Mangslungen og lesverdig!

Vemodig lansering av Fronsbygdin 2023 torsdag 26. oktober

Rasmus Stauri klar til å sleppe Fronsbygdin, som er friskt fiolett i år. «Sjølvsagt er lokalhistorie også underhaldning, men djupast sett er det også ei indre reise, ei reise for å finne eit haldepunkt», skriv redaktørane i forordet til årets utgåve, den 20. i rekka og deira siste. Foto: Carl Henrik Grøndahl.

Det blir ei særprega og spennande lansering av Fronsbygdin i biblioteket på Vinstra torsdag 26. oktober kl 19. Det er den 20. og siste årboka redaktør Rasmus Stauri og redaksjonssekretær Gard Espeland står for. Dei sette det heile i gang i 2003 og har samla meir enn 4000 sider lokalhistorisk stoff i desse åra. Nå tar dei eit vemodig farvel. Du møter dei i eit bokbad på lanseringa. Der kjem også Øystein Rudi. Saman med kona Nina har han skrive om dei første 20 åra med kultur som næring på Rudi gard. På lanseringa fortel han med ord og tonar. Fronsbygdin 2023 er verkeleg mangslungen, og Gard Espeland kjem til å danse møtelyden gjennom alle artiklane slik berre han kan – for siste gong. «Lokalhistoria kan gje oss eit fast haldepunkt, som gjer at vi trygt kan møte andre folk og andre kulturar, og som kan gje oss fotfeste i ei uroleg tid», skriv redaksjonen.

0 Comments

Submit a Comment