Holberg kjem på besøk til Dale-Gudbrands gard. Du er velkomen, du ôg.

Utanfor Nationaltheatret i Oslo, står han, Ludvig Holberg, saman med to av rollefigurane sine, Pernille og Henrik. Statua av Dyre Vaa vart avduka i 1939.
Bli med attende til 1600-tallet og møt ein gutunge som vart send til Fron frå Bergen. Han hadde mista foreldra sine, og verdiane i familien forsvann i ein brann, så 12 år gammal måtte Ludvig bu hos ein slektning på prestegarden i Fron. I to år. Dei to åra Ludvig Holberg var her, sette spor i forfattarskapen hans, sjølv om han nok mislikte seg blant frøningane. Og fredag 21. september kjem Holberg-klubben i Bergen på besøk til Dale-Gudbrands gard. Kl 20 er det kveldarrangement opent for alle. Her får du 1700-talsmusikk med Ringebu-kvartetten og forteljinga om Holbergs unge liv i Bergen og på Sør-Fron prestegard i åra 1696 til 1698. Fin bokutstilling med fleire fyrsteutgaver frå det rike forfattarskapet. Arrangementet er samarbeid med Fron historielag og Hundorp Kultur. Vel møtt på Dale-Gudbrands gard fredag 21.9. kl 20! Fri adgang.

Mange frøningar vil hugse det store Holberg-jubileet i Sør-Fron i 1998. Ein markerte og feira at det var gått 300 år sidan diktaren Ludvig Holberg måtte reise frå prestegarden attende til Bergen. Her ser du skodespelar Frode Rasmussen som Holberg og sokneprest Knut Kvidaland som seg sjølv i prestegardshagen.
0 Comments