– Ei skam å komme heim i drosje

Johan Pettersen (1900-84) kjørte drosje i 38 år

Johan Pettersen: E-6 var berre grusveg, og vi trong to dryge timar Vinstra – Lillehammer

Oddmar Myrum i Gudbrandsdølen 24. mars 1973: – Er det ingen som har prøvd å slå deg ned? – Jau, ein gong. Det var mykje kjøring av anleggsarbeidarane på Vinstra-anlegget. Eg skulle kjøre ein kar som hadde tatt seg ein tår. Han ville til Lillehammer, men dit ville eg ikkje kjøre han. Så bar det til Kvam. Han var kranglete og spurde om han skulle slå meg. Eg prata det nå mest bort. Men best det var. kjende eg eit hardt grep i venstre aksel og vrei på hovudet tidsnok til å sjå ein knyttneve som kom. Eg fekk kasta hovudet framover slik at knyttneven skrensa på halsen. Så greip eg med eine handa bakover og fekk tak i den digre hårluggen hans og bøygde hovudet hans ned mellom knea på han medan eg samstundes fekk styrt bilen inn til vegkanten og stoppa. Dermed drog eg han ut av bilen og gav han det han fortente. Slikt har eg aldri sidan vore borti, men vi skal ikkje vere trygge her heller. Brutaliteten spreier seg fort.

Begynte som skomakar

Ein kunne nesten vri litt på ordtaket og seie skomaker bli ved din bil, når ein tenkjer på Johan Pettersen på Vinstra. Han er over 72 år og framleis aktiv drosjesjåfør, men han begynte som skomakar. Det var ikkje lettare å skaffe seg arbeid da han voks opp enn det er for ungdommen i dag, fortel han. Etter at han var konfirmert, var han så heldig å få arbeid ved jernbanen og vart med på grusing mellom Hamar og Vinstra. Litt seinare drog han til Vestlandet på anleggsarbeid og dreiv med det eit par år. Far til Johan var skomakar, slik at Johan fekk god kjennskap til dette arbeidet gjennom heile oppveksten og var også med og hjelpte far sin når det trongst. Derfor tenkte han som så at om han sjølv også valde dette yrket, så fekk han iallfall halde seg i ro på ein stad. Han var da med Ingebrigt Baukhol ei tid og tok også eit kurs i Oslo. Deretter etablerte han seg i kjelleren hos urmaker Berge på Vinstra. For det meste vart det lapping og reparasjonar, men han laga også ein del nye sko, men løna var ikkje noko å bli feit av. Når han randsydde halvsolar under eit par damesko og sjølv heldt lêr, fekk han tre kroner. Dersom kunden heldt lêret, fekk han berre ei og ei halv krone. Smått var det også med pengar mellom folk, og det kunne hende at skomakeren måtte vente i lang tid på betalinga, ja, somt fekk han aldri betaling for, og da vart det ikkje mykje å kjøpe lêr for.

Litt romslegare i pengevegen vart det da han flytte til Birkheim (opplysn: eit hus rett over gata for Pettersens kafe) med skomakar-verkstaden samstundes som kona dreiv kafé. Denne kombinasjonen heldt dei så fram med på Lømo (opplysn: eit forsamlingshus nord for gamle Vinstra samvirkelag). Men Johan skjønte at noko stor framtid var det ikkje i skomakaryrket, og det tok hardt på ryggen å sitje bøygd over lesten ein tolvtimars dag.

Første drosja i 1935

Johan var framsynt nok til forstå at bilen var komen for å bli, og i 1935 reiste han til Drammen og kjøpte seg ein 27-modell Chevolet som han betalte 800 kroner for. Dermed var han fyrste privatmannen på Vinstra som tok til med drosjekøyring. Noko så fint som løyve var det ikkje snakk om den gongen. Ikkje var det så vanskeleg å få kjørekort heller. Han tok ein runde med bilsakkunnige frå Vinstra sentrum og over Sundbrua, og dermed var den saka i orden. Drosjetakstene var ikkje så store den gongen. Dei rekna omlag kr. 2.50 pr. mil. Det kosta 12 kroner å ta ein Skåbu-tur, 20 kroner for ein Lillehammer-tur og 60 kroner for ein Oslo-tur. Men så kosta heller ikkje bensinen meir enn 25 øre literen.

Med knott på tanken

Så kom krigen og det vart slutt på bensinen. Johan hugsar godt da han fekk montert generator på bilen sin. Det gjekk utruleg bra med knott-gassen, men ein vart sjåande ut som ein feiar når ein skulle fylle «bensin» og sote anlegget. Det hende også at ein vart ståande. Men hadde ein god, tørr older-knott, gjekk det bra. Slapp ein opp for knott, kunne ein stoppe og bryte litt av ein gammal tørr skigard såvidt ein kom seg vidare. Verre var det når knotten var rå, og det var ikkje sjeldan, for avsetnaden var så stor at tørketida ofte vart i snauaste laget.

Fabrikkny bil i 1946

Johan fekk sin første fabrikknye bil i 1946, og det vart ein stor overgang. Det var ikkje så mykje kjøring av privatfolk ennå. Folk såg det som ei skam å komme heim i drosje når dei like gjerne kunne gå, seier Johan. Det var ikkje så mykje spørsmål om å ha råd eller ikkje, bilkøyring var framleis luksus. Denne tida var Johan så heldig å ha ein del kommunal kjøring ved sida av turisttrafikken. I dag er mentaliteten heilt forandra når det gjeld å ta seg drosje. Særleg ungdommen er ein god kunde for drosjene, og folk flest tar drosje sjølv om dei ikkje skal så langt. Kortaste turen John har hatt, var ein tur på omlag 250 meter. Lengste turen gjekk derimot frå Fefor til langt oppi Hallingdal. Elles reknar vi det for ein brukbar tur når vi kjører til Lillehammer, seier Johan.

Fekk ikkje pengar

Har du kjørt til Oslo utan å få betaling?

Nei, ikkje til Oslo, men til Trysil. Dit kjørte eg ein kar ein gong. Han hadde ikkje noko å betale med, men skulle sende pengane dagen etter. Dei kom sjølv sagt aldri. Saka gjekk til retten. og eg fekk omtrent halvparten av det eg skulle ha.

Kongelege passasjerar

Elles har Johan gjennom alle desse åra hatt mange slags passasjerar. Mellom andre har han fleire ganger kjørt dei kongelege til og frå Skåbu når dei har vore i Sikkilsdalen. Maken til kvardagslege folk, seier han. Dei pratar om laust og fast som anna folk.

– Vegane har vel endra seg ein del sidan du begynte? – Kan ikkje samanliknast før og nå. Sjølv E-6 var berre grusveg, og vi trong to dryge timar Vinstra – Lillehammer. I dag kjører vi same strekninga på fem kvarter. Ja, sjølvsagt er det ikkje berre vegane si skuld. Bilane har også vorte mykje betre. Første bilen min hadde berre bak-hjulsbremser, og dei var opne slik at grus og skit la seg i, og dei tok ikkje tak

– Du liker yrket? – Ja, eg liker å treffe folk og få slå av en prat. Og det er som regel hyggelege folk vi har med å gjere.

Tilfeldige turar

Kva slags kjøring er det mest avi dag? Det er tilfeldige turar, ja, og så har vi skulebarnkjøring i Sødorp. Fest-kjøringa er det mindre av nå. Ser ut som folk kjører meir og meir sjølve. Før hadde vi turgåarane som skulle til fjells. Slikt er det mest slutt med.

– Det har vel skjedd ei rasjonalisering innan ditt yrke også?

– Ja, du veit i 1946 gjekk vi saman om å få drosjesentral på Vinstra. Vi er fire drosjer her, og det er lettare for pulikum å slå berre nummeret til drosjesentralen enn å drive klappjakt på oss alle fire. Sjølv om vi i dag har dag- og nattvakt heile året, tener vi på denne ordninga sjølve også. Vi veit når vi har fri. – Er det behov for fire drosjer på Vinstra? – Ja, vi må nok vere så mange for å greie topptrafikken på ein tilfredsstillande måte. Elles får vi finne oss i at det blir mange rolege stunder. – Og du vil halde fram som sjåfør? – Ja, så lenge eg får lov. Grensa er visst 75 år, så det lakkar. Men så lenge ein er ved god helse er det hyggeleg å arbeide, Johan.

Frå FB-sida til Paul Henrik Hage

0 Comments

Submit a Comment