Litt av ein lagnad: Skulstuguførkja

by | 27. sep 2018 | Biografiar | 6 comments

Eit bygdaskræme, eit spetakkel, styrlaus og eit bilete på råskap.

sterk

Kanskje hadde ho hatt det betre på sirkus?

IVAR KLEIVEN:  Ragnhild Skulstugun eller Skulstuguførkja som alle kalla ho, var kvamvær og eit kvinnfolk reint for seg sjølv. Urimeleg stor, førlemma og breilagd og såg meir ut som ein riktig stor velvakse kar enn eit kvinnfolk. Ho vart gåandes som eit bygdaskræme, eit spetakkel, styrlaus og eit bilete på råskap. Ho fekk to lausunger, og den fyrste låg ho ihel. Det var nok med uvilje gjort og venteleg i fylla, men ho kom på tukthuset i nokre år. Den andre lausungen fekk ho utabygds, og folk trudde det var med ein rik gardsmannsson. Da Ragnhild spurte at denne guten skulle gifte seg, lånte ho seg øyk og kjørkjerre, reiste i veg og råka guten dagen før bryllaupet hans skulle stå. Og enten har det latt seg løyse med ein dugeleg stor pengesum, eller med eit årleg føderåd, for folk hørde aldri at det etter det vanta henne korkje føde eller klede. Ho hadde ein liten, låk heim, men det var ikkje noko å leva av.

Det var mykje fyll, kortspel og styggsnakk somme stader i bygda da Ragnhild voks opp, og da ho vart vakse, både drakk og slost ho. Så veit ein, at i dans, auksjon og slike samkomster skulle kåte unggutar andre spellfuglar gjere narr av «Skulstuguførkja» og apast med ho på alle måtar. Med det la dei snart av med da dei fekk kjenne kor sterk ho var – : ho dengde ein medels kar som ho skulle hatt ein guttunge i hendene, og det skulle ein av dei beste og føraste karane til for å greie seg mot Ragnhild.

I sine beste år var ho kome reint på avvegar, rakte i heimbygda og langt oppover norddalsbygdene på alle auksjonar og ståk, drakk og slost, var vørdslaus og rå. Det vanta henne ikkje på vetet, og ho var ikkje hjartelaus heller, men ho hadde sokkje ned i søla, så det var vanskeleg å dra seg utur att. Dei som kjende ho vel, heldt for at det var ikkje låk grunn i ho, og dei tykte det var vondt at det  gjekk den vegen det gjorde med ho. Til det siste har det gått att herme etter Skulstuguførkja, ordtak som oftest synte kva for eit hardbesta menneske ho hadde vorte. Og slåstkulene hennar er det ennå minne om.

Etter at ho var noko utpå åra og hadde stilna meir av, var det ein gong Klomstad´en sat og prata ved ho Ragnhild, dei kom inn på slåstinga hennar, og da fortalde ho korleis det gjekk til, fyrste gongen ho dengde ein karmann:

Det var heime i Skulstugun det: n´far og Gamel-Toksin satt laga og drakk. Eg hadde vore på dans om natta, var nettopp heimatt komen og heldt på å kle av meg uti kleva og ville leggje meg. Da kom Gamel-Pinin, Snau-Pinin som han vart kalla, og ville gje seg med dei to, men dei ville ikkje ha noko med han å gjere, og med det vart han sint, støytte n´far av krakken og reiv noko i Toksin og. Pinin var stygg, han, ei oppøvd slåstbikkje, og hadde nok kome til å overkuva både´n far og Toksin. Eg fekk høyre n´far sa desse orda: «Kan ikkje eg klare deg, så har eg ei førkje ute kleva som eg tenkjer skal helde deg bein.» Da beit sinnet meg. Eg sette fram i stua i underkleda og greip Pinin og kasta han ut. Tok imot gjorde´n det han orka, men det hjelpte ikkje, og eg skal ikkje seia eg var lausvendt med han. Det var fyrste gongen eg slost.

