PER ÅSMUNDSTAD: Namna Meheinkjehågån og Smikopp, ofte skrivi Smikop, finst truleg berre i Kvikne. Å smikke opp ei stugu skal vera opphavet til Smikop, og meheinkje er eit anna namn på mygg. Kva med den longe nedlagde plassen Bendas under Åsmundstad? Det blir sagt at det var ein norddøl som fekk rydda seg ein heim der. Det var mykje strev med steinbrot, så folk spurde norddølen korleis han kunne finne på å slå seg ned på eit såpass travaleg stelle. Det var da han svara: «Nogo må ein bendast med.» Uttrykket var såpass fremmendt at det feste seg som plassnamn. (Henta frå Fronsbygdin 2004)
Smikop(p) eksistere uppi Heidala au.
🙂