Kvikne setermeieri

I Kvikne var dei tidleg ute med tankane om å starte organisert fellesbehandling av mjølk i Gudbrandsdalen. På eit møte på Nedre Harildstad den 6. mars 1876 vart seks gardbrukarar samde om å byggje Kvikne setermeieri på Breistulen.

«Interessentskabets Formaal er ved ensartet Tilberedning af Smør og Ost at forskaffe Actionærene en lønsom Afsætning paa den produserede Melk»

Slik lyder den første av i alt 13 paragrafer dei seks sette opp som statuttar for selskapet.
Dei vedtok òg følgande fordeling av aksjane:

Hver Actie i Meieriet bliver paa 5 – fem – Speciedaler og tegnedes af
Tjøstel J. Harildstad, 27 Actier, 135 Speciedaler
Amund E. Harildstad, 15 Actier, 75 Speciedaler
Tosten Bækkesletten, 8 Actier, 40 Speciedaler
Iver O. Grosberg, 20 Actier, 100 Speciedaler
Johannes T. Graupe, 18 Actier, 90 Speciedaler
Johannes Wistad, 19 Actier, 95 Speciedaler

Bilde av Johannes Graupe født i 1843

I «Gamle setre i Skåbu og Kvikne» står i tillegg Jon Korpberget med 8 aksjar og Ola Ångstad med 15 aksjar nemnd. Eg har ikkje greidd finne ut om desse to har kome til seinare, eller kva som er grunnen til at dei ikkje er med på skipingsmøtet.

Til styrar for meieriet vart Iver O. Grosberg og Amund E. Harildstad valde. Tanken om meieridrift i Vinstradalen var elles ikkje ny. Far til Tjøstel Harildstad, John, som var den første ordføraren i Nord-Fron, hadde alt i 1861 fått tak i ein av sveitsarane som Selskapet for Norges Vel hadde kalla inn til Noreg midt på førre hundreåret. Sveitsaren, som heitte Conrad Schärer skulle «overtage Driften af et Meieri som John Harildstad agtede at oprette». Nokon meieridrift kom ikkje i stand då, men Schärer underviste i mjølkestell og foredling av mjølk på setra den sommaren.

Ostestempel frå Kvikne Setermeieri

Etter skipinga av Kvikne setermeieri kjøpte dei eit tømmerhus frå Bakkerud i Skåbu for 800 kroner. Bygningen vart plassert på ei tomt som høyrde til Nordigard Harildstad. Oppføring av bygget vart gjort av Hans A. Pladsen for 55 spesiedalar, og interessentane skulle syte for materialar og torv til taket sjølve. Kjellar- og murarbeid vart utført av Ole A. Bakken for 94 spesiedalar. Rekneskapen viser at anleggskostnadene kom på kr. 3 204,70, inkludert pliktarbeid som er rekna til kr. 538,60. Nord-Fron Sparebank innvilga meieriet eit vekselobligasjonslån på kr. 1 000. Overgangen frå spesiedalar til kroner vart vedteken innført frå 1875. Same året vart desimalsystemet for mål og vekt teke i bruk. Derfor viser rekneskapen noko samanblanding av dei ymse nemningane.

Klare til å ta i mot mjølk

Meieriet var ferdig til å ta imot mjølk 24. juli 1877 etter at bygningen var reist og nødvendig utstyr og reiskap skaffa. Mjølka vart teken imot både morgon og kveld og vart produsert av 80 kyr. Mjølkemengda første sesong var 15 104,5 potter, ein pott var 0,965 liter. Produksjonen var smør, nøkkelost og mager mysost. Som meierske vart Rønnaug Melby, Kvikne, tilsett. Ho vart seinare gift med Per Aasmundstad. Rønnaug sin medhjelpar var Rønnaug H. Kolloen frå Kvam.

Budeie på Nersetrin, sett mot Saukampen.

Til «Udstillingen ved 1877 Aars Landbrugsmøde i Christiania» stilte meieriet ut:
1 butt smør, vekt 5 bismerpund og 2 mysostar, kvar på 8 merker.
Avtakarar av meieriet sine produkt var Jensen & Co., Christiania, P. Jevanord, Lillehammer og Ole Simensen Kongsli, Vinstra. Den sistnemnde hadde teke til med landhandel på Bryhnsbakken i Ruste i 1863 og vart sidan kjend som ein pioner i omsetnaden av feitost. Rekneskapen viser òg at andelseigarane sjølve kjøpte ein del av osteproduksjonen.

