Kveldseto var friske, levande kjelder for rotekte bondekultur

«Desse kveldstimane omkring eldsmålet i dei store, romlege stuene skapte elsk til heim- og husliv og var friske, levande kjelder for gamalt, rotekte bondeliv og bondekultur.» Bilde frå frumeyer.com
IVAR KLEIVEN: Når den vanlege arbeidstida var slutt for dagen, og dei som dreiv ute «sette seg inn», kom kveldseto og kveldsetoarbeidet både for karar og kvinnfolk. Kveldseto var ein attpåskaute på dagsverket, men det var det ingen som aukra på, for kveldseto var mest all tid ei hugnadsstund, som fyllte alle med arbeidsglede, så det kunne lyse frå alle augo. Ho var arbeidsskule med god opplæring for dei unge i huset, og ho vart dei formaste skei´ for bygda- og slektshistorie ein kan tenkje seg, når dei gamle tok til å fortelja frå gammeltida og frå si eiga ferd gjennom livet.
Desse kveldstimane omkring eldsmålet i dei store, romlege stuene skapte elsk til heim- og husliv og var friske, levande kjelder for gamalt, rotekte bondeliv og bondekultur.
Kveldsetostundene var eit av dei beste grunnlaga for eit stødigt lynne og omgangslag med djupe og sterke røter i den heimlege jordbotn.
Komfyrane og lampeljoset kom og gjorde ende på kveldseto, og korkje bøker eller aviser kan fylle rommet til desse hauglege arbeidsøktene i dei lange vinterkveldane. Her har bondelivet mista noko som det kanskje aldri vil få att like for.
0 Comments