
Misjonsforeiningane arbeidde for heidningmisjonen, andre for indremisjonen. I Skåbu arbeidde dei for eiga kyrkje og kyrkjegard. Oppførd i 1927.
RAGNAR ØVRELID: Etter det vi kan lese oss til, har det religiøse livet i Fron aldri stått sterkt. Framover til 1800-talet ofra fronsbygdene mykje på kyrkjene, men prestar og andre embedsfolk klaga over kor lite folk i Fron brukte gudshusa. Det er vel ikkje heilt tilfeldig at Fron var blant dei bygdene Hans Nilsen Hauge aldri besøkte, eller at Eilert Sundt i 1850-åra rekna fronsbygdene som særleg forderva. Distriktslegen gir i 1883 frøningane denne karakteristikken:
Hestehandlermoralen og kremmeruvesenet med deres følgesvenne brennevinsdrikk og kortspil, vantro og gudløshet fremkaller en høy grad av hensynsløshet overfor nesten. Gudbrandsdølenes interesser synes ikke å strekke seg synderlig utenfor politik og heste.
Lensmann Haanshus melder i 1905:
Kirkesøkningen er som før – meget dårlig.
Det er også tydeleg at Sødorp sokn let kyrkja forfalle frå 1850 til flyttinga i 1910.
Derimot tok det til å gro fram religiøse organisasjonar og lag i bygda utanom kyrkja i den same tida. I 1960-åra vart det stifta misjonsforeiningar både i søndre og nordre Fron
I 1864 hadde sokneprest Christie møte med «nogle af Kvams sogn» på garden Røssem. Der hadde det vore ei misjonsforeining i «nogle aar». Med skolelærer Nils Hansen som leiar. Nå vart foreininga utvida til heile Nordre Frons prestegjeld. Første året fekk laget 116 medlemmer, kvinner og menn, velståande bønder og fattige husmenn om kvarandre. Presten var alltid med på møta på skolane og rundt på gardane. Pengeinnsamlinga gikk i førstninga særleg til jødemisjonen, sidan også til Madagaskar, Kina og India.
Referat frå eit møte foreininga hadde i 1875 om «den indre misjon»:
Lærer Nils Hansen klaget over den kjærlighetsløshet som nu rådet, det var langt annerledes i den første tid han blev kjent her. Legmannsvirksomheten er nødvendig, sa lærer Hansaen, ti legmamnnens bønner og taler er så simple og tydelige at de lett trenger inn hos folket. De lærdes språk er mer kunstlet og ikke så lett å forstå. Den ytre og den indre misjon bør gå hånd i hånd, og prest og legmann arbeide sammen.
Etter kvart vart mennene borte frå misjonsforeiningane. Dei danna i 1884 si eiga mannsforeining med 27 medlemmer, men denne foreininga fekk ikkje noko langt liv. Derimot kom det stadig nye kvinneforeiningar: Sødorp i 1870, Ruste i 1887. Dei vart sammanslegne i 1891 og delt att i 1919. Barhaug i 1920, Ammundbrekka i 1921. Det kom foreiningar i Kvam og Kvikne og to i Skåbu. Somme lag arbeidde for heidningmisjonen, andre for indremisjonen. I Skåbu arbeidde dei for eigen kyrkje og kyrkjegard.
I nokre av grendene reiste dei forsamlingshus. Kvam fekk bedehus i 1898, Søre Lia Zion i 1908, Skurdalsbygda i 1912. Det var alt. Så det var ikkje bedehusa som viste mest att i det fronske landskapet.
Større aktivitet var det i frikyrkjerørsla. Men det var heller ikkje mange nok til å gjere seg sterkt gjeldande i det religiøse livet, dei heller. Fram til 1940 var det i alt 27 personar som hadde meldt seg ut av statskyrkja i Kvam, i Sødorp 56, i Sør-Fron 60. Utmeldingane begynte å kome etter 1914. Dei fleste gjekk over til pinsemenigheten, som i 1924 sette opp forsamlingshuset Elim på Vinstra. I utkanten av kommunane heldt emissærane møte i huset. Det galdt både indremisjonen og frikyrkjene. I Kvam hadde t.d. indremisjonen eige bedehus, mens baptistane overtok Folkets hus og kalte det Zion. Pinsevenene der hadde gjerne møta sine i ungdomshuset på Sjoa, som var ope for mange religiøse syn og grupper.
I mellomkrigstida kunne det vere større motsetnad mellom frimenighetene og kyrkja enn det er i dag. Sokneråda kunne gjere det vanskeleg for ein pinseven å gifte seg eller halde gravferd for sine i kyrkja.
Frå Historia om Fron, bind 1 Publisert her første gong 23. oktober 2014
0 Comments