Fronsbygdin
Redaksjonen
Dei som lagar årboka Fronsbygdin:
Frå venstre: redaktørane våre Erling Skurdal og Geir Paulsrud.
Dersom du sit på ein idé til ein artikkel, eller har interessante foto, historier, segn eller liknande, ønskjer dei svært gjerne å høyre frå deg. Artikkelen treng ikkje væra over fleire ti-talls sider. Vi ynskjer både stutte og lengre artiklar velkome.
Ta kontakt med Erling: [email protected] eller Geir: [email protected]

Utgivingar
Nå er tida for å kose seg med Frons-historie i godstolen. Vi har mykje godt på lager! Manglar du nokon av utgivingane? Kontakt Egil Myhre.
Fronsbygdin 2024
Den fyrste årboka til dei to nye redaktørane. Boka dekker ei rekke interessante tema, men har mest fokus på bruer og skøyteløp.
Fronsbygdin 2023
Ei lang historisk reise er over. Hildegunn, Rasmus og Gard takkar av med nok ei solid årbok.
Fronsbygdin 2022
Fronsbygdin 2022 tek mest føre seg den historia som ligg oss nærast i tid.
Fronsbygdin 2021
I 2021 var det tusen år sidan Olav Haraldson møtte Dalegudbrand på Hundorp. Fleire av artiklane i denne utgåva tek føre seg kristningsjubilea og Hundorp.
Fronsbygdin 2020
75 år sidan frigjeringa, Hellemåleria i Espedalen og då Krupp bygde på Tofte under krigen, er noko av det du kan lesa i denne utgåva.
Fronsbygdin 2019
Les om Hera fabrikker, husmannsplassane under Rønn og lange svev i Brakjebakken i Fronsbygdin 2019.
Fronsbygdin 2018
Visste du at Ludvig Holberg budde ei periode i Fron? I tilleg kan du få innsyn i spanskesjukas herjingar og Grosserer Sørensen på Tofte og Lauvåsen.
Fronsbygdin 2017
Korleis var dagleglivet på aldersheimen på Veikle? Og korleis hadde det seg at det kom Russiske krigsinvalide åt Fron etter fyrste verdskrig? Svaret finn du i 2017 utgåva.
Fronsbygdin 2016
Her kan du lesa om oppvekst og slit på ymse småbruk i Fron, stiftinga av ungdomslaget i Kvikne og ei drapsskildring på Tokse som vart nedskrive i 1464.
Fronsbygdin 2015
Les om falskmynteri, frøningar i den amerikanske borgarkrigen og skuespellaren Per Tofte.
Fronsbygdin 2014
Kvams eigen Eidsvollsmann, husmannsplassene under Dalsegg som forsvann og den triste historia om familien Karpol, er noko av det du finn i utgåva frå 2014.
Fronsbygdin 2013
Hugsar du Nedregata på 50-tallet? Rallyføraren Øyvind Hernæs? Eller Nils «Benet» Røssummoen? Du kan bli betre kjent med dei i Fronsbygdin 2013.
Fronsbygdin 2012
Flom har råka Kvam fleire gonger opp gjennom tida, og korleis var det å koma seg frå Kvikne til Lillehammer i 1849? Og kven var bygdeorginalen «Rærin»? Svaret kan du finna i utgåva frå 2012.
Fronsbygdin 2010–2011
Her finn du historia om slitet i Skoekampsetra, Rønnaug Sagboden – den siste husmannskjerringa i Fron og ikkje minst smiu åt Pettersen-karom.
Fronsbygdin 2009
Korleis var det å vekse opp på prestegarden i Sør-Fron midt på 1900-tallet? Theodor caspari – ein diktar i fron og kor godt kjenner du fronsdialekta?
Fronsbygdin 2008
Les om sundinga ved Hundorp, Torgeir Iverstugun, frøningar i gulltransporten 1940 og det biologiske mangfaldet i Fron.
Fronsbygdin 2007
Her finn du gamle segn, historia om Annie Balchen, busetnad i Vuludalen og industrieventyret A/S Søtorp Bræntorvfabrik.
Fronsbygdin 2006
Her kan du lesa om fotograf H.H.Lie, hestavl i Sikkilsdalen, setring på Vendalen og ein dyrleges kvardag.
Fronsbygdin 2005
I 2005 utgåva finn du historia om «Fjellpilten» Noregs fyrste rullande butikk og Kongsgarden Steig.
Fronsbygdin 2004
Frøningar på kvalfangst, bureising i Skåbu og Baukholsstulens betydning i norsk politikk er noko av det du finn i denne utgåva.
Fronsbygdin 2003
I den fyrste årboka til Fron hisorielag kan du m.a. lesa om skipinga av laget og korleis Fron bygdatun vart til.
Vi har mykje godt på lager!
Kjøpe Fronsbygdin?
Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.
Alle årgangar 2003–2018: kr 250,–
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–