Den harde ytinga har gått på helsa laus

by | 17. mar 2015 | Jordbruk | 0 comments

Helge Stormorken

Helge Stormorken

HELGE STORMORKEN: Berre den som har vore gjetar, veit kor jævlig geita kan vera. Ho har ein tanke: Å gjera alt som er ulov. Men killingane er dei artigaste av alle dyrungar, så det dempar på synet. Alle bruk og gardar hadde eit utval av husdyr. Dei små kanskje berre ku og gris, nokre få berre «villagris». elles var det både hest, ku gris, sau. høner og mange geit.

Foredlinga av husdyra kom i gang i 1930-åra. Det vart danna kontrollassistentordning i 1936 for å auke mjølkeproduksjonen med foring etter opplegg.  Dei fyrste assistentane var Ivar og Erling Hågå frå Kvikne. Dei fekk mange godord og vart lagt merke til for den biokjemiske målinga av fettprosenten – trolldom på den tida. Da kunne bonden få inntrykk av det arvelege grunnlaget for utval av avlsdyr både på mengde og feitt – det var gjevt med høg fettprosent da.

Likeeins vart det hesteavlslag, og utstillingar for sau og geit kom i gang. Vi var på veg inn i tida der ting skulle målast, ikkje berre skjønnast på. Mjølkeytinga per ku steig jamnt og trutt 12-1500 kg kvart år med med mjølk og med feittprosent på ca 3,5, hugsar eg at det var. Nå er dei ikkje fornøgde med 8000 kg, men feittet tel ikkje for prisen lenger. Forskarane på Ås, saman med lydhøre brukarar, har æra for denne framgangen.

Men alt har ikkje vore like bra. Den harde ytinga har gått på helsa laus. Bruk av veterinær var sjeldan i denne tida. Dyrlege Iver Teige kjørte med hest og trille eller spisslede, etterkomaren Peder Ruud gjekk over til bil. Ved sidan av kirurgi, som gjelding og fødselshjelp, hadde dei smitsom kalvekasting og kversyla å stri med. Nå er produksjonssjukdomar eit aukande problem, og dyrlegen er fast gjest.

8 hestar 40 mann

40 mand 8 heste  – siste reis til hovudstaden

Både killingar, lam og smågris vart gjelda utan dyrlege. Fe og hest som ikkje skulle bli mat på garden, fekk NSB-tur i «8 hestar og 40 mann» – vognene til hovudstaden.

Dyra som skule bli til mat, vart slakta heime, anten av slaktar – dei var mange, Fredrik Moen, Iver Engum, Mathias Moen, Ivar Nere, Anton Randen og fleire, eller av gardsfolka sjølve. Og det vart ikkje berre ved juleleite at det vart gjort. Alt som kunne nyttast, vart teke vare på: tarmar til spekemat – og andre pølser, måtte reinskast, lever, nyrer, lunger, hjarta og skinker skulle gjerast klare til salting i baljer, henging eller hermetisering i blikkboksar med lodding av lokk. Kjøleskåp var ukjend.

Skinna måtte saltast og anten seljast eller sendast til garving – det gjekk mye både lær og skinn når skomakaren og salmakaren skulle laga sko og vøle selaty. Skomakaren var bufast, salmakaren for oftast rundt på gardane.

Frå ein artikkel i Fronsbygdene 2007

0 Comments

Submit a Comment