer.

    Det er er interessant å bemerke at hele 40 personer fra Nord og Sør Fron reiste sammen fra Christiania 5 mai 1865 på den lille briggen ”Atalanta” av Tønsberg

    Briggen var bygget i Norrkøping i Sverige 1852 , og var eid av rederiet Brødrene Rød i Tønsberg. Briggen var på ca 120-140 kommerslester, og kaptein var B.L.Rød. Ved avgang Christiania 5. mai 1865 hadde hun 163 passajerer, hvorav alts 40 var fra Fron, men passasjerlistene viser også typiske Ringebu-Fåvang-navn. Dette kan vel skyldes at skipets agent i Hamar ved sin representant, C.F Omang, som nok hadde arbeidet aktivt i Oppland og Gudbrandsdalen

    Vi kan bare ane hvor trangt det måtte være om bord med 163 personer i tillegg til skipets ordinære mannskap. Overfarte tok nesten 7 uker, og skipet ankom Quebec i Canada den 25 juni 1865.

    Passasjerer fra Fron:
    Engebret Amundsen Branderudhagen
    31 
    Anne Olsdatter Branderudhagen*
    34 
    Anton Engebretsen Branderudhagen*

    Anne M. Engebretsdatter Branderudhagen*
    6mo. 
    Amund Engebretsen Branderudhagen* (Brandrudeie)
    60 
    Kari Amundsdatter Branderudhagen*
    28 
    f110
    Ole Andersen Rolstadeie
    41 
    Ingebjørg Eriksdatter Rolstadeie* (Rolstadlien)
    38 
    Anne Olsdatter Rolstadeie*

    Erland Olsen Rolstadeie*

    Hans Eriksen Gaasevolden (Skomaker9
    32 
    115
    Olava Pedersdatter Gaasevolden*
    33 

    Anna Hansdatter Gaasevolden*

    Peter Hansen Gaasevolden*
    5½ 
    Even Hansen Gaasevolden*

    Anton Hansen Gaasevolden*

    Haakon Hansen Gaasevolden*
    3mo. 
    Knud Hansen Gaasevolden (Skredder)
    Rønnau Pedersdatter Gaasevolden*
    30 
    Marte Knudsdatter Gaasevolden*

    Peter Knudsen Gaasevolden*
    9mo. 
    Hans Hansen Kroken Krokum
    36 
    Ole Larsen Skurdalseie
    24 
    Anne Larsdatter
    65 
    Marit Larsdatter
    28 
    Mari Larsdatter
    31 
    Sven Svensen Boukal (Skurdaleie)
    27 
    Knud Olsen Stavne
    20 
    137
    Amund Ivarsen Hovden
    22 
     Peder Paulsen Ravhullet (Rognhullet9
    37 
    Anne Frederiksdatter
    39 
    Frederik Pedersen

    Paul Pedersen
    11mo. 
    144
    Karen Ingebretsdatter Botten
    20 
    Mari Ingebretsdatter Botten
    18 
    Iver Amundsen (Storbakken)
    31 
    Ambjorg Halvorsdatter (Embjørg)
    28 
    Amund Iversen

    148
    Marie Iversdatter

    Rønnau Iversdatter
    Emigrantenes videre skjebne kjennes vel av familiene.

Submit a Comment