Den første driftsesongen fekk leverandørane utbetalt 6,8 øre per pott. Tiltaket med eit fellesmeieri på Breistulen var ikkje berre populært i bygda. Dei meir forsiktige Kvikneværane heldt seg borte frå dette nye påfunnet, men likevel kom tre nye leverandørar til i 1878. Mjølkemengda som vart foredla drenne sommaren var såleis temmeleg stor. Heile 52 300 potter.

Opphøyr av meieriet

Grunnen til at meieriet opphøyrde, og når det var slutt med drifta, finst det truleg ikkje skriftlege oppteikningar om. Men alt tyder på at meieriet gjekk i stå etter 2 års drift, og heilt sikkert er det at det ikkje var drift etter 1881. Allereie på slutten av 1877, har den støste avtakaren Jensen & Co, sendt eit brev der firmaet klagar over seine oppgjer og treg avsetnad. Så mykje tyder på låg interesse for produkta hos avtakarane.  

Landets første meieri, Rausjødalen i Tolga frå 1856, hadde òg ei levetid på 2 år. Det første meieriet i Oppland, Vingrom ysteri frå 1861, gjekk ikkje lenger enn til 1870. Dette skulle vere eit teikn på at det var vanskeleg å få til ei lønsam fellesbehandling av mjølk i større skala med dei hjelpemidla som den gongen stod til rådvelde. Samvirketanken slik vi kjenner han frå notidas meieri, var òg ny og uprøvd.

Kvikne setermeieri vart starta før separatoren kom i bruk. Den første som skaffa seg separator på setra i Gudbrandsdalen, var Ole Teige frå Ruste i 1887. Avkjølinga var mangelfull. Kar og reiskapar til oppbevaring og bearbeiding av produkta var primitive. Vanskane med å halde ein stabil og god kvalitet vart for store. Det var først med feitosten at meieribruket i Gudbrandsdalen vart ein vesentleg faktor. Feitosten vart til å byrje med ysta i dei primitive «panneysteria» frå 1890 og utover. I 1908 kom det store gjennombrotet då den første feitosten vart kokt i dampmysepanner og rørd i mekaniske primrørarar på Tretten ysteri. Anne Haav, som «oppfann» gudbrandsdalsosten, fekk Kongens fortenestemedalje i 1933. Odelstingspresident Hans O. Skurdal sa då han overrekte medaljen:
«Det er ikke for meget sagt at hun ved sin innsats har reddet Dalens økonomi fra katastrofe i 1880-årene».

Det gamle setermeieriet frå Breistulen, som no står i Nedregata.

Korleis gjekk det så vidare med meieribygningen på Breistulen?

Bygningen stod tom i fleire år, men vart så selt til Matias Olstad (Skjeftskogen) frå Kvikne, og vart sett opp att på tomt fråskild Byre etter skylddeling 10. april 1897. Vinstra var no i stor utvikling etter at jernbana frå Tretten til Otta opna i 1896.
«Bygningskommisjonen for strækningen omkring Vinstra Jernbanestation var samlet paa Vinstra Hotell Aar 1897 den 17. juli for at besiktige saavel nevnte hotell som de øvrige bygninger paa straækningen».
Her heiter det mellom anna at eigaren til bygningen som no vart kalla Solhjem, fekk pålegg om å setje opp brannmur eller flytte omnane lengre bort frå treverket. Seinare kjøpte Jon Skoe huset og dreiv urmakarverkstad der. Huset gjer framleis teneste som bustad. Det ligg i Nedregata rett overfor Sparebank 1 Gudbrandsdal.

Det vart no opphald i meieridrifta i Kvikne i lang tid. Først i 1905 kom Vinsterdalens meieri i drift, men no nede i bygda på Nordgard Sylte.

Kjelder:
«Nedlagte meierier i Nord-Fron» av Jens Sundt
«Gamle setre i Skåbu og Kvikne» av Torger T. Risdal

Loading

0 Comments

Submit a Comment