Bygdatunet

På bygdatunet sitt historia i veggane

Entusiastane som bygde opp tunet, ville få til eit husmannsbruk, slik det var i Fronsbygdene ein gong. Attpåtil med ein kjørbar oppgangssag.  Her kan du kjenne på stemninga og tenkje deg korleis livet var på ein skrinn husmannsplass.

I dag er desse husa populær fotobakgrunn for konfirmantar, jubilantar og brurepar,  lærarar og førskulelærarar. Smårollingane kan boltre seg i det gamle. Ingen treng spørje om lov. Det er berre å gå inn på tunet. Men har du idé og ønskje om noko meir omfattande, er det berre å ta kontakt med leiaren for tunet, Ola Skoe, tlf 970 90 090. Fron bygdatun er ikkje for mykje brukt, så det er berre å vere frampå. Lenger nede på denne sida finn du oversyn over alle dei små husa på tunet.

Her er meir om bakgrunnen for tunet, skrive av Johannes Brandvol: Milsteinstugu i Sødorp, som nå er bygdatun i Fron, må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord. Milsteinstugu må ha vore eitt av dei aller skrinnaste husmannsbruka «med jord.» Bruket nordafor, som hadde liknande ressursar, fekk namnet Pina, noko som fortel sitt.

I Milsteinstugu fødde ekteparet Anne Pedersdotter og Hans Erlandson opp sju barn i fyrste halvdel av 1800-talet. Anne var frå Jotun i Ruste, Hans frå Milsteinstugu. Kyrkjeboka viser at Hans Erlandson «druknede i Laugen Elv» 9. november 1855. Inga historie lever att og fortel om ulykka – kanskje han skulle prøve fyrste isen om vinteren? Ved folketeljinga i 1865 levde tre av døtrene og barna deira att på bruket. Da bruket synnafor, Molykkja, vart klukkargard rundt 1870, vart jorda i Milsteinstugu lagt attåt denne. Med det var Milsteinstugu borte som eige bruk og buplass.

Oppgangssaga ved Åkre i Skåbu var starten på bygdatunet. Saga høyrde til Grosberg og Nordgard Kongsli og var bygd i 1890-åra. Dette var etter at dei langt meir effektive sirkelsagene hadde konkurrert ut oppgangssagene, men oppgangssagene var framleis dei einaste som meistra skikkeleg grovt tømmer. Historielaget fekk denne saga tidleg på 1960-talet. Etter fleire dugnader vart saga fløtt til ny sentral plass ved elva Sula. Nokre år seinare kom kvernhuset frå Skurdalshaugen på plass framved saga. Fyrst 30 år seinare, i 1995, vart saga og kverna sette i kjørbar stand, med inntaksdam i elva og renner fram til vasshjula.

Da Fron historielag tok til å sjå seg om etter ein høveleg plass til bygdatun, var Milsteinlykkja eit alternativ. Denne sentrale plassen hadde god byggegrunn, låg nær saga og kverna ved Sula. Dette var store fordelar. Sjølv om ei kraftline over plassen var eit alvorleg minus, enda det heile med at Milsteinlykkja vart bygsla som grunn til bygdatun, og i 1975 kom arbeidet i gang. Målet var å byggje opp eit husmannsbruk med dei husa og det utstyret som naturleg høyrde til. Tunet som historielaget etter kvart bygde opp, viser husa på eit bruk i det øvste skiktet av husmannsbruk. Her er fjos til 4-5 kyr, stall, stabbur, låve og smiu.

Historielaget fekk den gamle smiua i Moen, som låg inntil Milsteinlykkja – dei andre husa vart plasserte i høve til smiu. Desse husa er ei stugu frå Søre Skogen i Ruste, eit stabbur frå Klypen i Ruste, ein låve frå Kantrud i Skåbu, eit fjos frå Kjørumsletta i Kvam, ein stall frå Sundstugu i Sorperoa. Eit stabbur frå Klukkargarden i Sør-Fron vart sett opp ved inngangen litt nord for dei andre husa.

Nokre av husa vart gitt som gave, andre vart kjøpte for ein rimeleg pris. Sjølv om ein del arbeid vart gjort med leigd hjelp, låg det stor dugnadsinnsats bak flytting, oppattbygging, inngjerding og oppattmuring av gråsteinsmuren langs heile sørsida.

Milsteinen som i si tid ga namn til bruket, kom på plass att. Det er fortalt at ein blakk pasient ein gong brukte steinen som betaling for eit dokterbesøk. Da oppbygginga av bygdatunet kom i gang, vart steinen gjeve som gåve til historielaget: Steinen var sterkt prega av tida og trong restaurering. Monogrammet til danskekongen Christian 5. øvst på steinan var greitt, men merket lenger nede var nesten borte. Til slutt enda ein på C7 – Christian 7. I ettertid viste det seg at det fanst att eit par andre milsteinar i betre stand, og som viser at det nedre merket er monogrammet til statthaldaren i Norge, Ulrik Frederik Gyldenløve, halvbror til Christian 5.

Husa i Bygdatunet

Stugu bygd i 1775 frå Søre Skogen i Ruste

Styret for Bygdatunet

Ola Skoe

Leiar

Tlf.: 970 90 090

Ragnar Tor Mariason

Styremedlem

Bjørn Renshusløkken

Styremedlem

Ole Rolstad

Styremedlem

Stall frå Sundstugu i Sorperoa

Låve frå Kantrud i Skåbu

Smiu frå Moen i Sødorp. Står på si opprinnelige plassering, som den gongen ho tilhøyrde Moen. 

Oppgangssag frå Meåkre i Skåbu. Står ved Sula.

Kvernhus frå Skurdalshaugen på Harpefoss. Står ved Sula.

Fjos frå Kjørumsletta i Kvam

Stabbur frå Klypa i Ruste

Stabbur frå Klukkargarden i Sør-Fron

Ønsker du å leie Bygdatunet?

Ta kontakt

Om du ønskjer å leige eller låne Bygdatunet, eller har andre spørsmål, kan du ta kontakt med Ola Skoe:

970 90 090

Artikler om Bygdatunet

Blir meldt til politiet

Blir meldt til politiet

Hærverk på Bygdatunet Leiar Tormod Bråten fann dette på Bygdatunet. Foto: Kristin Veskje GD Nokon har gjort hærverk på Bygdatunet på Vinstra. Knust glasruter og rive ned steinmur. GD skriv om saka. Tormod Bråten, leiar i Fron historielag, seier dette: "Det er kanskje...

read more

Loading