Vekas bilde

Nordgard Brandvolsetra

Nordgard Brandvolsetra

Eit bilde frå tidleg på 1900-talet av Nordgard Branvolsetra på Sødorpfjellet. Det er kjent frå skriftlege kjelder at alle Brandvolsgardane setra på Sulseter i 1668. I 1873 kjøpte Paul Erlandsen på Nordgard Brandvol to seterlykkjer frå Engebret Hansen Sygard Brandvol....

read more
Toksegardane kring 1900

Toksegardane kring 1900

Dette bildet er truleg tatt kring 1900. I framgrunnen ser vi den gamle Sødorpvegen i delet mellom Skoe- og Brandvoldsgardane. I bakgrunnen ligg Nigard Tokse nærast og Nordgard Tokse med den store eplehagen, som Paul Henrik Hage skreiv om i Fronsbygdin 2022...

read more
Vinterbilde frå Sulsetra

Vinterbilde frå Sulsetra

Vinterbilde frå Sulsetra på Sødoprfjellet tatt rundt 1975. For dei som kjenner området i dag, er det tydeleg å sjå at tregrensa stadig fløtt seg oppover. Foto: Oddmar Myrum.

read more
God Jul!

God Jul!

Med dette julekortet frå 1957, adressert til Karen (f. Øium) og Jakob Hansen på Nyseth i Kvam, ønskjer vi våre følgjarar ei riktig God Jul! Julekortet er lånt frå Gro Anita Hansen Resset. Utgivar: Mittet.

read more
«Vinterbillede fra Søndre Fron»

«Vinterbillede fra Søndre Fron»

"Vinterbillede fra Søndre Fron" har Herman Olsen kalla dette bildet av Sør-Fron kyrkja, som har vore brukt til å lage postkort for Gudbrandsdal bokhandel. På baksida er det påskrive vinteren 1912/13. Frå fotoarkivet etter Herman Olsen. Fotograf H.H. Lie.

read more
Vegkroa på Vinstra

Vegkroa på Vinstra

Vegkroa på Vinstra, fotografert i 1965 av Jac Brun. Foto lånt frå Nasjonalbiblioteket. Vegkroa eller "Kroa" som vi berre kalla ho, opna i juli 1962. Det var A/S Veikroer som stod for bygginga av dei karakteristiske landemerka med den bratte takvinkelen . Mang ein...

read more
Vinstra foss

Vinstra foss

Vinstraelva og fossen i Loholet har vore ei viktig energikjelde gjennom lange tider. Sagbruk, mølle og kraftstasjon er noko av det som har nyttegjort seg av kreftene i fossen. Du kan lese meir her: https://fronhistorielag.no/den-verdifulle-lofossen/. Bildet er henta...

read more
«For hjemmets fred og landets lykke»

«For hjemmets fred og landets lykke»

"For hjemmets fred og landets lykke" var slagordet til "Hunndalens totalafholdsforening". Avhaldsrørsla stod sterkt i landet rundt førre hundreårskifte, og var svært delaktig i totalforbodet mot brennevin i åra 1916 - 1927. Heile 61,6 % stemde for eit totalforbod...

read more
Leine skule rundt 1895

Leine skule rundt 1895

Bilde frå Leine skule i Kvam, teke rundt 1895. Bildet er lånt av Ole Hansen Resset og hans bestefar Ole Johnsen Holen (1888-1962), sit som nummer to frå venstre i fremste rekka. Dei andre kjenner vi ikkje namna på, men det gjer sikkert nokon av følgjarane våre....

read more
Hundorp barnehage 1982

Hundorp barnehage 1982

Vekas bilde har vi fått frå Øystein Ødegård Østensen og er teke i Hundorp barnehage i 1982. Øystein sit sjølv i fremste rekke heilt til høgra, men kven dei andre er, hugser han ikkje. Øystein hugsar berre "tante" Aslaug Frithjofsen, som står i midten på bakre rekke....

read more
Den siste tilsette på Veidarvon

Den siste tilsette på Veidarvon

Vekas bilde er attende! Vi startar opp att med eit par bilde vi har fått frå Linda Myromslien. Ho var den siste som vart tilsett ved Veidarvon seterstue ved Toftsetra. 1976 vart den siste sesongen det var drift ved Veidarvon. Den gongen var ho berre 11 år gamal, men...

read more
Alme gård

Alme gård

Alme gård er tittelen på dette bildet, teke av H. H. Lie truleg rundt førre hundreårskifte. Kva anledning det er teke veit vi ikkje, men det er heile 36 personar i finstas og tre hestar med på bildet, så ei stor hending må det ha vore. Kanskje nokon av følgjarane våre...

read more
Gratulerer med dagen!

Gratulerer med dagen!

