Møt brørne Teodor og Hans Støslien frå berga ovanfor Vinstra

Støslia eller Stusslia 19. mai 2020. Foto: Paul Henrik Hage
PAUL HENRIK HAGE: Støslia og Arneklemma ligg avsides til i berga ovanfor Vinstra. Båe heimane er fråflytte for lenge sidan. Ein kjem i tankar om kva slag liv dei hadde på slike plassar som «ingen kunne tru at nokon kunne bu». Avisintervju med brørne Hans og Teodor Støslien som var dei siste som budde der, fortel litt om korleis det var. Astrid Støslien var den siste som hadde barndommen sin i Støslia. Ho var 10 år gammal da ho i 1938 skreiv vakkert om heimen sin til Norsk Barneblad.

Hans Støslien
GUDBRANDSDØLEN 9.12. 1980: Hans Støslien på Vinstra fyller 80 år 10. desember, fødd på garden Støslien og var den nest yngste av åtte søsken. Han var i fleire år brukar i Støslien og kan fortelje at det er ein av dei eldste gardane i bygda. I si tid var det skysstasjon her, og det var 13 hus på garden, alle saman i solid tømmer, så han rekna med at det måtte ha vore velstandsfolk som ein gong hadde bygd opp garden.
Full så stor velstand var det ikkje da Hans voks opp. Da han var i fem-årsalderen, kom feiaren, Kristian Nesset, til gards og skulle feie dei to store peispipene. Men da han skulle ha oppgjøret på heile ti øre, fanst det ikkje så mykje pengar på garden, så dei måte be om å sleppe til han kom att neste gong.
Men feiar var det nok bruk for, seier Hans, for det var to peisar i stova, og i muren på den eine var det bygt inn bakaromn. Heile grenda kom til Støslien for å bake.
Slekta til Hans Støslien går attende til Peder Olson Hågå, som fekk tilnamnet Per Gynt. Om det var denne slektskapen som gjorde at han treivst så godt oppe i høgda, veit han ikkje, men da han var vel 30 år, flytte han til eit lite bruk etter onkelen sin. Det heiter Arneklemmen og ligg over 700 meter over havet i bratte lia opp for Vinstra.
Det vart han verande i 30 år og dreiv med all slags arbeid, snekring, støyping og skogsarbeid. Han treivst særleg godt i skogen og har lagt ned fleire tusen kubikk. Men tungvint var det sjølvsagt den tida da dei måtte barke med barkespade og bore hol i toppen av stokken med handbor.
Under krigen arbeidde Hans på Knottfabrikken på Vinstra. 150 sekker om dagen var produksjonen, og om vinteren var det bitande kaldt, enda dei held til innandørs.
Om eftan var det å slite seg oppover den bratte lia til Arneklemmen, ein tur på ein time.
Hans vart tidleg plaga av nervegikt, og for 14 år sidan kom han til Sundheim, for føtene svikta. Sist sommar måtte han amputere høgre foten ved kneet, men han vart da også mykje betre, sier han.
Hans trivst godt på aldersheimen, for han er heilt åndsfrisk og følgjer godt med både på TV og aviser. men tida kan nok av og til bli litt i lengste laget, vedgår han, så han set stor pris på å få besøk og slå av ein prat.

Arneklemma 19. mai 2020. Foto: Paul Henrik Hage

Teodor Støslien
JAN JOHNSGAARD I DAGNINGEN 21.12. 1976: Vel 76 år gamle Teodor Støslien bur på Sundheim på Vinstra. – Eg er så plaga av leddgikt at eg klarar meg ikkje sjølv lenger. Men eg er ikkje lenger heimanfrå enn at eg kan sjå heim når eg går nordom aldersheimen. Støslien ligg høgt oppe i lia ovenfor Vinstra.
Det er så rart med det, sier han, ein tenkjer oftare og oftare på barndommen og hendingar frå den tid når ein kjem opp i åra. Likevel grip han seg i å tenkje vel så ofte på Nord-Noreg-opphaldet. – I to år budde eg i Troms og Finnmark, mellom anna på Skjervøy, der eg var med å byggje opp att etter krigen. Eg støypte grunnmurar og bygde hus. Det var ei rik og morosam tid som eg er glad eg fekk med meg.
Ved sidan av å ha vore brukar av Støslien i 20 år og opphaldet I Nord-Noreg har Teodor Støslien arbeidd fleire andre stader og farta land og strand rundt. – Eg har levd eit rikt liv sjølv om eg aldri har vore gift, seier han.
ASTRID STØLSLIEN 10 ÅR I NORSK BARNEBLAD 1938: Heimen min heiter Støslien og ligg høgt oppe i Gubrandsdalen ein stad. Eg har lang skuleveg. Det er supende bratt mest alle stader, og det er store berg her oppi hjå meg. Det er eitt som er større enn dei andre, og det kallar vi Høgberget. Det er ei berglego langt nedi det berget, so geita kjem ikkje opp att sjølv, dersom ho kjem nedi den.
Om sumaren et eg mykje heggebær, for det er mykje hegg nedst i gjordet vårt. Aller nedst i gjordet er det ei slette, og ein dal sønnafor. Bergstugudalen, og der har vi sett orm om sumaren.
Vi har ein hest og to vaksne kyr og fire ungnaut og fem geiter og to kattar. Eg er åleine barn.
Paul Henrik Hage: Foreldra hennar Astrid var Jonetta og Jørgen Støslien. Dei tok over Støslia etter Teodor i 1936. Jørgen vart sjuk og døydde i 1948, berre 54 år gammal. Astrid og mor hennar flytta da til Øyer, der mora var frå, og ein annan av brørne til Jørgen. Hans, vart eigar av Støslia.
Støslia ligg høgt oppi dalsida i Sødorp på grensa til Kvam, og utifrå namnet kan ein tru det har noko med Stø-gardane der å gjera. Einar Hovdhaugen er inne på noko anna og skriv at fyrste delen av namnet kan koma frå ordet stufr på gamalnorsk, som tyder stubbe. Han dreg og fram ei tolking av den kjende namnegranskaren Oluf Rygh, som har meint at fyrste delen kan vera frå eit gamalt mannsnamn: Styrr som visstnok var vanleg til det 16. hundreåret. I 1668 vart namnet på garden skrive Studtzlien, og i 1723 Studslien. I folketeljinga i 1900 skreiv dei Stuslien. På offisielle kart er det oftast Stusslia, men Kartverket har godkjent Støslia au. Bygdafolk seier berre Støslia.
0 Comments