Kongsvegen – ein slitsam ljoskastar

by | 23. mai 2015 | Kommunikasjon | 0 comments

Litografisk reproduksjon av et maleri av Adolph Tidemand til Norske Folkelivsbilleder utgitt i 1854.

IVAR KLEIVEN: Konsgvegen, almannavegen frå Oslo  til Nidaros, var berre eit råk, ein skarve rideveg, som ikkje før 1700 vart farade med hjulkopp. Men denne kleine, bakkete, tungvinte vegen vart ein kulturberar, som til kvar tid førde med seg emne til framvekst både for åndsliv og næringsliv. Han var ein umissande ljoskastar for desse avstengde fjellbygdene og ga dei høve til å få ein og annan gløtt av liv og framvokst ute i den store verda. På denne måten har denne kronglete almannavegen gjennom heile medelalderen gagna dalen mer enn nokon kan tenkje seg.

Men når denne vegen skulle brukast av bygdefolket til samferdsel bygdene imellom og til fraktveg dit som det tok til å bli avsetning av det som jordbruket kunne ha å avhende, var han slitsam for ferdamenn og ei stor dyrplage for øyka. Da var det å kløvja på øykjeryggen den tyngda øykjen tålte, det høgte ein tynn-tongje minders det var ein truskar til øyk.

Var det ei ferd som kunne vara både to og fleire dagar, vart det ei lyfting kvar gong, av og på og når øyken laut kvile, ei skanting og liking så kløyva bikka likt, eit nøgje og stadig ettersyn så ikkje hestryggen vart brend under kløyven.

Den som var ferdmann i kongevegen, gjekk med ein otte sålengje ferda sto på; det var brekker og ruster, imot og unda, låke bruer og stygge klopper, bekkjer og vâd, myrer, fêlingo og ulende! Det trongst vaksne karar med både vet og handlag til å gjera ferda gjennom Gudbrandsdalen i dei gamle tidene.

Noko likare var det å ferdast vinterstid, når isleia hadde vorte trygg, det gjekk snøggare å koma fram når leia følgde dalføret etter isen, men isleia var ikkje fri for leie motkast heller, det var fosser og fall ein laut tillands att for, og det var væk og opne råker som ikke var endeframme å slippe forbi, isen var utrygg somme stader, og det hende ofte ulykker, når folk «kjørde ne». Men vinterføre og isleia var likevel den lettvinteste, og derfor vart tungfrakt gjort om vinteren.

Det var eit tungt slit med samferdsel dei hadde i innlandsbygdene, og allvisst i fjelldalene, imot Vestlandet og sjøbygdene, som hadde fjordane og sjøen og halde seg til.

0 Comments

Submit a Comment