
Opp frå sjøbygdene på Vestlandet og over fjellet til dals. Bilde frå fengshuidana.com
IVAR KLEIVEN: Ein kan undrast på korleis dølabygdene kunne nå sjøbygdene, som dei sikkert var nødde til, for å få det saltet dei hadde bruk for. Det var greit at dei øydde så lite av det slaget som mogleg, men til kjøt, smør og fisk var dei vel nødde til å ha salt, skulle dei berge desse matslagene noko tid. Og nokon særeigen måte å berge desse matvarane på var det vel knapt om dei kjende til i dei eldgamle tidene heller.
Kvar fekk Gudbrandsdalsbygdene saltet sitt frå den tida, da det ennå ikkje var anna enn kløvstiger over fjellet ned til sjøen og fjordbygdene? Dei fjordane som er snarast å nå her fra dalen, er Romsdalsfjorden, Geiranger, Lysterfjorden og Oslofjorden. Her var det nok saltbrenning og salt til sals på alle desse fire stadene, men for ein styggeleg langt veg! Frå Sør-Fron ned på Romsdalsneset er det 18 nymil, til Geiranger 18, til Skjolden i Lyster 15, til Oslo 22. Til Geiranger var det å fara over ei høgfjellsvidde på 5 1/2 nymil, til Lyster laut ein over Sygnefjellet, som er 5 1/2 nymil mellom Kvanndalsvoll i Bøverdalen og Forton i Lyster. Vegleia til Oslo kunne nok sjå ut for å vera den lettaste, med di ho fylgde låglende alt opp, men ho var fortsatt lang og tok sikkert sine 14 dagar med hest og kløyvøyk, og går ein så langt attende som i midten av vikingtida, var det saktens mange vanskar med framkjømda til Oslo, somme stader var det ulende gjennom skogåser og moer, og det verste var nok, at det ennå mangla klopper og bruer over åer og elver.
Somarstid var vel Oslovegen ikkje farandest med ei saltkløv. Heller ikkje til Veblungsneset i Romsdalen kan det vera tenkjeleg at det i så tidleg var framkjømt med kløv.
Mångehåmarn, Kyllingkleiva og Bjønnkleiva var visst ikkje farandest med øyk før den tida landet vart kristna. Men frå veidingsferdane sine var dølane så vel kjendt i fjellet at dei hadde god greie på leia vestover ned til fjordbygdene og sjøen, og derfor er det mest visst, at dei henta saltet sitt anten frå Geiranger over Nordfjordsfjellet og kom ned til Skjåk gjennom Billingsdalen, eller frå Lyster og Sygnefjellet og ned i Bøverdalen ved Kvanndalsvoll. Både desse fjellvegen var pålag like lange.
Ennå var det ein fjellveg som kanskje somme av sør-dalsbygdene nytta seg av: gjennom Kvikne og Skåbu til Valdres, derifrå over Filefjell til Lærdalsøyrin. Denne saltvegen var nok noko lenger enn dei to andre fjellvegene, men ein dag eller to meir eller mindre hadde ikkje stort å seie i desse tidene.
Såleis kan det sjå ut for at gudbrandsdølene i desse tidene måtte føre saltet som dei var nødde til å ha, opp frå sjøbygdene på Vestlandet og over fjellet til dals. Men noko særskilt minne om desse saltvegene, slik som gamle varp og verder eller stadnamn, kjenner ingen til lenger.
0 Comments