Innhald i Fronsbygdin 2003

Bygde – og grendenamn i Fron av Brit Nilsen
Folk i Fron gjekk oftast til naturen for å finne namn til bygder og grender. Men mange namn er vanskelege å tolke og nokre namn er det usemje om.

Kongsvegen gjennom Sør-Fron av Hallstein Hage, Torbjørn Hagen og Geir Paulsrud
Mange stader i Sør-Fron kan vi finne restar av dei gamle vegane som har gått gjennom dalen. Dette er eit kulturminne som vitnar om innsatsen til både embetsmenne og dei lokale bøndene for å betre samferdsla mellom nord og sør i landet

Isveg over elva  av Oddmar Myrom 
Så seint som på 1960-talet brukte folk i Ruste vegen over isen når dei skulle til Vinstra. Fleire kjørte mjølka til ysteriet denne vegen.

Minnesmerke i Fron av Rasmus Stauri og Arvid Ødegaard
Runt om i Fron finst det fleire minnesmerke enn dei fleste av oss er klar over. Nokre fortel om uvanlege, dramatiske hendingar, andre om slit eller slikt vi er stolte av.

Kvamshumoren av Håkon Sveen
Kvamshumoren er eit omgrep som er kjent langt utanfor Kvam og Gudbrandsdalen. Lynnet i denne grenda har vore med på å setja kvamværen og heimplassen hans på kartet.

Frå det gamle seterlivet av Margit Lykkjom og Anton Løkken
– Eg har vore på seter´n i my over 40-år. Sjøl om det var nok å hengje fingra i, gav arbeidet både meining og glede. Dyra er alltid så takksame. Ja, det var ei god tid.

Åsavarpet av Velle Espeland
Artikkel om vegen opp til Åsen som tek av frå den gamle setervegen innover mot Vendalen og Fagerhøy.

Vintersetring i Gudbrandsdalen  av Velle Espeland
Tidlegare var det ikkje uvanleg at det også var folk og dyr på setrene om vinteren. Det kunne vere meir praktisk enn å kjøre høyet til bygds. Men det var ein einsleg arbeidsplass.

Huldrehistorier frå Ruste  av Johs Lunde
Den om er på fjellet og følgjer med på kva som skjer rundt seg, kan få sjå eitt og anna som det er vanskeleg å finn ei naturleg forklaring på. Mange meiner det kan vere huldra

Redvald Sør-frøning   av Gard Espeland
Den første som vart døypt Redvald i Norge var frå Sør-Fron. Namnet er nesten ikkje brukt andre stader i landet. I Sør-Fron var det svært populært frå 1870 til rundt 1900.

Spelemannen Redvald Fjellhammer  møter huldra  av Rasmus Stauri
Skal du nokon gong dele seng med huldra, bør du ikkje snu ryggen til henne. Det kan du “kåmå lågt” frå, meinte Redvald Fjellhammer som hadde møtt henne mange gonger.

Ole Johannesen – askeladden frå Baukholsgrenda  av Erling Skurdal og Hans Arne Westberg Gjersøe
Husmannsguten Ole Johannesen frå Baukholsgrenda reiste til Oslo og tente seg rik på å handle med filter og bein. Dotter hans gifta seg med ein italiensk adelsmann.

Mellomalderdiplom frå Fron  av Tormod Stauri
I original finst det mange brev som er skrive i Fron på 1300- og 1400-talet. På mange måtar gir desse breva inntrykk av at det var eit stabilt bondesamfunn.

Milsteinstugu- sveltihelbruket som vart bygdatun   av Johannes Brandvol
Milsteinsugu vart borte som eige bruk og buplass i 1870, men over hundre år seinare vart det vesle bruket bygdatun for Fronskommunane. Nå er det også smiu og oppgangssag der.

Eit historielag blir til   av Ola O. Røssum
Gjennom 75 år har Fron historielag engasjert seg i ei rekkje større og mindre saker. Dei største sakene er bygdetunet og bokverka Garder og slekter i Fron og Historia om Fron

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading