CARL HENRIK GRØNDAHL: Storhending på Vik i Kvam søndag 30.8. kl 13: Lokalhistorie på ein ny måte. Konsert og gardshistorie. Med Jon Faukstad, Andreas Bjørkås og Rasmus Stauri. Vik var i si tid eit lite bygdesentrum. Skysstasjon frå 1600- til 1800-talet. Eit soverom heiter framleis Dronningrommet. Første landhandel i bygda. Postopneri og så folkehøgskule i 13 år tidleg på 1900-talet. Rasmus Stauri fortel om garden og bygda, samfunnet og skulen, Bjørnstjerne Bjørnson på besøk i 1907 – og ei lita kjærleikshistorie. Jon Faukstad, og Andreas Bjørkås speler musikk som ôg fortel historia: tradisjon frå dalen – m.a. ein springleik frå Vik 1788, spelt på ein grindstolpe av Isak Rustom – til Fritz Kreisler, Per Bolstad, Elvis Presley. Kaffi og biteti. Påmelding; liste på biblioteket Vinstra. 115 plassar. Torsdag føremiddag var det berre 30 plassar att.
0 Comments