NSB har skulda

Tankelaust av NSB

CARL HENRIK GRØNDAHL: I drøftinga om ny trasé for E6 er det tenkt konsekvensar. Ein kan lure på kva dei tenkte da jernbanen kom til Fron i 1896. Det vart vekst. Ja. Men i ettertid kan ein nok seie at NSB ikkje handla klokt. Dei gjorde det vanskeleg å utvikle tettstadane Hundorp og Vinstra. No slit frøningane med vedtak fatta for meir enn 120 år sidan.

I boka Bank i bygd og by skriv Asbjørn Ringen:

Sør-Fron fikk aldri det tydelige tettstedet som Nord-Fron har to av. Kanskje har det litt å si at jernbanestasjon og kommunesenter ligger langt fra hverandre. Det var debatt om plasseringen av bankbygget i 1903. Hvis de som ønsket å legge det til jernbanestasjonen, hadde fått viljen sin da, kunne Sør-Fron sett annerledes ut. Ikke minst hvis også kommunen etter hvert hadde flyttet etter.

Men problemet er at desse ingeniørane i NSB la stasjonen Hundorp på feil stad. Kva er utviklingsmoglegheitene rundt ein stasjon som ligg i ei skråning ned mot elva, der mesteparten av jorda er så freda at ein knapt får brukt ei spade? Det kunne aldri bli nokon tettstad rundt Hundorp stasjon, slik det er rundt Ringebu og Otta. Tenk om ingeniørane hadde lagt stasjonen ein kilometer eller så lenger nord. Der det er flatare. Kanskje hadde det vore ein by i Sør-Fron òg i dag.  Nå er stasjonen ironisk nok attpåtil gløymt og fullstendig irrelevant. Truleg fordi han ligg der han ligg.

Same problemet med Vinstra. Ein ting er at desse karane ikkje brydde seg om lokale namn, men hadde fikse idear og tvang sideelvnamnet på bygdefolket. I tillegg la dei også her  stasjonen i ei skråning ned mot elva. Kva om ingeniørane hadde lagt stasjonen ein kilometer lenger sør? Da kunne Sødorp òg blitt ein tettstad som fekk prisar for gaterom og trivsel.

Dei skulle dei tenkt på, desse karane som forma Noreg meir enn dei trudde.

OPPDATERING: Det kan vera at skulda ikkje ligg hos NSB, men hos kommunepolitikarane, iflg Ragnar Øvrelid.

1 Comment

  1. DAG SKURDAL

    Apropos plassering av jernbanestasjonar og namn på dei. Ringebu stsj. Synes den burde bli omdøpt til Vålebru stsj. Slik det no er, er Ringebu namnet på både kommunen og stasjonen enda det finst/fanst fleire stasjonar i kommunen. Folk i Ringebu seier at dei skal f.eks. «ni brua» og meiner med det tettstaden sjøl om Vålebrua ligg i utkanten. NSB valdtok mange plassar i Gudbrandsdalen.

Submit a Comment