Ei historie om korleis dei tok imot Guds mann i Skåbu

Såg du noko til presten?
GEORG MEGAARDEN: Veslumgutane var tre brør, Per, Ole og Øystein. Per var den eldste og ser ut til å ha vore føraren deira. Dei levde på garden Veslum, som ligg ved osen av vatnet Olstappen. Dei førde ikkje nett noko gudeleg liv korkje i ord eller gjeremål. Til slutt vart det so gale at presten laut ta seg ein tur oppåt dei for å tala dei til rettes, men gutane hadde fått nosa i at han var ventandes og budde seg til å ta i mot han.

Øvre Veslum. Måleri: Sigmund Hernæs
Syd for garden er det ein bratt skrent, som i gamle dagar vart kalle for Stromhugu. Vegen gjekk over denne skrenten, slik at den var synleg frå garden. Da presten var ventan´, gjorde gutane opp ein stor eld på gruva og sette´n Per utanfor stugu for å halde vakt. Då han såg presten kom, ropte han inn åt dei to andre:
Ola og Estin kom ut! Der kjem fan´ sjølv bortpå Stromhugue.
Nå tok gutane og jaga all sauen sin inn i stugu, lyfte døra av hengslom, men reiste ho slik at det ikkje syntes. Til slutt tetta dei ljoren, slik at røyken ikkje slapp ut.
Så sprang dei til skogs og gøymde seg, slik at dei hadde utsyn over garden.
Da no presten kom og opna døra, fall ho ut og over han, samstundes som sauen, blinda og halvkvalde av røyk, strøymde ut og brukte presten til å trakka på.
Presten fekk ikkje tala med gutane den gongen, og ikkje det er spurt at han freista på det sidan heller.

Nedre (Søre) Veslum. Måleri: Sigmund Hernæs
0 Comments