Namn i Fron: Baukholgrenda

by | 19. jul 2022 | Språk | 0 comments

Jordras har lage ei stripe i lendet?

BRIT NILSEN: Denne grenda, der Baukholsgardane ligg, er nemnt i Aslak Bolts jordebok (1430-1440). Der vart namnet skrive Baukaall. Sisteleddet i namnet er gamalnorsk áll, som vart brukt om ei djup renne i vatn, og om ei stripe med anna farge langs ryggen på dyr, særleg hestar. Den opphavlege tydinga var nok «stripe», og slik er det brukt  i stadnavn også. Førsteleddet er vanskeleg å forklare. Rygh seier han kjenner berre eitt namn i landet som kan vere i slekt med dette førsteleddet, nemleg garden Bauker i Østre Gausdal. Førsteleddet kan henge saman med gamalnorsk bauka, som betyr «rote» eller «grave». Ein kan gjette på at vatn eller jordras har lage ei «stripe» i lendet her ein gong for lenge sidan.

0 Comments

Submit a Comment