ODDMAR MYRUM: Når rustværane skulle til butikkar på Vinstra sommar eller vinter, brukte dei vestsidevegen – ei strekning på fleire kilometer. Vinterstid kunne dei koma seg over isen når han fraus seg sterk nok. Da gjekk dei ut fra gardsbruket Jota på vestsida av Laugen, og frå der var det om lag ein kilometer fram til butikkstroka på austsida.
Men straumdraget midt i elva låg som regel ope. Dette propblemet løyste brukaren på Jota, Ole Joten, ved å lage isveg tvers over det opne råket, som kunne vera om lag 30 meter breitt. Ved hjelp av nokre grannar brukte han ei tverrvedsag og saga laust eit belte langs iskanten på austre sida av elva. Isbeltet kunne vera 20-25 meter breitt og 20 meter langt. Når isbeltet var saga laust, heldt eit par karar det fast i nordre enden med båtshake, og med ei anna båtshake skauv dei det ut i straumdraget. Dei måtte vera varsame, så isflaket ikkje fekk så stor fart at det slo seg sund når det klappa mot kanten på andre sida. Ikkje før hadde flaket festa seg, så trippa Ole Joten varsamt over. Snart fylgde fleire etter.
Etter kvart vart isbrua tjukkare og sterkare, og det vart sett opp kvistar som viste kvar det var trygt å gå. Etter ei tid var isen så sterk at dei kunne kjøre over med hest og slede. Blant anna kjørte dei mjølka til ysteriet denne vegen. Det var allfarveg, og når det var billigsal på Vinstra, kunne det vera svart med folk som nytta isvegen.
Etter nokre år kjørte dei også over med traktor. Ein gong gjekk traktoren gjennom isen, men utan at kjørkaren vart skada. Dotter til Ole Joten hørte rop om hjelp, sprang ut på isen med reip og fekk berga karen på land.
Isvegen var til stor hjelp i mange år. Han var i bruk så seint som på 1960-talet.
0 Comments