17. mai på Vinstra i 1914. Legg merke til fana fremst i toget, tilhøyrande Vinstra skytterlag. Frå bildesamlinga etter Herman Olsen. Fotograf: H.H. Lie.

read more
Frigjeringsdag

Frigjeringsdag

Vigdis Kleiven Sveen: Her øver alvorlege Sødorpelevar på sitt fyrste 17.maitog på fem år, og ei treårig linselus fylgjer med! Gratulerer med dagen! Fotograf: Paal Kleiven. Bilde utlånt av Vigdis Kleiven Sveen.

read more
Fron ysteri og garden Orvoll

Fron ysteri og garden Orvoll

Fron ysteri og garden Orvoll eller Odenvollen i framgrunnen. Det raude huset på Ordvoll vart kalla Kooperativen, etter det som truleg er Sør-Frons fyrste førsøk på å starte ein kooperativ butikk. Veit du noko om dette, så sjå innlegget vi har lagt ut på heimesida og...

read more
Utsikt frå Liabakkin

Utsikt frå Liabakkin

Utsikta frå Liabakkin er det ikkje noko å seie på, sjølv om det kunne vera tungt å ta seg opp hit. Foto: Jac Brun 1959. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.

read more
Torgerhaugen

Torgerhaugen

Torgerhaugen i Skurdalsgrenda, Sør-Fron. Bildet er retusjert med blå feittstift før det skulle lagast postkort for Gudbrandsdalen Bokhandel, såkalla G.B. kort blant samlarar. Bildet er frå samlinga etter Herman Olsen, som arbeidde på Gudbrandsdalen Bokhandel. Foto:...

read more
Vik i Kvam

Vik i Kvam

Bilde teke av Knud Knudsen (1832-1915) ved Vik i Kvam. Vi kan sjå gravstøtta til Sinclair heilt til venstre med potetåker på den gamle kyrkjegarden ved Vik. Bildet er datert mellom 1900 og 1902, men det kan ikkje stemme, da jernbana ikkje er bygd når bildet er teke....

read more
Fiskdalseter

Fiskdalseter

Setra til Nordgard Tokse på Fiskdalen, med det opphavlege vasshjulet. Det gjekk reim frå vasshjulet og bort på veggen til selet, som dreiv røreanordninga for dei store ystepannene på setra. Smia til venstre og selet står likeins i dag, mens vasshjulet er erstatta av...

read more
Harpefoss stasjon?

Harpefoss stasjon?

Ei utfordring til følgjarane våre. Kor er dette bilde i frå? Fotografen er Anders Beer Wilse, og i følge opplysningane til bildet, er det teke 01.11.1912, men det passer ikkje med teksta: "Prot: Paasketur - Skyds møder ved Vinstra". Vi trur at bildet er frå Harpefoss...

read more
To uthuse, Fron

To uthuse, Fron

To uthuse har Robert Collett (1842-1913) kalla dette bilde, som skal vere frå Fron. Robert Collett var utdanna Zoolog og reiste mykje rundt for å fotografera dyr, særleg fuglar, men og menneskje og natur. I den store samlinga med bilde etter Collet, finns fleire frå...

read more
«Fron Gudbrandsdalen»

«Fron Gudbrandsdalen»

Foto teke av Narve Skarpmoen truleg tidleg på 1900-talet. Skarpmoen var i Kvam å fotograferte i 1905, og bildet kan vera teke på den same turen oppover dalen. Den fremste karjolen tilhøyrar nok Skarpmoen, da den finst på fleire bilde frå Fron. Kven som står ved kjerra...

read more
Hundorp sundstad rundt 1920

Hundorp sundstad rundt 1920

Hundorp sundstad var i bruk fram til Hundorp bru vart opna i 1925. Bildet er teke av Conrad Alfred Øhlckers, som eigde småbruket Nybakk i Sødorp frå 1920-1928. Vi har fått bildet av sonesonen Harald Øhlckers, som har scanna det frå den originale glasplata.

read more
Sødorp ein seinsommardag i 1896

Sødorp ein seinsommardag i 1896

Sødorp med Brandvols-gardane og Sødorp kyrkje, på si opphavelege plassering. Bygd i 1752 og fløtt over elva til si nåverande plassering i 1910. Legg merke til dei store steinrøysene som truleg er etter oppryddinga frå Storofsen. Bildet er teke i 1896. Foto: H.H. Lie /...

read more
På sykkel ved Pynten

På sykkel ved Pynten

Bilde teke ved Pynten i Sødorp, som er det siste bruket langsmed Gudbrandsdalsvegen før du krysser grensa til Sør-Fron. Bildet er teke av Simen Baardseth med sjølvutløsar. Ser ein godt etter, ser ein utløsersnora som Baardseth held i høgre handa. Guten til venstre er...

read more
Dalstjønna

Dalstjønna

Eit kjent turmål for mange på Vinstra. Mykje har forandre seg her opp gjennom tida. Mellom anna er det no svært attgrodd rundt Dalstjønna og Steinhaugsetra, som vi ser i framgrunnen. Demninga står fortsatt godt, sjølv om ho ikkje er like synleg lenger. Ho vart...

read more

Loading