Død mann skuldar pengar

Skrømthistorier frå setrer og einbølte bruk

Johan From gjekk i lag med to andre til Sør-Fron kyrkje Sankthanskvelden for å ha møte med sjølve styggen.

Ragnvald Tarud (1913 – 1989) fortel til Oddmar Myrum i Gudbrandsdølen 22. des. 1977: Ragnvald er ikkje overtruisk, men med dårleg opplysning både i og omkring seg var det ikkje så rart at fantasien gav liv til mange underlege skapningar som nissar, attgangarar, troll og hekser. Denne overtrua fylte heile året, men gjorde seg sterkast gjeldande i mørketida. – Far min var frå Sør-Fron, han var fødd 1 1856, og han fortalde mange ting som eg har hugsa sidan, seier Ragnvald. – I dag dreg vi på smilen til mange av dei gamle sogene, dei er vortne underhaldning i velferdssamfunnet, og på ein måte kan vi vel vere glade for at utviklinga har gått slik at vi slepp lettare. Tilveret kunne nok mang ein gong vere hardare enn dei ønskte, dei gamle.

Mellom anna hugsar eg han fortalde om ein kar som heitte Johan From, som i lag med to andre gjekk til Sør-Fron kyrkje Sankthans-kvelden for å ha møte med sjølve styggen. Dei tre karane hadde skore kvar si torv som dei satt med på hovudet. Best det var kom trollkjerringane fykande inn på kvar sin langskafta soplime. Trollkjerringane var sjølvsagt frå bygda og var slike som hadde selt sjela si til Gammel-Erik. Dei tre karane kjende att trollkjerringane, og det vart snart kjend utover bygda kven dei var. Folkepraten gjekk så vidt at det vart rettsak av det. Rettsmøte var på Heggerud, og sorenskrivar var anten Kaltenborn eller Randklev. – Såg du meg i kyrkja? spurde skrivaren Johan From.

– Ja, såg du meg? spurde From. Dermed vart saka lagt til sides.

Heksebrenning

Denne soga fortel tydeleg kor sterk ankring overtrua hadde i folk langt fram i moderne tid, seier Ragnvald, som også fortel om heksebrenning i Søre Lia for vel tre hundre år sidan. Det var på gardsbruket Bålet at denne hendinga gjekk føre seg. Ei kjerring var funnen skuldig i å vere heks, og straffa for slikt var døden ved brenning. Før heksa fekk bind for augo og skulle leiast på varmen, såg ho seg ikring og klumsa tre plogbeite opp i jordet på Steig. Det var nok ingen tvil om at det var ein som kunne meir enn sitt Fadervår.

Slakte gampen

– Eller tenk berre på nokre karar som låg på tømmerlunning i Gardtjønnlia, fortel Ragnvald. Far min snakka med ein av dei som var med der. Lunnarane låg på Ulbergsetra, og seint ein kveld kom det inn ein framand kar og spurde om han skulle vere med dei å slakte den raude gampen. Karane hadde med seg ein raud gamp, men han var frisk, så karane skjønte ingenting. Brått vart framandkaren borte. Dagen etter reiste karane heim, men på heimvegen stupte Rauden daud i skjekene, så framandkaren hadde visst hva han tala om.

Død mann skuldar pengar

Eller kanskje vi skal ta ei historie som verkar minst like mystisk, held Rangvald fram. – Jon Vaet frå Skurdalsgrenda var på Stavsmartna’n ein gong, det kunne vel vere omkring 1875. Medan han var der, vart han fråstolen 100 kroner. Han mistenkte nok ein kar, men kunne ikkje prove noko, så det var berre å reise heim att. Fleire år etterpå låg han på setra på Årstulen. Det var seint på kvelden, og Jon låg og røykte etter dagens slit. Da kom det med eitt inn ein kar med oppbretta skjorte og noko blodute. Jon visste at denne karen var frå Gausdal. Han kom bort til senga til Jon og sa at han hadde mistenkt feil person med omsyn til dei pengane han hadde mist. – Det er eg som har teke dei, sa han. Men gå du heim til kona mi, så får du att kvart øre, sa han. Først etter at han hadde tenkt på dette ei stund, kom Jon på at denne karen hadde vore død i fleire år. Han vart så ille ved at han sela på hesten og reiste til bygds att om natta. Men han kom seg ikkje til i gå til enkja og spørja etter pengane.