I ein auksjon på Stø i Kvam ståka ho Ragnhild og drakk og dansa, kanskje hadde ho slost og. Det lidde langt på natt, og dei som hadde kjent hardast på flaska, heldt på å gå ned. Skulstugua hekk over disken og duste andletet i hendene, såg ut til å vera reint oppgjett; ein dei kalla Lonkje-Kristen dreiv og dansa halling frampå golvet, og kvar gong han fór forbi ho Ragnhild Skulstugun, gav han ho eit dugeleg fotspark i enden. Kristen var ein godkar, og med dette ville han nok syne fram at han var den karen at han ikkje kryssa Skulsuguførkja. Da Kristen kom att og gav ho eit nytt spark, reiste ho seg så ho fekk sjå kem det var som dreiv og spente ho, men da han kom att tredje gongen og gav ho eit nytt spark, reist ho seg heilt opp frå disken: «Er du vorte innpåsliten nå, Lonkje-Kristen?» sa ho. Og da han kom midt bakom ho neste omgangen og ha nok etla seg til å gje ho ennå eit spark, var ho klar til å hogge tak i han, og da fekk han seg, så det gjorde môn. Ho golva han som ho skulle teke ein gutunge, og ho klønte og lugga så n´Kristen skreik som ei barnsengkjerring og såg ut som ei plukka skjor, da han slapp ut av klørne hennar.

Ragnhild gjorde seg i dei beste åra sine jamnt utferder på ymse kantar, inni Østerdalen og nordom fjellet, somme tider fór ho oppi Vågå og på Dovre og Lesja. Ein hørde ikkje at ho slost eller var ustyrleg på desse utferdene, men kunne ho få prøve eit dragsmål med ein og annan som hadde ord for å vera godkar, var ho støtt huga på det, og det var ikkje alle som orka å greie seg for ho.

Dei som kunne minnast dette usedvanlege kvinnfolket, tala ofte om kor før og ruveleg og velvakse ho var og tyktest sjå ho ennå, når ho kom ruggande i ei vid, svart luve på same gjerda som kvinnfolka brukte inni Østerdalen på den tida.

 

Publisert her første gong i mai 2014.

6 Comments

  1. Anders Haugen

    Det er fleire ting som ikkje stemmer i artikkelen etter Ivar Kleiven.
    Ragnhild var ikke Kvamvær. Ho hadde 5 søsken og alle var truleg født i Skulstugun. Etter det eg har høyrt låg Skulstugu i område der Bergebutikken på Vinstra låg. Mor henna var riktignok frå Leine i Kvam. Og faren frå Ångstad ell. Åsmundstad.
    Ragnhild var født oml. 1896. Konf. 23 mai 1811 i Sødorp krk.
    Ho fekk 2 barn med Peder Johannesson, truleg frå Rusten.
    Anne Pedersdtr. født 23 okt 1819. Ho er funne båe som konf. og gift. Iver Pederson, født 22 jan 1825 ikkje funne som konf. ell. død i Fron.
    Så fekk ho Anne født 8 nov 1822- død 28 juni 1823, med ein Hans korporal frå Kvam.
    Da Ragnhild skulle konf. spurte presten far hennar om han var sikker på at ho var jente, som han kunne bekrefte. Etter ei historie eg har høyrt av tanta mi, var ho nok noko midt i mellom.

    Anders Haugen

  2. Geir Beitrusten

    Hei. Eg har skrive ein lengre artikkel om «Skulstuguførkja» som skal inn i 2020-utgåva av Årbok for Gudbrandsdalen. Har kome over ein del skriftlege kjelder (bl.a. fattigprotokoll og rettsreferat) som utfyller og delvis korrigerer Ivar Kleivens versjon. Det er sagt om Ragnild at ingen kvinnfolk i Fron prestegjeld var meir vidgjeten og berykta enn henne på 1800-talet.

    • CHG

      Interessant! Vi gler oss til artikkelen! Får vi legge han ut her på heimesida etterpå? Det er her ho høyrer heime:-)

  3. Geir Beitrusten

    Tja, Ragnhild Amundsdotter Skulstugun herja over heile Gudbrandsdalen, var ofte i Romsdalen, på Nordmøre, i Trøndelag og i Østerdalen. Ho var ein berykta kjendis 150 år før det begrepet vart kjend. Men OK, eg gjev klarsignal for at artikkelen kan bli utlagt på heimesida til Fron historielag, men ikkje før vi skriv 2021.

Submit a Comment