Da Einar og «Sjennin» skulle over Augla
FRIDE GUNN RUDI: Einar Rolvsbakken begynte som gardskar hjå Rønnaug og Lodver Dalseg, på Sygard Dalseg, da han var 17 år gammal. Der vart han ved å temme ein unggamp med ei kvit stjerne i skallen, som fekk namnet ”Sjennin”. Einar og «Sjennin» vart gode kameratar, og utgjorde eit godt arbeidslag. Da hesten var om lag tre år gammal, fekk Einar i oppdrag å hente ei langkjerre hjå Olav Lilleseter på Kile. Einar var 23 år gammal da dette hende:
Einar fortel:
«Det var ein varm, fin sommardag. Eg skulle hente ei langkjerre for Lodver hos Olav Lillesæter. Eg var gardskar hos Rønnaug og Lodver. Da selaen var kome på «Sjennin», tenkte eg at det var betre å gå om Kvarvet enn ned til Jensbakken og oppover ved Tagestad. Frå Dalseg går det ein geile opp til Kalstad, der går han over ein velbrukt stig. Denne går rett oppover forbi Kvarvet og til Rørosvadet, Rørosvegen. Det var her eg hadde tenkt vi skulle gå, frå Rørosvadet går det råk ned til Kile. Men da eg kom ovanfor Kalstad, så det ut til å vera så stutt veg over til andre sida. Det går ein veg der, ned i Auggedalen, som heiter Kalstigen. Vi svingte ned der, for vegen såg fin ut til å begynne med. Men da vi kom lenger ned, vart han smalare. Så kom vi ned til eit berg, da skjønte eg at vi hadde gått oss fast. Det var så høgt og bratt utafor stigen. Eg tenkte å gå bakom hesten for å sjå om det var litt breiare, så eg kunne få snudd han. Men eg var redd at da ville han prøve å snu seg der han stod. For eg kjende han så godt, at eg visste han ville prøve å koma etter meg. Så det var ikkje anna å gjera enn å ta av han selaen, så han ikke ville ta inn i berget. Men da vart det ei ny prøve for oss. Bukgjora var festa på høgre sida, så det gjekk ikkje an å få løyst ho. Da la eg høvret over på venstre sida.
Eg stod ved hovudet hans og såg for meg at han datt utfor og knekte rygg og føter. Eg tenkte på at vi ihop hadde gjort alt slags arbeid på Dalseg og i tømmerskogen. Det var så fortvila alt, kanskje han ikkje ville prøve å gå lenger? Vi hadde kjent kvarandre sidan han var føl, så eg sette lit at han stola på meg når eg ville at han skulle koma etter meg. Ei lang stund stod eg og sa til han at han måtte gå sakte og forsiktig. Så tok eg hovudet hans mellom hendene mine, og sa at nå får du koma «Sjenne», for oss skal følgjest åt i dag. Eg gjekk baklengs framfor gampen og snakka til han, med slakk ”hantyl” så han skulle kjenne seg fri. Det nytta ikkje å få han til å gå baklengs, det var nok fordi det var så smalt der. Eg løyste av bogtrea av bogringen, så dei ikkje skulle ta oppi berget. Han gjekk så smått, og han skalv, så redd var han, eller han var så spent. Eg syntest det tok for lang tid før han var kome over på trygg grunn, sjølv om det ikkje var snakk om så mange meter.
Eg er heilt sikker på at han forstod alt som vart sagt. Det er synd på folk som er så kloke at dei ikkje trur at dyr forstår og tenkjer. Da vi kom ned til Augla, svingte stigen ned langs åa. Eg visste ikkje kvar han gjekk vidare. Det var så bratt opp at vi gjekk i småsvingar. Eg måtte heile tida sjå etter så ikkje hesten trakka på skrå steinheller så han kunne kantre.
Til slutt kom vi opp i skogen på Kile utenfor Veneg. Så gjekk vi til vi fann vegen til Lilleseter, og henta kjerra. Så gjekk turen ned att om Jensbakken. Men vi hadde nok ikkje brukt lenger tid om vi hadde gått om Kvarvet. Det er nok ingen som har gått denne stigen med så stor hest, korkje før eller etter oss»
Einar var fast bestemt på at om hesten hadde falle utfor, ville han ha hoppa etter. Dei to hadde følgt kvarandre i så mangt slags arbeid, og hadde knytt sterke band seg imellom.
Heldigvis endte historia godt. Einar vart på Dalseg i om lag ti år. Det einaste han angrar på, er at han ikke kjøpte denne hesten av Lodver. Dei to hadde delt ei heilt spesiell historie som kunne ha fått dramatiske følgjer. Banda mellom dei to vart nok enda sterkare etter denne reisa..
0 Comments