Om sjokolade frå USA, knipsespel og jukeboks

Anna Pettersen (1902-1987) tok til med kafédrift alt i 1928. Bilde frå Synnøve Solli
PER OTTESEN: Hausten 2012 vart legendariske Pettersens Kafé på Vinstra omdøypt til Salong Miocat, og ein velkjend aktør i Vinstra sentrum vart borte for godt. Riktignok har kaféen vore stengd ei god stund, men fasaden og raude blomar i glaset har i denne tida likevel minna oss om kva Pettersens Kafé har betydd for oss som brukte svært mange av fristundane våre på etterkrigstidas mest besøkte kafé gjennom fleire tiår. Ein kveld utan å ha vore på Petteren var ein bortkasta kveld. Der kunne vi sitte og prate, og etter kvart kom det ein jukeboks der, som forsynte oss med tidas nye musikk. Og vi gløymer aldri kringla!
Anna Pettersen (1902-1987) tok til med kafédrift alt i 1928, da ho starta Arbeidersamfunnets Café på Fridheim. som var ein del av det gamle Samvirkelaget. I 1929/30 etablerte ho seg på Birkheim, der Motestugu heldt til, før ho etablerte seg på Lømo, litt lenger nordi vegen. Der vart ho i ni år. Ho dreiv kaféen medan mannen Johan (1900-1984) hadde skomakarverkstad der fram til 1935. Da kjøpte han seg bil, ein Reo, som ikkje heldt mål. Etter kort tid kjøpte han seg difor ein 1927-modell Chevrolet for 800 kroner og tok til med drosjekjøyring, medan Anna dreiv Kafé Vidsyn i underetasjen der. Før hadde ho klart heile jobben aleine, men på Folkets hus måtte ho leige seg hjelp. Mellom anna fekk Kristian Iversen («Vetl-Kristian») jobben med å dra vatn frå Laugen for henne, og det var ikkje så reint lite som gjekk med av det både på kjøkenet og til golvvask og anna bruk.
Etter krigen bar det attende til Birkheim ei tid medan dei bygde det som endeleg vart fast «bopel» i 1947/48.
I 1945 hadde Hundorp Bruk begynt ferdighusproduksjon på Vollane i Lia i Sør-Fron. Mellom anna leverte dei brakkene til Nedre Vinstra-anlegget. Anne og Johan underteikna kontrakt med Fridtjof Balchen (1907-1983), ein av dei tre eigarane, om å få eit fullt ferdig hus med nykkelen i døra for 63 000 kroner – bygd av prefabrikerte lemmar. Men så vart åtte snekkarar som rigga brakker, ledige ei tid, og Balchen leigde dei inn for å gjere denne jobben i staden. Huset vart difor bygd på gammelmåten i rekordfart. Og sjølv om dette sikkert vart eit dyrare prosjekt fopr Hundorp Bruk enn eit hus av lemmar, fekk Anna og Johan det for same prisen. Det høyrer da også med til historia at Hundorp Bruk snart gjekk konkurs.
Først på 1960-talet var bygget og lokala prega av hardt bruk. Det måtte til ei renovering. I 1962 vart den første verandaen ut mot riksveg 50 bygd, og i 1963 vart huset fullrenovert, påbygd og ominnreidd.
Son til Anna og Johan, Halvard, fortel om ein heilt spesiell aktivitet dei første etterkrigsåra. Onkel Østen og tante Hanna Teigen og dotter deira, Dorthy, samla inn klede i USA og kjøpte kaffe, sukker, tyggegummi, sjokolade og andre varer det var mangel på i Norge etter krigen og sende det frå USA til Vinstra. Heile 120 askar med slike gåver kom det. Her i landet vart det mellom anna vanskar med å skaffe stoff til nye klede, men nå kunne folk som skulle gifte seg, halde barndåp eller delta i andre tilstellingar der dei gjerne ville pynte seg litt ekstra, koma innom og finne seg finklede i desse askane. Hallvard hugsar at mange både dansa og gret av glede på kjøkenet når dei fann seg eit pent antrekk som dei fekk gratis. Mange ungar kom innom og fekk sjokolade og amerikansk tyggegummi. Hallvard seier at det var så mange som ville smake, at han delte sjokoladen i småbitar og skar tyggegummien i ti små remser. Slik fekk alle ein smak frå den store verda og var lykkelege for det! For Halvard og sikkert dei andre på kaféen var dette så stort at han aldri vil gløyme det.
Pettersens Kafé var brukt til så mykje. I tillegg til at folk i alle aldrar fann seg godt til rette der som kafégjester, var det også songøvingar både for mannskoret og blandakoret der i fleire år. Der var det også knipsekasse med femøringar til stor fryd for oss ungane. Etter kvart vart innsatsen og gevinstane større, frå tiøresspel, via 25-øres, 50-øres og til slitt 1-krones knipsekasser. Med kronespelet vart det ekstra fart i nokre av gamlekarane. Nokre var så ivrige at dei kom med heile bankrullar med kronestykke i lomma og spela både lenge og vel. Ruth og Halvard fortel at særleg ein av desse «proffane» hadde stor moro av å lure dei andre til å tru at han vann meir enn han gjorde. Han kom innom kjøkenet og veksla til seg kronestykke som han la laust i lomma, og når dei andre kom, sette han igang med spelinga. Rett som det var, skrangla det godt i boksen der gevinsten ramla ned, og dei andre vart svært misunnelege over slik vinnarlykke. Sanninga var at han med jamne mellomrom kasta nedi ein neve av sine eigne kronestykke frå lomma. Etter ei slik vellykka økt briska han seg for dei andre og sa at «det var godt spel i dag!»
Eg har alt nemnt jukeboksen. Der var det også ein som utmerka seg så det vart prata om det i bygda. Han var så forelska i «Drømmen om Elin» at han gjerne kom innom fleire gonger om dagen for å nyte songen frå jukeboksen.
Det var alltid stor trafikk på kjøkenet. Ikkje berre var det mykje å gjera for dei tilsette, men heile tida kom også folk innom for å prate, be om tenester eller i andre ærend. Nokre gonger gikk det nok nesten av styr for dei som skulle prøve å arbeide der. Ruth og Halvard fortel at ein dag det var riktig masete, ringte det frå disken samstundes som telefonen ringte. Ei av serveringsdamene vart så forvirra at ho skunda seg ut til disken og forkynte: «Hallo, det er Pettersens Kafé!»
Utdrag frå artikelen «Kringle på Pettersens Kafé» i Fronsbygdin 2013
Hugsa oss ha våre på skjoting, va inne på Pettersen å åt, der sat de mange onge ve jukboksen, det siste oss gjorde, va at oss la på fleier krono å trykte på Nygård å Oppheim for alt, hugsa kor sinte døm vart.