Kyrkjeklokka

Det er forresten underleg at mange av desse skrømthistoriene er frå setrer og einbølte bruk. Men det kan kanskje komme av at sansane var ekstra vare når folk låg slik for seg sjølv inne i villmarka. Han far og ein annan ungdom låg på Jørsetra, Sygard Gryttingsseter omtrent samstundes med dette som hende på Årstulen. Det låg og småprata ein kveld da dei fekk høyre kyrkjeklokker som tona vakkert utover setergrenda. Dei funderte ei stund på dette, men kledde på seg og gjekk ut for å sjå kva det var. Ute var det stilt og ikkje såg dei noko. Dei fann aldri ut kva det var dei hadde hørt.

Mange hardhausar

Det var forresten rypefangst del heldt på med på setra den gongen. Rypene selde dei til sorenskrivaren på Heggerud og fekk 30 øre rypa. Same gongen snakka dei med ein risbrotar borte i Dritudalen, og det måtte vere litt av ein hardhaus, for han gjekk kipp-skodd midtvinters. Men hardhausar var det nok mange av den tida, for dei vart herda i slitet for føda. Han far fortalde om ein gong han som fekar for borte i Svarttjønnholet. Der hadde eit tamreinlag leigd beite, og ein gjetar var med, Dette var i midten av 80-åra. Da han kom dit, fekk han sjå reinshams som låg att nedover fe-legeret, og krøttera ville ikkje ha hamna der. Etter slaktinga om vinteren hadde dei kledd den gamle Svarttjønnhol-bua innvendes med reinskinn så det hadde nok vore styggeleg kaldt der.

Tobakk i kaffen

Inni Espedalen heldt Hans Sandbuløkken til. Han var tjærebrennar og ein uvanleg sterk kar. Men han var hard på tobakken. Ein vinter hadde han vore nede i bygda med tjære og hadde bytt til seg eit hit med mjøl. Han fekk skyss med nokre tømmerlunnarar opp til Lomsetra, men derfrå gjekk han på ski i laussnøen og bar mjølsekken på ryggen del to mila fram til Espedalen. Ein gong fekk han nå metta si med tobakk au. Han hadde alltid med seg kaffikjele når han drog til bygds, og denne gongen hadde han kjøpt ein tobakksfjerding som han la ned på den tome kaffikjelen. På heimvegen kom han ikkje i hug tobakken da han skulle koke seg kaffi, og han tykte nok at smaken vart i sterkaste laget, men både kaffi og tobakk var dyre varer, så han drakk opp alt likevel.

Bjørnen drep

Det blir fortald at omkring 1830 kom det eit taterfølgje frå Espedalen til Fagerli. Del frakta enda med seg ei sengeliggjande gammal kjerring. Følgjet overnatta ved Turu, elva ved Fagerlivatnet. Der døydde kona om natta, og ho vart gravlagt på staden. Der i området omkring Fagerli og Lomsetra hadde farbror min, Ivar Karlsrud, gåande ei hoppe med føll. Det var like før århundreskiftet. Så fekk han høyre at einkvan hadde sett føllet åleine i Massingdalen, det gjekk da saman med eit anna hestefølgje. Da han drog dit for å sjå, fann han mora til føllet. Bjørnen hadde slege ho i hel og reidd ho stygt til.

Paul Bekkum som også var fødd omkring 1860, var inne i Valsfjellet og såg etter sau. Han fekk høyre sauebjølle og gjekk opp på ein stein for å sjå kvar sauen var. Da kom ein bjørn berande med et søye i kjeften. Paul skreik stygt og slo saman hendene. Bjørnen snudde, men sleppte ikkje søya, seier Ragnvald.

Frå FB-sida til Paul Henrik Hage

0 Comments

Submit a Comment