Innhald i Fronsbygdin 2009

Bjerkebæk – heimen til Sigrid Undset frå Kvam og Sør-Fron av Marit Hosar og Kjell Marius Mathisen
I dag er heimen til Sigrid Undset gjort om til museum og er ein stor attraksjon i distriktet.Korleis gjekk det til at diktarheimen Bjerkebæk fekk hus frå Fron? Denne artikkelen gir svara.

Stasskåp frå Tofte i Sør-Fron av Bjarne Jetlund
Det var nok nokså vanleg at jentene i familane fekk med seg skåp eller liknande i heimefølge da dei flytta ut. Her er historia om fem jenter som fekk kvart sitt skåp.

Vinstra bruk av Per Ottesen
Lofossen i Vinstraelva har vore utnytta langt attende i tid. For vel 130 år sidan kom likevel gjennombrotet gjennom etableringa av Vinstra Bruk. Denne artikkelen ser nærare på den aktiviteten som vart så viktig for Vinstra og ikkje minst Rustebygda.

Om Hundorp hotell og Hundorp landhandleri av Nils Chr. Steig
Da jernbanen kom oppover dalen i 1896, ble det fart i næringslivet i bygdene. Et eksempel på slik nyetablering var nettopp forsøket på å skape et sentrum i Sør-Fron.

Litt frå reiselivet i Fron av Hans Petter Kleiven
Reiselivet er ei viktig næring for næringslivet i Fron. Særleg har høgsfjellhotella spelt ei framståanande rolle og denne artikkelen presenterer menneske som gjekk i bresjen og viste veg.

Kan du fronsdialekten? Av Odd Midtlien
Gjennom 30 ordforslag, der berre 10 er rette, blir du utfordra i fronsmålet!

Ny minnestein over Bjarne Lien av Odd Midtlien
Ein nye minnestein er reist over Bjarne Lien ved Sør.-Fron kyrkje. Den nye steinen vart høgtidelleg avduka på frigjeringsdagen i 2008. Bjarne Lienen var den einaste sør-frøningen som fall i kamp under andre verdskrigen.

Minne frå Tysklandsbrigaden av Arve Skurdal
Fleire frå midtdalen deltok i pliktteneste  i Tyskaland etter den andre verdskrigen. I alt gjorde 50 000 menn si teneste der nede. Dette er krigsminne som nok er mindre påakta i ettertid.

Bygde- og kunstsmeden Sigurd Kleppen av Morten Skurdal
Fronsbygdene har hatt mange bygdekunstnere. Denne artikkelen forteller om en allsidig mann som ikkje minst blir husket som kunstsmed. Det er igjen mange arbeider etter han i midtdalskommunene.

“Eften døden en sømmelig begravelse…” av Arild Teigen
Skikkar rundt død og gravferd er fleire og han endra seg mykje gjennom tida. Staten og øvrigheita var i lange periodar svært lite involvert i prosessen rundt naturlege dødsfall. I vår tid er dette snudd på hovudet.

Svartbok og trollkatt i Fron av Velle Espeland
Nord-Fron er den bygda i landet som har flest svartebøker. Det finst fleire lokale segner og fråsegner om personar som var trolldomskunnige eit par generasjonar tilbake.

Dokter Grønning – ei legende på Sør-Fron av Gunnar Lien
Alle som har hatt noko å gjera med doktoer Grønning hugsar han som eit menneske utanom det vanlege. Kanskje var det dei store motsetningane i han som fascinerte og forundra folk?

Oppvekst på Sør-Fron prestegard av Øystein Hov
Prestegarden i Sør-Fron har ei rik historie, sentralt plassert i bygda. Sverre Hov var sokneprest i Sør-Fron frå vinteren 1950 til han gjekk av med pensjon i 1974. I denne artikkelen fortel sonen Øystein Hov korleis det var å vekse opp på prestegarden.

Butikken på “Rishåmmara” av Fride Gunn Rudi
Rishåmmaren låg sentralt til for folk på Sør-Fron som skulle til setres på Østkjølen.Den gamle setervegen gjekk forbi oppigjennom “Haugane”. Det var naturleg å stoppe her for å proviantere til seterreisa.

Theodor Caspari – ein diktar i Fron av Rasmus Stauri
Ein diktar som knappast er omskrive i litteraturhistoriene, men som såg på Fron som sin andre heimplass trengst å bli trekt fram att frå gløymsla og bli lesen. Denne artikkelen trekkjer fram sider ved forfattarskapen.

Da det vart ein annan dans borti Lia av Tordis Irene Fosse
Denne artikkelen fortel om leikarring og vals og unge innflyttarlærarinner på femtitalet. Denne kulturforma er under press i vår tid, men artikkelforfattgaren syner kor verdfulle slike  danseformer kan vera.

På fiske i Alaska og litt til av Odd Kjorstad
Mange frøningar har for stuttare eller lengre tid arbeidd langt frå heimbygda. Mest kjent er kvalfangsta i Sørishavet, men denne vesle artikkelen fortel mellom anna om fiske etter laks nokre år etter krigen.

Flukta til en engelsk soldat våren 1940 av Eivind Holen
Her får vi høre om en lykkelig flukt fra de tyske okkupantene våren 1940. Med hjelp fra bygdefolk kom engelskmannen seg unna, men kontakten med soldaten ble ikke holdt etter krigen.

Gulltransporten i 1940 – om to som var med av Hans Petter Kleiven
Denne artikkelen er en naturlig fortsettelse av Hans Petter Kleivens artikkel om gulltransporten, som stod i Fronsbygdin i 2008. Her blir vi presentert for sønnene til to av de som var med. De har mye interessant å fortelle.

Gåter og visestubber frå Kvikne av Per Åsmundstad
Etter Olav Åsmundstad i Kvikne er det mykje av interesse for lokalhistoria i Fron.Per Åsmundstad har ved fleire høve gjort dette stoffet kjent, ikkje minst ved boka han skreiv om “fabro” sin. Det som følgjer er prenta i originalform.

Årsmelding for Fron historielag 2008
Kulturprisar 2008
Medarbeidarar i Fronsbygdin 2009

I 2010 kom det inga bok

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading