IVAR KLEIVEN: På Frylisetrene merkte budeiene ofte at det var noko som var omkring dei, men som dei ikkje såg. Dette usynlege gjorde dei ikkje noko vondt, men dei tykte det var otyleg, for dei kjende seg liksom så utrygge, helst når det lei på hausten, kveldane vart lange og mørke.
På ein haug innafor Frylia låg det ein stor, flat sandstein, drivande kvit, og som ville vore overlag å lage seg skursand av, men han var så stor at det var ikkje til å tenkje på å flytte han ned på setra. Om det så hadde vore stor nok hjelp til å velte steinen kant for kant, ville det vore umogeleg å få han ned til setra likevel, for det var bergknausar mellom steinen og setra.
Så var det ein morgon budeia i Frylia gjekk forbi denne steinen att etter å ha lokka kua i hamn, og ho sa borti været: «Gud gje eg hadde denne steinen himpå setern!» Da skulle det ikkje vorte vant med sandstein, tenkte ho. Om natta etter, da ho vel hadde lagt seg, fekk ho høyre slikt ein veonderlig dønn ute, det lyddest som noko abragsleg stort og tungt skulle dette ned på jorda ovanfor seterstua, berre så jorda skolv. Budeia torte ikkje gå ut og sjå etter kva dette kunne vera for noko, for ho var så redd at ho fekk ikkje ein blund på augo sidan om natta.
Men om morgonen, da ho kom ut, låg denne store steinen ho så ofte hadde sett når ho lokka kua, ikkje lange stubben frå selet, låg der heil og helde! Ho vart reint fælen, for ho skjønte at her var det ikkje folkemakt som hadde flytta steinen, og at det lyt vera dei underbuande som hadde gjort det. Kanskje det var han Gust i Være eller Eldførpongen, som ennå var såpass i makt at dei orka flytte denne steinen.
Frå Fronsbygdin 1930. Publisert her første gong 3. mai 2014
0 Comments