Litt om Berget og Rolf Ingemann Krogh

PAUL HENRIK HAGE: Berget i Breinnom, Sødorp. Eg tok meg ein tur oppi Berget att her om dagen. Der står tida stille sjølv om åra går, og nå er det ni år sidan Rolf Ingemann Krogh døydde. Han var den siste som budde der. Rolf var ein tyleg og interessant kar å treffe eller besøkje. Fargerik var han på alle måtar og artig å fotografere både i farger og svart/kvitt. Han budde der aleine med dyra sine, var frå Vinstra, utdanna kokk og arbeidde i mange år som koldbordansvarleg på passasjerbåtar tilhøyrande Den Norske Amerikalinje og på høgfjellshotell som Gålå og Wadahl. Han var fleire somrar budeie på Øyasetra på Fryvollane. Han kjøpte Berget av Ivan Berget i 1972 og budde der eller på setra på Nysetra med geiter, bukk med namnet Putin, sauer, kalvar, høner, hund og kattar nesten heilt til han døydde 14. oktober 2011.

I gamle dagar var det mange som hadde heime i Berget. I folketeljinga for 1875 var det sju som budde der. Berget var husmannsbruk under Nordgard Hågå til 1876, da Engebret Jonsen Berget, gift med Ingeborg Halvorsdtr. Haugen, kjøpte bruket. I 1891-teljinga står det at dei budde der med barna Amund (18), Edvart (16), Ane (9) og Iver (5). I 1910 lever ennå faren Engebret og bur i lag med Johannes, Amund, Edvart og Ane. Alle barna er innskrivne med familienamnet Engebakken. Eg har ikkje greidd å finne nokor forklaring på det. Kanskje ønskte dei bruke det som namn på plassen. Det ville vore eit både vakkert og poetisk namn, etter mitt syn. Men Berget vart både bruket og familien heitande.

Fleire av dei vart kjente og viktige personar på Vinstra og i Sødorp. Iver Berget gifta seg med ei svensk dame, og eldste sonen deira, Eivind Sixten, vart født i Lima i Sverige 1915. Dei flytte til Vinstra to år etter, og Iver starta butikk (landhandel). Dei hadde ein son til som heitte Ivan Einar. Han byrja og som forretningsmann og dreiv ei tid med manufakturhandel på Vinstra. Sixten Berget døydde berre 54 år gammal, og butikken vart overteken av K & J Ødegaard. Ivan gav og opp handelsverksemda på Vinstra etterkvart og vart samvirkelagsstyrar i Folldal.
Som gutunge, når vi utforska lia og berga rundt Berget, hende det vi gjekk innom hos dei gamle karane der i von å få sjå på at Amund dreiv med utstopping av fuglar og dyr som han var kjent for. Korkje han eller brørne var særleg pratsame og ville nok helst ikkje bli uroa av nysgjerrige gutungar. Men nokre eksempel på arbeida til preparanten fekk vi da sjå.
Dette og mykje anna tenkte eg på da eg gjekk omkring mellom dei gamle husa «uppi Berjé» ein vakker haustdag.- Det er interessant å bli gammal. Det er så mykje å kome i hug og tenkje på – og så mykje ein kunne ønskt ein hugsa betre og visste meir om
0 Comments