Innhald i Fronsbygdin 2010–2011

Byggeskikk i Fron av Arnfinn Engen
I alle fall dei siste par hundreåra har Fron vore eit brytnings-område mellom den tradisjonelle byggeskikken i dalen, og dei nye stiltrekka som kom inn frå sør tidleg på 1800-talet.
Men det var ikkje siste dans av Per Ottesen
På Bøndernes har både The Spectacles, Per Aabel, Oddvar Nygaard og Ola Opheim stått på scena. Gjennom 50 år var forsamlingshuset sentralt i forenings- og festlivet, men så var det slutt, eller …
Hans Joten – jernmann, rimsmed og samfunnsrefsar av Gunnar Lien
Som smed var han vel berre så måteleg. Heller ikkje var det nokon stor poesi han kom med. Det var det store engasjementet han synte i dei sakene han trudde på, som gjorde han stor.
Frå Mælingen i Kvam til Minnesota av Arild Teigen
Præriebrannar, store svermar med grashopper og iskalde vintrar. Mykje slit venta nybyggjarane frå Kvam som slo seg ned i Minnesota i 1869. Framleis har etterkomarane kontakt med heimbygda.
Skoekampsetra på Engeberget av Oskar Letrud
Setra på Engeberget i Kvam har vore eigd både av kongen og av småbrukarar. Ei tid var det også planar om ei turistverksemd der. Men nå står husa til nedfalls slik som på så mange andre setrar.
Da Frya hadde eget 17. mai-tog. av Odd Ivar Storløkken
I 1949 hadde Frya sitt eget barnetog på 17. mai. Omkring 15 elever gikk bortimot 3,5 km før Theodor Bakken kjørte dem i lastebil til Hundorpgeilen slik at de kunne slutte seg til toget som kom fra Lia.
Vals te tusen. av Rasmus Stauri
Den 18. september 2010 fekk spelemannen og komponisten Oddvar Nygaard (1919–1985) sitt fysiske minnesmerke i Sør-Fron sentrum. Melodiane og musikargjerninga hans vil seint bli gløymt.
Da Nørdre Øverbygda fekk skule. av Anton Bjerke
I 1865 vart det innkjøpt ei tomt til ein skule for Nørdre Øverbygda i Sør-Fron. Skulen var i bruk heilt til 1961 da kretsen fekk skulehuset til forsamlingslokale. Dette fekk namnet Øvertun.
To døler på studentbenken. av Helge Stormorken og Hans Gotfred Sandbu
Etter halv ti skulle det være stille, og å gå på do etter den tid var slett ikke tillatt. Reglene var strenge for de to veterinærstudentene som delte en 15 kvadratmeter stor hybel i Oslo i åra 1942–1947.
På jakt etter storelgen. av Johan Dalseg
Budeiene på Sødorp-setrene skulle ha sett ein uvanleg stor elgokse i området, og jegerane året før oss hadde vore i kast med ein «bigse» der, så kanskje hadde Ole ein baktanke med å jakte i Frylia.
Låven som vart pilegrimssenter av Rasmus Stauri
Ikkje mange hus har hatt eit så omskiftande tilvære som den gamle tømmerlåven frå Sigstadvolden i Kvam: sløydsal, internat, ungdomsherberge, turistinformasjon, butikk, og pilegrimssenter.
Den siste husmannsplassen. av Per Ottesen
Bakkestugu var den siste husmannsplassen i Nord-Fron. Her budde Rønnaug Sagboden til ho døydde i 1994, 99 år gammal. Ho levde eit nøkternt liv, og tente litt på å strikke – mellom anna «rosahoso». Sjå Rønnaug i Norge Rundt frå 1992.
Smiu åt Pettersen-karom. av Nora Stormyrbakken
Nesten alle i bygda hadde ærend til Ole eller Magnus Pettersen på Vinstra den tida alt som kunne reparerast, vart reparert. Pettersen-karane passa også brannbilen, og rykte ut når det var brann.
