Ei rørande forteljing om eit møte i Minnesota

Ho Petra fekk aldri meir sjå heggen blomstre i Sødorpgrenda. Foto: Paul Henrik Hage.
PAUL HENRIK HAGE: Kvar vår når heggen blømer i Sødorp, tenkjer eg på Petra Sandbakken. Ho var født i 1880 på Nedre Sandbakken og døydde i Dawson, Minnesota i 1959. Ho var yngst av 10 sysken. To døydde tidleg, seks reiste til Amerika, og berre ei syster vart att i Sødorp. Det var Marit som gifte seg i Piggen og fekk sjølv 11 barn. Mor til Petra, Marit, var frå plassen Grensa eller Renshusstuen i Sør-Fron. Ho døydde i 1897, og da var Petra og far hennar, Ole Løkken, att aleine på Nedre Sandbakken. I 1901 reiste dei etter til familiemedlemmene i Minnesota. Far hennar døydde i 1914. Petra gifta seg ikkje, men dei andre syskena fekk alle store familiar. Ho dreiv med farming, og på sine gamle dagar hadde ho to farmar som ho leigde ut. I 1959, berre nokre månader før ho døydde, hadde ho besøk av soknepresten i Nord-Fron, Ingvald Skaare, og kona hans, Sigrid. Sigrid skreiv ein rørande artikkel i Kyrkjeblad for Nord-Fron om møtet med Petra Sandbakken som fortalde att ho stadig stunda attende til hegg i bløming og bekkebrus i Sødorp frå prærien i Midtvesten:

Her er Ole Løkken/Sandbakken på Nedre Sandbakken. Mest truleg er det kona Marit han står saman med, og da er bildet teke mellom 1895 og 1897. Fotograf: Hans H. Lie
KYRKJEBLAD FOR NORD-FRON 5/1959: Olav Viken, formannen i Gudbrandsdalslaget i Amerika, køyrde oss ikring og fortalde oss kvar det budde nordfrøningar der i nærleiken av farmen. Han kjende til alle norske utvandra vidt omkring.
Døkk må sjå innom og helse på ho Petra Sandbakken frå Nord-Fron. Ho bur åleine i eit lite hus nå, men har hatt to farmar som ho leiger bort.
Bilen stana ved eit kvitt hus i Dawson, Minnesota, utkanten av ein liten landsby. Ute-døra stod open, og det var ein liten gang før ein kom inn i stue, som Petra og hadde som kjøken og hadde alle ting i kring seg der. Vi sa kven vi var, og vi kunne helse frå sambygdingar. Petra var ei lita blid kone, og ho vart så glad da ho fekk sjå oss. Vi måtte høyre kor gamal ho var og om slekta hennar. Vi sette oss ned og kjende det mest som å vera i ei stove i Gamlelandet.
Petra Sandbakken var fødd i 1880, ho voks opp på Sandbakken i Sødorp og hadde butt i Dawson sidan 1901, ho var ikkje gift. Petra var konfirmert av sokneprest Heggenhougen, fortalde ho. Mor hennar heitte Marit og var gravlagd på Sødorp kyrkjegard, men faren Ole, var gravlagd her i Amerika. Ho nemnde opp fleire slektningar i Sødorp. Iver Kleiven og Otto Kleiven. Syster til Petra, Mari, var gift på Kleiven, dei hadde hatt 11 barn, men berre to levde att nå. Vi tala om bygda, og ho Petra vart sitjande stille og såg fram for seg og leita fram att i minnet denne staden der ho hadde vaksi opp og reist ut frå som ung jente. Dette var fyrst i mai månad, sumar og varmt ver.
Ja, det var pent på Sødorp-grend denne tida på året, når heggen grodde der
sa ho Petra, smilande. Ho sa det slik at vi fekk mest heimlengt der vi sat. For eg såg ikkje slik hegg her som vi har i vårt land, og ikkje høyrde ein bekkedur heller i dette flate landet. Ingvald nemnte Tjyruvadet og staden ikring der. «Nei, Tjyruvadet – du – der var eg,» kom det begeistra. «Eg kjende ho Eli Tjyruvadet.»
Så sat ho Petra ei stund og tenkte på gamle dagar, og sa ho med eitt spontant til Ingvald:
Jamen var itte det moro å få sjå deg da. Døkk skulle hatt kaffe.
Men vi hadde dessverre ikkje tid til det, for vi skulle dra vidare på vår ferd og helse på fleire norske. Ingvald ville gjerne lesa eit Gudsord for henne. «Å ja, det må du gjera,» sa ho.
Ho hugsa fleire norske salmar, t.d. «O, at jeg kunde min Jesu prise.»
Ja, den var vakker. Eg sat nyst og lydde på den salma i den norske utsendinga i radio. Vi får nemleg andakt på norsk sendt ut kvar sundag morgon.
Eg sat og såg meg rundt i stova. Der hadde ho ein julekaktus og ein kvit geranium i glaset, slik som ho var van med heimanfrå. Her i Amerika såg vi ikkje så mange potteblomar i glaset. Dei ville ikkje ha noko slikt bry som å stelle med blomar. Dei hadde helst kunstige blomar i vase.
Det ordet vi las saman, var salmeordet: «Min sjel, min sjel, lov Herren». Da ordet var lese, sa Petra:
Det er sant det, Herren har vore god mot meg.
Vi gledde oss på at vi skulle få skrive til Petra i tida framover, men ein dag i oktober fekk vi brev frå Olav Viken, som fortalde at Petra brått hadde gått bort. Nabokona la ein dag merke til at døra til huset som Petra budde i, ikkje vart opna. Ho gjekk inn og fann Petra død i senga.
Så skulle ho aldri meir få sjå heggen blomstre i Sødorpgrenda.
0 Comments