Eliten i Fron

by | 12. sep 2014 | Biografiar, Jordbruk | 0 comments

Storbøndene bygde seg staseleg kyrkje i Fron , men bygger ikke lenger vegar.  Foto: nrk.no

RAGNAR ØVRELID: Eit bondearistokrati utvikla seg i bygda i førstninga av 1700-åra, både økonomisk og sosialt. Særleg sør i hovudsoknet vart det mange storgardar. Men vi kan også spore den same typen av elitedanning i Sødorp, kring dei gamle gardane i Ruste, i Kvikne og på solsida i Kvam. Oppsitjarane på dei store gardane vart toneangivande. Rikdom på avling, husdyr og pengar gav dei ei trygg kjensle av å stå på toppen av bygdesamfunnet. Og dei hadde også ein lang tradisjon å stå på. Dei kom gjerne frå gardar som var store og mektige heilt tilbake til mellomalderen. Dei står å lese om hos Snorre. Tradisjonane gav dei høg status.

Fleire av storgardane hadde også halde ved lag den leiande stillinga si gjennom ein medviten giftarmålspolitikk og knytt solide nettverk av slektsband til andre storgardar og framståande ætter i og utanom bygda. Og standskjenslene auka nok på etter som fellesoppgåvene i bygda vart større, og staten og embedsmennene stadig meir trekte desse folka inn i dei nye styringsorgana for kyrkje, fattigstell og skolestell.

Med rikdom og makt følgde også i det gamle samfunnet ansvar. Ansvar til å hjelpe dei lågare stilte i bygda, og plikt til å ta på seg stadig fleire offentlege oppdrag ettersom staten bygde ut fleire styringsorgan. Bøndene sat inne med mestedelen av ressursane i bygda, og storbøndene med brorparten av desse tilgangane. Men dei skulle ogå svare for mange av dei tyngste pliktene. Bøndene var mest åleine om å betale skattane. Dei hadde plikter og utlegg til det militære, og mange av dei var sjølv soldatar, enda det gjerne var husmenn og tenarar som måtte ta slik teneste. Bøndene skyssa, heldt vegane ved like, og dei hadde det meste av utgiftene til embedsmenn, lensmann, klokkar og lærar.

Ofte gjekk bøndene temmeleg langt i hjelpa til dei fattige og naudlidande. Dei oppretta og gav gåver til kornmagasinet. Noko av det første dei brukte kommunestyret til, da det kom i 1838, var å låne 2000 spd av statskassa til å kjøpe varer for til dei som leid vondt. Varene vart innkjøpe i Kristiania, forretningane der leverte i Lillehammer, og så vart det opp til medlemmene i fattigkommisjonen å hente korn og strie der. Det vart mange hestelass og lang køyring. Og så skulle varene fordelast og utleverast. Det stod også medlemmene i fattigkommisjonen for, kvar i si grend.

I 1777 sat desse i fattigkommisjonen og var likningsfolk i Sødorp og møtte i «Kans Korsgadens hus»: Ole Hage, Paul Bø, Paul Byre, Anders Haugen, Johs Skåden (heile gardar). Amund Solbjør (halv gard), Paul Øyene (kvart- eller øydegard), Paul Vika (nyrydning). Vi ser kven som var flest og sat med makta, men dei skulle nå vere med, folk frå dei mindre gardane og.

Bøndene kjøpte kyrkjene i Fron i 1723, heldt dei ved like og bygde nye da det vart nødvendig etter 1750.

 

Frå Historia om Fron, bind I

0 Comments

Submit a Comment