Jenter i ulykka hos naboen

i heidalePER PRESTGARD: I Heidalé 2013, årboka til Heidal historielag har eit tjugetal artiklar. Dei fleste er skrivi av folk i bygda eller av utflytta heidøler.  Boka av året har ein sterkare kvinneprofil i ljos av 100-årsjubileet for innføring av stemmerett for kvinner. Ein artikkel er om slitaren Jørgine Kvehaugen, som på småbruket i Rindhølgrenda fødte 14 ungar og saman med mannen sørgde for deira oppvekst. Heidal sanitetsforening som starta i 1913 ( men gjekk inn 2008) har fått si historie på trykk med protokollar for dei nesten hundre år som kjeldemateriale. Oddbjørn Evenshaug har ein interessant artikkel om jenter som kom i ulykka ved å føde barn utanfor ekteskap, og om den skremmande behandling dei fekk i samfunnet.

Anleggsarbeidarar på Sørlandsbanen måtte under krigsutbrotet i 1940 ta skia fatt fjelleies for å koma seg heim att til Heidal. Den strabasiøse skituren er forfatta på grunnlag av dagboka til ein av dei. Soga om posttenestene i bygda som begynte med fyrste postkontoret i 1879, inneheld omtale av miljøa rundt postopneriet og om slitarane som sørga for å få posten fram i all slags ver. Elles er det artiklar om utvandring, setring, kafeliv og ymse anna frå før i tida.

Det heile er eit produkt av ein omfattande dugnad med friviljug gratis innsats av såvel forfattarar som redaksjonskomite. Boka har 144 sider og har eit rikt biletmateriale. Opplaget er 600, og prisen er 250 kroner boka.

0 Comments

Submit a Comment