Korleis oppfatta og deltok folk i Christians amt, noverande Oppland fylke, i hendingane i 1814 med Riksforsamlinga på Eidsvoll som eit høgdepunkt? Det fortel Tore Pryser om i boka 1814 i Oppland: Bønder, øvrighet og soldater. Boka legg vekt på å sjå 1814-prosessen nedanfrå. Det dreier seg ikkje berre om leiarane, men også om vanlege folk sin mentalitet, og om korleis dei oppfatta det som skjedde. Bokprosjektet er knytt til Opplandsarkivet og Høgskolen i Lillehammer. Det er også etablert eit omfattande samarbeid med mange lokalhistorikarar og interesserte i dokumentasjons- og formidlingsarbeid.
0 Comments