Innhald i Fronsbygdin 2006

Kongebesøk i Fron gjennom 1000 år av Kristian Hosar
Frå 1946 vart det årvisse kongebesøk i Fron. Men kav attende til vikingtida hadde dei kongelege ærend i Fronsbygene. Denne kontakten har dei kongelege og frøningane sett høgt.

Sikkilsdalen  av Terje Lisødegård
I rundt 150 år har Sikkilsdalen vore sommarbeite for dølahesten. Hestefolk kjenner namn som Veikle-Balder, Petter Tidemann, Toftebrunen, Randsdvarten og andre.

Kvardagen for ein dyrlege av Magnar Sletten
Magnar Sletten kan sjå attende på eit langt yrkesaktivt liv som veterinær. Det har ofte vore slitsame dagar, men det er dei ljose minna som oftast dukkar fram.

Per Mellesmo – stortingsmann 1954-1977 av Per Ottesen
Fronsbygdene har hatt relativt få på Stortinget, og derfor fortener dei å bli hugsa. Ikkje minst fordi dei har uttretta så mykje verdfullt for lokalsamfunna.

Frå dagbøkene til Anton Granmorken av Nora Stormyrbakken
Dagbøker gir eit bilde av verda og tida i det små, eller i det store, I denne artikkelen møter vi livet i Nord-Fron dei fyrste tiåra av 1900-talet, slik Anton Granmorken opplevde det.

Even Knudsen Sulengshaugen av Jon Brænne
Denne artikkelen presenterer flere arbeider av den svært dyktige bygdekunstneren som var en dekorasjonsmaler av internasjonalt format. I Fron har han satt spor etter seg i Sør-Fron kyrkje og på flere gårder.

H. H. Lie av Hallvard Lie
Disse fem bokstavene ser vi på gamle kvalitesfoto. I denne artikkelen av sonen, prof. Hallvard Lie, får vi et godt inntrykk av “mannen og verket”. Han tok rundt 26 000 foto.

Mellomalderbrev frå Kvikne og Kvam av Tormod Stauri
Diplom eller mellomalderbrev er viktige dokument for å få kunnskap om eigedomstilhøve og andre juridiske forhold i mellomalderen, Men i tillegg gitr dei opplysningar om lokalspråket og språkutviklinga.

Kvikstad-bunaden av Aud Tvete Hvattum
Fleire bunader i Fronsbygdene har eigne stasplagg. Desse bunadene er mindre kjende og lite brukte utanom slekta. Redaksjonen vil prøve å få presentert desse bunadene etter tur.

Basen etter Pål Kluften av Harald Rudi
Pål Kluften hadde mange roller i Fronsbygdene. Her er historia om korleis kontrabasen hans vart reparert. Det går au an å frakte kontrabas på ein motorsykkel!

“Reivaronge” av Sigrid Bergseth og Tine E. Slang
Reiving betyr å surre inn barnet. Ordet “reivaronge betyr speunge eller baby. Er ein person lite vaksen for alderen, er han ikkje “komé utor reivom”. Reiving er lite påakta tradisjonskunnskap i dag.

Rock på døl av Trond Halle
På 60-talet hadde vi ein radiokanal i Norge og sprekaste musikkprogrammet, sett frå eit ungdommeleg synspunkt, var Ønskekonserten. I dag er dølarock eit musikkbegrep.

Harpefoss bru gjennom hundreåra av Arve Skurdal
Ingen stad i dalen er elvegjelet i Laugen så djupt og smalt som på Harpefoss. Her har det sjølvsagt vore mange bruer og mye ferdsel framigjennom tida. Desse bruene har ei interessant historie.

Amundsteinen av Arild Magne Larshaugen
Når ein går Sørensensvegen i Nordre Lia, så ligg det ein stor stein utpå bergkanten ved øvre Haustsetergrinda med Toftelva 80-90 meter loddrett under. Her skjedde det noko nifst ein gong atti tida.

Jernvinneanlegget på Borgen ved Gålåvatnet av Jan Henning Larsen
Tusenvis har sett Peer Gynt ved Gålåvatnet. Men få veit at dette området er rikt på kulturminne frå 1600-1800 år sidan. Her har det vore drivi ein rik jernproduksjon.

Vendalen av Bjarne Jetlund
I 1668 var det 17 setrar på Vendalen. I dag er nokre borte og andre har fått nye eigarar. Fleire setrar har kome til dei siste 350 åra. Dette seteranlegget er det viktig å ta vare på når hyttebygginga skyt fart.

Aat budeia av Ingv. Skillestad
Dette diktet er skrive til budeifesten i U.L.Livøæringen, Hundorp. Diktet stod i “Austland”, samlingblad for ungdomsarbeid og målreising, 14.november 1923.

Frå skulehistoria til Ruste krins av Anders Nustad
Tidlegare rektor Anders Nustad har samla mykje stoff om skulehistoria i Ruste. Denne artikkelen syner utviklinga fram til fastskuleordninga kom skikkeleg i gang.

Frå Nord-Fron til Bottineau i USA. Nedskrivi av Judith Moen,. Omsett og redigert av Per Åsmundstad
Mange frøningar har reist til Amerika, og etterslekta er stor. Dette er soga om Tjøstel Kongsli med familie som selde garden for å finne tryggare utkomme på prærien.

Fridtjof Sørensen av Oddmar Myrom
“I natt drøymde eg at eg fekk ei stor kake av deg!” “Da må eg hjelpe deg til å bli sanndrøymd”, sa bakaren og gav han ei stor kake. Kva for ein luring var nå dette?

Ordliste til Fronsbygdin (1930) (Ivar Kleiven) Av Andreas Bjørkum
Årsmelding for Fron historielag 2005
Kulturprisar 2005
Minneord Arvid Ødegaard

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading