Sjefshuldrene på Gålå

by | 26. sep 2019 | Folketru | 1 comment

Har du møtt Burane Sand, Synne Nyseter og Estine Voll?

1471856_416616515108442_1020537580_n

Ser han ho Burane Sand? Forfattaren Johan Bojer på Sandsetra. Foto: Pål Kluften

JOHS LUNDE: Ved nordenden av Gålåvatnet er det tre seterstular. Det er Sandseter, Vollseter og Nyseter. Kvar av dei tre setrene har si sjefshulder. På Sand er det Burane Sand, på Nyseter Synne Nyseter og på Voll Estine Voll. Desse namna har gått på folkemunne i hundrevis av år.

Første gong eg såg huldra, var seinhaustes i 1946 på Nysetra. Da var far og eg på setra for å pløye. Eg var såpass stor at eg pløgde med to øykjer, såkalla krøkje.

Da eg hadde halde på ei stund, fekk eg høyre ei stor, grov jernbjølle som kom rett mot Nysetra. Det var så seint på hausten at eg var forundra på at nokon var att på setra enda. Det vara og rakk før eg fekk sjå noko, men bjølla høyrde eg heile tida.

Det gjekk omlag to timar før eg fekk sjå noko. Da kom det til syne åtte kyr. Først kom det ein liten kar, etter kom det eit langt, smalt kvinnfolk. Da dei kom til Haugasetra, deler vegen seg til dei andre setrene, og vegen over Rudlandsåsen. Men bølingen kom fram til dei andre setrene på Nysetra, og da vart dei søkk borte.

Så det hadde nok vore ei hulderbøling eg hadde sett!

Redigert utdrag frå «Huldehistorier frå Ruste» i Fronsbygdin 2003

1 Comment

  1. brit Lien

    Det gjekk jo historier på Baukholsstulen og om ei budeie der som løste kyrene på båsen osv. Jeg vil ikke skrive navnet men mor fortalte jo hvem det var.

Submit a Comment