Prestegardsjul i gamle dagar

Ragnvald Tarud fortel til Oddmar Myrum i Gudbrandsdølen 22. des. 1977: Jula er ei tid for seg sjølv. Ein lysfest midt i mørketida er kjærkommen, og samstundes kallar innhaldet i jul på det beste i oss. Egoismen kjem litt meir på avstand, om ikkje anna så på sjølve julekvelden. Likevel feirer vi vel på mange måtar ei tom og fattigsleg jul i våre dagar. Dombjøller på traktoren skapar ikkje stemning, og ikkje går det an å kjøpe seg betre samvet med pengar. Nei, eg trur vi hadde ei rikare jul den gongen vi var fattigare. For meg er det ti julekveldar som alltid kjem til å stå i eit særstilling i minnet. Eg var forpaktar på prestegarden i Nord- Fron frå 1937 til 1947. Den gongen var prestegarden ein del av lønna til presten, og derfor var det om å gjera for presten å få til ei best mogleg kontrakt med forpaktaren. Den kontrakta vi hadde, trur eg ikkje gjorde nokon av oss velståande, men det kan kanskje vere av interesse å tenkje attende på noko av det viktigaste i ei slik kontrakt.
Presten skulle ha 100 lass god ved for året, kappa, kløyvd og tørka før den vart stabla i skålen, to grisar, ein på 100 kilo til jul og ein på 70 kilo til påske, ein okse på 110 kilo, to sauar kvar på 25 kilo, 12 liter mjølk dagleg, åtte tønner poteter, og det var presisert at det ikkje skulle vera småpoteter, 300 kilo bygg. Av arbeidsplikt som forpaktaren hadde, kan eg nemna ni dagar i hagen og halde alle vegar på tunet reine for snø heile vinteren, både vegar og dørhelle skulle vere i stand før klokka åtte om morgonen. Skysshest skulle presten ha parat til kvar tid, og den måtte vera påliteleg, men heldigvis gjekk presten over til å bruke bil like etter at eg tok til, så eg måtte i staden ut med 12 kroner månaden til bilskyss.
Juletre frå Øldalen
Bjarne Furuseth Nordrum var ein prest av det gamle slaget, kanskje den siste av den gammaltestamentlege embetsmannstypen på våre kanter. Det stod respekt av «Hans velerbårenhet», skal du tru. Sjølv om han kunne le godt til ein god spøk, var han jamnast alvorsfylt og streng i mange ting. I god tid for jul skulle slaktinga og vedhogginga vere unnagjort. Ole Tamburstuen, som hadde vore husmann under prestegarden, var den einaste som var trudd til å hente juletre i Øldalen. Det skulle gå frå golv til tak. Frå tidleg morgon veslejuleaften var vi i gang med rydding og pynting, slik at helle garden skulle vere i festbunad til julekvelden, for da skulle vi gjere berre det heilt naudsynte. Dyra måtte sjølvsagt ha sitt da som elles. Vi hadde 30 naut, sju purker, fem hestar og ein del sau. Presten blanda seg aldri burti noko av dette. Det eine han passa på, var at det kom opp sju fugleband på garden til julekvelden. Tidleg på aftan kom prestefrua og bad oss til julekveldshøgtid, og ved sjutida måtte vi opp alle saman frå forpaktarbustaden, det var mor mi og bror min, to tenestekarar og ei tenestejente.

Travel tid for presten
Fru Nordrum tok imot oss, og sonen i huset, Johannes, sette seg til pianoet og underheldt medan vi venta på middagen. Dette var ei travel tid for presten, som skulle ha fleire gudstenester i jula og vere med på juletrefestar og andre arrangement. Derfor sat han på kontoret og skreiv og førebudde preiker og talar heilt til frua ropte på han at maten var ferdig. Ved bordet las han bordbønna og juleevangeliet, og så gjekk vi laus på ribba og risengrynsgrauten og alt det andre gode. Etter maten tok vi ei lita pause før vi tok fatt på gangen rundt juletreet. Om ei stund var det kaffe og kaker og utdeling av julegåver til oss alle.
– Eg hugsar at første året vi var der, fekk eg ein barberkost i gåve. Den har eg forresten enda. Elles var det slike gåver som lommetørkle, bukseselar, lommespeil og kam. Utover kvelden vart samværet avslutta med at vi song «Med Jesus vil eg fara». Eg har ofte tenkt attende på desse høgtidsstundene, for du veit det representerte ei livsform som del fleste her var ukjende med. Men eg har også tenkt på fru Nordrum, som hadde alt slitet med å bake og lage mat, for prestefamilien hadde ikkje tenestejente.
Juledagsmorgon såg vi presten la den vesle svarte kofferten sin på sparken og drog i veg til hovudkyrkja til julemesse.
Frå FB-sida til Paul Henrik Hage
0 Comments