Ein tur Bortafor. av Gard Espeland
Bortafor kunne barn frå Lia oppleve spennande filmar og dødsryttarar ved kommunelokalet, dessutan eit intenst kaféliv på Svendsens kafé. Men det kunne også vere turar fulle av skrekk og gru.
Da sorenskrivaren ville ha seterveg av Knut Fossehagen
I 1845 vart bøndene i Nørdre Lia på Sør-Fron samde om å byggje ny veg heilt inn til setra på Bjørnhaugen. Pådrivar var sorenskrivaren på Hundorp, men også presten gjekk inn for prosjektet.
Oppvekst på Kvarvet. av Trond Dalsegg
Også barna til bureisarane på Kvarvet måtte tidleg vere med i arbeidet. Det var ein stor dag da ein fekk vere med mor og far til Vinstra for å kjøpe armbandsur som takk for innsatsen.
Tårnbyggjaren som vart frøning. av Hans Odenrud
Byggmester Werner Olsen budde store delar av livet på Fron. Han restaurerte kyrkjer i mange bygder i Gudbrandsdalen. Men det var truleg ikkje han som bygde opp att Listadkyrkja i 1617.
Havfrua i Furusjøen. av Velle Esepland
I følgje ei gamal segn skal det ha vore ei havfrue i Furusjøen på Kvamskjølen. Og ikkje berre var ho vakker, ho kunne også gje svar på alt ein lurte på. Men møtet med ein reinsjeger vart dramatisk.
Da «Sjennin» skulle over Augla. av Fride Gunn Rudi
Det gjekk nesten gale da Einar Rolvsbakken og hesten «Sjennin» prøvde å gå Kalstigen beinast over Augla for å kome til Kile. Korkje før eller seinare har det gått hest på denne smale stigen.
Spennande leik ved Fossåa. av Tordis Irene Fosse
Ei elv som Fossåa er spennande og forlokkande, men også dramatisk og farleg. Medan dei vaksne kjører tømmer, skyl klede og hentar vatn, prøver barna ut grensene, og lærer kvar dei er.
Den gongen telefonen var manuell. av Gard Espeland
Hausten 1939 tok Inger Engum (Espeland) til som sentralborddame på Sør-Fron, 17 år gammal. Lønna var 25 kroner månaden, og arbeidet inkluderte også litt barnepass og enklare husarbeid.
Oppvekst på kraftanlegg i Skåbu. av Trond Bakkevig
Aller best likte jeg å være med Nils Sande når han kjørte rundt med sin Bedford lastebil, eller med beltebil om vinteren. Jeg var hjelpegutt når vi kjørte til Rauskaret, Sandvann eller Heimdalsvannet.
Jernalderfunn på Jetlund i Sør-Fron. av Svein Jetlund
I samband med utgreiingane kring ny trase for E6, vart det hausten 2008 og våren 2009 gjort arkeologiske undersøkingar fleire stader i Midtdalen. Mellom anna vart det gjort store funn på Jetlund.
Anonymt mellomalderhus i Sør-Fron. av Gard Espeland
På Haverstad i Søre Lia står eitt av dei aller eldste trehusa i landet – eit stabbur som opphavleg truleg hadde ei sval på alle fire sidene i andre høgda. Berre om lag 200 tømmerhus i Norge er så gamle.
Murar og tufter i Steindalen. av Mildri Een Eide
Etter synfaringane stod vi att med tre tolkingar. Var murane og tuftene spor etter ei bygdeborg? Kunne det vere spor etter ein husmannsplass utan jord? Eller var dette spor etter stor verksemd i steinbrotet?
Det andre Hundorp. av Gard Espeland
Ein sjeldan gong hender det at Hundtorp i Bardu i Troms blir forveksla med Hundorp i Sør-Fron. Og faktisk finst det eit slags samband mellom desse to stadene med nesten det same namnet.
Ny daterering av Fron-hus på Maihaugen.
Kan du Fronsmålet?
Vi har mykje godt på lager!
Kjøpe Fronsbygdin?
Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.
Alle årgangar 2003–2018: kr 250,–
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–
