-Dæ e frå Gausdal alle nye mote kjøm

by | 11. des 2015 | Biografiar | 0 comments

Ord som lever etter´n Lars Dalshaugen

vengjemaur

-Eg tenkjer meir medan eg søv hell du medan du er vakjin, din vengjermaur. Og vengjemaurnamnet festa seg ved han for levetida. Foto: skogoglandskap.no

IVAR KLEIVEN: Lars Dalshaugen frå Skåbu var ein godkar, og det hende nok at han kom i krangel og gjorde ein slåstkule, men han sto ikkje etter å slåst. I eksesisen var det ein løytnant i Kvam som var så utgjordt på å dragast med soldatane, han skjønte dei var godkarar og han ga seg ikkje før han fekk prøve seg på Lars Dalshaugen. Denne løytnanten heitte Leth, og Lars tok han som ein halmsekk og kasta han borti ein lortdam:

Har´e bennande dø! – Kå lett du va!

sa´n Lars.

Dalshaugen hadde ein einaste son, og da han kom til verda, var det fælt til stas med kjerrringane, som kom med barnsenggraut og skrytte og laga om den store, vakre guten. «Nei, nå må du endeleg koma og sjå på denne vakre guten din, Lars», var dei ei som sa. Ja, han så gjorde:

Ja, eg ser nok Vårherre har gjort det vel – men eg undrast på, om han ikkje er vel lang, nerkjeften hans,

sa´n Lars. Og han hadde rett, sonen gjekk med underbet heile livet.

Det var ein ung Skåbygging som hadde vore nore veker i Gausdal på arbeid og kom heim i bygda att, noko bøs av di han hadde vore ute.

Døm bruke dæ så i Gausdal

gat´n om jemnan. Ein gong hørte Lars Dalshaugen guten kom med dette ordtakje og svara:

Kan tru dæ – dæ e frå Gausdal alle nye mote kjøm, dæ va frå der hondfarangen kom, au.

Ein annan unggut hadde vore utpå flatbygdene og vokse svært opp tå utferda, gjekk kledt på storvis med sidfrakk han hadde kjøpt på auksjon etter ein prest og håska og knota så det var vondt å høre på. I eit samkvem ein stad meinte han at dei var rakgjorde, heimfødingfane i Skåbu. Lars Dalshaugen svara:

Åja, e er nå født langt nord i marka og reiva med ostnæver, oppale nørst i Skåbu – men enda så tenkjer eg meir medan eg søv hell du medan du er vakjin, din vengjemaur.

Og vengjemaur-namnet festa seg ved han på levetida.

 

Frå Fronsbygdin 1930

 

 

0 Comments

Submit a Comment